Kristiania d. 26. mars 85.
Kjære Andreas! [Nielsen.]
Eg tenkte snubt, du var på fiskje, med det, at du ikkje skrejv nokot. – Du segjer, at du ikkje fekk nokot brev hejma hjå far: Eg skal grejda saki. Nej, ser du, um du berre hev råkat far, so kunde du ikkje få nokot brev, for han visste ikkje um det. Eg hadde lagt brevet in i ejt åt han Herman, og der hadde eg nok lagt dit brev in i Herman sin konvolut; so hadde fulla jenturne læst det, og so funnet, at det ikkje var sømelegt nok til å gjeva deg. Kanhænda, hev dej brunnet det. Det var forresten sjit, for det var ejt trøjsamt brev. Eg hadde skrivet det i det fyrste av februar. Det hev voret kjejdt, at eg ikkje hev fengjet skrivet til deg, med det, der hev voret mykjet 15eg hadde hug til å fortelja til ejnkvar. «Vildanden» såg eg med det same eg kom in her; eg totte det var ejt grumt stykkje å sjå. Han Johs. Brun spelte Ekdal den gamle, Fru Gundersen Gina, Hammer (Årbø sin gode ven) Werle, Reimers Hjalmar. Det held på å ganga enno. Herlofssen råkar eg ofta. Han er på kontor. «Gå på», hev eg fengjet. – I går kveld var me totalavholdsmenn (Studenternes totalavholdsforening) hjå dr. Nissen. Det var alle semde um, at dej kunde ikkje havt det huglegare. Der var flejre storthingsmenn: Hektoen, Sørensen (majestætsforbryderen), Berge. Lars Oftedal skulde au havu voret der. – Han Lavik var det grumt å højra på: han rødde i klingande, kavunde hardangermål og sovoret ækta folkjelegt ordalag, sovorne folkelege liknelser, dej gamle plagad bruka. Fru Erika Nissen spelte. Det gjev ejn elders 3 kronor for. Å, der var mykjet lentugt å højra, kan du tru. Me sat der, lika til ho var ½l. – Han Nissen er ofta her uppe. – Eg har set Ambrosius. Ikveld gjeng det nyaste av han Dumas: Denise. Kristiania theater kjem seg! – På folketheateret hev dej spelat: Malla Laland eller Lady Montrose! av Holger Sinding og H. Schmidt. Publikum log 3 gonger, og det var helder spelararne si skuld, segjer Dagbladet. – Du vejt kanhænda, at Malla var ej kjøkenjenta frå Stavanger, som kom herin og spelte lady. – Det er Levy’s, som held seg i Møllergata (på folketheateret). – Her ejn kvelden fekk eg hug til å ganga på eventyr, eg fekk straks N. N. (han bur her) og Blix med. Me satte gamle yankeehattar på hovudet og drog stad. Fyrst måtte me inom til ho «Sofie», mejnte N. N. Men då me hadde voret der, mejnte han på det, at der skulde han ikkje koma mejr; for ifjor, då ho radt var komen på sjappen var ho mjor (smal), og væn og kvit og raud; men alt no hadde ho ejt tjukkt mål, tvo hakar hadde ho, og kjukk var ho, og ejn ækta ludderlått, so fort gjeng det her. – So bar det åt Vaterland. Der torer ejn ikkje ganga utan i fylgje. Me gjekk endelege in til ho «Lina Pedersen» (som held horehus), det va fredag; difyre kunde ho ikkje skaffa os ejn høveleg stad å sitja, dej gjorde rejnt då, skal veta. Så kom der ej (tjokke yver rova er dej fælt, og solejs ejn skræmeleg stygg lått) og satte seg på fangjet hans N. N., kysste han, lullad, med han tok henne i pattom, og drakk øl med oss. In i ejt rom på sida lå der ej og tvågad. Når N. N. slog i veggjen, ropte ho: tøj tia, tøj tia. – Me slap ut utan fare, og slap «elska», ejn gong ho måtte ut i budi. Å, her er mykjet av den sorten, og det er rejnt eventyr å ganga på sjov i Vaterland og Vika. – Etterpå gjekk me i Vika. Der er finare ludderstad der, og ejn kann gott ganga der ålejne. – Ejt par stig frå «akademica» (univers.), og du er mitt i dej små, tronge gaturne. Me vilde in til ho «Alma Stavanger», men der var nokk mannfolk. I kvart ejnaste hus der i vika bur der berre kvinnfolk. 