Ragnhild

av Olav Duun

III

75Om sundagen kvikka Håkon seg opp og gjekk åt kirka. Kvifor ikkje? dei gjekk dit nokon kvar, av ein eller fleire grunnar, og vêre var utleita fint til det bruke. Det var første gongen han fresta å følge med gjenom ei heil preke; det gjekk det òg. Etterpå vart han heimbeden til ein kjenning og kom ikkje heim før seint.

Morgonen etter vakna han vel til motes, som vanen hans var dei siste åra, så plystrar ein litt, og så får ein seg kaffe, der med har ein dagen og arbeide klårt framfor seg. Det andre kan dei andre bale med.

Det var nordvest med små regnelingar, godvêre for den som hadde einkvart å gjera, og Håkon hadde nok av det slage. Han undrast litt på kor det vart av Johannes, han pla ikkje bli liggande sengfast utover dagen. Men lat no det vera godt, som værfar hans sa.

Og det ein sa om laurdagskvelden, både til værfaren og til folke elles, det fekk stå der, stå og vitne, om ein vilde tenke det slik. I dag var det ikkje så store ting, det var mest som nordvesten 76hadde blese det bort; vinden tek visst det meste av det som blir sagt. Like vel: han var da halvvore eit anna menneske? Nå ja, det hasta ikkje med å kjenne etter.

Johannes kom slengande og gav seg i arbeide. Ja vel, der var han. Men han var liksom ikkje til stades like vel, sjøl måtte han vita kor han heldt til.

Dei slo grønfôr og hesja, og budeia dei hadde fått i var med og raka; smågutane vart sett til å leite fram staur og komma med. Hallvard stana i nærheita med faren eit par gonger. Tru om han visste kva han tenkte, når han drog opp eine augebruna slik? Men var det noko han vilde spøre om, fekk han ta seg mannskap til å komma med det.

Nei det var Johannes han måtte undrast på; kva var det han hadde å tie for? Ja han sa no aldri så farlig mykje, og minst når han såg mest å gjera, ja og somtid kunde kan bli så lystig han vart tagal av den grunnen. Men i dag var det ikkje slik. Han gjekk og var tankefattig. Kva var det som hadde rakt han?

– Ja eg skulde ikkje helse deg frå Henningstad, sa Håkon, dei stod to-eina ei blink.

– Takk for det!

– Nei det vart ikkje så eg bad om det den her gongen.

– Du må helse det same i gjen da, næste gong. Håkon kremta og lo som Henningstad-mannen: – He he he. Og lat no det vera godt.

77Da måtte Johannes le. Han flirte i godslige vondskapen.

Håkon hadde ikkje ansa kor milde auga der var i han. Dei såg på han, og dei såg bortetter vollen, dei kom seg ikkje i veg med å le om han lo sjøl; to vegville fuglar, tykte ein. Over brunene gjekk der små bevringar, slik ein ser dem hoss småguten når gapen har fare i han.

– He? lo Håkon best han stod, – er du sturen etter uvêrsnatta enno? Er det garna – –?

Johannes såg vonoms fortare på han og fekk denne gropa si millom brunene. Så smilte han like sæl og snudde seg til arbeide att. Nei, Håkon visste det var ikkje slik, Johannes var Johannes, han hadde set fjorden og dauen ein gong før, slikt beit ikkje på han nei.

Enda kunde vel ein slik brorfåne komma til å tenke litt, det er ikkje så barnslig å vera menneske. Ein kan bli vâr mangt. Håkon vart så rar ved den tanken, som eit lykkelig kvinnfolk, han måtte vise han frå seg straks att: Det hender ikkje! Johannes? Nei, der finns ikkje menneskesjæl i ein slik kropp, det kan de lite på. Det må vera noko langt anna som gneg han, – lat han lide det han har fortent!

Men han hadde ikkje lov til å glømme gjenta si for det, ikkje ei som henne nei, som Borgny – ein fekk dyrede ta og gi han nafta for nyggsår, som Lea sa, det var eitt å gjera med det!

78Dagen etter var det på same vise.

Best Håkon gjekk, kom det over han at dette måtte han snakke med Ellida om. Ho kunde vel ikkje le til han for det? Det burde ho ikkje bry seg med, for da vart han nøydd til å snakke beint fram åt henne, ho måtte komma i hug at no var det ho og han som hadde andsvare her i garen, han vilde kreve seg skild frå den andre før mor kom heim att – he? Skal vi enno dryge lenger?

Spørsmåle snudde seg mot han sjøl, så han vart ståande stolpe på åkeren, med jarnstauren i handa. Ja ja, han manna seg opp, stappa jarnstauren i jorda og gjekk utor arbeide. Først var han bort og flytta hestane, tok så vegen heim, no fekk det i guds namn vera dagen og stunda til det!

Vestavinden hadde gitt seg, det var undrande stilla all veg i kring ein, og om det så var måsen utpå fjorden så tagde han. Blågrå skyer og berr himmel omeinannan heilt ut i endeløysa. Håkon blistra eitt eller anna med han gjekk og såg det. Ellida var visst åleine heime no? Han tok til og gjekk fortare.

Han fann henne i eldhuse, ho ståka med matstell til både krøter og folk. Ho kvakk ikkje så lite da ho såg det var han som kom, men elles hadde ho anna å gjera enn å sjå opp.

– Du går her og slavar du, sa han.

Han stod og venta, til ho retta seg opp og møtte auga hans. Ho såg på han med ein rådlaus 79liten smil, forunderlig vakkert, tykte han, reint unggjenteforfæld. Han måtte undrast om auga hennes var brune eller blå, – dei var gjerne både det og det? Ja visst, han stod her som ein annan forelska tulling, det er manns lagna å stå slik somtid, nokre gonger utgjenom live, men hadde ho vore så fåbleik før?

Han steig nærmare, og strauk henne over panna. Slikt kunde han ikkje, og han fekk det heller ikkje til, ho trudde visst han vilde stryke vekk ein sotflekk, og veik unda. Ho stirde reint livskræmt på han.

Gruva ho seg no, når ho såg han vilde snakke til henne, – var det så alt for stor ei stund for henne? Eller hadde ho gått her og vore nedfor sia ho mor fór sørover, gjekk ho berre og venta dagen og dommen?

Men da fór låtten gjenom han, tvert gjenom heile ålvore: Står eg her og skal fri og ikkje får det til? Er eg så trehendt?

Lo gjorde han ikkje, han vart berre skjeiv i andlete; så treiv han til erende sitt:

– Det var ‘n Johannes eg vilde snakke med deg om. Eg forstår meg ikkje på han. Gjer du det? Han er så rar no om dagen. Eg trur jamenn det bli gråe ålvorsmannen av han, eg er redd han rustar bort for oss. Kva skal vi finne på og friske opp han med?

