Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Ho mor får lofotfolket sitt heim

Velkomen heim no, sonen min!
Å nei, kor bart du er!
Det harde vêr og nordavind
har teke på den vesle kinn.
Du vinterens merke ber.

Ja, uvêr var her, gong for gong,
så fjorden gjekk som eim.
Når båra braut, og stormen song,
var hugen tung og barmen trong,
og mørkt i hus og heim.

Og tjelden kom og gåsa med;
det lei til sumarmål;
då gjekk eg tidt på bakken ned.
Før du kom heim, der var ‘kje fred
i denne stakkars sål.

Kvar båt som kom eg stira på:
«D’er lauparseglet hans!»
Men alle peika langt ifrå,
og tungt du veit det var å sjå,
at ingen la til lands.

I otta sto eg opp i dag;
det bar den gamle veg.
Då fekk eg sjå eit storbåtlag
i far si stø med reipa drag;
og gild og glad vart eg.

Kor traust han ligg, din vakre båt
med grøne ripar på! –
Kom, verm deg; å – så kald og våt.
Og nattvakt er du vel attåt.
Du noko varmt skal få.

Her var så tørt og svart då du
drog bort om kyndelsmess.
No får eg mjølk av kvar ei ku,
og file har eg, kan du tru,
og kalvkjøtt gøymt til dess.

Eg høyrte mangt eit hugsamt ord,
då her kom lofotbrev.
Det var vel kleint og smått i fjor;
i år slo fisket til der nord;
Gud signar mannsens strev.

Så vere han vår høvedsmann!
Han kjenner lei og hamn.
Vi gjeve volen i hans hand,
så går det godt med folk og land –
det går i Jesu namn.

Adressebladet, våren 1868

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.