Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Nordlandsliv

Ho sto nedpå voren og stridde med gråt,
dei song og dei sette ut lofotbåt.
Med tårene trilla, dei tok etter draget,
og høvedsmannen han sette åt styret;
men halskaren hiva seg høgt oppå slaget
i heile det tunge skinnkledehyret.

«Å – høyr hit, du mor!
det synd er for stor,
han fer åt så fast,
du såg der det kast! –
No blæs han då bør.
Sjå, rakken dei smør
og set «’pund’ nål»,
drikk velfarskål,
bitt kvitduken opp
i høgaste topp.
Med venger dei flyg,
i skumskavlar smyg.
På ripa oppåt
han halsar seg våt; –
Jau, han får det søtt!
Seint når dei til «Støtt».
Før lys dei ser klårt,
dreg lauparlaget vårt
om «Rot-Kneet» ut.
Han hjelpe dei Gud!
Kvar rokk-kula fer
med daude og slær.
Med handa på rå
dei føre seg sjå! –
I to-tre klo vind
langt fram dei seg vinn.
Stod månen på fjell
til seinaste kveld,
kan hende dei flaug
om Måløyar haug.
Dei legg ‘kje til fjords
med «kloa til bords».

Nei, godvêr dei biar «på Reina».
Her vart vi no stillmott åleina.”

Ho stod oppi tunet Sankt Peters Stol,
då snøball og istappar tina i sol.
Av bomsiglarhorga var stroken den siste,
og gardsfolket kunne ha fred til å sova,
når finnen og farken fekk alt, som dei visste;
men skavlar det låg no mest jamhøgt med stova.

«Å – høyr hit, du mor!
kjem solauga nord
på «Landegod» fram
og «Sandhornets» kam? –
Ja, no vart her vêr!
D’er liksom eg ser
dei tusen i lag,
som fer inn i dag
den blankstille veg
og børnskap dreg. –
Ved tider som no
dei ror opp av sjo.
Så kjem dei til lands
med mykje til manns.
På kila for dregg
dei storbåten legg,
i kryss-stokken på
kring kollane små
ligg festa på tamp; –
kvar egner sin stamp;
dei rister ombord,
ein part tek utor.
På klake og is
med gaddar og ris
dei sperrar, og glad
dei hengjer i rad.
Når æse og rær
då krok på seg slær,
så styngjer dei hjell
til seint ut på kveld.
Er dagen så all,
finst rorbua kald.

Med lyssprett skal innpå dei beine.
Her går vi så stillmott åleine.”

Ho stod ned i fjæra, då fasta vart lang,
der skar ho med sigden sin flugser med tang.
I ovstore vasar kom ærfugl av havet,
og sjøburden slipa småsteinen blankar’,
men vestanvind piska snø ned i kravet
og jaga i hjarta opp tungsame tankar.

«Å – høyr hit, du mor,
visst Lofotens fjord
er gøysande grov
med kramslege kov? –
Frå djuphav og odd
snart uvêr er sådd.
I djupn og lengd
er sjøen som dengd,
og alda ho svell
til åsar og fjell.
Med driva og dam
ho sniker seg fram.
Og såg ho ein vatt,
ho løfter på hatt;
det kvitnar, det lær,
ho over dei slær.
Var båtane flå,
ell’ skople til sjå,
ell’ trauste på hav:
ho reidde dei grav.
Dei «sette ‘n oppi»,
men slo seg ei fri;
dei letta med skaut, –
det brann og det braut;
og stakk dei på pent,
fekk stødingen rennt
og tok han godt rom,
ho velte dei om
og gav dei til golv
eit kantande kolv,
til dess at dei dreiv
i land eller bleiv.

Å – kva skal eg stakkar no meine! –
Her sit vi så stillmott åleine.”

Ho sat bortmed rokken, spann vest utav ull,
la songar i duren til snella vart full;
ho hoppa i veven, tok skutelen fine,
vov kjolety, vestty med slagbord og skeia,
og lulla og drøymde om lofotfolk sine
og fælte for stormen som rauk over leia.

«Å – høyr hit, du mor!
i dag dei ‘kje ror
om «Havbarden» inn,
for no er han vind!
I landlege trygg
dei retter sin rygg. –
Han hadde sin gang:
‘tav odden «han sprang
på fjellet» i natt.
Og snøgt dei vel spratt
av søvn og av seng
båd’ husbond og dreng, –
reiv skinnhyret på;
til havs må dei sjå.
Når slik det ber laust,
at ingen står traust,
skal handfaste gut
med stordreggen ut;
belegge dei lyt
den fjøla som flyt
og velferda ber.
Men sume dei fer
på leire og sand,
dreg båtar på land
med håling og song,
til gata vert trong.
D’er ingen som veit,
kor ilt dei vel sleit.
Og kanskje attpå
ein tomhendt fekk sjå,
alt reiste på hav
som tunge år gav.

Hardt tek han i «Stamsund og Steine».
Her vart vi så stillmott åleine.”