Ho svara ikkje orde, ho berre heldt på med arbeide sitt. Det måtte vera til kalvane det ho 80der subba i hop. Han syntes sjå ho var raudlett no.

– Kva tid kom han heim laurdagskvelden? spurte han.

– Han kom tidlig da. Han kom klokka eit kvart over 9.

Ho fór ut, ho fór radt til fjøse med kalvdrikke sitt, eit kvinnfolk lyt tenke på maten framom alt anna. Ja ja, ho skulde ikkje gå her og slave i uvissa stort lenger no.

Han steig til og vilde gå etter henne, men i det same flaug det over ryggen på han, liksom einkvart slitna tvert av. Det var dette minne etter uvêrsnatta, det måtte gå fort for seg da han tok Lea inn i båten. Han stod still og venta, til det gav seg. Litt mildare var det for kvar gongen det kom.

Så, no var han gonghøv att. Ellida gjekk over tune i lag med smågutane, han fekk ha seg ned på åkeren til arbeide sitt og vera nøgd med det som gjort var, – det letta, det! sa mannen, han miste broka. Han plystra med han gjekk nedetter, same stubben som da han rekte til gars i sta.

Johannes onna for dem båe to, var det likt til.

Men da Håkon kom nær han nok, hivde han arbeide og retta seg bein mot han med ein flir.

– No lyt du løyse meg ut av dette mølnbruke, Håkon. Ja det er ålvor det. Det var min rikdom på denne jord, men no kan du få han.

– Jaså, er det der det verkar? Du tenker 81på å ta frå meg garen no da? Du kjem med odelsmakt og full overmakt, skjønnar eg.

– Nei no kan du ha heile smelta åleine. No sel eg ut og fer. Vest til havskjæra, eller enda lenger vest! Eg ventar du kjøper, du som er nærmast til det.

– Hm. Du har jamenn fått ein hard kakk i hovude, hører eg. Men lat meg snakke med deg før du blir verre. Først om sildgarna dine. Eg betaler halvparten. Mine reknar eg ikkje på.

– Å det! Nei men du ser da vel, om du så søv, at her er inga tid i Norig, her er berre bygda og armoda kor ein snur seg – kva? Eg elskar da ferdrelande eg som alle andre, men da må eg ikkje vera her, det strøyper meg!

– Øh! Store, forlova stakallen stå og låte om seg på det vise! Du snakkar som her ikkje skulde finnast Periander eller Henningstad i heile lande, du må betterde skjemmast – – skal du sele gjenta òg med du held på og sel ut?

– Er du kjøpar kanskje?

Orda gav Håkon ein snert som han ikkje kom seg så fort etter, dei måtte vera drøypt i forgift. Og Johannes hadde set olmt på han. Men han heldt på med sitt:

– Eg blir far min, blir eg, skal eg gå her og tasse lenger.

Der òg nemnte han noko som beit, og det bannsett vondt. Dei var sønnene til far sin, dei kom aldri frå det. Her stod den eine og klaga seg for den andre.

82Ja der stod dei. Men da måtte Håkon le. Johannes såg rasande på han, men litt etter lo han òg. Så stod dei der att, i same nøda. Da kom blide lagnaen fram om husnova heime, i kvitt storforklæ, og ropa heim til middags; Ellida løyste nødig supaklokka når ho skulde ha dem heim til måls.

Johannes svara med eit belj. Snudde seg så til Håkon att, og sa: Det var gjente det! Henne likar eg bedre dess lenger det lid. Ikkje sant?

Håkon merka han vart raudlett som ein gutunge, men han bala med arbeide og hadde ikkje hørt noko. Der med gjekk dei heim og gav seg etinga i vald.

– – – Sia snakka dei ikkje meir om dette. Dei sa ikkje eit ålvors ord med einannan, det var mest som før, berre at no var det Håkon som måtte gå føre og seie det som trongs.

Men Johannes hadde snakka i ålvore om å fara sin veg. Og Håkon hadde snakka i ålvore til Periander den kvelden. Og ho mor ho var ute på langferd, ho fór i ålvore ho òg. Håkon fekk det eine som det andre så nær innpå seg, han vart huga på å kaste seg ut i det, gå til botns i det og komma opp att som ein annan mann, ein galen ein, farvel med alt anna i himmel og på jord, for dette var hans! Ein kunde bli ein far sin ja, ein Didrik Dale i bygda, og farvel med alt anna, som sagt.

Det kom for han, at hadde han ikkje havt Hallvard å tenke på, da hadde det teke han.

83Det var ein lettna at Lea kom sendande ein dagen. Ho kom eins erend kring vågen og skulde snakke med han. Johannes hadde gått vestetter, var ventelig på Henningstad, og glad var Håkon, for ei gjente som Borgny skulde ikkje vente på han, ho tålte det ikkje.

– Ja her kjem eg skinkande, sa Lea, du får lest som du ikkje ser meg. Men du lyt høre på meg!

Håkon vilde ha henne med inn, men det var nei, ho hadde ikkje slikt erend. Ho måtte ha kika i tankane hans, for best ho stod, sa ho:

– Ja nei eg er ikkje omvendt, ikkje enno nei, eg eig ikkje så pass som ein gitar i stua, eg var i bedehuse her om sundagskvelden, men eg tok sjæla mi og gjekk heim like ufrelst. Det er ‘n Johannes eg må snakke med deg om, slik at du hører det ein gong. Eg tok og snakka med gjentungen eg, med a Borgny, for eg har lenge set på henne at det var noko. Det er det at vi er morlause både ho og eg, så vi skjønnar einannan, vi er stymorsborn. Og båe to dregst vi med ein liten morsarv. Gjorde vi, rettare sagt. Ho er høg i hatten enno, og hatten han er fin nok. Har du set kor gild gjente ho er?

– Var det meir du skulde ha ramla utor deg? spurte han.

– Du må ikkje snakke hardt til meg no, Håkon. Men det er ‘n Johannes, hører du!

– Ja eg hører.

Han venta rolig. Auga hennes fór oppetter 84han gong for gong, men det var liksom fotfeste rapa for dem, straks dei skulde møte hans. Ho visste seg ikkje anna råd enn å le:

– Du, stakar, du trur han har peng du, men han var snau for lenge sia, berre skjorta og sjæla – han har lånt av ‘n Periander!

– No lyg du?

– Nei! hiksta ho til. Eg gjer mindre enn det du. Skjønnar du ingen ting sjøl da? Kan du ikkje få opp kjeften og spøre eit einaste ord da? Er du like sæl med alt i hop? – – Han har lånt pengar av henne òg, hører du det da! Morsarven hennes ja. Kva?