16Nokre ejg rom sjølv, andre bur hjå ældre konur, som fyrr sjølv hev voret ludder. «Dueslaget» hejter det største. – Det var med naudi me fekk koma in nokon stad: me var kje fine nok, ser du; dej såg denne stygge hatten vår, og so var me no for mongje au. Me pikkad på ejn plats, der kom ejn ut, ho hadde raud stak; han stod så ut (av rova, skynar du), som ho skulde havt «krinoline,» livstykkjet var blått, mamelukker hadde ho, men elders såg ho ut som ho skulde voret naken. Men det syntes, at ho hadde fine sokkar på leggjerne kor som var. – «Berre ejn», sagde ho med kvasst mål. Dej er så sinte, fortel fæle slåsur på korlejds dej hiv mannfolk ut, hiv pottur etter dej elder læs dej inne. – Men tilslut fekk me då koma inn. Det var med den same kladdingji, og so pruttad no N. N. um ejt skejd; tilslut skulde han få det for 1,50. So song ho visur og spurte, um me ikkje skulde «elska». – So råkad me ejn hejl flokk ned i gata, fint påklædde og med væne sjalplagg på; N. N. tok fat på ej: jøje meg, kor ho bannad og slog frå seg med det same. N. N. vart hejlt rædd. Det var, fyrdi ho var «optatt». – Ejn annan me var inne hjå, jagte oss bejnt burt, ho tok ‘kje imot slike.»! – Fint kan du tru, der er hjå dejm. Låtten dejra er fælande so stygg. – Ejn annan stod N. N. og handlad med ut på ejn altan, når dej ikkje er uptekne, stend dej i dyri elder på altanen. Dej vart tilslut semde um 8 kr. fyr notti; då sprong N. N. – I det sista brevet hadde eg fortalt, korlejds me drejv det på marked; det var nok det, som ikkje var anstændigt. Eg hev fengjet ejt refsingbrev frå ho Bertha. – Eg hev voret på storthinget ender og då. Det er fin sal. Han Haraldstad, poeten, såg eg fyrste gongjen eg var der; han er vel herinne og samlar inntrykk, kan eg tenkja meg. – Lejf Wiese bur au her; eg vejt ikkje, um du kan hugsa korlejds altid Ållarane rødde um den karen som ejt ideal. Det er ejn undarleg kar, han er so «flegmatisk», so det er fælt; det vert helst til bostonspeling med han. Han er «vinstremand» og totalist; det er då måte på idealisme. Han mejnte på, at det var vist, sidan han i Bergen hadde jult dej upp (det er ejn stor og sterk kar), at dej såg so høgt til han. – Lauritz Knudsen hev fengjet «difterit»; han ligg på sjukehus. Ljåen hev au voret sjuk (han hadde vist drukket for mykje); doktoren var mest rædd, at det var tyfus; eg vakad. – Eg er bladstyrar no; her ejn gongjen hadde eg skrivet bladet ganska fuldt; dej var semde um, at so hæv hadde ikkje «Strømmen» voret hejle tidi (fleire år og mongje gamle studentar). Eg vart mest fegjen eg, kan du vita. Ja, der stod naturlege ikkje namnet mit under. I ejt stykkje hadde eg gjevet ejn karakteristik av dej fleste her (Wefring: præceterist, Wiese: sig selv nok, Knudsen: Heimliche Liebe, Årflot: levende illustration til det 2det bud o.s.v.). Det fekk mykjet lovord, og eg høyrer jamt dej ordi um 17øyri, kor eg sit heruppe. Det var elders satire på ejt stykke av kadet Sivertsen. Igår fekk eg hogg frå han i avisa, men eg trur aldrig eg vil svara. – So hadde eg skrivet ejn namngjeven artikel yver ordet «mortepompere», avdi dej somyket plagad bruka det ordet til å spotta oss med. Sidan hev me aldrig høyrt det snubt. Eg fekk hogg fyr det au. – Wikner var her