Ho stod bort-i fjøset, slo kokande laug
på bumat og tang i holke og traug;
Ho snakka til gods når dei matmor si kravde.
No «Svan» mi – å stakkar – no snart får du groren.
– Då kom han «Peer Post», så kvit at det lavde;
I skarefokk hadde just gamlen rodd fjorden.

«Å – høyr hit, du mor:
D’er brev frå min bror, –
kan hende eit til. –
Gjer no som eg vil:
lat gamle «Peer Post»
få helgedagskost!
Eg hentar ein dram
og sølvpenning fram.
No vert du fast’ glad:
dei lever så bra.
I sorg og i sut
vi bad til vår Gud;
no takkar vi helst:
dei fri er og frelst. –
Det beinkar seg smått;
så fisket vert godt. –
Høyr nærar hit, du!
Når eld d’er på flu,
vinn røyken ei ut.
Så sat han der lut;
det svei og det brann,
så tårene rann;
på senga han skreiv
med skrukka og leiv
til bord over kne.
Slikt skjemtar dei med!
D’er skodda, som driv,
når berre d’er liv. –
Folk får vel og gråt:
ein nordlendingsbåt
har kasta seg bort;
dei gjekk til så fort.

Ja – ulykka er kje den seine! –
Her sit vi så stillmott åleine.”

Ho stod nedmed sleden og leste på frau;
det draup og det druste, – det sutla og saud.
Ho tenkte på våren, når folket kom saman
i åkeren, på torvhaug og gullbloma vollen.
Så klappa ho «Rauden», – i fagnad og gaman
ho tykte sjå sumarmålgløtt innpå kollen.

«Å – høyr hit, du mor,
lyd her på eit ord, –
d’er sant, som d’er sagt:
då stormen fekk makt,
dei hadde god tid
til bøte og fli.
Gjekk nåla for trått,
fortalde han smått
om risen i berg,
den haghendte dverg
og hulder og draug.
Ein dagen dei smaug
or bolet sitt ut;
det lyt no kvar gut
sjå vêret – med lag
og landlegeslag.
Der vart då eit spil,
for butlen kom til
og sette på fyr.
Med bråking og styr
«Staværingen» svór
å gjere reint bord, –
han sterk var i tal.
Men «Karl på Dal»
han ville ha fred, –
«Nils Attenåring» med;
på hender han stod,
med hælane slo;
men Taralds-son harm
bar to i strak arm.
Då slike heldt eitt,
fekk «kaillann» det heitt;

dei gutar er ikkje så beine. –
Her går vi så stillmott åleine.”

Ho stulla i naustet, der småbåtar stod
og venta på guten som skulle dei ro.
Ho lett over lunnane færingen skuva;
som svan oppå vatnet han sumde åt grunnen,
med langskjefte ljåen ho demla og duva,
til brei-taren brune og fine var funnen.

«Å – høyr hit, du mor,
eg trur no, dei fór
i morgon, som var,
om «Breitinde» -Skar,
til «Rivtind» så bratt
åt «Våga-Kall» smatt –
Det eingong vert reint
på egga – så seint;
d’er store ting veidd,
om lenka ei greidd
vert no på ei stund;
dei tek henne sund,
og glad’ som eit barn
dei telnar opp garn
og henger det bort,
så vått vert tørt. –
Dei reiser på vær
og klarering fær
for alt, som dei let;
og mor si, som gret,
dei hugsar nok godt
med lite grand smått.
Åt verten dei dreg
og klarar for seg, –
slår børnskapen ned,
tek levra så med
og skipar på jekt,
giv båten full dregt. –
Med vinternattsut,
med nakkar og nut, –
med bud og med bel
dei seier: Far vel!

Så legg dei stamnen på «Fleina». –
Her stullar vi stillmott åleina.”

Ho stod nedpå bakken og såg over fjord;
det kvitna med båtar, som heimfuse fór.
På fastande hjarte så lenge ho drygde,
til «Gåsbuen» kunne den lengtande dåra.
Då stakk det eit segl om neset som skygde. –
– Den heilage påskeaftan lyste på båra.

«Å – høyr hit, du mor,
no ser eg, det gror
på vinteren ein vår,
som godt for oss spår.
Frå sumarens land
kom tjelden på sand
Og nett som eg stod
og stirte på sjo,
høgt «Gåsbuen» slo
og takka for sist,
– han dåra meg visst.
Dei gamle sin dom
eg bryr meg sakt’ om;
men godt må vi få,
når fuglane små
frå blomar der sør
oss helsar og spør
om våren i nord
med grønare jord. –
Godt bod eg deg ber,
du lofotfolk fær;
eg såg at dei streik.
Han syntest så bleik,
trøytt, brunleitt og bart,
det vårvêr bit hardt,
Dei la’ innpå våg, –
dei såg og dei såg.
Til gards kjem dei snart; –
å nei – d’er så rart!
eg gøyme meg må, –
ei tor’ eg dei sjå!

Mor, giv meg det påskeplagg reine,
så går eg ut stillmott åleine.”

(etter forfattaren si handskrift, jula 1871)

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.