40Smågutane sette Håkon over sunde om laurdagen; den eine var meir tenestvillig enn den andre. Det var dei for resten støtt, når han ansa på dem og bad dem om einkvart. Han kjente ikkje desse småskapningane, og det var synd av han. – Det får bli ansles det her, kar, smilte han til seg sjøl, djupt nedifrå ålvore.
Johannes var ute på sokning i lag med dei to eldste gutane etter Morten, dei trudde dei skulde få tak i garna om ikkje anna. Det var ei von det òg.
Ja og så kunde ein vone på godvêr no eit tak. Små kvitskyer stod høgt på himmelen, hadde stått der i heile dag, stod visst og vitna om at dette vêre burde ein lite på. Og der låg fjorden, han var så grå og godslig han kunde bli, sola skjein på han flakomtil, og på oddane og skjæra med det same. Truverdig og godt, kor ein såg. Som du skulde ha skapt det sjøl.
I Fagernese dreiv Karl Albert og arbeidde i hagen. Han hadde vorte eit nytt menneske etter han kom hit, rettelig ein arbeidsmann. Mest som 41han nyskaptes da far kom vekk, ranns det for Håkon. Slikt veit vi ikkje, og godt er det. Kanskje det berre var det at han heldt på og åtte eit grand no?
Håkon stødde seg på hagegaren og smått lo:
– Du har vorte reint jordisk du, meiner eg?
Skjemtegauken Karl Albert iddest ikkje høre på gapsnakk, det var slutt med det.
–Vaksen kar ja! sukka Håkon, han tok til huva og gjekk. Vakse og vettugt folk er slike dei, visste han. Eg minns da vel det eg? Det var eit grå-slit, den tida.
Morten og Lea hadde kjøpt seg eit lite rom millom haugane lenger nord. Oterhole heitte det frå før, og eit hol var det, både nordvendt og skuggelendt, men Lea hadde døypt det Solstrand, – fattigare er vi da ikkje, let ho. Så heitte det ikkje Vonlausheimen, kunde ho ha sagt.
Og der låg det, romme deira, og sol var der, over haugane i kring og over halve gjorde, ja om det så var stueglase så åtte det da sol, det stod greinlig og gav bort sol. Ein levande heim alt, Håkon stod litt og såg på han, tykte mest han burde minnast Morten òg, han rodde ut her i frå den kvelden. Men det var Lea ein laut tenke på no, – og kva kan ein som eg seie til henne? fór det i han.
*
Lea var som elles, det var det første han såg. Sia gjekk det opp for han at han hadde aldri 42set på henne, han hadde berre hørt henne. Så ungt var andlete hennes, og vakkert; så ope snudde det seg mot ein, og enda var auga så blyge. Det og det har ho gått i gjenom, sjå det kven som vil, eg er Lea den same. Håkon varde seg mot det så godt han var mann for, ja han var mest ingen mann her han sat og såg det. – Dette er da berre ei ungmøy, tenkte han, ho var utsliti kjerring før ho vart kvinne. Og mangt anna er ho vel, det er så flokut med folk når ein har dem for nær seg. Munnen hennes såg ikkje ut som han skulde ha sagt eitt stygt ord.
Alt dette og meir til såg han med ho snakka. Der var ein til i stua, og det var Kasper Kiran, spiritisten dei kalla, men for Lea var det slikt slag, ho sa det som fór henne i tankane.
– Ja her ser du meg, Håkon, sa ho da han hadde helsa. Her går eg og står eg, eg veit ikkje skam. Eg må vel takke deg for du berga meg. For denne liv-stubben du gav meg.
Og så kjem de her og ser til meg, den eine etter den andre – du drikk kanskje ein kopp kaffe hoss meg du òg, Håkon?
Ho gjekk og stelte med kaffen og litt av kvart, og Håkon og den andre vart to-eina. – Kva skal han her? stakk det Håkon med det same han såg han. Den der likramnen? Kom så i hug han var av folke til Morten, og elles eit menneske jamgodt med andre. Dei sa eitt og anna, og Håkon undrast om Kasper Kiran var fødd med sølvkvitt 43hår, han var da berre ungdommen? Var det sant, tru, at han snakka med kona si som var død? Og kunde denne panna vera ekte, som var så høg?
Lea var inne ein gong, og ein gong til, og enda tagde ho. Håkon vona ho hadde tala frå seg det verste, det var somt han skulde ha snakka med henne om. Da sa ho til han:
– De er vel redd eg kjem på kassa dykkar no? Nei, born, så glad i live er eg no ikkje heller.
Ho sat still bortved veggen eit tak med dei to karane drakk kaffen. Best det var sa ho:
– Eg er så lei meg, eg kunde sjølmorde meg! Men straks etter lo ho litt og la til: – Ja nei no lyg eg, for så kisteglad er eg no ikkje heller, men eg har det så vondt som eg har fortent det. For eg sa det med ‘n Morten den natta, eg spotta Gud og sa det beint ut, da vêre heldt på og skapte seg til: – Kva er det Vårherre lurar på no? sa eg, han er vel ikkje til freds før han har bløytt oss, sa eg. Og da det rauk opp, da eg skulde til å bli redd: da trøsta eg meg med, at eg veit no to stader der det er bedre enn på jorda, og den eine staden er himmerike. Straks etter var det hendt med oss.
Eg skjønna det for lenge sia at det måtte gå gale. For eg levde så glad og fornøgd, eg tilgav kallkroken at han var til. Eg tilgav han jamvel at eg toska i veg og gifta meg med han. Vi levde her som to andre menneske, dagandes dag. 44Dykk andre hadde vi ikkje noko hop-hav med, de hang på ein spikar høgare opp, som rett var, største skarvane skal høgast henge. Ja ja, no er det som det er, i alle fall.
Håkon såg bort på Kasper Kiran. I andlete hans kom der eit drag somtid, han tålte visst lite nok av snakke hennes Lea. Håkon kom i hug, at før var han òg så hudlaus han rykte til for eit ope sår eller eit ærlig ord. No kunde det i høgda gjera han lystig. Det vart han da Lea sa:
– Ho mor di har reist sørover, hører eg.
– Ja no fer ho avstad så det susar i skjørta, svara han.
– Men du veit ho kjem att, Håkon. Berre vent, skal du få sjå.
– Ja eg ventar.
