Ragnhild

av Olav Duun

V

145På sjukehuse kunde dei fortele Håkon, at bror hans hadde nyst gått der i frå i lag med den dama som følgde mor hans hit. – Var han her verkelig? sa han. Han merka på dem at han såg ut som eit barn, det gjorde ikkje det grand, for enno var Johannes her i byen. Han sansar seg så pass at han snur i døra og spør etter like. Nei, han vilde ikkje sjå det, men det skulde vel sendast, korles var det med det? – Ja ha, i ettermiddag klokka 5 skulde det førast ned på dampskipsbrygga. – Ja visst, ja visst, det har ‘n Johannes bror min ordna med, båten går i morgotidlig!

Der stod han og snakka i gleda til frammandt folk. Johannes var gjerne meint på å bli med kista heilt heim?

Men ute på gata snudde det seg om for han: Kor budde Johannes? Enn om han fór no i denne stunda, – om han alt hadde fare sin veg? Det hadde han, vera uredd for det. Sjå han i auga, så ser du det: dei er på floge frå deg, dei ligg i farten mot ulykka, men veit dei om henne? Visst ikkje, da er det dumheita det tirar i. Slik kjem 146live og gir ein gåvar. Det hadde gitt han denne broren, og orda var sagt, at «du er din brors vokter!»

På kontore åt amerikabåtane hadde dei ikkje seld billett til nokon med det namne. Noko tog sørover eller til utlande hadde der ikkje gått dei siste timane og kom ikkje til å gå før i kveld. Han tok for seg alle bryggene, og spurte om der låg skip som skulde til utlande med det første, forhørte seg til han var viss på at Johannes hadde ikkje rømt enno. Men at kroppen ikkje var å sjå? Ingenting rart i det, men det var som eit tegn.

Han går i gatene og talar med han: – Lat gå med at eg aldri får sjå deg meir, men eg tykte du burde komma i hug. – – Du kan gjera meg ærelaus, eg skal gladelig vanære meg sjøl, når eg berre bergar det som er æra for meg. Og det er den litle tingen, at folk – – at i alle fall ‘n Periander held meg for den eg er. I natt som var, da sa eg farvel til alt i hop så nær som deg. Men det gir vel du develen i. Eg er redd eg blir hardhendt med deg når eg finn deg. Kva trur du folk seier? Både om deg og om meg ja, når dei får tak i det som har hendt?

To gonger var han nede ved storbåten han kom med. Paul sov, og den andre var ikkje å sjå. Ingen Johannes der nei. Nei nei. Men den dama dei tala om på sjukehuse, det er Ragnhild det, kjem han i hug. Ho hadde gått i lag med Johannes. I kveld klokka 5 skal han møte henne. For ho følger like, det er visst nok. Underlig å tenke 147på at han skal møte henne. Men, for resten: Dei er to frammande menneske som møtes og helsar og går kvar sin veg. Men kanskje ho får Johannes på andre tankar? Og ned på brygga må han da komma han òg?

Han går i den vona, da han går seg på han oppi gata. Johannes kjem beint i mot han, så levande han kan bli, andlete og heile mannen er han. Der stod dei.

– He? seier Johannes. – Kan du fortele meg: er det du, eller er det ikkje?

– Det er eg ja, forsikra Håkon.

– Ja men visste du ho var her da? Ho Ragnhild, meiner eg? Ja eg kan helse deg, men –

– Takk, men sei meg ein ting no straks.

Han vilde seie: Tenker du å rømme i frå alt i hop, er du så ærelaus? Men det vil ikkje til for han. Han seier, med auga ned mot gatesteinen:

– Vil du verkelig fara i frå meg no da?

Johannes blir nokolite flat i andlete. Men litt etter ler han: – Er du på spore?

– Det kom for meg at du tenkte på einkvart.

– Du var sanndrømt den gongen. Elles da så såg du det visst du som eg. At eg måtte bort no. Det såg du, om du er aldri så heimgjort. Her var eitt å gjera.

– Tullsnakk! Du blir heime og ber deg åt som eit menneske, i mot oss alle samen. Det varskuer eg deg om. Ja du er da ikkje kleinare kar?

Han sa same orda fleire gonger. Somtid truga 148dei, og somtid tagg dei. Det var ei vond stund. Johannes såg ut i vêre først, han iddest ikkje høre etter. Sia såg han på broren og flirte godslig. Han hadde alt fare sin veg.

Johannes seier best han står: – Du snakkar om a Borgny du. Du må da vel skjønna og sjå at det var for hennes skyld –

Og Håkon ser det: Johannes er ikkje mann for å møte auga hennes, ikkje hennes nei, om han så tråssar all verda. Ho har set han, og det tåler han ikkje. Men han skal tåle det!

Håkon veit seg inga råd, han kaldflirer: Er du for liten til å møte henne? Eg skal seie deg eitt eg, at det kvinnfolkmenneske du skal ha, det må du ta og temme, for elles blir du temt sjøl, du blir jaga og hivd og spytta etter, – ho skal sjå opp på deg!

