Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Utvalet av dikt og forteljingar

Denne utgåva av dikt og forteljingar skrivne av Jon Klæbo inneheld berre tekstar som klårt og tydeleg har forankring i nordlandsk natur, vêrlag, lynne og folkeliv. Det er den viktigaste og beste delen av Klæbos skjønnlitterære forfattarskap som her er samla. Ei rad med høvesdikt og eit par korte forteljingar utan nordnorsk bakgrunn er utelatne. Det same gjeld heile sakprosaforfattarskapen som i sum er mange gonger større enn alle dikta og forteljingane.

Eg har halde meg til dikt og forteljingar, sjølv om nokre brev frå Nordland og Lofoten kanskje utgjer ein litt annan sjanger. Bortsett frå nokre dikt som er på riksmål, er alle tekstane skrivne om til moderne nynorsk. Vanskelege ord og vendingar er ikkje forklårte, men sjølve moderniseringa skulle gjere alle tekstane lette å lese – mellom anna fordi eg har bytt ut gamle nemningar og uttrykk som ville ha vore ukjende i dag.

Utgåva er då sjølvsagt heller ikkje ei tekstkritisk eller vitskapleg utgåve når det gjeld Klæbo-tekstane, og det har heller aldri vore meininga å lage ei slik utgåve. Skal vi ta vare på og hugse noko av det beste han let etter seg, må det gjerast tilgjengeleg for lesarar i dag.

På den andre sida kan ein kanskje nemne at oversynet over Klæbo-resepsjonen og over diktarens biografi og livsverk, fører saman meir detaljert kunnskap om denne mannen enn det som har vore gjort før, og at alt her bygger på kritisk bruk av kjelder som i all hovudsak ikkje har vore nytta før.

I utvalet som følgjer, ligg altså vekta heilt ut på det som eg trur er best og mest verdt å ta vare på i dag – dikta og forteljingane hans med emne frå Nordland. La oss sjå litt nærmare på dikta som er med i utvalet.


Dei ni dikta i utvalet: Korte kommentarar

Både Bang og Heggtveit hevdar at Klæbo først og sist var lyrikar (Klæbo 1888). Det er neppe tilfeldig at den seleksjonen som tida har gjort i forfattarskapen, stort sett berre har late eit par av dikta hans leve vidare – ingenting anna. Det gjeld songar som «Ho mor får lofotfolket sitt heim» og «Borte frå heimen» – den siste også kjent som «Gleinssongen». Mykje av lyrikken hans var som før nemnt høvesdikt, prologar og songar til festar og tilstellingar. Av nordlandsdikt har vi eigentleg berre sju med direkte forankring i nordlandsk miljø. I tillegg til «Ho mor får lofotfolket sitt heim» og «Borte frå heimen» (i to versjonar i utvalet her), gjeld det riksmålsdikta «For Nordland» og «Nyttårshilsen til Helgeland» og landsmålsdikta «Nordland», «Innmed land» og «Nordlandsliv». Utvalet inneheld to andre dikt som nesten måtte takast med sidan det eine er «Til min mor» og omtalar stader på Dønna, medan det andre er til den presten som konfirmerte Klæbo på Nesna.

«For Nordland» syner oss eit Nordland som vaknar til liv når våren kjem, og denne våren blir så samanlikna med den «åndens vår i folkebarmen» som no skal spire. Nordland har ein tradisjon å leve opp til når det gjeld til dømes skaldskap, og det er på tide at ekkoet frå Herr Petter snart lyder. Det er indirekte prov på at Petter Dass og dikta hans var levande litteratur på Jon Klæbos tid – det fanst knapt noko utgåve av Dass-tekstar han kunne ha orientert seg i før 1874! Også i dette diktet rører diktaren borti ventinga på lofotseglet.

«Nordland» er eit enkelt og direkte to-strofa dikt som skildrar det nordlandske landskapet, utan noko anna eller vidare perspektiv.