– Du ser meg ikkje slik ut. Huff nei, det er nok eg som ventar! Ho strauk seg med båe hendene over andlete, fór så opp og bort til glase, og opna det og stod og stirde ut: – For dei er ute og soknar etter han, eg ser dem enno. Å nei, vera nådig mot meg! klaga ho seg, lat dem ikkje finne han. Nei for det hjelper ingen ting, hører de, han er for dommaren sin like vel no!
Ho snudde seg til dem og bad stilt for seg: De må ikkje rømme frå meg for det om eg snakkar slik. Her etter skal det bli slut med det, eg skal aldri seie det eg meiner – eg skal aldri meine noko som er stygt. Eg hører kor gudsenglane slær vengene for andlete og skjemmest over meg – eg skal ikkje vera Lea lenger! Du, Håkon, trur meg da vel?
Han la handa på aksla hennes og fekk henne til å sette seg. Da sat ho og stirde på han til ho gret. Ho bøyde seg framover og gret høgt. Så stirde ho på han att.
Det er jamenn godt, sa han til seg sjøl, at det ikkje er mange som har så ærlige auga. Eg skulde aldri ha gått hit.
– De tenker på Vårherre, de, sa ho, på trøst og råd og – ja men eg er redd heile overnaturligheita!
Kasper Kiran hadde sitte og skrive på borde med fingen og havt det vondt. Håkon undrast at ein havfiskar kunde sjå ut så fin og fortenkt. No såg han opp, liksom han hom i hug noko, og reiste seg og sa takk for kaffen; han såg frå Lea til Håkon og smilte brydd. Auga hans var brune. Dei kom for ein som barneauga, men dei hadde set einkvart for mykje.
Han vilde til å seie noko, men Lea kom føre han.
– Kan ikkje du så pass, at du let meg få snakke to ord med ‘n Morten? Du er no dauingplagaren den same du, veit du.
– Ja? sa Håkon òg. Tak etter svartkonsten din, kar, og syn fram!
Han glømte ikkje så snart korles Kasper Kiran såg på han: Ovan-or skya og ned på moldmenneske, med sorg til og med. Ja vel, Håkon 46visste han var uverdig til å legge seg borti åndelig tale, derfor lo han som den han var mot auga hans.
– Eg vil for resten ikkje vita eit ord! ropa Lea.
– Der sa du det for oss båe to, lo Håkon. – Og så er han vel dyr på hjelpa denne Meisteren din? – han snudde seg til Kasper Kiran att.
Kasper Kiran lo med på sitt vis.
– Berre ho mor di var heime att! sukka Lea. At ho Ragnhild var her, meiner eg. For henne kunde eg visst snakke med.
No kunde ho gjerne komma med sjølve teksten, tykte Håkon, eg skulde tåle han. Og det gjorde ho, da dei sa farvel utom døra.
– Før ho Ragnhild er heime, før blir det ikkje menneske av deg Håkon, sa ho. Eg har kalla deg ein halvbror, men det var stygt av meg. Men noko meir enn eit halvmenneske er du ikkje no for tida. Ja det seier eg beint det, Håkon, og korles blir det med denne gutsatan din, meiner du? Nei gråt ikkje over meg du, men gråt over deg sjøl og over borna dine. Og over ‘n bror din, visst du er i nøda for sorg. Du er så for dum, ser du, og for snild og all ting slik. Og han bror din han narrar deg med seg, og sjøl veit kva han elles gjer. Du kjenner ingen du, og mo åleine er du. Ja eg seier det berre eg.
Håkon smilte. Han såg ein gong ut i vêre og ein gong på henne.
– Ja ja ja, Lea, sa han. Ålvors snakk, du skulde ta kua di og flytte heim til Stavsund ei tid. Til ho mor kjem att, om ikkje meir. No når borna dine er heimafrå kor som er.
Ho vart rar da han sa det, var nær på gråten i gjen, han frykta ho kom med stygge ting, for slik måtte ho få lov å løyne verjeløysa si.
– Det skulde du tenke på, sa Kasper Kiran.
– Ja sjøl veit om eg ikkje har tenkt på det òg, smilte ho, og da såg ho mest ut som eit anna menneske.
*
Så gjekk dei vestover, dei to karane, dei hadde same veg eit langt stykke.
Sola var borte bakom skyene ute i nordvest. Ho gylte berre litt i kantane på somme av dem og synte kor still dei stod. Lyse i kring stod stilt det med, og likesom så nær dem. Alt som grønt var, vart enda grønnare, småskogen såg reint forundra ut, og lynge fann seg att med all slag uventa leter i kvardagshamen sin.
– Rart med eit ærlig menneske, sa Håkon.
– Jaha, stemte den andre i. Det har seg slik.
Lea ja, tenkte Håkon. Ja visst er ho ærlig. Ho lyg mest alt ho seier, så ærlig er ho. Ho ét seg tvert i gjenom sanninga og ut på andre sida:
Ho vil snakke sant!
– Nakne sjæla, mumla han. Skulde ikkje finnast på jorda.
Og vi går, sa han med seg sjøl. Særlig eg.
48Eg trur eg held på og går bort i frå mange ting? Og breiddmed deg går denne manaren, det måtte vera han som plaga Lea til å syne fram nøda si. Du veit ikkje kven han er nei, men det veit du, at ikkje han ein gong er skapt til religiøs ulevna. – Han går gjerne og les tankane mine no? fór det i Håkon, han skal kunne den konsten òg, attåt den andre ufysligheita. Lat han lesa, så blir han vis.
To som var meir ulike gjekk aldri i breidd. Men her går vi. Han og eg. Millom haugane her, over nakne myra, i slik ein vakker kveld.
– Fint vêr, sa Kasper Kiran.
– Gjerne for meg. Fint vêr ja, eg er redd eg seier farvel til det òg i kveld. Vêre? He! det får no rette seg etter oss det. Liksom alt det meir. Og om ein mister eit menneske? Ja du forstår meg? Ein skal vera menneske for det.
Den andre saktna i gonga og såg på Håkon, halvt lystig. Han vilde seie noko, men det vart berre til eit par bevringar over brunene og panna. Litt etter skildest dei, Kasper skulde ta ein snarveg der. Enno ein gong såg han slik på Håkon.
– Ja ja, sa Håkon, så seier eg deg farvel da. Han smilte som den andre.
Jau jau, san, der gjekk Kasper Kiran med åndegleda si. Og der sat Lea, på kanten av helvete, så å seie. Det var ikkje anna å gjera enn å gå beint i frå det. Men dermed snudde han ryggen til mangt.