– Det seier du? gliste Johannes.

Nei, det var så det. Håkon fekk aldri Ragnhild til å sjå opp på seg, han står her i svarte bygata og snakkar tøv til bror sin. – Men lat oss ikkje bli ståande her, sa han.

Johannes flytta seg ikkje. Håkon stod og venta.

– No er det eg som vil spøre deg, sa Johannes. Det kom uventande stilt og ålvorsamt. Eg vil få spøre deg om ein ting ja. Trur du det, Håkon, at eg kom heim og vilde deg vondt? Trur du eg vil deg vondt no? At eg er like glad med korles du har det?

Håkon hadde ikkje drømt om at Johannes 149kunde seie slike ord. Johannes vart enda meir ålvorsam, og stirde tvert ned. Skuggar og solskin jaga einannan bortgjenom gata, gråe skyflokar og blå himmel fór i same jage over hustaka, Håkon visste ikkje anna å gjera enn å sjå på det. Folk skyndte seg hit og dit, kjørte eller gjekk, erend hadde dei, og hasta gjorde det.

Johannes ser opp, kremtar og ser ut i vêre han òg. Han har visst glømt det han spurte om.

Men Håkon ser det, endelig ein gong, at Johannes står der og meiner det vel for han, har gått der heime og meint det same, – det var deg eg tenkte på da eg fór heimafrå, stod han liksom og sa. Slik var det ja. Slik hadde det vore all tida. Johannes blistra ein stubb, og såg etter eit hushøgt lass med ølflasker. – Det finns hestar her i lande òg, sa han. Sjå på dem der, gut!

Han hadde meint det godt og dumt for bror sin heile tida, og best no da han kara seg unda vegen. Han hadde kanskje venta at broren ansa på det.

– Vi kan ikkje bli ståande her, sa Håkon, – eg veit da vel for fanken at du vil ikkje folk vondt, he! Men det var det, ser du –

Og så gjekk dei. Først var dei ned ein staden og fekk seg kaffe, det hører til når ein møtest i byen, og sia gjekk dei dit Johannes hadde losjie sitt. Heile tida snakka dei rundt om kring det dei skulde ha snakka om. Det vart Håkon som først tok seg på tak.

150Du tenker deg til Amerika no da? spurte han.

– Nei det får bli Australia den her gongen.

– Ja ja; kvifor ikkje.

Johannes tagde og tenkte. – Men du veit, sa han best det var, – eg reiser ikkje. Ikkje no nei. Eg snur her og blir med deg heim.

Håkon undrast at han ikkje vart glad. Han vart ikkje det minste glad.

– Eg kom for resten til å tenke på det da eg snakka med a Ragnhild, heldt Johannes fram. Eg sa meg, da eg såg på henne, at det var urett å rømme, om ‘n bror min ønska det aldri så mykje, – om det var aldri så bra for han, meiner eg.

Slik hadde Johannes meint det beste same kor han fór, jamvel for far sin den gongen han rømte frå han. Men Håkon veit urikkelig visst, at dette kan han ikkje ta i mot av han. Nei, det blir jamgodt med å leie han til slaktarbenken. Og ingen har glede av det!

– Ho Ellida skal du ikkje bry deg om å tenke på, sa han.

Johannes stirde tomt på han, eit grand langkjaka, Håkon vart nøydd til å smile.

– Nei, for henne tek eg på meg. Eg kan vera far til barne hennes. Det blir da i slekta, ikkje sant? Ja eg ler, men det er like ålvorlig meint for det.

– Du må sjå til å få deg litt sømn no, formana Johannes. Ditt barn der du er!

Håkon tenkte på, at for ein times tid sia, da 151var det live og all verda for han å få Johannes med seg heim. Slik balar ein og plagar seg. Det skal ikkje ansles vera. Johannes må reise, han syntes det stod nokon bakom han og vilde det sterkare enn han sjøl.

Javisst meinte han det han sa, han skulde gjerne gifte seg med Ellida om det trongs; så pass fekk han da meine og litt til. Han var fri mann no, etter mora var død.

Ho var borte ho ja. Ho fór av stad og leita opp Ragnhild, det vart det siste. Velmeint og dumt som mest alt vi gjer. Ragnhild skulde han møtast med i kveld. Så var da det gjort. Det skulde vel hende ein gong.

Johannes seier, oppetter veggen likesom:

– Ja ja, så har eg da ikkje rømt. Ellida og eg, vi baskar oss alltid framgjenom live i lag. Og du er edel mann, du har bydd deg til å frelse meg frå henne. Storfint, dei prekar ikkje finare i kirka ein høgtidsdag.

Håkon sat og såg på han ei lang stund før han svara.

– Vi tenker og vi tullar, sa han. I natt som var, da fór eg som ein vettlausing, eg fór i frå både meg sjøl og anna folk, eg skulde hit og hente deg heim. Ja da. Og no ser eg det burde vore ugjort. Nei ikkje ugjort, men det var dumt, dumt, rettelig ei menneskeferd!

