Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 91–100]


91.

Rapp aatte bu paa Rappstad; men han var jamnan paa Grjotaa, og der rang-stelte han alt. Traain likte honom godt. So var det ein gong Kjetil fraa Mork var paa Bergtorskvaal, at Njaalssønerne tala um det forfang dei hadde vore ute for, og sa dei tyktest hava mykje aa krevja av Traain, naar dei vilde tala paa det. Njaal sa det var best, at Kjetil tala ved bror sin um detta. Han lova det, og dei gav honom god tid til aa tala ved Traain. Det gjorde han daa, og Njaalssønerne spurde kor det gjekk. Men han sa han vilde ikkje taka upp att stort av det som Traain hadde sagt; «men det var lett aa skyna,» sa han, «at Traain tykte eg sette høgt 166maagskapen med dykk.» Dei tala ikkje meir paa det. Dei tyktest sjaa det ikkje vart so greitt, og spurde far sin til raads, korleis dei skulde bera seg aat med det, og sa dei likte ikkje paa at det skulde staa i den skora. Njaal svara: «Det er ikkje so beint detta. Det vert heitande at dei er saklause, um dei vert drepne. Det er mit raad, at de fær so mange de kan til aa tala med dei um det, so det kan verta nok av høyrande vitne paa det, um dei svarar ille. Kaare skal tala ved dei um det fyrst; for han kan best aga seg. Utokka kjem daa til aa veksa millom dykk og dei, og det vert lagt vondord paa vondord for kvar gong saki er paa tale, faavituge som dei er. Det kan nok vera det vert sagt, at sønerne mine er seine til aa røra paa seg; men det skal de tola ei stund; for alt som gjort er vert umtala paa tvo maatar. Men de skal ikkje røra dykk med noko, til de hev sett dykk fyre aa gjera ved det, um det vert gjenge dykk for nær. Men hadde de teke meg paa raad fraa fyrst av, so skulde det aldri vorte aamaala nokon ting, og de hadde daa vore fri all svivyrding av det. No hev de vorte hardt røynde, og det kjem til aa auka paa, til de ikkje kan faa gjort ved paa annan maate en de lyt leggja dykk ut i vandemaal og taka til vaapni, og det vert ei lang not aa draga.» Etter dette slutta dei samtalen. Men det vart mykje umtala millom folk.

So var det ein gong at brørne talde til, at Kaare skulde fara til Grjotaa. Kaare sa, at han hadde tykt betre um ei onnor ferd, men han sa han kunde nok gjera det, naar det var Njaal som hadde raadt til det. Sidan fór Kaare til Traain. Dei tala um maalemnet, men dei tykte ikkje baae det sama. Kaare kjem heim, og Njaalssønerne spør, kva ord som fór millom honom og Traain. Kaare sa han vilde ikkje herma ordi deira; «for eg hev den voni, at det sama vert sagt so de 167sjølve fær høyra det.» Traain hadde sekstan vaapnføre menner paa garden sin, og det reid aatte med honom, kvar han fór. Traain var stor paa stasen. Han reid jamnan i blaa kappa og hadde gyllt hjelm paa seg og spjotet Jarls-naut i handi, eit fagert skjold og sverd ved sida. Dei var jamt i fylgje med honom, Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson, og Grane, son hans Gunnar paa Lidarende. Men Viga-Rapp var det som støtt gjekk næst honom. Ein av heimemennom hans heitte Lodin; han og var jamnan med, naar Traain var paa ferd. Og so ein som heitte Tjørve, bror hans. Lodin. Viga-Rapp og Grane Gunnarson var det som la verst til um Njaalssønerne, og var mest valdande i at ingor sømd korkje vart gjevi elder bodi dei. Sønerne hans Njaal tala no um ved Kaare, at han kom til aa vera med dei aat Grjotaa. Det var han viljug til, og, sa det var vel, at dei fekk høyra svaret hans Traain sjølve. Dei gjorde seg ferduge, alle fire Njaalssønerne, og Kaare den femte. Dei fór til Grjotaa. Det var ein brei sval-gang der, so mange kunde staa jamsides. Det var ei kvinna ute, som saag dei kom, og ho seier Traain det. Han bad mennerne taka vaapni sine og stella seg i sval-gangen. Dei gjorde so. Traain stod i midten, Viga-Rapp og Grane Gunnarson stod paa kvar si lei aat honom; di næst Gunnar Lambeson, so Lodin, so Tjørve, so Lambe Sigurdson, so dei andre kvar paa si lei; for alle mennerne var heime. Skarphedin og dei andre kjem gangande nedantil. Han fyrst, so Kaare, so Hoskuld, so Grim, so Helge. Men daa dei kom framaat døri, var det ingen som helsa dei. Daa mælte Skarphedin: «Me fær vera velkomne alle.» Hallgjerd stod i svali og hadde tala laagt ved Rapp. Ho mælte: «Det seier ingen av dei som her er, at de er velkomne.» Skarphedin mælte: «Det er ikkje aa sæta, kva du seier; for du 168er eit av tvo, kraakjering elder lauskjering.» – «Dei skal verta lønt deg, desse ordi, fyrr du fer heim,» seier Hallgjerd. Helge mælte: «Deg er eg komen for aa finna, Traain, og faa vita um du vil gjera meg nokor sømd for all den skammi og skaden eg leid i Norig for di skuld.» Traain mælte: «Aldri visste eg at de brørne vilde gjera manndomen dykkar i pengar – elder kor lenge skal detta pengekravet staa paa?» – «Det vil mange mæla,» seier Helge, «at det var din skyldnad aa bjoda bot; for det var livet dit det stod um.» Daa mælte Rapp: «Der gjorde gjævemunenOversetternote: Gjævemun: den større elder mindre gjæva, lukka (sjaa Ross). so mykje, at den fekk smellen som hava skulde; de fekk skammi og skaden, men me slapp unda.» – «Litor var den gjæva,» seier Helge, «aa brjota truskapen med jarlen og faa att deg i staden.» – «Tykkjer du ikkje det er eg som skulde leggja boti?» seier Rapp; «eg skulde bøta slikt som eg tykte var falligast aat deg.» – «Fær me tvo med kvarandre aa gjera,» seier Helge, «so vert det ikkje du som stend deg paa di.» Skarphedin mælte: «Skift ikkje ord med Rapp, men gjev honom helder raudan belg for graa.» Rapp mælte: «Tig du, Skarphedin – eg skal ikkje spara aa setja øksi i hovudet paa deg.» – «Røynt kan det verta,» seier Skarphedin, «kven av os som kjem til aa lessa stein paa hovudet aat den andre.» – «Far heim, tadskjeggingar!» seier Hallgjerd, «og det skal me kalla dykk støtt heretter, og far dykkar den skjegglause kallen.» Dei gjekk ikkje fyrr dei var saka i desse ordom alle som der var, so nær som Traain; han baud dei tigja med slike ord. Njaalssønerne gjekk att, og fór heim. Dei sa far sin det. «Nemnde de noko vitne paa ordi?» seier Njaal. «Inkje,» seier Skarphedin; «me etlar os ikkje til aa søkja detta anna 169en paa vaapnting.» – «Det tenkjer ingen no,» seier Bergtora, «at de torer lyfta henderne.» – «Det er ikkje verdt, husfrøya,» seier Kaare, «at du eggjar sønerne dine; dei er vissa fuse nok.» Etter di tala dei lenge i still, faren og sønerne og Kaare.