49Han kunde ikkje verje seg, han måtte sjå det: at kvar ein hending og kvar ei stund har sitt å seie for ein. Somme må sjå at dei blir ført i veg, men det er det same. Kasper Kiran han vil sjå enda meir. Men kva kan han gjera for Lea, fortel meg det!
Best han gjekk, visste han at i kveld måtte han snakke ut med Periander, og det andlet mot andlet, slik ein ven snakkar med ein ven. Det var om Johannes han måtte i kast med han. Om pengehjelp, reint ut sagt, og dermed om ymse anna. Johannes kom seg aldri til det, han var for blygen til slikt, han var for god til det; så langt ansles enn dei trudde.
Jau, Håkon var mann for å gjera det i kveld. Men visste folk korles han gjekk og tulla og tenkte på denne brorgapen sin, da vart han heitande Storbror all sin dag. Men Johannes var Johannes, og hjelp trong han visst no, for det første. Med dei bygde mølnbruke, da hadde han flust med sedlar, men no var dei mest ikkje å sjå, og somtid såg han plaga ut. Så miste han garna sine òg.
Men no laut han velje eitt av to, for siste gongen. Enten tok han over mølnbruke, eller òg fekk han få garen og laksfiske. Kvar skal eiga sitt. Det var det han vilde seie til Periander, han laut punge ut for Johannes og la dem gifte seg no, – eller kan hende han vilde gi frå seg Henningstad til dem? Gjerne det, men syn deg 50som den gubben du er, Periander, at du er ein verdig far til a Borgny, det skal ikkje lite til det. Han gjekk med ein ir i seg, sist på, at i kveld sa han eit ord for mykje. Det måtte ikkje hende, nei nei nei! her stod alt for mykje på spel til det. Periander var ein ven å ha. Så lenge han trudde på ein var det inga sak.
*
Den første Håkon møtte på Henningstad, var Borgny. Dei gjekk seg på einannan i hagegrinda, ho kom og skulde bort i ei av stuene ein sving, til plassfolke. Det bars for han det var eit vakkert tegn. Og vakker var ho sjøl, berrhua og i fin grå kjole med litt lysare grå pynt på, og lite grand raud i kinna, ja og så livsens klårøygd ho kom! Ho kunde glede ein gladare ein enn han.
– Jamenn snildt av deg at eg fekk sjå deg no, sa han.
Litt meir raudlett vart ho, eit andedrag berre. Auga var like rolige, så vart dei eit grand mindre, og no smilte ho den vesle allvitande smilen sin. Borgny ja, med ringen frå Johannes på fingen sin, der stod ho og såg på ein. Munnen hennes var litt for liten, og auga litt for store, men kva nytta det, ein måtte gi seg; ein måtte enda tilstå at eit menneske kan vera både godt og klokt.
Han nemnte at Johannes var ventande etter. Sanninga var at Johannes svara ikkje på om han kom eller ei. – Og det var eg som gjorde dem 51kjent med einannan, sa han til seg sjøl, eg har både gleda og andsvare.
– Han er ute på likfiske, sa han.
– Fy da! Korles er det du snakkar?
– Ja du kan så seie. Men eg kjem frå å Lea, og frå ‘n Kasper Kiran, frå dauen og develen og heile åndeligdommen.
Ho såg på han og skjønna han, men ho var ikkje einig med han for det. Og det måtte ho vera, det var derfor det var slik hjelp i å møte henne, på lag som å møte Periander sjøl. – Men i kveld er no i kveld, og gud veit korles det blir her etter, stakk det i han.
Ho snakka om vêre dei var ute i. Det stod visst heitt om dei alle i hop den natta?
Han svara eitt eller anna, men med seg sjøl bad han gud signe Borgny, som hadde tenkt på dem. Armen hennes låg over hagestolpen, handa hang ned så smal ho var, med ringen frå Johannes, men den kom ho ikkje i hug no; – eg vilde bli ulykkelig visst ikkje Johannes fekk henne, måtte han vedgå.
Da kom ein av dei andre som skulde i Råde hoss Periander, og Borgny smilte og gjekk.
Nokre ord av Lea fór gjenom Håkon, da Borgny hadde snudd seg og gått: – Og han bror din han narrar deg med seg, og sjøl veit kva han elles gjer. Ja sjøl veit – det veit vi ikkje nei. Eg såg han i uvêre og langt inni dauen, og eg har set han etterpå, han er ein galning; eit godt og 52andsvarslaust menneske. Han blir ein annan mann når han får henne, ja og pengane hennes. Vera uredd for han, alle samen.
*
Ei stund etter sat dei framfor auga til Periander. Dei òg var allvitande, men på ein annan måte enn Borgny sine, ein kom til å tenke på skilnaen millom natt og dag. Enda kunde dei verme ein når dei vilde.
Fire mann sterk sat dei og la råd. Periander sa minst, han styrde berre leia dei skulde fara, så det skjedde det som rett og klokt var. Det kom meir og meir bort for Håkon det dei hadde for seg; det skulde vera rundelig nok at Periander styrde med det, tykte han. Det var ei skam han ikkje følgde bedre med, men kva skilde det i grunnen han?
Ja, men han vilde ikkje sitte der og vera sau her etter. Han manna seg opp i mot dem, sat bein i stolen og følgde med.
Periander var ordførar i herredsstyre, men det hadde snudd seg slik at han hadde fleirtale i mot seg, mindre mann var han ikkje. Striaste motstandaren hans låg sjuk, og Håkon Dale var første varamannen og kom trulig til å møte i staden hans. No gjaldt det om å bu seg, det var eit viktig møte. Der var ting det måtte gå vel med.
Først var det hjartesaka til Periander: Skolestelle i bygda burde leggast om. Enno vilde ikkje folk skjønna det, – ja, de veit korles det 53er? smilte han. No skulde ein freste med første stege; slik og slik hadde dei tenkt seg det.
Håkon måtte undrast på seg sjøl: Han var heilt einig, men enda leita han det fortaste han vann etter motgrunnar. Han fann ingen. Nei, gudskjelov.
Der var eit par saker til, og av den grunnen laut ein gå med på den eine, og av den grunnen laut ein vera i mot den andre. Det var så fint sikta det kunde bli.
– Berre revkrokar! sa Håkon best han sat. Han møtte auga deira, dei var ikkje lite forundra no, dei stirde på han kvar på sitt vis. Periander blunka litt og tykte ikkje kleinare om Håkon for dette. – Berre revkrokar ja, tok Håkon oppatt. Eg tenkte ikkje eg skulde bli med på så sluge ting. Men lat gå, eg er tosken den same.