«Nyttårshilsen til Helgeland» er eit noko større dikt der forfattaren helsar landet sitt og skriv om korleis det er når lofotfolket dreg ut og stilla etterpå, før han går attover i soga og syner oss kva for kar nordlendingen eingong var. No står det ikkje så bra til lenger:

Nå har du tyskens priskurant
og bøyer smukt din rygg.

I sluttstrofene tek forfattaren utgangspunkt i det fagre landskapet og kan ikkje anna enn å tru at folket og landet hans ein dag skal «skue åndens dag i all sin glans og makt».

«Ho mor får Lofot-folket sitt heim» er med god grunn det mest kjende av alle Klæbos dikt, med si livfulle og varme skildring av heimkomst og mottaking etter slit og sakn under Lofotfisket. Også her er det mor som ønskjer guten velkomen heim, og kan syte for varme og trøyst etter tunge tak. Men så snur diktet, og frå å vere folkelivsskildring blir det nærast til ein salme med heilt andre mål for livet enn å kome heim frå utferd. Diktet endar med ei lovprising av kor bra det går om vi berre gjev over styrvolen i Guds hand. Elles fortel dette diktet også om lengt og venting og einsemd; om mora som har gått og stulla heime heile den lange etterjuls-vinteren og venta på karfolket sitt.

«Innmed land» er ved sida av «Borte frå heimen» det mest personlege av dei sju dikta som direkte skildrar livet i Nordland. Det er i det ytre ei skildring av ein frisk og hard segltur på havet som eg-personen gjer åleine; det er ei lovprising av båten og ein takk til faren som no er død, men som har skaffa denne båten. Men det fortel også litt om utviklinga til eg-personen gjennom røynslene på havet, i stille så vel som i storm. Mora til guten i diktet treng ikkje engste seg, for

Visst veit du, den brattaste båra
vil auga og tanken hans klåra,
så mørke og skodde driv ut.

Men dette diktet treng nokre fleire kommentarar av ymse slag. For det første: Den versjonen som i modernisert form er tatt med her, er frå 1888-utgåva av Klæbos skrifter. Under diktet står det at det er frå Bergens Tidende 1872, med eit spørsmålsteikn etter. I brev frå Klæbo veit vi no at det blei trykt i Dagbladet, og i 1898-utgåva går det fram at det er slik: «Dagbl.» fyr 27de Novbr.1869». Men der har diktet fått ein bolk til, meir omfangsrik enn den første. Denne har stått på trykk i Dagbladet 11. desember 1869. Stemninga i denne andre delen av diktet er ei heilt anna enn i første del (som er med i utvalet her), og landskapet er ikkje minst heilt annleis. Vi er heilt klårt ikkje i eit vestlandsk landskap når vi ser den kvite kyrkja som har sått i åtte hundre år mellom berg som løfter seg frå hamna. Andre del av diktet er elles lite merkverdig, men ei tradisjonell lovprising av fagert landskap med ei kvit kyrkje som løfter seg mot Guds himmel. I eit brev frå 15.04.1870 til Henrik Krohn (1826–1879; stiftaren av Vestmannalaget i 1868) skriv Klæbo at det var «Minnet um Dagarne paa Loftesnes, som i fjor Haust lagad seg i hop til dei Versi «Innmed Land», som «Dagbladet» kom med; det var Sogndalskyrkja og Sogndalen, som laag so blank yver Barndomsminni; […]». Klæbo seier nesten rett ut at dei to delane av diktet er ulike – barndomsminne frå Nordland etterfølgd av sterke sanseinntrykk frå Sogndalen. Det er grunnen til at berre første del av diktet er tatt med her.

«Borte frå heimen» er, som tittelen seier, eit lengtedikt. Diktaren kjenner seg einsam og åleine og drøymer om mor og heim og leiken sin då han var ung gut. I dette diktet gløymer eg’et den tunge roren ved ein glimt av mor på bryggjesteinen og bryt ut i ei hylling til det fagre Glein. Diktet sto fremst i Svein Urædd nr. 27 for 1869 og var underteikna I.K., og strofene står i den rekkefølgja som er følgd i utvalet. I strofe 3 finst ordet «Sjodriv» som mellom anna hos Bakken (Bakken 1934) er blitt til «snødriv». Slik har eg òg lært det i den forkorta og omstokka versjonen som vi kallar «Gleinssongen». Men det er ikkje tvil om at originalen i Svein Urædd har «sjødriv» – noko som elles høver med biletbruken som jamt over er knytt til sjøliv, båt og fiske.