Han reiste seg og gjekk bort til vindauge, stod der litt, og kom att.

152Det var ein lystig fart like vel. Eg kjenner meg helse for litt av kvart i dag. Og så får eg da seie farvel med deg på skikkelig vis.

– Så? Det trur du.

– Ja. For du rømmer ikkje, du reiser. Tenk på det til vi møtes nedpå brygga.

Han gjekk, vilde ut og få seg mat og kanskje sova ein stubb. I alle fall vilde han vera åleine. Han tenkte litt på at no hadde han mist Johannes like vel, men ikkje så reint bort i natta som det såg ut til frå først av. Bror sin ja, og mor si; det var no så, san. Dei var borte.

*

Håkon sov litt for lenge, og der til vart han hefta med ein rangvis krageknapp, – og kragelaus kunde han ikkje sette i veg denne gongen? Nei. Så vart det ikkje tid til å møte opp på sjukehuse, han nådde så vidt ned til brygga da dei andre kom dit.

Ragnhild var ikkje stort ansles enn han kom i hug henne. Og det var da hyggelig å sjå. Han handhelsa på henne, og sa nokre ord som til skulde. Ho fortalde litt om mor hans, frå det siste. Så var det overstått. Og så var dei ferdig der nede og gav seg til å gå.

Johannes var stillvoren han òg. Dei var i likferd, det var vel det; han òg hadde mist mor si. Men han kunde gjerne ha snakka no.

Da gjorde Paul det. Han hadde møtt opp ja, og rett som han gjekk så snakka han med Ragnhild, 153og ho med han. Mange orda var det ikkje, og Ragnhild var langt borte, kunde ein høre, men ho var da til, den stunda. No takka ho Paul for at han såg til henne i fengsle. Høgt og likesælt sa ho det, som ein nemner kvennhuse eller krambua.

Men Håkon fraus da orde vart nemnt, hardare i kroppen var han ikkje nei, og så var det denne høge, halvdøde klangen i måle hennes, den tykte han at han ikkje vilde høre meir av. Same mjuke røsta som før, men kor kom ho i frå?

Kveldsola skjein over dem, og vinden hadde spakna, og da dei nådde opp i gatene, stana dei og stod litt. Da fann Johannes på kva dei skulde gjera. Dei måtte inn ein staden og få seg ettermiddags-kaffe, billigare kunde dei umulig komma i frå kvarandre. Paul sa nei takk, og baud farvel, han handtokst både med Ragnhild og Johannes.

Håkon såg at Ragnhild var like bein som før, og like fin i hud og hamlet. Auga var levande dei òg, på lag som før ja, milde og levande. Ja. Og like vel minner ho om eit dødt menneske. Og enno har ho ikkje spurt etter Hallvard.

Dei fann ein trivelig kafé. Eitt og anna å tala om fann dei òg.

Ragnhild såg på dei to brørne. Håkon er litt eldre og meir vêrsliten enn sist ho såg han. Og fastare i blikke. Han har røynt ymse ting, han har fått far sin ihelslegen, har vore gift med ein straff-fange, har vore bort i andre ting ventelig, ja og så har han ein morlaus gutunge å syte for. 154Det er ja, seier folk der nord. Ein kan vel seie det har vorte mann av han no. Mor hans nemnte det visst.

Ho smiler umerkande da ho rettar han fløytemugga: Blode på hendene hennes, kom han ihug det enno? Kanskje han torde ikkje det? Nei, det var gjerne det klokaste, for han.

Der sitt Johannes. Det er nauvt ho minns han frå før. Der er slikt eit hardbale andlet på han, og enda så er der glede i han. Eit einfelt menneske, slik menneske skal vera, visst; god og grei som sol og vind; han gjer galne ting og går ved det, bed om tilgiving og gjer det same oppatt. Ein elskelig tullvalle, vilde ho kalle han. Ein slik ein som gjentene gjerne vil gifte seg med. Ingen ting av det som har hendt han syner i andlete hans, han er som fjorden. Ikkje rart at Håkon kom her eins erend og vilde ha han heim att, – det fortalde Johannes sjøl her i sta, det hørtes som han snakka tålig sant òg.

Han snudde seg mot henne best dei sat, og tok til ords: – Du Ragnhild? Veit du at vi blir i lag sørover i morgo-tidlig? Jau da, han Håkon bed meg ta raske mitt og rømme land og rike, slik har eg stelt meg, forteler han. Så det får eg gjera; eg tek toge eg òg ja.

Javisst reiser han, tenkte Håkon. Han ser Ragnhild klipper litt med auga og løftar på brunene, ho må ha tid før ho hører kva folk seier. Ho trur vel Johannes gjøner no. Han må ha fortalt henne 155ikkje så lite om tilstande der heime. Ho seier ikkje noko.

Ingen sa noko på ei lang stund.

Håkon arbeidde seg ut av ei heil herve med uklåre tankar. Da sa han: – Det er merkelig at vi veit så lite. Vi veit ikkje ein gong kva vi kjem til å gjera i morgo. I det same spurte han seg kvifor han sa dette. – All verda over er der folk som grundar på kvifor det og det skjer. Det ser ikkje ut til at dei kan fortele oss det.