92.

Dette tvistemaalet gjeng det no mykje ord um, og alle tyktest vita, at det var ikkje gjort med dessa. Runolv, son hans Ulv Ørgode aust paa Dal, var svært godvener med Traain og hadde bode honom heim aat seg; og det vart avtala, at han skulde koma austpaa, naar det leid tri vikor elder ein maanad paa vintren. Traain bad med seg aat denne ferdi Rapp, Grane Gunnarson, Gunnar Lambeson, Lambe Sigurdson og Lodin og Tjørve. Dei var aatte. Hallgjerd og dotter hennar, Torgjerd, skulde og vera med. Traain gjorde kjent, at han etla seg aat Kjetil, bror sin, og kor lenge han tenkte seg til aa vera heiman. Alle var fullt væpna. Dei reid aust yver Markarfljot, og der raakte dei nokre fatigkjeringar, som bad dei hjelpa dei yver elvi. Dei gjorde det. So reid dei aat Dal og vart vel mottekne. Kjetil fraa Mork var komen der fyre dei. Dei var der i tvo næter. Runolv og Kjetil bad Traain, at han skulde semja seg med Njaalssønerne; men han svara tvert, og meinte han aldri vilde gjeva bot, og sa han var ikkje uferdug til aa møta Njaalssønerne, kvar det so var. «Kan nok vera det,» seier Runolv; «men det meiner eg, at ingen er maken deira no, etter at Gunnar paa Lidarende let livet, og det er helst likt til at dette endar med din elder deira bane.» Traain sa, at det fælte han ikkje for. So fór han aat Mork og var der tvo næter. Etter det reid han derfraa ned til Dal. Paa 170baae stelle vart han utleidd med gilde gaavor. Markarfljot rann opi etter midten, men etter baae sidorne laag fast is, og smaae spenger yver her og der. Traain sa at han etla seg til aa rida heim-att um kvelden. Runolv vilde ikkje han skulde rida heim-att den kvelden, og sa det var varlegast av honom ikkje aa fara den tidi han hadde sagt. Traain sa: «Ræddhug er det, og det vil eg ikkje.»

Desse fatigkjeringarne, som Traain hadde hjelpt yver fljotet, kom til Bergtorskvaal, og Bergtora spurde kvar dei var fraa. Dei sa at dei var austanfraa under Øyafjellom. «Kven hjelpte dykk yver Markarfljot?» seier Bergtora. «Det var rektig storknapar, det,» seier dei. «Kven var det?» seier Bergtora. «Traain Sigfusson,» sa dei, «og fylgjesmennerne hans; men det totte me var leitt, at dei brukte so mange og vonde ord um mannen din og sønerne hans.» Bergtora sa: «Det er mange som ikkje sjølve fær velja det ord dei fær paa seg.» Sidan fór dei burt, og Bergtora gav dei gjølegaavor og spurde etter kva tid Traain skulde koma heim att. Dei sa at han vilde vera heimanfraa fire næter elder fem. Dette fortalde Bergtora aat sønerne sine og Kaare, maagen sin, og dei tala lenge løynt.