Med det var dei andre fornøgd, men Periander såg til sides bort på han, hadde visst hørt einkvart uventa i måle hans. Han hadde støtt venta at Håkon skulde vakne og bli interessert, for ålvor. Håkon hadde venta det sjøl; han venta det enno. – Ja men vaknar eg, da reiser eg meg i mot dykk, fór det gjenom blode på han, da slær eg i borde og syng ut, eg er ikkje nokon Håkon Dale som de trur! – Å nei da, roa han seg, du brukar da vette enno ei tid; er du så liten at du må slå i borde da? – Nei.
Han gav seg til og såg på Ku-Jon, broren åt Periander. Han sat borti benken og sov lensmanns-sømn 54og lya etter kvart orde dei sa. Før var han grådig etter pengar, men no hørte dei broren til, så no var han grådig etter nytt. Han hadde vorte uhuglig så tjukk, men så rak han da ikkje vidare i kring enn Periander vilde. – Tru kor ‘n Johannes held til no? undrast Håkon.
Så var det sjølve spørsmåle det gjaldt. Første herredsstyre-møte skulde gjera framlegg om lensmanns-emne. Halve bygda vilde ha Periander til lensmann, andre halvparten var politiske fiendar. Og sjøl var han inhabil, han nemnte det med ein lykkelig liten smil og let dei andre snakke.
Endelig var dei einige om råd og planer, og da bar det til bords. Borgny hadde komme att.
Periander var bonde og vilde vera det, – Håkon såg kor bondetrygg og heimgod stua var, ja all ting både ute og inne. Her kunde ein ta inn sleden ein vinterkveld og retterere han, og her kunde ein be prest eller skrivar sette seg.
Men ein gong i millom tok Periander etter velmakta, eller var det velmakta som tok etter han? og reidde til einkvart storveges eller uventa, kalvesteik og rødvin til kvelds, finare ting òg kanskje, eller som no: syltelabbar og dram blankaste sommars tid. Han vilde kjenne med seg sjøl at han var fri mann. – Vi kom no på det slik, den her gongen, sa han.
Og maten smakte, og snakke gjekk. Håkon 55kom i hug at slik hadde han sitte mange gonger, dei siste åra, i lyse glade samvære, ein kan sitte så urimelig godt somtid. Ein sitt midt i gleda, ho er som ein tone i kring ein. – Men rettno, ottast han, rettno seier dei eit ord eller to som eg ikkje kan høre på. Kanskje så plagar dei meg til å le midt opp i syna på dem. Eg mister da ikkje Periander for det?
*
Dei vart ferdige ved borde òg ein gong. No skulde du ha vore heime, sa det i Håkon.
Borgny hadde set så løynsk på han eit par gonger, med ho gjekk og sette fram for dem ved borde. No snakka ho til han: – Kom hit skal du få sjå noko rart. Ho pekte i blade som nettopp hadde komme. Der stod namne hans. Både hans og Johannes sitt, dei hadde våga live og berga tre menneske frå visse dauen, uvêrsnatta her, der stod fleire vakre ord.
– Kliner dei slikt inn i blade da? spurte han og såg halvt skræmt på henne.
Auga hennes gjekk til sides ein blunk, til faren, – det var han som hadde sendt dette inn! Men Borgny var glad for det, ho kom vel i hug Johannes. Ja ja, han var henne verdig den natta.
Periander kom bortåt dem, så brei og velmeinande han kunde bli. Håkon synte han kva der stod, og sa tvi! Periander las det visst to gonger.
– Ja ha, mumla han og såg ned. Ja ha san.
56Dei andre kom og fekk sjå. Dei sa ikkje noko. Da såg Håkon at dei hadde fått ein tagg i hjarte: Dei kom i hug æra. Han varde seg i mot det, men da såg han Johannes òg, han vart glad som barne når han las det, kanskje han stal blade og gjømte det? – Eller så gjer du det, stakk det Håkon. Ja ja, er eg slik, så er eg slik. Han såg på dei andre og sa:
– Vi gjer mangt for æra, veit de. Vi er fødd æressjuklingar.
Dei var ikkje huga på å skjønna han, og svara ikkje. Periander smiler og seier:
– Det var godt de fekk sjå ålvor ein gong, de òg. Han Johannes og du.
– Så-å? Skal det vera så bra? vilde Håkon vita.
– Du skjønnar kva eg meiner, Håkon. Og lat no det vera godt.
– Ålvor, seier De? Ja det var lekamlige ålvore med det stod på.
–Og litt til, smiler Periander.
– Nei. Slett ikkje heller. De er så fulle av åndelige ting, godt folk, eg møtte jamenn han Kasper Kiran her i kveld; det går over støvlane snart, for meg da.
Periander står tett attmed han og ler godslig: He he he, Håkon, slær du krok på deg no? Men eg skjønnar deg som eg skjønnar meg sjøl. Men – han snur seg til dei andre – lat oss sette oss, de legg da ikkje på dør med ein gong?
57Ikkje som eg sett meg, tenkte Håkon, han skulde ha vore heime, og minst av alt burde han ha stått her, no. For dei sat alt og lest som dei hadde glømt orda hans, og da måtte han le:
– De vil ikkje ha nokon diskusjon om åndeligheita, skjønnar eg? Nei ikkje eg heller, nei tvi! eg vilde berre vi skulde late åndene vera i forvaring. Her tek til og blir så mangt i bygda som byd meg i mot. Det er gjerne eg som held på og blir ansles. Nei han Kasper Kiran nemner eg ikkje, han er utanfor, men eg er eit jordmenneske, det er det eg vil tilstå.
Periander såg på fingrane sine, dei låg på bordplata så grove og ærlige dei var. Dei andre karane gjorde noko liknande. Endelig sa Periander:
– Om det så er ‘n Kasper Kiran, så er han da eit leitande menneske. Og den som leitar, veit vi –
– han finn, ja, sa Håkon. Og den som ikkje leitar da?
– Han er unemnt han.
Periander såg ikkje opp. Men han ser meg just ut som ein stjernekikar, lo det i Håkon. Ein fuling i gudsfrykt og all god idrott. Og at eg er eit jordmenneske, det er da verkelig sant? Borgny såg på han, både glad og redd, kom det for han. Om han så skræmte henne òg, så ønska han seg ikkje vekk lenger.