Johannes kom til å høre det som vart sagt, og sette i og lo: – Er dei så dumme at dei grundar over slikt? Har dei så god tid?

–Vi burde vita det, sa Håkon. Elles er vi da ikkje menneske.

Johannes lo godt med seg sjøl, og såg blankt frå den eine til den andre.

– Skal vi vita det? Nei så gu’! Det er just det vi ikkje skal; det er det som er å vera menneske. Han tenkte litt, og vart bort i mot ålvorsam.

– I morgo fer eg sørover, og du nord. Det skal du ikkje hefte deg med å tenke på. Kanskje ho Ragnhild blir med deg?

Han såg på henne. Ho hadde set på han og hørt etter, men ho måtte samle seg når ho skulde møte auga hans og svara. Det vart berre til at ho blunka kringt nokre gonger.

Han må da få lov å snakke, tenkte ho. Han seier det så rett fram, så truhjarta, visst?

Håkon syntes der var ein slektskap millom 156henne og Johannes. Dei kunde så gjerne slå lag, den eine gjorde ikkje den andre vondt. I lag med han hadde dei ikkje noko å gjera. Nei. – Nei nei, tenkte han. Men har eg mist dem båe to da? Er eg så åleine?

Ragnhild og Johannes snakka samen. Han fortalde heimafrå, kor bakvendt og gale han hadde stelt seg. Ho sat og vakna og hørte etter. Ho måtte undrast, at noko frå den tida kunde ta tanken hennes, noko der i frå. Men det er ikkje frå den tida dette, Johannes er berre Johannes, han er utanfor både tida og staden. Han veit ingen ting nei, om kvifor det eller det hender han, der fer berre ei undring i han somtid; så får broren gruvle over det. Johannes det barne: Han manar og svær at ho skal bli med Håkon nordover, så dum er han!

Ho seier det berrmælt og rolig, med ein smil: – Du er ikkje redd å snakke tøv, du, Johannes. Nei det blir du og eg som reiser i lag. Så langt det varar. Visst du tør reise i lag med meg da?

Båe brørne kvakk litt, kunde ho merke. Dei var ikkje sterke for ord.

– Du burde elles ikkje ha teke Ellida frå bror din, sa ho og smilte att. Eg trudde i alle fall ein gong, men det er lenge sia, at ho vart den rettaste for han.

Orda hennes fekk det til å krype litt i dem no òg, såg ho. Håkon vart grå i kjakane.

– Ja, sa ho og såg ned på hendene sine. De lyt tåle at folk snakkar. De må venne dykk til å 157snakke sjøl òg, der er helsebot i det. Men det er kanskje ansles for dykk som driv på og lever.

Johannes såg stort og lykkelig på henne. Håkon vart nåmen, han kom i hug noko ho sa til han ein gong. «At eg ser ned på deg, det ber du ikkje», spådde ho.

– Berre snakk ut du, sa han. For resten burde du vera med mor så langt som du lovte henne. Til byen der heime, var det ikkje så? Du var no den ho tenkte på og –

Med han sa dette, sprang der noko opp i han og isa mot sjølve hjarte, gamle kistelagde angsten var der: Enno veit du ikkje kor einsam du er! Nå-å, det visste han litt om, men den dag og den sorg, ho og Johannes skal ikkje fara i lag sørover, det er ulovlig. Men kvifor spør ho ikkje om nokon ting heimafrå, ikkje om sitt eige barn ein gong. Har ho gitt i frå seg både mål og minne?

Ikkje lenge etter snudde ho seg til han og spurte: – Korles står det til med gutungen din, han er vel stor no?

Ho visste at orde din vilde ta borti han. Det var meininga òg: han burde vita at ho hadde flytta over i eit anna liv. Han hørte vel ho sa dette utan ei rørsle innvendig? Det var synd ja, mot naturen og ånden og kva dei vilde ha det til. Men det var ikkje hennes synd.

Håkon fresta å få til ein smil. Ein kunde sjå han hadde ikkje havt det berre godt heller. Han såg på broren, som all snarast var det, men hjartans 158skjemt og rådlaus. Ho hiver oss i frå seg båe to, vilde han ha sagt. – Ho hiver Hallvard same vegen.

Her var det ikkje godt å vera nei, det kunde dei vitne alle tre. Johannes var ikkje den som braut med pengar når han var i byen, det var ikkje der dei skulde brukast. Han hadde reist halve jorda rundt som både fant og hund og komme heim med sedlar. Men no visste han ikkje rettare, han slo seg på knea og avgjorde det, og reiste seg med det same:

No gjekk dei og fann seg eit finvore matrom, der og der var det, og så heldt dei som ein liten gravølsmiddag. Det måtte til, det skjønna dei vel? Ein mon for dyrt var der, og i finaste lage, for han, men like vel! – Sia kjem det andre dagar, la han til. Dei andre to tagde og kom.