Men same morgoen som Traain reid vestetter, vakna Njaal tidleg og høyrde øksi hans Skarphedin slo innpaa bordveggen. Stend so Njaal upp og gjeng ut. Han ser sønerne sine med vaapn alle saman, og like eins Kaare, maagen hans. Skarphedin var fremst; han var i blaa kufta, hadde eit kort skjold, og øksi si paa oksli. Næst honom gjekk Kaare. Han hadde silketrøya og gyllt hjelm og skjold, som det var maala paa ei løva. Næst honom gjekk Helge. Han hadde raud kjole og hjelm og raudt skjold med ein hjort til merke. Alle var dei i letaklæde. Njaal ropte paa Skarphedin: «Kvart 171skal du av, frende?» – «Paa saueleiting,» sa han. «So var det og ein gong fyrr,» seier Njaal, «men daa veidde de menner.» Skarphedin log og mælte: «Høyrer de kva kallen seier, far vaar; han er ikkje so faatenkt.» «Naar sa du dette fyrr?» seier Kaare. «Daa eg vog Sigmund hin kvite, frenden hans Gunnar,» seier Skarphedin. «Kva-for?» seier Kaare. «Han hadde drepe Tord Lausingeson, fosterfar vaar,» seier Skarphedin. Njaal gjekk inn. Men dei drog upp i Raudskridorne og bidde der. Fraa der kunde dei sjaa, so snart dei hine reid austan fraa Dal. Det var solskin um dagen og klaar-ver. No rid Traain og dei nedetter fraa Dal etter øyrarne. Lambe Sigurdson mælte: «Det blikar paa skjoldar i Raudskridom, som soli skin paa; det er fulla nokon som hev lagt seg i veg for os der.» – «Daa skal me snu og fara nedmed fljotet,» seier Traain, «so kan dei koma til møtes med os, um det er aat os dei eig erend.» Dei gjorde so. Skarphedin mælte: «No hev dei set os – difor snur dei leii. Og no er det ikkje anna for os aa gjera en aa laupa ned og koma i fyrevegen for dei.» Kaare mælte: «Det legg seg mange i veg for folk og eig ikkje yvermun den vegen som me; dei er aatte, og me fem.» Dei tek no vegen nedmed elvi, og ser ei spong lenger nede, som dei etlar seg yver. Traain og dei med honom tok stad ovanfor spongi paa isen. Traain mælte: «Kva kan desse mennerne vilja? dei er fem, men me er aatte.» Lambe Sigurdson mælte: «Eg gjet paa at dei hadde vaaga paa det, um det so stod endaa fleire i veg for dei.» Traain tek av seg kappa og hjelmen. Det hende Skarphedin, daa dei sprang nedmed fljotet, at skoreimi hans rauk sund, so han vart att-heftande. «Kva er det som held deg att?» seier Grim. «Eg bind skoen min,» seier Skarphedin. «Lat os fara fyre,» seier Kaare, «eg tykkjest sjaa paa 172Skarphedin, at han er likso fort framme som me.» Dei fór i sprang nedetter aat spongi. Skarphedin spratt upp, so fort han hadde bunde skoen sin, med øksi Rimmugygi i veret, og sprang til og beint paa elvi, men den rann so djup, at ho ikkje var komande yver paa lang lei. Paa austsida hadde det lagt seg eit stort issvell, haalt som glas, og midt paa det stod Traain og dei som med honom var. Skarphedin gjer eit sett og skyt seg tvert yver raaki fraa den eine isbarden til den andre; stadnar ikkje daa han er yver komen helder, men fer skridande burtetter isen. Svellet var slikjande haalt, og han fór so fort som fuglen flyg. Traain stod nettupp og skulde setja paa seg hjelmen; men fyrr han fær gjort det, kjem Skarphedin farande og høgg til Traain med øksi Rimmugygi; hogget raakte i hovudet og kløyvde det ned til jakslarne, so dei datt ned paa isen. Dette var so svint gjort, at ingen fekk hogg paa honom, fyrr han fer fljugande sin veg att i same rennet. Tjørve kasta eit skjold for føterne paa honom, men han hoppa yver og stod att, og rende aat enden paa svellet. Daa kom Kaare og dei andre til møtes med honom nedantil. «Detta var gjort paa kara-vis,» seier Kaare. «De hev att dykkar lut,» seier Skarphedin. Dei vender seg no mot dei andre. Grim og Helge fær sjaa kvar Rapp er, og vender seg mot honom. Rapp høgg til Grim straks med øksi. Helge ser det og høgg til Rapp yver handi, so ho gjekk av og øksi datt ned. Rapp mælte: «Der gjorde du eit fagnaverk; for denne handi hev gjeve mang ein mann mein og bane.» – «No skal det verta ende paa det,» seier Grim, og la spjotet igjenom honom. Rapp seig daa daud ned. Tjørve snur seg mot Kaare og skyt eit spjot imot honom. Kaare sprang i veret, so spjotet fór under føterne paa honom. So renn han imot Tjørve og høgg til honom med sverdet, og raakte honom i 173brjostet og gav honom hôl-saar der, som straks vart hans bane. Skarphedin grip baae i senn, Gunnar Lambeson og Grane Gunnarson, og mælte: «Her hev eg teke tvo kvelpar; – kva skal eg gjera med dei?» «Du eig raad med aa drepa dei baae,» seier Helge, «um du vil det skal verta feigdi deira.» – «Ikkje nenner eg,» seier Skarphedin, «aa hava det saman – hjelpa Hogne og drepa bror hans.» – «Det kjem ein gong,» seier Helge, «at du helst ser du hadde drepe dei; for dei vert deg aldri tru, korkje dei elder nokon av dei som her er.» – «Ikkje øgjest eg for dei,» seier Skarphedin. Sidan fekk dei grid, Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson og Lodin. Etter det snudde dei heim, og Njaal spurde dei um nytt. Dei fortalde honom alt grant og greitt. Njaal mælte: «Ei stor tidend er dette; og det er likjende til at dette dreg dauden etter seg aat ein av sønerne mine, um det ikkje vert meir av det.» Gunnar Lambeson flutte liket hans Traain med seg til Grjotaa, og han vart høygd der.




93.