Håkon stod og smått togg. Han visste om det og tykte det var dumt.

– Det er sant, Håkon! Dummaste sannheita, alt i hop.

– Tilstod ho det?

– Ho gjorde det ja. Høgare var det ikkje med henne.

Håkon ler, det er ikkje verre: – Har han lånt din òg? Morsarven din, meiner eg?

Ho flatnar over andlete og ser ned. – Det er noko anna det. Eg har aldri nokon gong fått forskylde deg for all hjelpa. Men eg burde ha fortalt deg dette før; eg ser det no.

Låtten rykker i Håkon enno eit par gonger: Så ørsmå er vi. Vi er mindre enn mauren, ein saupral blir eit berg i vegen for oss, sjå på Lea kor tynt ho er! Enn om han lånte nokre skillingar, 85kven gjorde ikkje det når han var i beit? Ingen ting å sjå raudt for det nei, men no ser eg da raudt? Eller er det grått det her, sei meg det! Men der stod Lea og hadde retta ein spon til han, til flua i vassfate, så ho kunde kreke seg i land.

– Du Lea òg! sa han. Du er salig som du er, du, det står i bibelen om deg. Måtte no han der ovom oss velsigne deg for det du kom hit.

– Huff ja, eg veit det, eg er ei ku, men kva gjer du da, Håkon? Korles bergar du deg utor det? For det er du som blir hengande med både gjelden hans og det der tukthuse bortpå stranda, – nei da! tukthuse seier eg ikkje, eg nemner ikkje reipe i hengt manns hus, det var kvennhuse eg skulde ha sagt. Eg har ikkje havt hjarte til å seie det før, men du er ein tosk, Håkon, og ‘n Johannes slikt slag, vi er to toskar alle tre, og berre han ikkje narrar deg borti enno meir! Eg burde ha vore ei søster for deg, men her står eg, du ser sjøl kva eg er.

Ho var vakker. Midt i armoda og elende lyste det barnslig og godt av auga hennes, no som sist han såg henne – å ja, men lat meg no ikkje renne bort i saltvatn, lat meg seie noko.

– Rettno giftar han seg. Han Johannes, meiner eg. Så er den sorga sløkt.

– Ja lat oss tru det, lat oss tru det; eg har fresta å tru det heile dagen eg, heile natta og veka lang. Og så kjem ho mor di heim, med a Ragnhild. Berre sjå etter. Eg tru det!

86Håkon vart frøsen der han stod. Det var elles så stilt og mildt; skya vêr; gode dagar for folk som var i arbeide og hadde einast det å tenke på.

– Her kjem da til å skje eit under, Håkon, lit på det.

– Det er vel noko vi lit på støtt, det.

– Da er vi to om å tru det, og da skal det til hest! Eg har stava og granska dei siste døgna, eg har gått i gjenom alle undergjerningane. Enda eg veit da så pass, at den skulde ikkje granske eit under som treng å tru på det, for da kjem det bort, men eg var ikkje meir god til.

– Du leikar deg med varmen du som vi andre.

– Ja men kva sa du til den der værfaren din, til værfar hans Johannes, vilde eg seie, – du har torskræmt dem, heile kula, eg må le!

– Ja det var dumt, var det. Folk nemner ikkje slike ting.

– Men du er da ikkje svart, Håkon? Du er ikkje forherda lei? Ho sa mangt enno, og sist på sa ho at ho skulde be flittig for han når ho ein gong kom så langt.

Håkon smilte ikkje til det, men han syntes han stod langt unda og hadde hivd av seg ei meiningslaus tung bør. Han var endelig fri frå det der. Han hadde sagt meininga si, sanninga si, og der med gjekk han i frå det. Han fekk heller i kast med bror sin og med framtida deira.

Men han var slik ihoprista da Lea hadde velsigna han og gått sin veg, han måtte ha eit 87menneske å gå til. Og det var Ellida ja. Borgny kunde han ikkje snakke med om dette, og der var for resten Johannes, – han er der i økonomisk erend, kan vi seie, ha lykka med deg der du fer! Nei det var Ellida, og han tok til og gjekk heimover.

*

Han måtte sette seg på benken utanfor gangdøra. Du Johannes, du Johannes, tenkte han, du er som ‘n far din du, du treng ikkje bli det, eit dumt og dårlig menneske; du vil ha alt, og du får ingenting. Han tenkte og han såg, ‘n Johannes og seg sjøl og alle av det slage, dei krav. lar og kryp, og møter dei eit grasstrå, da er det eit tårn å klive til himmels oppetter, og ligg der ein saupral i vegen, da er det eit berg som stenger heile live for dem. Slik er det, og slik skal det vera. Og der er dagar til å leva, og der er dagar til å døy.

Men du, Johannes bror min, du er dyrede eit elendig insekt! Her sitt eg og seier det ja, du ser meg her. Du er ein æressjukling er du. Ja!

Han måtte reise seg og gå inn, for elles sette han i eit styggrop. I gangen stana han og lya, om Ellida var i kjøkene. Da hørte han måle til Johannes der! Han stig til og vil ut att, Johannes måtte ha komme heim med han stod nedpå gjorde og snakka med Lea, – der er både han og Ellida! Og no snakka dei om han? – Om meg? fór det i han, og vreiden manna over han så han vart 88ståande, – kva har dei to usnakka om meg! He! skal eg stå her og høre på det attåt! Han trødde tungt i golve og varskudde, men dei var så inni sitt, dei berre prata: – han Håkon, seier du? han kan vel ikkje legge seg borti det? – – vi gir oss sytten om kva han har tenkt og ikkje tenkt, vi – –

Måle hans Johannes vart høgare og høgare, men Ellida ho snufsa visst og gret, kva fan var det som stod på? – Eg spring heller på sjøen! syntes han ho sa. No sa ho ei heil mengd.

– Nei ti no still, formana Johannes. Vi reiser til Amerika, det er ikkje meir med det.

– Ja berre eg kom her i frå!

– I frå ‘n Håkon ja. Det same seier eg. Vi reiser, ser du, det må ein ha mote til, for elles blir ein sittande der som tosken på garne. – – Ho Borgny? Ti still med henne no, den gromheita kan ‘n bror min få. Så er han da trøsta, he?

Da Håkon vilde flytte seg der i frå, hadde han dette flauge over ryggen i gjen. Han vart ståande; han fekk freste å stå ansles, så gjekk det vel over.

– Nei ikkje gråt da, sa Johannes, her kan komma nokon og få sjå det – – du skal få tenke på ‘n Håkon så mykje du vil.