Desse seks dikta utgjer til saman mindre tekst enn det eine diktet Klæbo kalla «Nordlandsliv». Heggtveit kjente til eller visste om diktet då han gav ut samlinga med Klæbo-tekstar i 1888, men trudde det var gått tapt. Han har ei forklåring på korleis det kan ha hendt: «Dette Digt er rimeligvis tabt. Isaafald er det Henrik Krohns Skyld; thi han negtede det Optagelse i sit Blad, fordi det var ‘for lokalt'(!)» (Heggtveit 1888, 10). I 1898 har det dukka opp og utgjer ein viktig del av Songar og Sogor, der det altså berre er landsmålstekstar som er tatt med.

Diktet er bygd opp på ein noko spesiell måte, og diktaren har tydeleg gjennomført ein streng plan både i komposisjon og innhald. Diktet fell i åtte hovuddelar som verseteknisk sett er heilt like. Kvar del er sett saman av seks lange liner som utgjer ei strofe med det relativt tradisjonelle rimmønstret aabcbc. Deretter kjem ei strofe på trettito liner som rimar parvis; desse linene er berre halvparten så lange som i opningsstrofa og gjev diktet fart og liv. Til slutt i kvar del kjem så ein kuplett – to liner av same lengd som i første strofa og med rim. I desse avslutningslinene har Klæbo nokre sentrale ord som han nyttar i alle åtte delane av diktet, nemleg orda «still-mot åleina» som uttrykkjer einsemt og lengting. Handlinga i diktet er grei. Ei jente står nedpå stranda og strir med gråten medan lofotbåten blir sett ut. Vi følgjer henne så heilt fram til ho i siste del av diktet ser dei kjente segla på veg heim att. I kvar dels midtstrofe (dei 32 kortversa) vender denne jenta seg til mora, alltid med same innleiinga: «Å – høyr hit, du mor!», og gjennom desse lange monologane får vi eit livfullt bilete av lofotfisket slik det eingong var.

Det er sjølvsagt slik at omskrivinga til moderne nynorsk møter mange hindringar akkurat når det gjeld dikt. Her må både rim og rytme takast omsyn til, og nokre gonger må det som kan synast gammaldags og uforståeleg, få lov til å stå. Rimmønstret kan òg føre til inkonsekvensar i moderniseringa. Mange ord og uttrykk vil i dag vere ukjente, særleg i eit dikt som dette om lofotfisket, om båtutstyr og fiskereiskap i gamle tider, og det bør kunne vere ei freistande oppgåve for vanlege lesarar, men endå meir for skuleklassar under leiing av læraren, å finne fram til tydinga eller bruken av slike ord. Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre for diktet «Nordlandsliv», men – i mindre grad – for alle tekstane i utvalet som følgjer.

To av dikta i utvalet er meir indirekte å forstå som «dikt frå Nordland», og det ville vere lett å forsvare om ein ikkje tok dei med her. Diktet «Til Pastor Dometius» er skrive første året Klæbo var i Utne, til den presten som konfirmerte han på Nesna i 1856, og som no er i Ulvik. Diktet er skrive til presten som «viet meg inn til vårlivets sang, / min far og min bror til Guds hvile», i takksemd for det livsens alvor mang ein nordlandsgut har fått med seg vidare i livet.