Kjetil i Mork hadde Torgjerd Njaalsdotter til kona, som fyrr er sagt, og var bror hans Traain, og han tykte seg no vera ille stadd. Han reid til Njaal og spurde um han vilde bøta noko for Traain. Njaal svara: «Eg skal bøta, og det munarleg, og eg vil beda deg telja brørne dine til aa taka semja.» Kjetil sa, at det vilde han gjerne gjera. Dei tala daa av, at Kjetil skulde fara og finna alle som aatte krav paa bøter, og faa gjort grid. Sidan reid Kjetil heim. Han fór no kring til alle brørne sine og stemnde dei saman til Lidarende. Der heldt han samraad med dei, og Hogne var med honom i alle raadgjerder. Det kom daa til det, at det vart teke menner 174til aa gjera semja, og eit møte til dette tilstemnt. Paa det møtet vart det fastsett mannebot for draapet paa Traain, og alle fekk slikt dei skulde hava etter loven. Sidan vart det fyresett trygder og alt som skulde styrkja semja. Njaal la ut godset rett og vel, og det var no stilt ei stund.

Ein gong reid Njaal til Mork, og han og Kjetil talast ved heile dagen. Njaal reid heim um kvelden, og ingen visste kva som hadde vore i raadgjerdom. Men noko seinare fór Kjetil til Grjotaa. Han sa til Torgjerd:» Eg heldt mykje av Traain, bror min, og det vil eg syna enno; for eg vil bjoda til aa taka til fostrings Hoskuld, son hans.» – «Det kan det verta raad til,» seier ho, «paa det vilkaar, at du skal vera honom til hjelp i alt du kan, naar han vert vaksen, hemna honom, um nokon tek hans liv med vaapn, og leggja gods til, naar han skal festa seg ei kona. Og alt detta skal du sverja paa.» Han gjekk med paa alt dette. Hoskuld fer med Kjetil heim og vert verande hjaa honom nokor ridi.




94.

Ein gong reid Njaal upp i Mork. Han vart vel fagna, og vart der um natti. Um kvelden bad Njaal guten Hoskuld aa koma burt-aat seg, og han kom burt-aat honom straks. Njaal hadde ein finger-ring paa handi, som han synte honom. Guten tok finger-gullet, saag paa det og drog det paa fingren sin. Njaal sa: «Vil du taka denna ringen til gjevandes?» – «Det vil eg visst,» seier guten. «Veit du,» seier Njaal, «kva som vart far din til bane?» Guten svara: «Eg veit at Skarphedin gav honom bane; men det hev me ikkje bo aa minnast, naar det er gjort semja og fulle bøter gjevne.» «Dette er betre svara en eg spurde,» seier Njaal; «du 175vert nok ein god mann.» – «Gode tykkjest meg dine spaadomar aa vera,» seier Hoskuld, «av di eg veit at du er fyrevis og lyg aldri.» Njaal mælte: «No vil eg bjoda deg fostring, um du vil.» Hoskuld sa, at han vilde taka imot baade dette gode og anna som han vilde gjeva honom. Og det vart enden paa dette, at Hoskuld fór heim med Njaal til uppfostrings. Han heldt ikkje noko for godt for guten, og gjorde svært mykje av honom. Njaalssønerne rettleidde honom og var vyrdsame med honom i alt. So lid det til des Hoskuld er framvaksen. Han var baade stor og sterk, ven av aasyn, haarfager, god til aa føra vaapn, blidmælt, gjevmild og taug, tala gjerne vel um alle og var vensæl. Njaalssønerne og han var aldri usams korkje i det dei sa elder gjorde.




95.

Ein mann er nemnd Flose.Oversetternote: o i Flose er open (millom aa og vanleg o). Han var son hans Tord Frøysgode og var ætta i sette led fraa Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Mor hans Flose heitte Ingunn, dotter av Tore paa Espehol, som var ætta fraa Hjørleiv hin kvendsame, far hans Halv, som raadde for Halvs-rekkjom. Mor til Tore var Ingunn, dotter av Helge den magre, som tok land i Øyafjorden. Kona hans Flose var Steinvor, dotter hans Hall fraa Sida; ho var løyndgjeti, og mor hennar heitte Sólvor, dotter hans Herjolv hin kvite. Flose budde paa Svinafell og var ein stor hovding. Han var stor paa vokster og sterk, framifraa hugtraa og hardsøkjen. Ein halvbror av honom heitte Starkad; mor hans var Traslaug, dotter hans Torstein Titling Geirleivson. Dei andre brørne 176hans heitte Torgeir og Stein, Kolbein og Egil. Hildegunn heitte dotter hans Starkad. Ho var ei ferm gjenta og overlag fager av aasyn, og so hag og hendig, at faa kvende var jamngode med henne i det. Av huglag var ho strid og hardstælt, men godhjarta og grei, naar vel skulde vera.




96.

Ein mann heitte Hall; han var kalla Sidu-Hall, og var son av Torstein Bodvarson. Mor hans, Tordis, var sonardotter aat Rodlaug, son av Ragnvald Mørejarl. Hall var gift med Joreid, dotter av Tidrande hin spake, sonarson hans Tore Tidrande fraa Veradal.Oversetternote: Veradal (ɔ: mannadalen) er Værdalen i Trøndelagen. – Mikle, av mikill: stor. Bror hans Hall heitte Torstein; han var kalla Breimage. Son hans Torstein heitte Kol, han som vart drepen av Kaare i Bretland. Sønerne hans Hall fraa Sida var Torstein og Egil, Torvald og Ljot, og Tidrande, som diserne drap.

Ein mann heitte Tore, og var kalla Holta-Tore. Sønerne hans var Torgeir Skorargeir, Torleiv Kraak og Torgrim hin milde.




97.