– Ja det er vondt om han. Eg trudde ikkje han brydde seg om meg, men no ser eg – –

– Ja nei det der snakke vil eg ikkje høre meir av, det varskuer eg deg om.

– Berre vi kunde komma av stad før det vart for seint.

89– Ja. Det får ei råd gjelde.

Håkon fekk ha seg der i frå. Han føta bortetter golve og til ytterdøra. Ei stund var det, så hørte han Johannes gjekk småblistrande over garen og ned til stranda.

Håkon kjente litt på seg, om han var gongfør, fresta med det same å tenke seg om, og tok vegen gjenom stua og til kjøkene. Ellida vart ståande og tvistirre på han, med gråten utover alt andlete. Likare enn slik såg ho ikkje ut no nei. Ei ulykke for seg sjøl og for andre.

– Kva er det som går for seg her? spør han.

Ho kjem seg så pass at ho snur seg frå han, – det har ho gjort mange gonger i det siste, – ho tørkar av seg væta med handbak og forklæsnipp og er meint på å komma seg til undrømmings.

– Nei bi no lite grand. Han seier det så lognt at han blir undren sjøl. Du rømmer ikkje frå meg. Ikkje til Amerika heller nei, –ja eg kom til å høre eit ord for mykje, og det skal du takke Gud for. Om han Johannes er tullut, så har ikkje du lov til å vera det. Og slett ikkje eg.

Han tek eit steg nærmare og sett i hardt: – Har de halde på lenge med dette vase? Ja eg spør om det.

Enda står ho og klarar seg, men så krøknar ryggen, og ho stød seg mot veggen og gret. Han ser ryggen ristar, men der høres ikkje ein hikst ein gong, og han får ikkje samla tankane til nokon 90ting. Han spør seg eit par gonger, han står midt i dumheita og spør: Kva er dette her for slag?

Da hører han Ellida seier: – Eg visste da det var gale av meg. Men – eg var no bortkasta kor som var eg! – og så gret ho høgt.

Han tykte han hadde fått ei bøtte vatn utover seg og at all bygda lo til han for det: Gjenta var ferdiggjort, slik stod det til, ho stod der og fortalde det og synte det fram, og her stod han, ein fåne på eit kjøkengolv, det var han og ingen annan som kom her og skulde fri til henne. No burde han ha vorte rasande, eller òg skulde han ha gått sin veg utan eit ord, gått i frå henne og bror sin og heile ustelle – ja kva fanken gjer ein med slikt?

Det spørsmåle reiv opp eit gammalt sår i han. Han måtte ha stått slik ein gong før og spurt når det ingen mon er i å spøre. Da han sendte kjerringa si på straff ja, stemmer!

Det var ei hjelp for det første, at der kom nokon gjenom svala og vilde inn i kjøkene. Håkon steig til og heldt klinka, og såg med det same på Ellida. Ho sansa seg så pass at ho kom seg ut andre vegen, og der med gjekk Håkon den andre i møte. Det var berre Ellidaguten. Han såg dumt på Håkon, men fult nok for det, – nett slik dei har skildra av develen for oss, tenkte Håkon. – Eg motar meg på å få ta etter han ein dag, murra han.

91Kva han vilde i kvennhuse tenkte han ikkje over før han var der, det måtte vera noko med ei kvenn? Langt i frå, han hadde ikkje havt kvenn i tankane på aldri så lenge. Ja visst var her ein kvennstein som skulde hoggast, der var han, men var ikkje Johannes her? For det var da han som skulde hogge opp den steinen, han nemnte det visst i går? Og hit ned gjekk han da?

Der måtte vera ei styring i at han ikkje møtte han no. Nei vent no ørlite grande, det hadde aldri gått vel visst han møtte han no. Han var ikkje budd på det enno, han hadde slege i staden for å snakke, – lat meg få litt tid på meg!

Først så førte han Ellida i ulykka. Henne tok han frå meg. Nei først må eg ha tak i førsten, ja eg seier det slik. Førsten ja, det er at her har eg gått og vore tosken i bygda, for alle samen, for Periander og Borgny, for dei visste kor pengelaus og ærelaus ein bror eg hadde; dei såg kor eg sette han høgt til vêrs over andre, og dei såg kor eg bygde. – Ja eg bygg som det lystar meg, det får de finne dykk i. Men eg har denne broren, eg går ved det, de har rett, de har rett! – Han var så teken at han darra alt med seg. Han måtte ut til dem i denne dag og fortele dem – – ja men herre gud, kva hadde han å fortele dem?

Nei, san, eg har ingen ting å fortele folk. No er det dei som kan fortele meg. Dei kan fortele meg at det er eg som har vore æressjuklingen, 92– du har brukt bror din til måg for å få tak i pengane hans far, kan ho seie, ho er berre for stor i seg til å seie det høgt; dei kan fortele deg det kven som lystar her etter. Dei kan seie som gammalt folk sa, som dei ventelig sa om ‘n far din, at sjæla kan få to slag sott, liksom kroppen. Svartsykja er svart, men æressykja er svartare. Og om det så er ho Lea så har vi plyndra henne.

Han mintes mor si, eller kven det var, som berre lo, ja no reiv han opp dette såre att, eit avstyggelig eit som han ikkje tålte sjå. Etterpå var der ei lita stund han ikkje rettelig visste til seg sjøl.

Det første han ansa, var at han stod med pigghammaren i handa, den dei hogg opp kvennsteinen med. Os da visste han tålig fort. at kom Johannes no, da hendte her noko stygt. Johannes var den sterkaste ja, men kva hjelpte det, for i denne stunda var han sjøl dubbelt så sterk. Han var uvette, han var svarte gjerningen. Der fanns ikkje hjelp mot slikt, det var hendt!

Pigghammaren i handa, og Johannes det ufysligaste han kunde sjå for auga det måtte vera ein fysna å trø han flat, ein laut skratte når det var gjort!

Ikkje før var det gjenom hovude fare, der hørte han Johannes kom inn kvennhusdøra nedunder, gjekk over golve og mot troppa, tok til og kom opp troppa steg for steg, – tagde og kom.

– Men herre min gud, kjem han lel da? kvinka det i Håkon. Er det slik det skal gå da?

93Han kjem ja, han anar ingen ting, så viss på live sitt som på retten sin, kvart stege er ei hån, det er eit spytt på ein, og hammarskafte er i handa – det er a Ragnhild som ventar deg etter seg no. – Ja ja, men eg gjer det like vel! der kjem heile det helvetes andlete hans opp over golvkanten, har de set så skamlaus ein nase? Farvel alt i hop!