– Nei, sa han, eg leitar berre inni meg sjøl, og der finn eg inga åndetru av noko slag, eg 58er svart og rein. Og det må eg da – det bør eg vel tilstå? No når eg ser det. «Et vantroens vidunder», har eg ikkje set dei orda nokonstads, tru? No ja, same med det, her står eg, de får hive meg dit de vil. Men, men, san –
Han syntes sjå Periander hivde han langt vekk og djupt ned. Nei, han tok seg visst att i det: han vilde ikkje fara så hardt med ein ven, og der til så er det mangt ein mann lyt tenke på; han såg på fingrane sine og ønska han var i eit an na snakk. Håkon slapp ikkje frå det, han måtte seie meir.
– Gud veit om eg er sannspådd, men no spår eg da i alle fall. Eg ser det og seier det: Alle de andre, heile kristenheita, de sig framover med trua og det der, fram i mot lyse og herligdommen, og eg står att. Ikkje kan eg vera med dykk, og ikkje vil eg heller, nei så sant om eg det vil! – Kvifor ikkje? Ja det har de rett i. Men, eg er no slik. Det kjem innanfrå. Eg har lese om at menneske ber lagnaen sin i hjarte. Så gjer eg vel det da.
Han vart ille ved da han hadde nemnt lagnaen. Av ein eller annan grunn var det eit stygt ord, som i alle fall han burde undgå.
No endelig kremta Periander seg klår. Han retta på seg, og såg rolig på Håkon.
Lat no det vera godt, sa han. Ingen held deg kleinare for det om du har det slik.
Håkon måtte slå ned auga for han. Og det 59tykte han var hardt. Det var da ikkje lenge sia han smilte åt seg sjøl når han hadde vore tosk? Men det var uhuglig kor sant det var alt samen, no da det var sagt. Var det nokon som hadde teke han på orde?
– Eg er ein æresskjukling eg òg ja, smilte han mot dem. Elles sa eg ikkje slikt, veit de.
For når dei tagde så trottugt og såg ned, da skjemdest dei på hans part, at han stod slik og nækte seg for folk.
– Det kan no bli ei smaksak, alt slikt noko, tok ein seg for og sa.
– Nei, det er det no ikkje da, sa Periander, han smått lo. Nei smakssak, det er noko vi bergar oss i land på når vi er ute på utrygg is. Men, men, san, som ‘n Håkon sa her i sta.
– For meg er det både ei smakssak og ein sakssmak, lo Håkon. Det et live mitt, enten de trur meg eller ei. Og live får de unne meg, så sant de kan.
Han syntes sjå Borgny hadde vorte ålvorsam. Før stod ho og såg i golve. No såg ho beint på han. Der med gjekk ho ut. Ho med denne mangfelte smilen sin: når faren sa einkvart, da hørte ho på han og trudde på det. Ho hadde gått skolar og vore den fremste støtt, ja det såg du straks du møtte henne, auga hennes var slik, og heile menneske, så lykkelig tvilande og smilande. Og Johannes han var her ikkje, det fall seg ikkje slik for han i kveld. Ja ja, no hadde ho ventelig gått 60opp og lagt seg og hadde læst døra si. Ho var ikkje glad.
Han såg på klokka. Han var ikkje huga på å seie godnatt, no med dei andre sat og leid vondt av orda hans, men han gjorde det, og takka for seg og bad Periander helse Borgny. – Eg skræmte henne med snakke mitt, ho såg reint frøyst ut da ho gjekk.
– Ja lat no det vera godt, mumla Periander.
Dei andre reiste seg og vilde gå dei òg. Da fer ålvore i ein av dem, just da dei står ved døra og har teke Periander i hand; han legg i veg i fullt sinne:
– Du snakkar som ein fritenkar, gjer du, og dummare òg, du har lært av – av –
– Av ‘n far min, vil du seie?
– Han har berre komme ut for Brandes og Ingersoll og dei andre storklyvarane, sa Periander, og no smilte han som lystigaste ungguten. Det var ikkje vanen hans når folk var rangvise og ueinige med han. – He he he, smålo han, det er noko som hører tida til, det, og kjem bort med tida gjer det òg. Æressjukling ja, he he. Du kan ha rett i det. Vi vil gjera Vårherre så liten vi kan. Så vi kan ruve litegrand sjøl oss. Lat no det vera godt, og takk for de såg hit, alle samen!
Han var med dem ut, og sa godnatt enno ein gong. Dei andre gjekk, stana litt og plagdes med pipevarmen, så bar det i gonga med 61dem, det var jamenn natta alt? Men fint vêr! – Storveges ja. Dei talast ved som vanlig, bortgjenom stilla og halvmørkre.
Håkon stod att i lag med Periander, han skulde ein annan veg. Det var umulig no å snakke med Periander om Johannes og framtida hans. Han laut manne seg opp og ta på heimvegen slikt det var.
Dei stod i breidd ved hagegrinda. Håkon hadde aldri stått Periander nærmare enn no. Det var djupe milde natta. Småbjørkskogen stod levande still oppetter haugen, tett ved dem, og åkeren slikt slag bortetter flata frå husa.
I vest kjente ein sjøen, og med kvart hørte dei lyden av han. Om dagen såg ein langt til havs her i frå, Henningstad låg fritt og fint til, og her og ingen annan stad skulde Borgny bu.
Det vilde han seie til Periander, for han òg stod og visste det.
Men Periander kom føre han: – Det gulnar fint på åkeren alt. Og bra er det, at det blir lite grand å treske. Og lite grand å mala. Det har ventelig ikkje de noko i mot, som mølnarar er; eller mølnbrukseigarar, lyt ein vel seie. Ja du for din part har no laksen du.
Dette var eit ord om Johannes så godt som ti andre. Ja ha, og vondt som tjuge. Men det var inga ulykke om ein hadde ein bror å bitast for. Berre vent!
62– Ja ja, Håkon, gjeispa Periander, så kjem du på herredsstyre-møte da; eg lit på det. At du ikkje gjer som sist, he he he.
Sist ja, da lova han å komma, men måtte ut og leite etter ei bortrømt laksnot.
– Det kan De lite på ja, lova han. Så lit eg på Dykk den dagen det trengs.
I det same kom der ein skugge frammed kvite hagegaren. Det var Borgny, men Håkon kjente henne ikkje før ho var like innpå dem.
Periander sa godnatt for ålvor og gjekk inn. Borgny stod der.
– Går du med meg eit stykke på vegen? Han spurte så vârhendt han berre kunde.
– Å, ikkje fullt det. Eg vilde berre få seie godnatt. – God natt da, Håkon!