No er det aa fortelja, at Njaal tala til Hoskuld, fostersonen sin, og sa: «Eg vilde gjerne sjaa etter gifte aat deg, fosterson.» Hoskuld sa, at det var han vel fornøgd med. «Kvar helst hev du tenkt aa høyra aat?» Njaal mælte: «Det er ei heiter Hildegunn, dotter aat Starkad, son hans Tord Frøysgode; det veit eg er beste giftet. Hoskuld mælte: «Sjaa du til aaleine med det, fosterfar min; eg skal lita meg med det raad du tek.» «Der skal me daa freista,» seier Njaal. 177Lite seinare valde Njaal seg menner til ferdi. Sigfussønerne var med, og Njaalssønerne alle saman, og Kaare Solmundson. Dei reid aust til Svinafell; der vart dei vel imottekne. Dagen etter gjeng Njaal og Flose til samtals. Det ber daa dit med røa hans Njaal, at han sa som so: «Det er erendi mi hit, at me fer friarferd og vil mæla fyre um maagskap med deg og giftarmaal med Hildegunn, brordotter di.» – «For kven det?» spør Flose. «For Hoskuld Traainson, fosterson min,» seier Njaal. «Vel er dette til-etla,» seier Flose, «endaa de hev mykje aa vaaga kvar ved annan – elder kva seier du um Hoskuld?» – «Godt hev eg aa segja um honom,» seier Njaal, «og eg skal leggja til so mykje gods som de tykkjer det sømer seg, um de vil tenkja paa saki.» – «Me skal kalla henne hit,» seier Flose, «og faa høyra kva ho tykkjest um mannen.» Det vart sendt etter henne, og ho kom. Flose seier fraa til henne um friarbodet. Ho sa, at ho var ei kvinna med store krav, «og eg veit ikkje korleis eg kan vera tent med aa koma saman med folk som hev det paa same maaten sjølve. Men det er ikkje minder det, at denne mannen ikkje hev noko hovdingdøme, og det hev du sagt, at du vilde ikkje gifta meg med ein godords-laus mann.» – «Det er meir en nok for meg,» seier Flose, «til ikkje aa gjera avtala, at du ikkje vil giftast med Hoskuld.» – «Det seier eg ikkje,» seier ho, «at eg ikkje vil giftast med Hoskuld, dersom de gjev honom hovdingsysla; men elles vil ikkje eg gaa med paa noko.» Njaal mælte: «Daa ynskjer eg at de vil bia meg og drygja med dette maalet i tri aar. Flose sa, at so skulde det vera.» – «Det vil eg faa avtala,» seier Hildegunn, «um dette vert noko av, at me vert verande her aust.» Njaal sa, at det vilde han lata Hoskuld raa for. Men Hoskuld 178sa, at han trudde mange vel, men ingen so vel som fosterfar sin.

Etter dette rid dei vestetter att. Njaal spurde seg fyre etter umbod aat Hoskuld, men det var ingen som vilde selja god-ordet sit. Sumaren leid til Alltings. Denne sumaren var det mange tingtrættor. Det var som vanlegt, at mange kom til Njaal. Men han gav slike raad – som ikkje var honom likt – at søksmaali gjekk spillt; og soleis vart det mykje trætta og ingen endskap, og folk reid heim usamde. Det leid til eit anna ting. Njaal reid til tings. Og det var stilt paa tinget, til des at Njaal sa, at no var det paa tidi, at folk lyste sakerne sine. Mange mælte, at det var lite gagn i at Alltinget var samanstemnt, naar ingen fekk maali sine fram, «og me vil helder taka retten vaar med odd og egg,» seier dei. «So maa det ikkje vera,» seier Njaal. «Det gagnar ingen, at det ikkje er lov i landet. Men de hev likevel mykje rett i det de seier, og det kjem paa os som loven kan og loven skal styra. Det tykkjest meg vera beste raadi, at me kallar alle hovdingarne saman og talast ved um det.» Dei gjekk daa til logretten. Njaal mælte: «Deg talar eg aat um dette, Skafte Toroddson, og andre hovdingar, at det tykkjest meg som sakerne vaare kjem burti uføre, so ingen ting vert gjort, um me søkjer dei berre i fjorungsretten; det vert so snutt og snara, at det ingen ende tek. Og difor tykkjer eg at me skulde hava ein femterett, og der skulde dei sakerne søkjast som ikkje kan koma til endskap i fjorungsretten.» – «Korleis vil du,» seier Skafte, «faa sett saman femteretten, naar fjorungsretten alt er samansett av dei gamle god-ord som me hev – fire tylfter i kvar fjorung?» «Eg ser raad til di,» seier Njaal, «med aa taka upp nye god-ord for dei menner som er best fallne til det i kvar fjorung, og so kan dei som det vil segja seg i 179ting med desse nye.» – «Detta kan me gaa med paa,» seier Skafte; «men kva slags saker skal sokna der?» – «Alle dei,» seier Njaal, «som gjeld ugreia i rettargangen, naar det er lygn i vitnemaali elder i domsmaali. Alle véfangsmaal, som kjem seg av véfangOversetternote: Véfang vart det kalla, naar for mange av domararne – 6 elder fleire – ikkje var sameinte i domen, og dei daa gjekk til kvar si sida og bad den eine den andre um aa ganga yver til deira meining. i fjorungsretten, skal og fram her. Og like eins naar menner byd elder tek gods til framhjelp for seg. I denne retten skal dei sterkaste eidarne brukast, og tvo menner ganga god for kvar eid som er svoren. Dei skal staa inne med namnet og æra si for det som dei hine svêr. Og so det: um ein fører saki si rett og den andre rangt, daa skal domen ganga med den som søkte saki si rett. Kvar sak skal søkjast like eins her som i fjorungsretten, paa det nær, at naar fire tylfter er nemnde til femteretten, so skal den søkjande skjota ut seks mann, og den verjande andre seks. Men um han ikkje vil, daa skal den søkjande skjota ut dei og, like eins som dei hine. Men um den søkjande ikkje gjer det, daa er maalemnet um inkje gjort; for berre tri tylfter skal døma. Me skal og skipa logretten so, at dei som sit paa midpallom skal hava den rette lovgjevande magti; og til det skal dei menner veljast som er klokast og mest rettvise. Der skal og femteretten vera. Men um dei ikkje vert samde, dei som i logretten sit, um kva dei vil leia i lov elder løysa fraa lov, daa skal logretten kløyva seg, og fleirtalet skal vera det avgjerande. Men um det er nokon utanfor logretten, som ikkje kjem inn, og som trur han lid urett, so skal han gjera lovlegt motmæle, so dei høyrer det i logretten, og han hev daa gjort um inkje all den lovgjerdi dei hev gjort.»