hin kvelden og han tottest lika stykkji mine; han sagde til Blix (redaktør då), at han hadde vel skrivet nokot av det, han au. Han smålog ofta. – Det var altid somyket, at eg satte meg i age; no er dej so fine og fredelege desse velsignad thrøndarne og bergensarne, so der er ikkje måte på det. – Der er mykjet eg kunde hava å skriva um – – Ejngong hadde me dameselskap au (på Støjlen sin fødelsdag). Jau det var løgje! – Der sat dej fine damurne so strunkne og strame, og talte snaut ejt ord med nokon av os; det vart berre speling og slikt nokot fint. Jau! Dej hev det trøjsamt dej fine! – Eg gjeng ikkje mykjet på universitetet, eg les helder hejma då. Eg gjeng ikkje på annat en kemi. No hev arbejderakademiet byrjat. Eg var på opningi. Det var Weisse, som helt talen. – Josefsen hev nok slutat å drikkja for ej stund då. – Sundag: Idag hev eg voret ned hjå Lauritz Knudsen, som ligg på lasarett av difterit; han er daud måndag 30te. – Når me skal snakka um politikk no um dagjen, so trur eg snubt, at I der burte ikkje kan hava nokot slag grejde på han. For han er «svinaktig» undarleg no. Ejn må mest vera her inna at med thinget for å skyna han: Nærmast tenkjer eg me lyt segja, at der er tri flokkjer, Høgre, Minoriteten, Styret og dej, som held med det, og so det ramaste vinstre. Det er so interessant med det, ser du, at detta siste partiet og styret ofta er i håri på kvarandre, soleids som eg vil nemna Sverdrup og Steen her ejn dagjen. Sverdrup snakkar um å ganga av, av di han er rædde fyre han ikkje skal gjera sitt parti tillags. Han Sivert Nielsen er nok ejn hejl ræv, han (diplomat). Han ser usaleg ut han Holger Sinding, når eg ser han på «dampen». – Du lyt senda meg nokre av visurne dine, du, – fanteguten, og hi um den svenske konungason». Av dine bøker hev eg: Lieutenant Jergunoff, Turgenjeff. K. Knudsen: Skuleprogram. Nordau: Leifenblasen. Schiller: Wilh. Tell. Hans Sachs. W. og A. Schrøder: Humoresken VI. Tidsskrift för hemmet 2. a häftet. Om Shakespeare og Tragedien i Frankrig. Tyske folkevisur og Dickens: Christmas Carol. Illust. folkekalender, norsk 1854. Norsk flora. Program fra Molde (plantebeskrivelser). Der Strich des Henkers. Der Rekrut. P. & A. Schönthan: Humoresken II. Mark Twain: Humoresken II. Desse hev eg.
No kjem eg ikkje på mejr å skriva og eg vil ynskja deg gledeleg påskje. Du lyt helsa Owe, Ållarne, Wetteland. «Men vær selv mest hilset»
frå meg
Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Samlingen inneholder nesten 200 av Sigbjørn Obstfelders brev. Utvalget kan deles inn i tre grupper: brev til venner fra gymnasietiden (Peder Blix, Andreas Nielsen m. fl.), brev til venner og støttespillere fra gjennombruddstiden omkring 1890 (Jens Thiis, Ragna Dons, Dagny Bang m. fl) og brev til kunstnervenner (Ellen Key, Andreas Aubert, Johanne Dybwad m. fl).
Særlig brevene til vennene og støttespillerne fra gjennombruddsperioden er intime og åpenhjertige, og samlet gir utvalget et godt bilde av mennesket og dikteren Obstfelder.
Brevene er hentet fra Arne Hanneviks bokutgave fra 1966 (Det norske språk- og litteraturselskap/Gyldendal, Oslo), se faksimiler av boka (nb.no).
Sigbjørn Obstfelder debuterte i 1893 med diktsamlingen Digte. Allerede da han debuterte, ble Obstfelder omtalt som den mest moderne forfatteren innenfor den nye poesien. Han kalles ofte skaperen av modernismen i Norden.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.