Ei ørlita stund vart dei ståande og halde einannan i handa.
– Har du verkelig så godt handtak du da? sa han. Tanken på Johannes gjekk gjenom han, ein varme gjenom bringa, einkvart frå den kanten der det gode held til. – Du står ikkje og ventar nokon, veit eg?
Ho tok til seg handa heller fort.
– Nei da. Men av deg blir det visst lægpredikant. «En vantroens emissær», er det ikkje noko som heiter slik òg?
– Det er det visst. Og kva det blir av meg, det veit eg ikkje i kveld.
Dei tagde båe, eit andedrag eller to.
63– Ja du får leva da, sa han, for no tok han til vettes og gjekk.
Han gjorde ikkje heimvegen lang; han venta å finne Johannes oppe enda, det var berre midnatt så vidt. Men huse var svart og stilt. Ja vel, Johannes sov han og let resten vera for det det var, det var liksom ikkje hans kveld i kveld.
Skrot i heile skarven, han var ingen unge! – no låg han Håkon over ende, san.
Folk tala om trua. Dei kunde ikkje leva utan den. Dei måtte ha feste i nokon ting. Han både hørte dem og såg dem. No såg han trua deira òg: Eit anker som dei hivde ut i evigheita. Eit anker med tre famner taug i, midt utpå den dypta!
Huse var så stilt som det skulde stå tomt. Han kom etter at det var for di mor hans hadde reist sin veg. Ja ja, det var no hennes veg.
*
Tale reiste. Ho sat på toge og fór sørover; det rulla og fór så ein kunde bli rar til motes.
Ferda hadde gått så villig all vegen hittil, hadde gått av seg sjøl, kunde ho seie. I byen der heime gjekk ho berre over frå den eine dampbåten til den andre, han låg der og røykte og venta på henne; – her har de meg, mumla ho da ho var om bord. Ho fann seg fort til rettes der, ho hadde fare sørover med dampbåten både ein og to gonger før, jøss ja da. Om det no ikkje var åleine ho la i veg dei gongene.
64No var ho åleine til gagns, men lykke på reisa med det, ho vart da med. Ho vart ikkje ein gong forfæld da ho kom til stiftsstaden; ho visste på lag kor jarnvegsstasjonen låg, og la i palinga dit. Ho hørte seg for, om når toge gjekk og om mangt anna, hørte seg for og spurte ja, skit i dem alle i hop! og så løyste ho billett, fekk så tak i ein vognmann og kjørte opp i byen og kjøpte seg eit skikkelig matmål. Ho lo da ho var ferdig med det, så dugelig var det, der med kjørte ho nedover til stasjonen, – her kjem vi rullande, ho Tale og eg, syn oss no kor de vil ha oss sittande!
Folk var storveges mot henne, og så sat ho på toge og hadde sitt med seg, no kunde dei kjøre med dei lysta for henne; døgervill var ho og meir til, men ho hadde nøgda med godt mot, av det slage som var. – Så, no fer a Tale med træne, no ber det i veg! Sørover ja. Ein mann kom og fortalde ho hadde teke romme hans, stod her ikkje ein koffert på benken da ho kom? – Jøss jau da, og den hadde ho flytta opp på hylla, sjå der! – han stod i vegen for meg. Mannen smilte med seg sjøl, og Tale smilte med seg sjøl, og mannen tok kofferten sin og leita seg sess i ein annan bås. Og alle samen så fór dei no, ein heil kirkelyd med folk.
Tale reiste ja, sat på toge og susa i veg, og Vakkermannen fekk halde eit auge med dem der heime.
Ein staden stana dei, og folk sette på dør.
65Ho såg dei rekte i veg etter ei lang lang trebru på tørre landjorda, og somme sprang. Ho fekk vita der var kaffe og øl å få kjøpt. Da vart ho grovelig så kaffetørst, ho ropa til ein tusseladd som stod der og glåpte: – Spring og kjøp meg ei kanne med kaffe, her er ei krone, men spring! Vi kjører med snøggtræne vi. Armingen såg på henne, men av stad laut han og det fort òg. – Enn om han spring sin veg med krona di? sa einkvan til henne. – Da spring eg etter! let ho, men straks ropa ho til ein kropp med blanke knappar: – Halløy, du der! sjå etter han karen som fekk krona mi! – ho ropa og lo og lova dem noko av kvart. Og kaffen fekk ho, og erendsveinen han gav ho blanke 25-øringen i handa og takk der til. Ho brente kaffen i seg og flidde han koppen nett med det same dei jaga toge i veg att.
Der sat ho og reiste. Ho såg ut og måtte undrast: Er det mørkt no alt? Og så berre fjell på den her sida, på båe sidene? He, er det slik lande ser ut? Ja ja, det skilde ikkje henne, for ho hadde sitt å tenke på. Ho var sendt i veg. Sendt i veg ja, slik heitte siste, nei næstsiste kapitle i hennes bok. Og så var det dem der heime, den eine og den andre og dei alle i hop, Vårherre fekk vera med dem til så lenge. Det nytta ikkje å tenke på dem no. Ho fór no med erende sitt. Toge det gjekk og gjekk, ei stund skramla det slik, og ei stund slik, og med kvart tuta det framfor seg, langt frami mørkre; ein sat i lampelyse i ei lita stue 66og rente i veg sørgjenom lande. Verda er vid, det skjønna ho, og mange slag folk er der.
Ein full ein kom snåvande, hogg seg fast attmed henne og stod, sjøl veit kor han tenkte seg. – Det siste eg kan når eg er full, babla han, det er å stå. Dei andre såg vondt på han, men Tale hjelpte til så han kom eit flytt lenger. Best det var rausa han over ende. – Så kan du vel ikkje meir no da? lo ho og reiste han opp. Han vart umild mot henne, og spurte om dei var dus, han var vel ein finvoren mann; – er vi dus? spør eg! – Ja da, ja da, både du og eg! lo ho. Ho let opp døra og hjelpte han inn i andre romme.
– Fulle folk, mumla gulskjeggingen som sat midt i mot henne.
– er folk det òg ja, sa Tale.
– Er De full De òg? spurte han opp i under.
– Er De det det? lo ho. Og innvendig lo ho til at ho alt kunde seie De til folk, det går, det går. Det her går jagu sørover det, Tale!