Sia ja, tenkte Håkon. Sia har dei fare i frå meg alle samen. Hallvard fer han òg, lenge før eg får snakke med han, før vi kjenner einannan.

*

Dei vart sittande langt frå andre, der var så lite folk i kveld. Johannes snakka om Australia og ferda dit, og når han ikkje sa meir, spurte dei andre. Han kjente meir til lande og til live der enn nokon skulde tru. Det var perlefiske han vilde freste, men han vilde drive sjøl, og først måtte han tene kapitalen, med graving og annan trældom, han kjente folk der som skulde skaffe han arbeid.

159Det gjekk lognt og fint for seg i romme. Små flokkar av folk her og der, folk som var ute i fest, måtte ein tru. Det var vonoms vakrare med blommar på borda og med musikk og vin til maten. Maten var for fin for dei to karane, dei visste ikkje kva dei åt; men dei måtte gå ved det var godt. Ein kunde ikkje bedre sitte ein times tid.

Ragnhild sveiv lenger bort frå dem etter kvart. Dei var ikkje til for henne, om ho så snakka med dem. Enno har ho ikkje set på meg ein einaste gong, tenkte Håkon. Nei nei; så har ho da i alle fall ikkje set ned på meg.

Det vart så dei tok ei flaske vin etter maten òg, – kvelden var slik, let Johannes. Når eg skal seie mitt inste ord, så er dette ein lagnaskveld, fortalde han. Knapt nok at han visste kva det orde sa, men Håkon kjente der var sanning i det.

Ragnhild sat der lysdæmd og still. Dei hadde ikkje set menneske så rolig i blikke, men kva såg ho for slag? Johannes såg på henne tak for tak, kremta og vilde ha sagt einkvart. Da vendte ho auga mot han, og så smilte ho. Ho smilte visst til Håkon òg. Johannes var ikkje lik seg i måle, da han endelig fekk ord for seg.

– Eg vil seie ein ting, sa han. Eg vil seie dykk farvel her. Noko anna veit eg ikkje som høver å seie i kveld. Du, Ragnhild, blir med a mor nordover, som sagt.

Enno ein gong drog ho på smilen. Dei ser på henne og ventar.

160Ja, svara ho. Eg skal halde det eg har lovt henne. Eg skylder henne det og meir til. Ho er den einaste, sa ho lågt og såg ned, dei syntes sjå ho var bleikare enn vanlig. – Ho er einaste bande millom verda og meg, manna ho seg opp og sa, og da såg ho fullt og frimodig på dem båe to. Enda finn eg vegen att-ende til mi eiga verd.

Musikken sette inn med full makt. Håkon tykte det var som eit amen til orda hennes.

Johannes vilde skille seg ved dem utom døra, dei burde vera fri han no.

– Nei, vi lyt følge dama til dørs lel, meinte Håkon, det gjer vi da utpå gråaste lande òg, ikkje sant?

Jau jau, det var da sant, på ein måte.

Er han redd å bli åleine med meg? kom det for Ragnhild.

Han var det, og han tilstod det blankt verjelaust for seg sjøl.

Da dei hadde sagt godnatt til henne utanfor hotelle, gjekk dei i lag nedetter gata. Den eine skulde rømme lande for levetida, den andre skulde nordetter og heim i lag med eit dødt menneske og enda eitt. Dei trong ikkje fortele einannan det. Trong ikkje fortele einannan nokon ting.

Like vel sa Johannes: – Eg undres ikkje på deg. At du ikkje er nokon storbror når ho er til stades. Nei henne våga eg meg ikkje til å fri åt, det stoppa det. Hå ja ja san. Det er mangt i 161verda, seier folk. Men ta det ikkje så pinhardt, kar, ta live meir på langs!

Håkon gjekk litt. Så sa han like sælt: – Har du pengar så du kjem dit du skal?

– Ja gruv ikkje for det. Og dei skal bli betalt att, gruv ikkje for det heller.

Det var sovande natta all gata bortgjenom. Det er stilt millom steinveggene i gata nattens tid, som ein skulde vera millom fjella uti villmarka når det er natta der. Himmelen syntes både svart og blå ovanom lyktelyse. Karane tagde og gjekk.

Dei kom dit Johannes budde. Dei sa eit stutt og sterkt farvel og takk for denne gongen.

– Hels a Borgny! slengte Johannes etter broren. Eg har sendt henne ringen her i frå. Ho slapp billig ho, lo han.

Det var det, ventelig, at no måtte han til å vera Johannes att.

– Jaha, svara Håkon, det skal bli gjort.

Han var da i jamhøgd med bror sin enda. Han hadde til med ei von om at han fekk sova når han la seg, – og det er ein stor ting å ha vona om einkvart, snakka han med seg sjøl.

*

Ragnhild hadde ikkje den vona. Ho trong det ikkje og tenkte ikkje på det. Sømn og von og dei ting, det får komma når det kjem. Ho sov for resten bra når det bar til, og vakna i rett tid. – Ja ja, sa ho da ho morgonstelte seg, eg lyt vel 162ta denne kista og fara nordetter eg da. Enda har eg da så mange skillingane at eg kjem meg sørover att. Det var gjerne noko i det dei sa i gårkveld, at ho Tale vilde undrast, om ho visste eg snudde her.