Håkon stod ikkje langt unda. Han steig til, det skulde vera gjort før det hovude der kom høgare i vêret, no måta det! Men med det same fór det over veikryggen, så bakvendt hadde han stått. Han vart ståande slik. Det banna og svor inni han, all svartmakta var der og rasa, og Johannes kom opp troppa og stod og såg på han. Og Håkon visste han hadde ikkje vondt over ryggen meir.

Endelig fekk han mål i munnen. Han snakka unødig høgt, på veik manns vis.

– No kan du takke Vårherre for at du ikkje ligg her! Han eller kven det er ja, hører du det?

Johannes spurte i rolige undringa: – Kva er det som står på no da? He? Eg meiner du er reint mjølkvit i andlete?

Håkon sette i enda høgare, han var skjelven i måle: – Ja du veit sjøl kva du har fortent, eg burde ha slege deg ned som ein slær ned krøtere, ser du den her du! og han svinga hammaren høgt i vêre.

Johannes såg opp på hammaren. Der etter 94såg han på Håkon. Ikkje ein blykt gjekk der over augelokka hans. Han såg i golve eit tak, og vart meir og meir lei seg. Håkon let handa med hammaren sige ned og einstirde på broren.

Men best det er, ser Johannes på han att, innbitande friskt og nær han, og er Johannes all i gjenom.

– Ja, det var gale dette med a Ellida. Men vent no urlite, så skal det rette seg! Da Håkon ikkje seier noko, legg han til: –Vi er meint på å gifte oss med all som først. Ja du trudde da ikkje eg var ærelaus mann?

Der fer eit frostvêr over andlete til Håkon. Han slenger frå seg hammaren, snur seg beint mot veggen og står still. Slik vart han snudd mot veggen ein gong med han var liten, han skulde binde furten sin, hadde far hans funne ut.

– Du veit ho Borgny er for god for meg, hører han Johannes seier. Du kjenner meg så pass no. Nei det er du som skal ha henne. Det må du vel vita sjøl òg, det?

Håkon står andlet til andlet med broren att.

–No tier du still! Eg råder deg til det. Eg meinte elles du visste at det er slut her i garen no.

– Slut, seier du? Johannes stirrer blankt på han.

– Eg sa det ja. Slut, sa eg.

Johannes står still ei stund. Han lid vondt. Det ser ut som han ikkje har fresta det før; han gjer seg bratt og nektar å finne seg i det.

– Ja men du veit det er a Ellida som høver for meg, seier han. Og da så – – er det ingen skade skjedd. Du gjer det du tykkjer er rettast, og eg gjer mitt, eg er da ein ærefull person? Eg er ikkje ærelaus, meiner eg. Du treng slett ikkje stå så ihelslegen for det der.

At nokon kan vera slik! tykte Håkon. Så fånut og så fri. Så reint bortom blåfjella i all sin tanke og alt sitt snakk.

Vestavinden susa langt ute i verda nokon stads. Solskin var der visst òg.

Da kremta Johannes eit par gonger, og så sa han:

– Ja ja, Håkon, eg bed deg om tilgiving. Eg gjer det ja –

Lenger kom han ikkje. Han vart skjeiv i andlete, stod og stridde det han var godtil, men det nytta ikkje, det bar i låtten med han. Han skjemdest for det han ikkje klara det bedre – dermed måtte han le til det òg.

Da Håkon hadde set litt på han, gjekk det ikkje bedre med han. Slik hadde dei ledd mange gonger. Men det var før.

– Ja det er første gongen eg har prøvd å be om noko slikt, sa Johannes da han fekk andlete i ro att. Du skal ikkje vente det bedre. Og så er det rettast, ser eg, at eg kjem meg utor vegen her. Eg høvde ikkje her. Eg såg berre korles det skulde ha vore, – eg vilde berre sette deg i veg. Stavsund-gutane! sa eg med meg sjøl.

96– Jaså? lo Håkon, han var hjartans lystig. – Jaså?

– Ikkje flir åt det du, stor-bror. Lat ålvor vera ålvor.

Håkon lo høgt. Han lo til det med, at denne skyldlausingen hadde han så nær lagt hammar på her i sta. Eg hadde for resten teke til vettes sjølmint, trøsta han seg, dette i ryggen var ingen ting. Og lat oss no bli ålvorsfolk i andlete att, og snakke det som trengs om pengenøda vår, om heile ruina han har rota til. Han lyt svara meg, i alle fall.

Men Johannes vart han for snar: – Eg gir frå meg parten min i mølnbruke. Ta i mot, vil du ha det, heile stasen, rubel og bit! Ja kva seier du?

Håkon vart litt grå med det same, og oppi hårrota under hattkanten vart han isande kald. På nytt var Johannes utriveligaste skapningen han nokon gong såg, no fekk dei akte seg båe to! Å nei, for resten – –

– Ja, kva seier du, let det i deg? Johannes smilte og venta, høgt ovanom broren.

Ingen ein kunde nemne pengar eller andsvar til det menneske der; Håkon såg bort.

– Det skulde no ikkje vera nokon hundlort å by folk, heldt Johannes ved, han hørtes smått arg no. – Det er berre eg som har slept trua på det. Berre eg for min del.

– Hm. Kor har det vorte av trua no da?

97– Ho er i utlande og flyttar fjell; det er hennes arbeid. Men du, Håkon, du er ein sjølplagar, eg seier det som eg ser det. Du tenker over for mange ting.

– Du får ha takk da, sa Håkon. Han kunde gjerne ta i mot, han var tukta til fattigdommen korsom var, det var einast litt hardt å bli så brorlaus som han var no. – Eg blir rettelig despot her nede no eg da, sa han.

– Ja da, no sitt du som du ønska det. Så får du ta støyten og betale sildgarna mine, når tida og rekninga kjem; det vart ikkje så eg fekk gjort det. Kva?

– Jau jau. Det stemmer det.

– All ting stemmer, når vi berre vil det.

Johannes stod litt enno, men så likte han seg ikkje lenger, han la hendene på ryggen og slong sin veg, gjekk frå den eine kvenna til den andre. Noko å gjera der hadde han ikkje no lenger. Håkon tok hammaren og gav seg til med kvennsteinen. Det var eit slag straffarbeid han måtte lide. Han slapp billig, fekk han seie. Somme får kvennsteinen kring halsen, og litt av kvart slik. Johannes kom slengande framom og gjekk ned troppa. Han hadde stridd i frå seg her no.

Det kom for Håkon at han måtte bli mørkredd når han vart åleine.