Så sat ho og reiste att, sat og rulla og fór, sat og rulla og fór. Sør gjenom både lande og natta. – Men går det verkelig fram det her da? spør ho best ho sitt. Dei andre er for trøytte, dei berre kremtar eller smiler. – At ein kan sitte seg fram gjenom verda da! tek ho i att. Vårherre er mektig, det lyt eg gå ved. Ho såg på ferdalage sitt, den eine etter andre, og tok som ein takst på dem. Dei var ikkje godtil å seie eit ord meir for berre trøytte. Toge gjer ein vålig 67rammel ein staden, og straks etter legg det seg på hald, meir og meir på hald, Tale trudde ikkje anna enn at ho vart velta ut gjenom vindauge, ho tok seg tak i lerstroppen og blåheldt. Men så rettar det seg beint att og er folk, haldar seg andre vegen eit tak, rettar seg opp og tråvar i veg så det syng under det.
– Det må da visst kunne skje ei ulykke med slik kjøring? spurte ho.
Han ungdommen som sat breiddmed henne, tok seg på tak og sa at det var der lita von om. Men da var gulskjeggingen vaken og kremta og såg på dem. Så sukka han ålvorsamt ein totre gonger, tok til ords og sa til Tale:
– De skulde vera så gammal no De, at De veit ein må vera budd på døden til kvar tid og stund. Han sa meir om dette, velmeinte ord alt samen, og Tale svara ja og amen til det. Han sa til slut: – Det står i Guds hand om vi skal få sjå morgondagen i levande live.
– Ja står det der, da står det ikkje kleint, meinte Tale. Eg kunde mest ønske eg slapp å sjå han eg, krypen her eg sitt. Det kunde eg ønske ja. Enda eg ikkje har lov til det.
– Kor langt skal De reise? spurte same ålvorsmannen; han vilde i snakk med henne.
– Til verdsens ende.
– Men eg spør i ålvor eg, sa han.
– Og eg svarar i ålvor. Alt eg seier er ålvor.
Verda er ålvor for meg.
68Han rista på hovude: – Da snakka De ikkje slik.
– Jaugu snakka eg slik ja. Eg har gjort så all min dag. Det er retten min. Og ålvor har det da jamennsant vore. Ho måtte le beint i auga på han, enda ho var harm i seg.
Han tok til og vart vaken han som sat breiddmed henne òg. Det var ei endelaus natt, ei evig risting, der sat folk og duppa på kvar sin benk i kvar sin bås, og attmed ålvorsmannen sat ei lita tjukk kjerring og steinsov så hovude slong på henne, Tale kunde ha vorte sømnig sjøl av å sjå på slikt, hadde ho ikkje havt anna enn denne ferda framfor seg. Ho lo litt og rettleidde litt med henne som sov, så ho ikkje slepte hovude i golve for seg. Ho vart vâr at han ungdommen breiddmed henne sat og såg på henne, – han er grå i håre alt, ein halvgammal enkemann! Han tykkjer visst ho Tale er rarare enn rar.
Han spurte kor ho var i frå.
– Kor eg er i frå? Det ser De vel utanpå meg det. Heimafrå ja, og det til gagns òg.
– Er ikkje De enke, tru? skaut han på.
– Det òg ja. Og mangt anna. Berre spør, De, med live lystar.
Gulskjeggingen har sitte og vore krenkt i ålvore sitt. No er det noko han vil henne. – Undskyld, seier han, De vilde vel ikkje vera så venlig å –
– Jau venlig? Gud glede Dykk så sant. Å, 69De vilde kanskje be meg om å tie, hr. pastor? Det har De rett i, det burde eg ha gjort heile tida. Slik ei ferd som eg har for meg.
– Eg er ingen pastor, – han sa det med stor tyngd. Eg er berre ein ringe Herrens tenar.
– Au au! Ja, for resten, eg er berre Tale eg, det er ringt nok det.
Men så var det ikkje anna han vilde, enn at glasskiva skulde dragast heilt opp, her var kaldt, dei var på fjelle no. Tale sat med ler-reima i handa, så det vart ho som gjorde det. Ho gav seg ikkje før ho hadde fått det til, så kunde ho det til ein annan gong.
Å, men ho vilde ha fred no. Dei kom så alt for nær henne desse to kroppane, frå kvar sin kant. Men det vart ikkje bedre når ho sat still, for da kom det over henne alt ho hadde skuva unda seg, all slag tankar og minne, det levna opp og var der, det som hadde hendt og det som var i vente, det fór i henne som devlar i svin, kom det for henne, kva skulde ho finne på? Ho fresta å snakke med seg sjøl: Du skal berre sitte still, for du er sendt i veg, og fram kjem du, enn om du skulde ha gått denne vegen? Ja. Og det er mang ei kjerring som aldri får sjå eit tog, og aldri får dei ut og fara i noko slag erend. Der må dei ligge, i natt som nettene før.
Så var sjølve spørsmåle der ja, god dag og takk for sist. Men lat folk ha fred når dei fer med træne, med snøggtoge og skal både dit og 70dit, vi skal heim att òg! Ho snudde seg tvert til skjegglausingen breiddmed seg, ein får vita råd når det ber i einherdinga; ho hadde ikkje set maken til nyslipa enkemann. Berre han ikkje sovna frå henne, han var alt tålig bra glasøygd.
– Å ja, unge mann, sa ho. Det er så det.
Kor eg skal? spurte De visst. Eg skal i straff. Nei sjå no ikkje slik på meg for det, du har da hørt så gale før. Det var eg som drap værfar min, ja det har du da lese om? Eg gav han dasken i hovude ja, for han var umulig han, ser du. Umulig på alle vis ja, ei livsplage for oss alle i hop, han heldt på og vart dauen vår. Så det måtte gjerast, det. Og eg vart utvald til gjerningen. Og den gjorde eg. He?
*
Toge stana. Kona som steinsov reiste seg med ein gong, tok ned skrape sitt frå hylla og gjekk, blå våkande, det var her ho skulde av. Dei hørte suse av natta utanfor, av fjell og bekker og kva det var. Det var mest utrulig at slikt var til enno. Ålvorsmannen flytta på seg og fekk bedre rom for legeme sitt; han sukka med seg sjøl. Straks etter kom eit kvinnemenneske inn og tok seg rom breiddmed han. Ho var mykje meir romstor enn ho som sat der før, og der til så fin at ho måtte vera ei madame reint. Mannen fann seg i det med tålmod. Yttest på same benken sat ein unggut og gjorde seg smal. Tale sa til han, at alt romme sitt burde han ikkje gi 71frå seg. Da var der ei som såg på henne, og Tale smilte til svar.