Det var ein godvêrsmorgon, sol og vind og blåe fjell. Og der var fjorden ja. Så blå og så brei var han. Jamenn var det gildt å sjå att sjøen. Å kjenne at der finns noko ein hører i hop med. Og no stod ho på eit dekk, hadde vatne under føtene, – det flyt under deg! sa ho; verre ku er du da ikkje enn at du kjenner det, kjenn!

Håkon kom om bord ei stund etter henne. Han såg vantruen i kring seg og leita, så får han auga på henne og ser enda meir vantruen ut. Og glad ja, det fór ei flage med glede eller slikt over andlete hans; det var visst knapt han trudde seg til å komma bortåt henne. Lever han i det gamle da? måtte ho spøre seg. Er eg eit levande menneske for han? Ho såg det og likte seg lite.

Han helsa, og sa nokre ord om vêre. Sia spurte han om ho såg sjøen der ho budde. – Nei, det var lenge sia ho såg sjøen no. – Men ho sakna han vel?

Ho tok seg på tak, og lo litt og sa: – Neimenn om eg gjer. Eg har vent meg av med slikt. Sjøen er sjøen, eg ser da det. Men stort meir enn saltvatn er det no ikkje da. Nei eg har slutta med å sakne noko, for lenge sia.

Båten la frå land og tok vegen ut fjorden. 163Dekke vart enno meir levande under dem. Håkon tala om eitt eller anna. Da seier ho midt inn i orda hans:

– Er det nokon med om bord her som kjenner deg? Ja og som kjenner meg, meiner eg?

– Det skil da ikkje oss? mumla han.

– Nei ikkje meg.

Han leid vondt ved dei orda, såg ho. Han vart ståande og sjå på henne og vilde seie noko. Men ho gav seg til og snakka om konene frampå dekke, kor lik seg dei var, kor tydelig ein kunde sjå dei kom frå byferd; – slik var dei ja, sa ho.

– Du kan gjerne halde meg for ein umannsling, fekk han endelig til. Eg veit at eg –

Ho hørte ikkje på han. Det var noko utrulig gammalt han vasa i. Båten gjekk og gjekk. Lande attanfor dem skapte seg om smått i senn, byen var snart usynlig i morgonsola, berre ein flekk med røyk. Nye fjell og nye strender kom i møte med dem fort vekk. Landvindsbåra gjekk og mota seg i solskine, blenk i blenk.

Håkon tagde, han venta visst svar. Var det umulig for han å skjønna, tru, at ho ikkje åtte nokon ting å svara han.

No har eg ikkje fare her sia sist, sa ho.

Der gjekk ein kaldgust over andlete hans. Det sløktes og vart berre armodsdommen.

Båten pløyde vatne stridt og jamt, la fjord og land attanfor seg som det var levedagar.

Håkon dreiv forut og stod, gav seg i snakk med 164einkvan. Han visste ikkje om han torde snakke til Ragnhild meir.

Ragnhild glømte han og hadde det tålig. Ho tykte ho song det for seg sjøl: – Det er festlig å fara fjorden, ein dag som i dag. Det er vakkert å vera på vatne. Tale sov i kista si. Det var som ei helg å tenke på. Men det hastar ikkje med den sømnen, ein kan ha det rimelig med ein ventar.

Men no vart ho lenge borte frå kyrne, kom ho i hug.

Båten gjekk. Der kom nye stader, nytt land. Og sola skjein, og skyene gjekk, over steinstrender og myrland, ja og så over alle dei snaue haugane. Alt i verda er så vakkert som ein tykkjer det er.

Håkon kom og snakka med henne gong og annan. Men han sa ikkje noko. Dei åt middag atterut, han var stri på at det måtte til. – Den her gongen, sa han. Han hadde løyst billett for dem båe to, på førsteplass. Billett hadde ho ikkje tenkt på før han nemnte det.

Der vart brattberg og svartfjell der dei fór, og svartblanke sund. Bratte små grasflekker synte seg, og hus og heim på dem, på eit vis. Låghalte hus stod frammed bakken og kvilte seg, dei hadde komme hinkande dit. Så langt kom dei, san: Live var ein veg! – Det er det ja, Ragnhild smilte til dem og tenkte ikkje meir på dem.

– Ja no gjer han seg fin, sjøen, sa Håkon.

Ja. Der var stilla og sol nordetter leia, og i alle dei krærne der båten kraup inn og ut. Ragnhild 165mintes gamle, gamle dagar, frå det ho kalla før: Slik ein dag med sol, så overvettes som det skjein! Ein meinte ein såg strålane gjekk ned til havsens botn. Himmelen gav frå seg alt det lys han åtte og meir til, stadig meir, ein såg fjorden som ei himmeldypt med solskin. Det grigla i sølv all sjøen utover, og einast ho såg det.