180Etter dessa leidde Skafte Toroddson i lov femteretten og alt dette som no var aamaala. Og so gjek folk aat Logberget.Oversetternote: Rettare Logberget en lovberget, som det stend fyrr her i boki. Og der vart det teke upp nye godord. I Nordlendingafjorungen vart det desse nye godordi: Melmanna-godord i Midfjorden og Lauvæsinga-godord i Øyafjorden. Daa bad Njaal um logn og mælte: «Det er mange av mennom kunnigt, korleis det gjekk os – sønom mine og Grjotaa-mennom – at dei drap Traain Sigfusson; at det vart gjort semja, og at eg tok til fostrings Hoskuld, son hans Traain. Eg hev raadt til giftarmaal for honom, um han fær god-ord; men det er ingen som vil selja sit. No vil eg beda dykk, at de gjev meg løyve til aa taka upp nytt god-ord paa Kvitanes aat Hoskuld.» Han fekk lov til det av alle. Njaal tek daa upp god-ord for Hoskuld, og sidan var han kalla Kvitanes-gode. Daa dette var gjort, rid folk heim fraa tinget. Njaal drygde ikkje lenge heime, fyrr han og sønerne hans og Hoskuld reid aust til Svinafell og tek upp att friarmaalet ved Flose. Men han sa han vilde halda all avtalen med dei. Vart daa Hildegunn fest Hoskuld og brudlaupsstemna avtala. Dei rid daa heim, og næste gongen rid dei dit til brudlaups. Flose løyste ut alt godset hennar Hildegunn etter gjestebodet, og greidde det vel fraa seg. Dei fór til Bergtorskvaal og var der det aaret, og alt gjekk vel med Hildegunn og Bergtora. Vaaren etter kjøpte Njaal land i Vorsabø og gav Hoskuld det, og han fór dit og sette bu der. Njaal feste honom alt tenestfolket han skulde hava. Og slik venskap var det med dei alle saman, at ingen tyktest noko raad vera full-godt, minder dei var alle um det. Hoskuld budde lenge paa Vorsabø, og det heldt ved med at dei gav kvarandre studnad til alt 181som kunde fremja deira æra. Njaalssønerne fylgdest med Hoskuld i kvar ferd. So hævt var det med venskapen deira, at dei gjorde lag for einannan kvar haust og gav einannan stor-gaavor. Soleis gjekk det lenge frametter.




98.

Ein mann heitte Lyting. Han budde paa ein gard heitte Saamstad. Kona hans heitte Steinvor. Ho var dotter hans Sigfus og syster hans Traain. Lyting var stor paa vokster og sterk, rik paa gods og ill eiga ubytt med. Det var ein gong at Lyting hadde lag der paa Saamstad. Hoskuld og Sigfussønerne var bedde, og dei kom alle. Der var og Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson. Hoskuld Njaalsson og mor hans aatte gard i Holte, og han reid titt og jamt millom der og Bergtorskvaal, og vegen hans gjekk frammed bøgarden paa Saamstad. Hoskuld hadde ein son heitte Aamund; han var fødd blind, men stor paa vokster og evlug. Lyting hadde tvo brørar; ein heitte Hallstein, ein Hallgrim. Dei var dei verste vyrdløysor, og var hjaa Lyting bror sin støtt, av di andre ikkje kunde koma til rette med dei. – Lyting var ute lange stunder um dagen, men stundom kom han inn att og sette seg i sætet sit. Daa kom det inn ei kona, som hadde vore ute. Ho mælte: «De var for langt av til aa faa sjaa stor-knapen rida frammed garden.» – «Kva for ein storknape var det,» seier Lyting, «som du talar um?» «Hoskuld reid frammed garden her,» seier ho. Lyting mælte: «Han fer ofte frammed garden her, og det kan ikkje anna en harma meg. Eg byd meg til aa vera med deg, Hoskuld maag, om du vil hemna far din, og drepa Hoskuld Njaalsson.» «Det vil eg ikkje,» seier Hoskuld; «daa lønte eg verre en vera skulde Njaal 182fosterfar min; og usæl vere du for slikt eit gjestebod!» Han spratt upp fraa bordet, fekk i hesten sin og reid heim. Lyting mælte daa til Grane Gunnarson: «Du var til stadar, daa Traain vart drepen, so du maa minnast det – og du Gunnar Lambeson, og du Lambe Sigurdson. No vil eg me skal taka paa Hoskuld Njaalsson og drepa honom, naar han rid heim i kveld.» – «Nei,» seier Grane, «ikkje vil eg gaa paa Njaalssønerne og brjota den semja som gode menner gjorde.» Det same sa dei andre tvo og Sigfussønerne; og dei tok den raadi alle, at dei reid burt. Daa dei var reiste, mælte Lyting: «Det veit alle, at ikkje hev eg teke bøter etter Traain, maagen min, og eg vil ikkje finna meg i at det ikkje vert teke mannhemn etter honom.» Sidan baud han baae brørne sine vera med seg, og tri tenestkarar. Dei stelte seg i veg for Hoskuld og la seg fyre i ei gróp nordanfor garden, og bidde der, til det var midaftan. Daa kom Hoskuld og skulde rida heim. Dei sprett upp med vaapn alle saman og søkjer paa honom. Hoskuld varde seg so vel, at det var lenge dei fekk ikkje gjort honom noko. Det vart til det, at han saara Lyting paa handi og drap tvo av huskarom hans; men daa fekk han sjølv bane. Dei saara honom med sekstan saar, men hogg ikkje hovudet av honom. Dei fór inn i skogen austanfor Rangaai og gøymde seg der.

