Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Brev frå Nordland (2)

Eg vil halde meg til Åsvær. Det var ikkje alltid at her var så folksamt. Dei to grannane som her bur, klaga på framandfolk om våren når dei skulle rekkje egg, og om hausten når moltebæra skulle plukkast; elles kom det jamt nokon om sommaren til utrors for å dra uer. Stundom kunne dei sjå ein sjølvannanmann snu att og fram mellom dei mange holmane i tanke om å lure seg på kobben. Då det tok til å mørkne, og dagen vart stuttast, hende det òg at ein gamal skyttar våga seg ut i været; han ville stad å sjå kobbekjerringa når ho skulle på land og føde borna sine. Mang ein gong kom draugen til han midt på natta. Skyttaren måtte då alltid ha børsa si attmed seg, og fekk han så skott på det fæle trollet, fann han morgonen etter ei grønn sleipe på berget utanfor bu-døra. Uvandt er det å seie at draugane no ikkje kunne trivast i desse utværa då alle holmar og øyar er så fullpakka med kristent folk. Du ser forbina på denne mengd av skip og båtar, – naust, brygger og saltehus. Hamn er her, som stor og god er. Om du ikkje kan sjå dei ytste skjer og båar for rokk og sjøvêr, er det endå smult vatn inni dei smale sunda. Dei har mura opp steingardar og sett ned ringar.

Fiskarane frå dei næraste sokna er jamnast skipa tre og fire mann på fire- og halvfirerommingar; men så har dei ein seksroring til å hyse skrotet sitt på; i framskoten under løftinga er stova deira tillaga, og kjøkkenet er i framrommet. Notlaga har enten farty med seg, eller så har dei tinga hus på land. Det er no ikkje berre karmenn som skal til værs. Tenestejenter og framvokstgutar skal ut på ganing og salting, og den kvinna som ikkje tykkjer om å stå med slikt råslag, lyt vere med som kaffekjerring. No kjem du til smøret i grauten. «Dei toskete nordlendingane» må vel i fisketida få smake på frukta av det sørlandske kultur-tre, veit eg. Derfor finn du der ute drikkarhus, dansebuer, positivspelarar, lotteri og mykje anna slikt.

Dei har spurt om det var storsild her i gamle dagar, og det er vel ikkje så greitt å svare. I Egil si soga (kap. 10) kan du lese om Torolv Kveldulvson som budde på Sandnes, inn og sør av Dønna:

Torolv var svær til å sopa til seg av all den rikdom der da var på Hålogaland; han hadde folk i sild’vær og på skreifiske; sel-vær var det òg nok av, og egg-vær, – avdrått av alt slikt let han føra til seg.

Kanskje det er rettast her å tenkje på sommarsilda, feitsilda, som dei fiska etter slåttonna utover. Det er no visst og sant, storsilda har ikkje i manns minne vore kjent i desse væra før 1865. Men det var ikkje mange som fekk vite om det då, og ikkje hadde folket kringom så storbeinte garn. Men neste sommar vart det fælt til styr og ståk med å binde garn, sette opp hus og bu seg til. Og då det vart vinter (66–67), kom det ein stor allmuge saman til å helse på gjesten. Det året kom silda så grastjukt at det vart så reint for lite av salt og tre og farty. Det var noko for spekulantar og pengemenn. Dei skunda seg med tilboda, og på holmane i Åsvær, Skipåsvær og Lovund reis opp det eine gilde huset etter det andre. Kjøpmenn sørfrå Bergen, Stavanger og Haugesund ville også ha sin del av fangsten. Men då det lei til jul (67–68) slo fisket reint ifrå. Silda var under land, det var greitt; men landvindsrokk og frost nekta ho å stige opp i sjøen, og folket å kome på sjøen. Det vart då reint låkt med fisket; i Lovund var det noko likare. Ikkje underleg at folket her før jul tenkte på sildvêret med von og otte. Men folksamt vart det; du skulle tru at kvar einaste holme var ei migmaurtue. Denne vinteren drog eg til Lovund. Silda kom den niande desember, og den natta var eg så heppen å ha nokre lenkjer ute. Då eg neste morgon hadde avtint, vart det ti kvarttønner. Ikkje mange hadde garn ute den natta. Di fleire sette den dagen. Men no kom uvêret, djuphavvind og sjøbord så det var ulikt å ansa børnskapen, og mange var det som miste heile lenkjer med garn og iler. Eit båtmannskap frå Nesna gjeld bleiv, seier dei. – Vi tente i år 50 dalar til manns; jamnast var det 20–30 dalar på karen; det skulle vere dei som fekk innpå 100 dalar. I Lovund var ikkje så mange farty; derfor fór jamt og samt to eimbåtar og nokre jekter med laussild til Åsvær. Med gamalåret var også fisket til endes. Etter nyttår var det berre notmennene som bala med å ta opp den innestengte silda. – Du kan tru vi sakna mykje heimen vår då helga kom. Det vart ingen julegraut, inga kalvkippe, inga kveite; ikkje kunne ho mor få lese bøna for oss julekvelden, og borte var vi frå den lyse, fagre kyrkja vår. Men så heldt vi kor under tjeldet, og «Storegut» og andre bøker hadde vi tatt med. Du skulle høyre, kjære Svein! Kor vent det er når alle båtlaga syng kveldsongen. Det er som vore heile været ei syngjande kyrkje.

Svein Urædd, 17. februar 1869.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.