*

Det var solblinde sundags føremiddagen enno, da Tale nådde fram til garen der Ragnhild skulde 98vera. Ho kom kjørande, med stasjonsskyss, for føtene bar henne ikkje så lang veg. Ho hadde kjørt over bakke og dal, eit underlig land, måtte ho seie, ikkje var der fjell, og ikkje var der flatt, og der til var det blindfødt, for der var ikkje sjø for auga å finne. Dei klara seg vel for utan her. Dei hadde havt tørsommar, kunde ho sjå, det var her sola hadde halde til.

Ho steig av og gjekk i kvar motbakken, same kva skyssguten sa; – eg vil heller hinke og gå, enn utplaga hesten sjå, let ho, lat det gå på rim berre, alt var dikt og eventyr i dag.

Det var ein stor gar, det såg ho på uthusa, storgar og velstand ja, lat oss bite hue av skamma og sjå inn om her er storfolk òg. Ho bad skyssen vente, snudde om og betalte han, men bad han vente like vel, og lova han ei halvkrone når ho kom ut att, – så rømte han ikkje i frå henne. Resten fekk det våge seg med. Her kunde ho kjenne på seg at Ragnhild hadde gått nylig; det var rart. Så, i Guds namn, inn med deg!

Ho kom inn i kjøkene. Stort og lyst var det, og der kom det eit midalders kvinnfolk frå eit anna rom, det måtte vera kona i huse. Tale helsa, men elles braut ho folkskikken og gjekk beinast på, spurte om dette var nordre Solum. – Ja ha. – Ja vel, da har eg komme rett i veg. Har De ei budeie her som heiter Ragnhild? – Ja.

Ingen bad henne sitte, fattigslig såg ho ut her i garen. Ho tok fram gullure sitt, dette jåltinge 99ho fekk av ‘n Johannes da han kom heim, kjeda var tung som ein liten kjettingstubb; men den andre ansa det ikkje, ho stod berre og drog i si eiga kjede, som ho hadde over nakken, og så spurte ho Tale om det var budeia ho vilde snakke med. Budeia var i kirka, frua såg på gullure sitt og tenkte. Det var ei lita mørkvori kvinne med småkrusa hår, ein laut visst seie frue til henne?

– Er det langt herifrå til kirka, frue? spurte ho. – Nei, ikkje så langt, just, sitt ned og vent! Ver så god! – Takk som byd, men er det langt? – Nei som sagt, ikkje så fælt langt. – Ho skjønnar ikkje det folk seier, gjekk det opp for Tale, så langt sør kan ein komma. – Er det langt, spør eg, ei halvmil? – Å nei da, ein fjerdings veg, ein halvtimes gange. – Da kjører eg dit. Ja far vel da, frue, eg klemmer i veg; eg har skyssen ventande.

Den andre såg litt undersam ut, ho vilde visst i snakk med Tale, ho var venlig som vitansjuka å sjå til, – far vel, frue!

Jau, ho nådde fram til kirka før det var slut. Enno ein gong bad ho skyssen vente, og lova betaling så ho var uredd for den skyld.

Hjarte skapte seg til i henne da ho skulde inn, ho måtte bie litt og snakke seg til ro: – Har dei ikkje større kirke, her der alt er så gromt? Steinhus, kalkpuss, småe vindauga – dei står ikkje særs høgt i gudsfrykta, kan hende? Kva 100er det for ein Gud dei dregst med her da, måtru? – Huff nei, eg meiner ingen ting med det! eg veit da du er den same, kor ein råker deg, og var vi så bra som du er, da stod det ikkje på. Og ho Ragnhild ho har leita hit, ho er her, straks innom veggen! Tale tykte ho laut sette seg beint ned der ho stod. Men ho tok seg mannskap for og såg bortetter kirkegaren deira:

Nei sjå kor dei har døydd her òg, døydd og døydd. Ein heil tusterskog med gravkors og merke. Å ja, menneske, du døyr da flittig nok, men korles har du levd? Ja men stå ikkje her og prat no, Ragnhild sitt her inne, så nær er ho, her har ho gått i dag, til Herrens hus – – her kjem eg kan tande inn døra eg òg, eit frammandmenneske, sjå meg de som vil. Men lat oss no ikkje ta dette alt for storveges! No syng dei!

Dei song så kirka stod i ein óm og dirra, så det reint gjømte Tale med ho monna seg frametter midtgangen. Endelig såg ho det ho vilde sjå, der sat Ragnhild midt frami kirka, og bakom henne var der eit rom ledig. Tale sette seg der. Det sveiv eit grand rundt for henne, ho måtte dryge noko før ho såg opp att.

Tale sat slik at ho såg litt av andlete til Ragnhild, frå sida, det var like attmed henne. Enno hadde ho litt av denne rundinga i kinne, og same lysdæmde hamleten, herre gud, ho hadde same drage kring munnen, men det var stulder å sitte slik og sjå det. Der sat Ragnhild, etter 101alle åra og hendingane; no lutte ho seg og såg i salmeboka; ho hadde grå kufte på, og grått silketørklæ på hovude. Tale såg der var mange kvinner i hattstand, ho tok seg for og såg både dem og mangt anna, elles vart det henne for rart å sitte her.

Så mager ein Kristus på altertavla, her i storbygda! undrast ho. Svolten må vera det styggaste dei har hørt fortele om, å vera u-mett er gjerne ei skam her. Å ja, vi diktar no i hop gudsrike på kvar sitt vis. Og så slik stas til lysekroner!

Presten var for altere. Han song, og dei andre song og svara. Dei svara og song, høgt ovanom alt anna, ovanom sorg og lykke og same kva ein tenkte på, Han oppi himmelen måtte gløyme syndaren nedpå benken her for slik vakker låt, det var til hans ære det tona slik. Utrulig at menneske hadde slikt hjarte å synge ut av. Ho vart armodslig einsam no.

Ho vart enda meir einsam da ho hørte orgle. Orgle heime var det år og dag sia ho hørte, og da let det berre som blekktonar og anna ulåt omeinannan, å ja for resten, det vart da høgtid av det òg når ein lya trutt nok på det; men det var den tida og der, det var før ein vart skapt, så å seie. No sat ho her. Og her gjekk det i veg med full himmelkraft, med så mild ein tone at det var Herrens røst, så over vettes mild og gudelig, at ho tenkte sterkt på å komma seg ut att.

Og folk stemte i og song utgangssalmen. Heile 102kirkelyden var med i det, kvar ein og alle samen, – ja lat dem synge og vitne alt med dei har kreftene til det!

Men song Ragnhild? Tale bøyde seg fram og såg etter. Nei, Gud skje pris i denne stund, Ragnhild ho song ikkje, dei var to som tagde. Ho såg i boka ja, eller såg ho i golve? Men korles let dette her for henne?