Denna same kvelden hadde saugjætaren hennar Rodny funne Hoskuld daud, og fór heim og sa Rodny det, at son hennar var drepen. Ho mælte: «Han er nok ikkje daud – elder var det av honom hovudet?» – «Det var det ikkje, nei,» seier han. «Eg fær vita det, naar eg ser aat,» seier ho, «og tak du hesten min og akedoning.» Han gjorde so og laga alt ferdugt. Sidan køyrde dei dit som Hoskuld laag. Ho saag paa saari og sa: «Det er som det varde meg, at han er 183ikkje heilt daud; og Njaal kan nok grøda større saar.» Dei tok og la honom upp paa sleden og køyrde aat Bergtorskvaal og bar honom inn i eit sauefjos og let honom sitja uppmed veggen. So gjekk dei baae inn paa garden og banka paa døri, og ein huskar kom ut i døri. Ho smatt framum honom og inn, og gjekk framaat sengi hans Njaal. Ho spurde um Njaal var vaken. Han sa han hadde sove til daa; «men no er eg vakna – elder kvi er du komi her so tidleg?» – «Statt upp or sengi fraa medfrøya mi og gakk med meg ut, og ho og sønerne dine.» Dei stod upp og gjekk ut. Skarphedin mælte: «Lat os taka vaapni vaare og hava med os.» Njaal sa ikkje noko til det, og dei sprang inn og kom ut att væpna. Rodny gjekk fyre, til des dei kom aat sauehuset. Ho gjeng inn, og bad dei koma etter. I det same reidde ho upp lykti og mælte: «Her, Njaal, er Hoskuld son din og hev fenge mange saar paa seg, og han treng no lækning.» – «Daudamark ser eg paa honom, men ikkje merke til liv,» seier Njaal; «men kvi hev du ikkje veitt honom naahjelp? naseborerne stend opne.» – «Det etla eg Skarphedin,» seier ho. Skarphedin gjekk fram og veitte honom naahjelp. Skarphedin mælte daa ved far sin: «Kven seier du hev drepe honom?» Njaal svarar: «Lyting fraa Saamstad og brørne hans er det som hev drepe honom.» Rodny mælte: «I dine hender legg eg det, Skarphedin, aa hemna bror din. Og eg ventar meg det beste av deg, endaa um han ikkje var din rette bror, at du vil syna deg mest aagangsam.» Bergtora mælte: «Undarlege karar er de; de tek paa dykk draap som kjem dykk lite ved, men gjeng og melter og kokar so lenge med det, til det ikkje vert noko av. Snart kjem vel Hoskuld Kvitanes-gode og bed um semja, og det gjev de honom. Betre daa aa raada paa snart, um de vil gjera noko.» 184Skarphedin mælte: «No hev mor vaar god rett til aa eggja os.» Sidan ljop dei ut alle. Rodny gjekk inn med Njaal og vart der um natti.




99.

No er det aa fortelja um Skarphedin og dei, at dei stemner upp aat Rangaai. Skarphedin mælte: «Lat os stana her og lya.» Dei so gjorde. Han sa: «Lat os fara stilt; for eg høyrer mannamaal uppmed aai. Kva vil de helst: eiga ved Lyting aaleine elder baae brørne hans?» Dei sa dei helst vilde eigast ved Lyting aaleine. «Han er likevel beste veidni,» seier Skarphedin, «og lite vilde eg lika, at han kom unda; og eg trur best meg sjølv til aa gjera fyre det.» – «Kjem me til med det,» seier Helge, «so skal me nok stemna soleis innaat, at han ikkje slepp unda.» Sidan gjeng dei dit som Skarphedin hadde høyrt mannamaal, og ser Lyting og brørne hans ved ein løk der. Skarphedin sprang straks yver løken og burti melbakken paa andre sida. Uppaa der stod Hallgrim og dei andre. Skarphedin hogg straks til Hallgrim i laaret, so foten gjekk av, og greip Hallkjell med den andre handi. Lyting stakk etter Skarphedin. Daa var Helge komen og skaut skjoldet imillom, so stikket raakte det. Lyting tok upp ein stein og dreiv til Skarphedin, so han slepte Hallkjell. Hallkjell flyg daa til uppetter melbakken, men kjem ikkje upp paa annan maate en at han baukar paa kneom. Skarphedin sveiver til honom med øksi Rimmugygi og hogg sund ryggen paa honom. Lyting snur no unda, men Helge og Grim set etter og gjev honom eit saar kvar seg. Lyting kom seg unda dei yver aai burt aat hestom, og rid i eitt jag til Vorsabø.