Hendte der ein noko meir ein slik dag tru? Å jau. Ein gong hendte det, da ho og ein smågut stod ved stranda: Skjære var så nær dem, dei såg det var ikkje svart, det var grønt og sleipt. Og midt oppå det sat der ein måse. Han skjekte eine vengen; så stod han på ein fot, så stod han på to; der skjeit han – der flaug han! Han stemna beint til Englands. Der med flaug dei òg, heile kvite sandstranda frammed. Og enda var verda grå nok for ein, stund og anna.

Ho vektes ved måle til Håkon: – Du blir med meg heim no, Ragnhild.

Han var tett bakom henne, men han sa det så lågt, ho visste ikkje om det var sagt eller berre tenkt. Ho snur seg, og da ser ho han meiner og seier det med heile seg. Ho såg det med opne auga, stod still og la merke til det. Eit ørlite grøss kom og rørte ved henne. Da såg ho vekk, på måsen som stod i lufta over kjølvatne deira; ho såg nyst ein kjeld på ein stein uti sjøen, fuglen hennes frå smågjentedagane; den òg hadde ho glømt.

Håkon såg at det var henne han hadde mist.

166Slik og ikkje ansles var det. Om Johannes var her, og alle dei andre han brydde seg om, han var like åleine for det.

Folk slo seg ned på benk eller stol bortetter dekke og drakk kaffe, i blanke ettermiddagssola. – Ja ja, det fekk dei òg gjera, tok han seg mot for og sa. Så gjorde dei det.

Sia kjørte dei i møte med vinden. Han kjølte frå nordvest, men han var ikkje stri på det i dag, have vilde berre minne om at det var til. Dei stod ved rekka i gjen. Ragnhild hadde av desse nymotens klæa som ikkje var kjole og ikkje kåpe, dei kalla det drakt. Han henta regnkåpa hennes, eit blått gummiplagg som han fresta å henge i kring henne; – det må bli rom for mykjen kulde her inni, let han.

– Takk! sa ho. Men det vil eg fortele deg som det er, Håkon. Når du ikkje veit det sjøl. Der er sju vonde draumar frå meg og fram dit du er. Eg kan ikkje vakne utor ein einaste ein av dem. Eg kjem der aldri.

Håkon var ikkje ulik ein sjøsjuk ein. Det kom for han at han vart mindre og mindre etter kvart som orda hennes sokk ned i han. Enda han hadde visst dette heile tida. Ho stod og såg bortover sjøen. Ho som var hans ein gong.

– At du ikkje skjønnar nokon ting da! sukka ho.

Han fresta å smile, det måtte han vel vera mann til.

– Du skal ikkje høre på meg, sa han. Same 167kva eg kjem til å seie. Så mykje skjønnar eg i alle fall.

Ho kunde mest ha takka han for det han var så pass til mann. Men ho sa det ho måtte seie:

– Eg hadde aldri gått om bord, hadde eg visst dette.

– Nei. Kanskje eg ikkje hadde bedt deg om det heller, hadde eg visst det.

– Du skulde komma i hug blodfingrane mine. Ja sjå der, no var det som eg rente kniven i deg. Der ser du.

– Ja at du kan snakke slik!

– Ja, smilte ho. Men eg vilde berre hjelpe deg litt.

– Det var eit liv verdt, om du berre kom heim og var der. Men hør ikkje på meg.

– Det gjer eg heller ikkje.

– He! lo han og snudde seg frå henne, eg visste ikkje du var til, da eg fór sørover. Men kanskje det var det eg visste? Kanskje eg hadde visst det lenge? Det går rundt for meg. Ja ja ja, bedre aldri enn for seint, sa guten.

Sola gjekk i raudgråe nordavindsskyer. Ein tykte ein var kommen langt nord.

Etter kveldsmaten gjekk dei kvar for seg på dekke. Håkon snakka litt med nokre av dem som budde forut, han hørte til i millom dem. Dei hørte til på hans side, vilde han heller kalle det. Over til henne var der ingen veg. Same avgrunnen som millom live og døden, millom det 168som er og det som ikkje er. Han snakka rolig og omtenksam med karane: Var der aldri prøvd etter laksen vest i skjæra her? – Kostbart vart det ja, men visst det slo til

Han fann henne heilt atterut. Ho stod og såg ned i propell-voren attom skuta. Ho snudde seg mot han, liksom ho hadde venta på han.

– Tenker du ta sjøvegen sørover no straks, beinast her i frå? gapsnakka han.

Ho hørte ikkje orda hans, ho snakka ut i frå sitt:

– Det er det, at visst det var som ei hjelp for deg, eller slikt noko, så kunde eg bli med til Stavsund; eg kunde følge værmor til jorda. Eg skulde ikkje gruve større for det.

Han la hendene på ryggen, såg ein gong i dekke og ein gong på henne, han tykte vel han måtte ta det slik. Så hadde han da synt henne at han vona ikkje meir enn han vann bera det.

Du har sjøldom i den saka, svara han. Sjøldom i saka, som hedningane sa i gammal tid.