*

Ragnhild tykte ho hadde gått til kirka like vel, for kva vilde ho der? Ein og annan gongen hendte det: ho tok salmeboka si og gjekk.

Dagen var så klår, så utrulig lys og klår, ein syntes ein såg ut over all verda vid, og der var sol og helg heile vegen; ein måtte ta seg einkvart særlig til, og så gjorde ho det.

Klokkene hadde ho ofte hørt, dei kalla og mana, men det let gjernast så usælt, ein heimlausing som ropa på ein annan heimlausing, på henne ja, men ho var ikkje så fattig innvendig som dei trudde, derfor snudde ho seg frå dem. I dag hadde dei eit gladare mæle, dei og godvêre hadde funne einannan, høgt oppi blånaen og langt utanfor verda, det hørtes som dei hadde ei ny sanning å vitne om. Malmklangen song seg gjenom lyse og himmelen og skulde så evig langt. Det var vakkert. Visst ein da ikkje kom til å tenke på, at det var menneske som vilde forkynne for dem i andre himlar kor mykje gildare det er i vår.

103– Ho òg hørte orgle; det tona med makt og mynde da ho steig inn. Ho gav seg over og undrast: Den tonen kunde ikkje vera menneskeverk like vel? Ho sat og lya på han i denne stunda: Er dette det djupaste eit menneske kan fortele om seg sjøl, og det høgaste det anar om dei andre ting? I dag vart kanskje folk fødd på nytt, dei som ikkje hadde anna å tenke på, dei sat og såg himmelen open? Sjøl veit korles dei hadde det. Ho hadde ingen ting med det.

Det var elles underlig nok i dag. Rett som ho sat og halvdrømte, og dei song og forsvor seg til Herren rundt i kring henne, da vakna ho. Ho sat sannelig og tagg Vårherre at han måtte tilgi henne, og Han sat der oppe og tok seg i skjegge, halvt i andre tankar: – Ja ja ja, vesle – kva var det no du heitte i gjen? Ragnhild ja, javisst! Jau jau, sa han, du veit eg er ikkje hardare, det lyt bli ei råd med det. Og ho takka og tok i mot med fattig hjarte; og Han gav seg til å lye på songen deira, dei priste han av alt sitt evle, der kunde ingen vente seg meir.

Slik hadde ho sitte. Men det vart i dag som andre kirkedagar, at denne mangmente songen, denne ovsterke einigheita, den gjorde henne både motlaus og vond. Ho sa det beint ut, hjarte drog seg i hop og sa det: – Kva er det eg har gjort deg til gale? Han råmte med seg og såg ned til henne, smilte allvitande og godslig og undrast ikkje på henne; sia vart han fortenkt og sat der 104i sorgmild ro. Ho vart kald, ho tykte ho fekk ein hellig kulde i seg. – Ho kunde ha spurt han ein gong att, kvifor han la denne gjerningen på henne, – det var nær på ho spurte høgt. Ho svara seg sjøl, for der var ingen annan til det, ho svara slik ho hadde gjort tusen gonger før: – Ti still du! Du skjønna det ikkje om det så vart sagt deg, menneske er dummare enn dyre. Der finns ting som ingen skal skjønna.

Ho skjemdest. Ho tykte mest dei hadde gripe henne i at ho sov under preka.

Folk reiste seg og stod. Presten signa dem alle samen.

Da dei gjekk ut or kirka, maka Tale det slik at ho var tett framfor Ragnhild. I døra vart der fjølde og trongt, men Tale heldt romme sitt. Gong for gong fór der ei skjelving gjenom henne. Ragnhild var så nær attmed henne. Ho måtte vel undrast på kven det her var som rugga og gjekk så reint for truverdig. Rettno skulde ho snu seg og sjå Ragnhild i andlete. Dei var i breidd no, og straks etter vart dei klemt i mot einannan, – Herre Gud, du ser oss her no! sukka ho.

Ragnhild var litt redd at dei trødde ned det menneske der, ho var ikkje noko overlag til å gå, visst. Utom kirkedøra kjente ho eit tak over venstre handa, ho som gjekk breiddmed henne trong vel å stø seg lite grand. Ute på kirkegaren slepte ho og snudde seg mot henne, stod og såg henne i auga med eit slag lått over andlete.

105Tale vilde seie: – Du skjønnar vel ikkje kva det her er for ei purke som går og gnur seg innpå deg? Men einkvart sa henne at ho var ikkje Tale i dag, ein er ikkje det ein ikkje vil vera, så vart ho berre ståande. Ragnhild drog brunene tett i hop, som i gamle dagar, ein gong langt att i levetida, elles var ho eit vaksemenneske no i mot da, i andlete og heile seg; der stod ting skrive i det som Tale ikkje gav seg om å sjå enno.

Og no drog ho visst kjensel på talskiva framfor seg.

– Ja herre gud, Ragnhild, det er eg! Bli ikkje forfæld for det, eg er her berre.

Ragnhild hadde svarte handskar på, som skikken var. Tanken fór som sylen mot hjarte: Det er plent som eg vilde gjømme hendene mine for folk. Men ho retta fram handa, og Tale stod og heldt henne i si. Tale hadde store gode hender. Ho var stor og god alt med seg. Gråte kunde ho ikkje, ikkje ho heller nei. Andlete vanlagast, ingen ein kunde ha kjent att henne, – Ragnhild såg ikkje på henne lenger. Da ho var lita stod ho visst slik nokon gong og kjente gråten vanstelte andlete, det måtte vera ein overhendig sollys dag straks verda var skapt, men det var inga sak den tida, ungen huka i hop seg og gret så det var ei sæle, gret i nakne hendene sine, med sola og kvitskyene stod og bia til det var over.

Ragnhild fekk Tale med seg ut kirkegarsporten.

106Tale fann skyssen sin, og det var kjerre ho fór i, heldigvis, og så sette dei seg oppi båe to; – eg er ikkje mann til å gå, sa Tale, eg har vorte så skammelig gammal i fotstelle.

Hesten dilta og smått sprang, jamt og trutt, han sprang visst og sov, kva skulde slik ein stasjonsgamp anna gjera? Tale trudde ho hadde vore ei skyssmerr sjøl nokon gong i førtida. Men det var ikkje no det, gudskjelov.

Lande synte seg gong og annan, hågrønne vollar og gulnande åkrar, skogholt i millom, små furulundar stod til vêrs, så var der ein liten dal att, og ei skogli i sol – så garar og hus langt bortanfor der, heilt ut i mot himmel-leite, der synte det seg til med ei kirke.

– Nei Norig er eit stort land, sa ho. Og vakkert, for dem som liker det.