Hoskuld var heime. Lyting finn honom straks og seier honom verki. «Slikt hadde du aa venta,» seier 185Hoskuld, «so vitlaust som du hev fare fram; og her sannast det som sagt er, at stutt stund vert hand av hogg fegi. Eg tykkjest skyna paa deg, at du no ser det er um aa gjera, um du kan berga deg for Njaalssønerne.» «Det er visst,» seier Lyting, «at det var med naudi eg slapp unda; men no ynskjer eg, at du fær meg forlikt med Njaal og sønom hans, og soleis at eg vert haldande garden min.» – «So skal eg gjera,» seier Hoskuld. Sidan let Hoskuld sala hesten sin og reid aat Bergtorskvaal med seks mann i fylgje. Daa var Njaalssønerne attkomne og hadde lagt seg til aa sova. Hoskuld fekk straks fat i Njaal, og dei gjekk til samtals. Hoskuld mælte til Njaal: «Eg er komen her for aa beda for Lyting, maagen min. Han hev gjort dykk mykje imot; brote semja og drepe son din.» Njaal mælte: «Lyting tykkjer vel han hev kvitta mykje med di at han hev mist brørne sine; men um eg gjer nokor semja, so er det for di skuld. Og det vil eg daa skila unda fyrst, at brørne hans Lyting skal vera uhelga; Lyting skal helder ingi bot hava for saari sine, men Hoskuld skal bøtast med fulle bøter.» – «Eg vil,» seier Hoskuld, «at du dømer aaleine.» Njaal svarar; «Eg skal gjera med det som du vil.» – «Vil du,» seier Hoskuld, «at sønerne dine skal vera med?» Njaal svarar: «Ikkje er me nærare semja med det; men dei held den sætten eg gjer.» Daa mælte Hoskuld: «Lat os faa ende paa maalemnet, og lat du Lyting faa grid for sønerne dine.» – «Det skal eg gjera,» seier Njaal. «Det er min vilje, at Lyting skal leggja ut tvo hundrad i sylv for draapet paa Hoskuld, og fær bu paa Saamstad. Men eg meiner det er raadlegast for honom, at han sel garden og hev seg lenger unda. Ikkje for di: eg skal ikkje brjota sætten med honom, og ikkje sønerne mine; men det kunde henda det kom upp ein elder annan i grendi som han laut agta seg for. 186Men vert det uppteke som at eg gjer honom utlæg i heradet, so skal han hava løyve til aa vera her i grendi for meg. Men han fær sjølv hava vaagnaden. Etter di fór Hoskuld heim. Daa dei vakna, Njaalssønerne, spurde dei far sin, kven som hadde vore der. Han fortalde at det var Hoskuld, fosterson hans. «Han bad vel for Lyting?» sa Skarphedin. «So var det,» seier Njaal. «Det var ille,» seier Grim. «Ikkje hadde Hoskuld skote skjold for honom no, hadde du drepe honom, daa det var etla deg,» seier Njaal. «Lat os ikkje klandra han far,» seier Skarphedin. Det er aa segja um denne semja, at ho vart haldi sidan.




100.

Det vart hovding-skifte i Norig. Haakon jarl hadde levt fraa seg, og Olav Trygveson var komen i staden. Det vart dauden hans Haakon jarl, at Kark træl skar av halsen paa honom paa Rimul i Guldalen. Det spurdest med sama tidendi, at det var vorte tru-skifte i Norig. Dei hadde kasta gamaltrui, og Olav konge hadde kristna vesterlandi – Hjaltland, Orknøyarne og Færøyarne. Det var mange som mælte, so Njaal høyrde det, at slikt var eit udøme aa kasta gamal tru og fedrased. Daa sa Njaal: «So synest det meg, som denne nye trui maa vera mykje betre, og at den maa vera sæl, som fær den i staden. Og kjem dei hit ut, dei menner som byd den trui, so skal eg stydja til paa beste maaten.» Det sa han ofte. Han gjekk ofte fraa dei andre, og daa tala han med seg sjølv. – Sama hausten kom det inn eit skip der aust i fjordarne. Det kom inn i Gautaviki i Berufjorden. Styresmannen heitte Tangbrand. Han var son hans Vilbald greive fraa Saksland. Tangbrand var send her ut av Olav Trygveson, til aa bjoda rette 187trui. I fylgje med honom var ein islandsk mann som heitte Gudleiv. Han var av folket hans Hjørleiv hin kvendsame, Hordalands-konge. Det var ein stor stridsmann, hugdjerv og hardsett i all si ferd. Det var tvo brørar som budde paa Beruneset. Den eine heitte Torleiv, den andre Kjetil. Dei var sønerne hans Holmstein Ossurson Breidøl. Dei heldt møte og forbaud folk aa handla med desse mennom. Dette spurde Hall fraa Sida. Han reid til skips med tredive mann. Han fór straks til møtes med Tangbrand og mælte til honom: «Kva – gjeng det smaatt med handelen?» Tangbrand sa, at so var det. «No vil eg segja deg mi erend,» seier Hall, «eg vil beda dykk alle heim til meg og vaaga paa um eg kan faa handel i gang for dykk.» Tangbrand takka honom og vart med til Tvaattaa. Ein gong um hausten var det at Tangbrand var tidleg ute ein morgo, let setja upp tjeld og song og hadde for seg mykje; for det var stor høgtid. Hall mælte til Tangbrand: «Kven er det til minning um, du held denne dagen?» – «Det er Mikael engel som eig dagen,» seier han. «Kva er det med honom,» seier Hall. «Mykje,» seier Tangbrand, «han skal vega alt du gjer, baade godt og illt – og han er so miskunsam, at han mêt mest det som vel er gjort.» – «Honom vilde eg eiga til ven,» seier Hall. «Det stend deg fritt for,» seier Tangbrand; «gjev deg aat honom i dag med Gud.» – «Det vil eg skila fraa,» seier Hall, «at du lovar meg det for honom, at han vert fylgje-engelen min.» – «Det skal eg lova deg,» seier Tangbrand. Hall tok daa daup, og alle hjaa honom.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.