«Til min mor» (med Landstads salmebok) er frå tida rett før Klæbo måtte reise til Hardanger, og er på mange og ulike vis eit representativt dikt for Klæbo, bortsett frå at det er skrive på riksmål eller dansk. Det er representativt både fordi det er til mor, og fordi mors rolle for borna seinare i livet her er løfta opp til nye høgder. Mor har på sitt vis vore ein Landstad – det er ho som har sunge den gamle tida i grav, og det er ho som har vore den første til å synge dei nye salmane. Landstad tek vare på og fører vidare tradisjonen mor og andre tradisjonsberarar, så å seie umedvite, har formidla, forandra, gjort levande og rik. Opningsstrofa åleine – der både Solfjell og Glein er nemnt – gjer at diktet må få plass mellom dikta frå Nordland.


Forteljingar eller «tavler» frå Nordland

Om prosastykka, «tavlene» frå Nordland, kan ein seie at dei er svært omstendelege, av og til langdryge. Det er aldri slik at vi berre får ei forteljing som så å seie driv seg sjølv vidare gjennom hendingane som skjer. Klæbo vil gjerne kommentere og vurdere det han skriv om, og helst sette alt inn i ein større samanheng som gjeld sjølve livet og ofte tilhøvet til Himmelen. Styrken ved forteljingane er at dei ytre hendingane blir sett opp mot det som skjer i det indre hos personane, og kjensler og stemningar spelar ei viktig rolle. Bortsett frå utkastet «På reina, over fjorden» har Klæbo skrive tre «tavler» frå Nordland. Den første, «To dagar i Nordland» er frå 1870; dei to andre er skrivne under opphaldet i Hardanger og syner at det nettopp var i barndomslandet der nord Klæbo levde i sitt sjukdomseksil i Utne. Både «To dagar i Nordland» og «Ho Dun-Sesel» handlar om menneske i kamp med ein hard natur og ei vond verd, om å finne og miste plassen sin i den store heimen, og om kor mykje ein kan måtte gå gjennom i livsens harde leik før ein finn Heim i eigentleg forstand – eller taper i det vågespel livet kan vere. Den tredje forteljinga er meir av lokalhistorisk karakter og fortel om juleskikkar i Nordland for hundre år sidan. Etter alt det folkelege og morosame og forvitnelege som skjer – etter alt å dømme basert på gamle skrøner og vandresoger – blir heile julefeiringa og tradisjonen og bygda sett inn i ein større samanheng slik at alt skjer til Guds ære – heile grenda blir eit Guds tempel.

«Ho Dun-Sesel» er Klæbos mest kjende forteljing. Her fortel han om eit menneske han sjølv har møtt på den årlege marknaden på Bjørn på Dønna. Han tek utgangspunkt i ein slik marknad og fortel om Dun-Sesel som brukte å vere der. Deretter fortel han om korleis ho har fått namnet sitt: Eigentleg heiter ho sjølvsagt Cecilie, men fordi ho alltid har med seg dun frå ærfugl-været sitt, har ho fått tilnamnet som ho heilt har akseptert. Etter denne innleiinga går forteljinga attover i tida og fortel Sesels lagnadstunge soge, frå ho måtte flytte frå fjordbygda ho budde i og til utværet på grunn av at faren var blitt tyngd ned av både Bergens-skuld og Nordlands-gjeld, og difor må selje arbeidskrafta si til ein rik skippar og vær-eigar. Forteljinga utviklar seg så sakte framover til ho Dun-Sesel søv i jorda. Med oss har vi fått ein menneskeleg tragedie, fortalt med djup innsikt i menneskesinnet, og vi har fått eit visst syn for dei sosiale tilhøva i dette området i ei tid vi ikkje veit så mykje om.

«To dagar i Nordland» er ei mykje tynge, bitrare og vondare forteljing enn soga om Dun-Sesel, og då kan det bli i meste laget med dramatikk og tragisk utgang. Her er det eit mørkt tungsinn over heile forteljinga om minsteguten Nils og foreldra hans og den vesle heimen deira ut mot havet – eit hav som krev sine store og uforståelege offer. Inn i denne skildringa av indre sjelstilstandar har forfattaren lagt livfulle forteljingar om seifiske på fjorden, om korleis naturen kan vere lunefull og plutseleg og uventa slå om, slik at ein solblank dag blir stormande og mørk – i dobbelt tyding. Samstundes er dette soga om korleis Nils blir vaksen og ser kvar han høyrer heime, mellom anna gjennom den songen som Nils og faren, Olav, syng i båten; ein ny song av ein søring som likevel passar så forunderleg på landet i nord: «Millom bakkar og berg». Utan at det behøver bety så mykje skal det nemnast at faren i «Tvo Dagar i Nordland» slik teksten er trykt i Svein Urædd, heiter Ola, ikkje Olav. Det kan ligge ein tanke bak dette namneskiftet, om då ikkje utgjevaren har hatt tilgang til eit originalmanus som avvik frå den trykte teksten.