– Det er mange som liker det, sa Ragnhild.

Hesten dilta og lest som han sprang. Kjerrehjula gnaura i grusvegen, skyssguten sat og kaldblistra inn i millom at han smatta på hesten. Der var ei hjelp i det eine som det andre.

– Ja no er eg her, brast det ut av Tale, best dei sat og tagde. – Eg ser det der ja, smålo Ragnhild. For det første, sa Tale, sa blir eg med deg heim. – Ja vi kan kalle det så, Ragnhild lo som før. Tale sukka. Men ho hørte sjøl kor sorgsamt det let, og strauk det ut att med gapfliren sin heimafrå: – Du hadde vist ikkje venta slikt kalvsprang av meg?

107Ragnhild tagde litt. Snur seg så mot henne og seier høgt og lyst:

– Fortel meg like snart med ein gong kva som står på.

– Ja eg skal det, Ragnhild. Eg skal det. Eg vil ha deg med heim!

– Ja men no er det eg som har Dykk med heim.

Tale tagde, men ho sukka ikkje. Ragnhild angra orda sine. Ho angra at ho var som ho var. Slik måtte vel ein allvitande Vårherre ha det, når han angra på at han hadde skapt menneske.

*

Ragnhild fortalde frua på garen at her kom ho med værmor si, og spurte om ho fekk ha henne her nokre dagar. Ho snakka berrmælt og rolig, så det fór gjenom Tale. Slik såg ho på henne òg, godt og greit, mest som før i live, men det var ei Ragnhild ho ikkje hadde visst om. Meir og meir kjente ho seg nedfor, hjartans trøytt og motlaus.

Om kvelden var ho med i fjøse. Ragnhild synte fram kyrne. Der var 16 av dem, og oksar og kalvar, og dér hang tavla til kvar kua, med namn og tal og anna rart. Ragnhild hadde ei unggjente til hjelp.

At ho kunde tala om slikt no. Tale torde ikkje ein gong undre seg.

Etter kveldstid stod dei ute ei stund. Bygda hadde vorte blundande still. Sola slo opp auga mot dem, over åsranda langt uti lande, såg dem og glømte dem. Litt etter var ho borte, Sia vart 108himmelen til ein bleik smil; – slik måtte vel eit menneske smile som har funne fred. Ikkje lang stunda etter var han òg borte. Det var så underlig her, han let seg att; han sette ut stjernene for natta, og så var han borte.

Der var sett inn ei seng til på kammerse åt Ragnhild, dei skulde sova i breidd. Tale fortalde eitt og anna heimafrå, med ho tusla seg til ro. Men kva mon var det i å fortele, når Ragnhild ikkje var til stades og hørte på. Noko liknande kjente Ragnhild: Så langt borte var ho frå alt det der. Tale sat og flytta seg i senga. Endelig nemnte ho Hallvard: – Han søv no, sa ho. Ragnhild såg på klokka og undrast eit grand: – Søv han no alt?

– Men det blir ikkje folk av han! Tale hadde gråten i måle da ho sa det. Det blir varg av han! Ragnhild var nær på å seie at det får stå i Skaparen si hand, men ho hadde ei minning frå før om at slikt sa dei ikkje.

Tale låg og tagde. Der etter kviskra ho kveldbønna si. For Ragnhild var det som ho vakna av ein lang og vond draum og fann seg att i ein som var verre. Ho syntes ho levde i den tida da ho hørte kveldbønna til Tale første gongen.

Dagen etter gjekk Tale på Ragnhild med all si makt. Ho snakka både om Hallvard og Håkon, om kor gale det var og kor gale det kunde bli.

Ragnhild hadde teke henne med seg og synte henne hagen. Men hagen var ikkje til for Tale. 109Da sa Ragnhild det, slik det var: At ho var død og borte frå all ting der nord.

– Ja eg veit det. Men du skal stå opp att! bad Tale. Munnen hakka som ho fraus, og fingrane klemte kvarandre i eitt vekk.

Ragnhild tok handa hennes, stod og heldt henne ei god stund. – Eg kan ikkje det eg ikkje kan, sa ho.

Der etter gjekk ho inn. Tale sat på ein benk i hagen. – Og her blir eg sittande òg, mumla ho. Trekronene stod høgt oppe i solskine over henne, ho syntes tida gjekk i syngande solskin der oppe, og sjøl vart ho sittande att.

Ragnhild kom og fortalde at ho hadde bedt seg fri nokre dagar, ho fekk leie menneske i staden sin; – så blir eg med Dykk på vegen eit stykke når De fer, sa ho. Det kan eg gjera.

Det tok tid før Tale kom seg så vidt at ho kunde seie noko. Det første ho sa var at – da renner vi lukt sør til hovudstaden først. Vi gjer det, sa ho, lat meg få sjå han!

– Gjerne for meg, svara Ragnhild og smilte.

– Ja for no synes eg det er gale like vel, og heime får det –

– får det stå i Guds hand ja, tok Ragnhild i. Ja da, det får det. Så fer vi i morgo da.

– I morgo den dag ja! Og med seg sjøl sa Tale, at kor det så går, så må eg få henne til å snakke, til å tie, meiner eg, til å vera Ragnhild att.

Men frå Ragnhild kom det med ein liten lått:

110– Er det tukthuse mitt De vil sjå?

Tale sokk i hop. Så lo ho i rådløysa si:

– Trur du ikkje ho gissa på det! No sitt du her no, Tale, med slugheita di. – Å ja skit, du sat no ikkje så rart før heller, alltid. Og så ber det da i veg med oss, det kjenner eg.

Næste dag sa Tale at ho var ikkje godtil å tenke på hovudstaden eller noko anna slag hefte, ho åtte ikkje ro i seg før ho var heime.

Og du blir med meg, sa ho. Eg tør knapt tru det, enda så sant det er.

Ragnhild smilte, men ho svara ikkje. Dei kjørte til stasjonen og tok toge nordover.

– No fer dei i veg med oss! sa Tale da toge hadde komme seg i gang. Berre vi no kjem tids nok!

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ragnhild

Ragnhild (1931) handler om soning og forsoning. Romanen er andre bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Ragnhild soner drapet på svigerfaren Didrik. Mannen hennes, Håkon, vil ikke ha noe med henne å gjøre og da hun kommer ut av fengsel reiser hun ikke hjem til Stavsund. Moren til Håkon, Tale, er bekymret for hvordan Håkon og sønnesønnen skal klare seg uten Ragnhild og bestemmer seg for å hente Ragnhild hjem. På veien dør Tale. Ragnhild drar tilbake til Stavsund for å være med i begravelsen og det blir starten på forsoning og nytt samarbeid.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1931 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.