Toge måtte i veg att.
– Jauda, sa Tale. Det vart meg pålagt å ta live av han, Vårherre såg ikkje annan utveg.
Ho merka godt at spørsmåle hadde lurt seg inn på henne attanfrå, det var for seint å verje seg mot det no. Tre fire menneske stirde forstøkt på henne, men ho syntes dei var langt unda.
– Og no skal eg i straff for det, som sagt. Men eg kostar meg reisa sjøl, eg tykte eg burde det. Men no er det spørsmåle da, sjølve tingen for meg, skjønnar du, – ja eg spør dykk alle sju, gjer eg. Kva vilde de ha gjort når den mannen sette dykk til eit slikt verk? Når han ingen annan utveg såg, og ingen annan vilde ha til det? Ja. Og kor pass stor straff vilde de ha venta dykk av han etterpå, når de hadde lydd han? Ja. Og spurte de da, eller spurte de ikkje, kven som var over han og plaga han til å plage folk slik? He? Ja ja. Eg les i bibelen somtid, i hans eige ord, og der les eg: «Det er ikke av hjertet han plager eller bedrøver menneskenes børn.» Slik står det. Men det må vel ein enda høgare ein ha skrive, trur de ikkje det? Ja nei, eg er no berre a Tale eg, og no skal eg i straff for gjerningen min, og sia kjem sjølve straffa. Ja. Men spørsmåle kjem sendande til meg, kjem og kjem. Kven det no er som sender det.
Dei visste ikkje rettare enn å tie til det. Enkemannen 72gav seg til å røyke, og plagdes før han fekk varme på pipa. Ålvorsmannen såg beint på henne, han klipte meir og meir levande med auga. Madama såg frå den eine til den andre; så sette ho haka ut i vêre og skjønna ingen ting. Gutladden utpå benkenden glodde som ein fisk på henne, så ho laut både nikke og smile til han. Der sat dei, og der fekk dei sitte. I morgo kom dei seg vel att.
Ho tok vesle gardinfilla for andlete og lest som ho sov. Slik sat ho lenge. Ei stund gret ho litt med seg sjøl, men det gjorde ikkje noko, for dei såg det ikkje, og så bad ho at møte med Ragnhild måtte stå vel av seg, at det måtte gå godt; – tenk på dem alle i hop! bad ho, for det er uvisst korles det går med dem. Du lyt føye meg denne gongen, det står om meir enn du trur; ein annan gong er det min tur å gi etter.
Da ho kom til seg att var det lyst ute, lyse morgonen og grøn skog, det kjørte framom vindauga og smilte til henne, kom og fór, kom og fór, og toge det dundra i veg med friskt mot, som heimtråe hesten. Men var det berre fjell og skog heile lande sørover da? Nei, der kom garar òg, mange garar, og bra garar, med brungråe hus. Heile lande sørover, sa ho. Det var utrivelig sant sagt. Så langt sør var ho no, rettno var det å møte Ragnhild, å stå andlet til andlet med henne som hadde lidd straffa for dem, som hadde levd seg gjenom spørsmåle og var på andre sida – – 73eg vil heim att! Det var lite om å gjera at ho ikkje skreik det.
Og heime der låg dei og sov enno, både den og den, vesle Hallvard han låg på hendene sine og sov, og med kvart hadde han sikla på dem. Han var for resten ikkje så liten lenger, akk nei san, men det var synd ho ikkje tok han med seg.
Og toge det tråva av stad, det hadde fare tvert gjenom natta og langt inn i ein ny dag. Det tok stakaren og fór med han enten han pista eller gol. Ja ja, her kjem ho Tale sendande.
Så var det dagen att, fullvaken dag kor du såg, røyk frå alle stuene, folk ute og stod og gjekk, dei tykte visst dei hadde litt å bale med dei òg. Toge kom til ein by, og da skulde ikkje det lenger, ein måtte ut og om bord i eit nytt eit, som stod der og bia på dem og vilde i veg. Det skulde ta Tale med dit ho hadde etla seg; det var ikkje lang stubben att no. Ho vart snart framme ja, det var fåfengt å vente seg nokon nåde slik.
Og så langt ute i verda! Ho fekk vondt om ho ikkje tenkte på anna enn det. Ho mintes ho hadde gruva seg for einkvart før òg, for barnsenga eller ei likferd og slikt noko. Kor lite ein veit. Og kor godt det er at ein lite veit!
Ferdafølge hennes luska kvar sin veg, mest som dei hadde vore med på noko gale. Far vel med dem, san, og takk for lage, og tenk ør-lite på det eg sa dykk!
No bar det i veg att med henne. I guds namn ja.
74Men slikt land da, de, så storveges og så småvakkert og så forunderlig på alle vis! Og her var det garar, san. Nei du lyt vera takksam, Tale, at du fekk sjå dette her med dine eigne auga.
Resten, ser du, alt det andre, det går som ein røyk, skal du berre sjå!
Da kom det til henne, heilt der heimafrå farande: Korles stod det til med Ellida? Der gjekk Håkon, og der gjekk Johannes, den eine yngre enn den andre, og ho, såltinge, korles kunde ho verje seg mot dem? ein måtte kjenne på seg korles ho var. – Ja, herre gud! sa Tale, enda ho sat innklemt millom villframmandt folk.
Det hadde fare som ein kaldstyng gjenom henne først, men sia vart det til ein angst som vermte henne og styrkte henne, ho vilde til å reise seg og gå, framgjenom vogna og heile toge, ho måtte få Ragnhild heim i denne dag. Det skulde vera sundagen, og det kunde ho sjå berre ho kika ut, det var så altfor mykje til høgtid. Og så naturflatt og gildt, same kva kant du såg ut frå.
Ja ja, Tale, her kjem du, om det så er baklenges, smilte ho til seg sjøl.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ragnhild (1931) handler om soning og forsoning. Romanen er andre bok i Duuns Ragnhild-trilogi.
Ragnhild soner drapet på svigerfaren Didrik. Mannen hennes, Håkon, vil ikke ha noe med henne å gjøre og da hun kommer ut av fengsel reiser hun ikke hjem til Stavsund. Moren til Håkon, Tale, er bekymret for hvordan Håkon og sønnesønnen skal klare seg uten Ragnhild og bestemmer seg for å hente Ragnhild hjem. På veien dør Tale. Ragnhild drar tilbake til Stavsund for å være med i begravelsen og det blir starten på forsoning og nytt samarbeid.
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1931 (nb.no)
Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.