Nordlandsliv

av Jon Klæbo

FORORD

Arbeidet med denne utgåva av utvalde tekstar av Jon Klæbo tok eigentleg til i 1974, men blei den gongen ikkje til meir enn ein oversynsartikkel over liv og dikting i vekeavisa Dag og Tid (9. mai 1975). Eg tok så smått tak i materialet att då eg fekk med meg at arbeidet med Blix-biografien gjorde at Anders Aschim kom over nytt materiale som galdt bondestudentane frå Nordland i Christiania på 1860-talet. Jon Klæbo var ein av desse. Eg kom så i gang med det gamle prosjektet – som i hovudsak hadde som mål å samle, modernisere og gje ut dei tekstane Klæbo hadde skrive frå eller om Nordland.

Eg har gjort dette arbeidet ut frå ei overtyding om at dei beste tekstane Klæbo skreiv, er gode nok til å bli tatt vare på, og det kan vi berre gjere ved at dei blir tilgjengelege i ei moderne form. Når tekstutvalet blir lagt fram no, har det ikkje så lite å gjere med at nettutgjeving er blitt mogleg. Det norske språk- og litteraturselskap driv nettstaden bokselskap.no, og det har heile tida vore meininga å gje ut denne tekstsamlinga der og ikkje som vanleg bok.

Eg takkar særleg Anders Aschim for velvilje og hjelp, og takk går òg til Gudmund Harildstad ved Norsk Ordbok 2014 for hjelp med gamle nynorske kjelder, og til kollega Jon Haarberg ved Universitetet i Oslo som har lese heile manuskriptet.

Oslo, januar 2013
Hans H. Skei

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.