Kor stor rolle Lofoten spela i livet til nordlendingar flest den gongen, kjem òg fram i det uferdige utkastet «På reina, over fjorden», der Klæbo nok har hatt som mål å gje ei prosaskildring av lofotfisket samstundes som han ville forklåre korleis det verka inn på dagleglivet i dei fleste nordlandsheimar. Det er rimeleg å tru at fleire element frå dei tekstane vi no veit Klæbo skreiv frå Lofoten, ville blitt trekt på i vidareføringa av denne uferdige og uavslutta forteljinga, som i og for seg kunne ha utvikla seg vidare i essayform snarare enn som novelle.


«Nye» tekstar av Jon Klæbo

Som det går fram av den biografiske skissa om Jon Klæbos liv og dikting, er det no mogleg å slå fast at fleire tekstar frå Svein Urædd i 1869 og 1870 er skrivne av Jon Klæbo. Det gjeld ein tekst som kan karakteriserast som ei skjemtesoge eller ein utvida vits – kanskje ei vandresoge som Klæbo har festa til ein stad og eit namn på Dønna, og så skapt lett stiliserte figurar som kan utføre handlinga som forteljinga krev. Lett og raskt blir det fortalt om «Karel med flekken» og det han kom ut for då han skulle hente ei hank med uer frå naustet ein sein haustkveld. Klæbo har kalla teksten for «ei Rispa», og det er kanskje ei sjølvkarakteriserande nemning?

«Brev frå Nordland» i to bolkar i Svein Urædd i februar 1869 byggjer ifølge Klæbo sjølv på brev frå «Ivar på Glein» – men er heilt sikkert iblanda eigne røynsler og minne om det landskapet Klæbo voks opp i. For her får vi eit topografisk og geografisk oversyn medan vi følgjer leia utover fjorden til Åsvær og Lovund, før vi i andre del av brevet (eller kanskje heller det andre brevet) blir verande i Åsvær og opplever det uventa rike storsildfisket frå vinteren 1866–67 og frametter. Det er nesten utruleg å lese om liv og røre i Åsvær for 140 år sidan, no når fiskeværet er heilt fråflytta.

«Brev frå Lofoten» er ei direkte oppfølging av breva frå Nordland; Klæbo viser til at den første brevvekslinga var høveleg, så då kan han berre halde fram. Denne gongen blir det med det eine brevet som knapt og presist skildrar ein sesong i Lofoten. Brevet frå Lofoten er underteikna «Ivar», medan breva frå Nordland ikkje har nokon avsendar. Det tyder nok på at det er brevet frå Lofoten som mest byggjer på breva heimafrå, slik nokre småstykke frå Lofoten året etter (1870) vel også gjer. «Lofotfisket» (Svein Urædd 24. februar 1870; «Lofotfisket» (Svein Urædd 17. mars 1870) og «Fraa Lofotfisket» (Svein Urædd 21. april 1870) er på det næraste «meldingar om fiske», med informasjonsverdi i si tid, men utan litterær interesse. Den første notisen er underteikna J., dei to andre I. Desse «notisane» om lofotfisket er ikkje tatt med i utvalet som følgjer.


Tillegg: Tekstar om Jon Klæbo

Dei tre tekstane er svært ulike, men talar for seg sjølv. Saman med ei rad andre tekstar og mange brev utgjer dei litt av grunnlaget for den biografiske skissa eg har gitt først i denne utgåva av utvalde tekstar av Jon Klæbo.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.