– Men folk flirer til deg når eg reiser i gjen?

– Trur ikkje det når innpå meg her etter.

Det var større røst i Håkon enn ein venta, ho var djup og litt hås. Ragnhild hadde hørt same måle i ein notbas som ropa ut stornota nedpå vågen ein gong, og i ein general eller kva kan var som hersa med soldatemna sine.

No var det gråe natta og kaldkjøle. Ragnhild sa godnatt og leita ned til køyromme sitt. Håkon 169gjekk forut, til andre-plassen, der sat det eit lag og spela kort. Der hadde han trulig sellskap heile natta, og vart han sømnig, var det berre å rette ut seg på ein benk der.

Han stod ei blink før han gjekk ned. Leia opna seg stykke for stykke nordover, same leia han rasa sørover, greie farvatne der san. Men for somme fanns der ikkje farvatn fram dit dei skulde. Fanns ikkje nei, om det så gjaldt meir enn live. Dei laut trøste seg med at det var sjølstelt.

– – – Dei kom til byen om føremiddagen, i hilderstilla, som der aldri hadde fare skip eller storm over den fjorden, sagblada kvein i nyfødde lykka mot dem.

*

Ellida tok i mot dem utan undring, still og bleikvori slik ho gjekk der om dagane. Ho helsa Ragnhild velkommen heim, og det var ærlig meint.

Ragnhild sa med det høge, milde måle sitt, det Håkon var så redd: – Eg trudde du skulde bli her. Eg visste ingen høveligare til det.

Ellida tagde, og Ragnhild gav seg ikkje meir om henne.

Håkon helsa frå Johannes, så godt han fekk det til. – Du må fortele oss når du hører frå han. Så vi får vita korles det går han. Han er no ingen skrivar, veit du, men –

Han knippa med fingrane og gjekk. Han trudde knapt sjøl at han kunde seie slikt i kveld.

Smågutane kom frå blåbærhaugen, og såg ut 170nett slik. Håkon snudde og var med dem åt kjøkene. Hallvard var ikkje stort blyg av seg, men dette frammande kvinnfolke som vendte seg mot han, vilde han helst ha komme seg unda. Kanskje Ellidaguten hadde ymta om kven som var ventande til gars. – Ho spurte om det var han som heitte Hallvard. – Han såg på faren før han svara, og han svara traudig nok.

Han tjyvstirde på Ragnhild gong og annan utetter kvelden. Ho ser han, og seier med seg sjøl, at han der er ho mor for. – Eg merkar inga sjælsrørsle ved det, tenker ho. Nei nei, ingen ting å gjera ved det.

Slik ser ho det eine etter det andre. Først grannane, som var der og hjelpte til da like vart ført til gars; dei helsa utrulig treneva på henne. Gamle kvennhuse og saga er borte, elles kunde ho ha gått seg ein tur dit. Her er kjøkene, der ho gjekk og trødde ei tid; der er stua, slik ho gjekk i frå henne sist. Ho ser lande rundt i kring, og himmelen over det, og evigheita der over att. Det seier ingen ting til henne no, anna enn at det er til.

Steinane vitnar, las ho nokonstads. Å ja, men kva kan dei vitne? Nei, men her var eit barn ho gjorde morlaus, her. Det er same synda det som å ta liv. Og like umulig var det å undgå. Stein kan vitne mot stein, og ein gong kan eit menneske vitne mot eit anna menneske, men når eit menneske møter lagnaen, da vitnar ingen ting 171meir. Og korles skulde det ha vore, visst det ikkje var slik?

Ho la det i frå seg og tenkte på einkvart anna, slikt som let seg tenke på.

Gutungen såg mest vondt på faren sia om kvelden. Han blir vâr det, og sett auga i Ellidaguten. Og han, krypen, han kryp med auga, han tør ikkje ein gong rømme.

Så måtte det til da. Han tok Hallvard for seg da dei skulde til sengs.

Ragnhild hadde alt gått ut i kårstua, ho bad om å få ligge i Tale-senga. Ellida hadde spurt Håkon om ho skulde sette inn ei seng til i kammerse hans, og han hadde svara nei. Det var det, men no måtte han i hop med Hallvard.

Han hadde teke han inn i kammerse. Guten stod og venta som han skulde ha stokkpryl. – No har du fått mor di heim, tok Håkon til ords. Hallvard såg beint på han. Sia såg han ned. – Ja, det er mor di, Hallvard. Han sa det så ålvorsamt han kunde. – Skal ho bli her da? spurte guten og såg til sides. – Det treng du visst ja, svara Håkon.

Da kom det forhatig frå Hallvard: – Eg vil ikkje ha henne til mor! Han var både sint og redd, det var armelig han klara seg for gråten.

Håkon spurte, rolig som før: – Du vil ikkje ha meg til far heller da?

Der fór noko i blikke til Hallvard. Stod han og håna far sin, innvendig, eller var det det at 172han visste seg inga råd? Ein kunde ta i han ja, men – kva gjer ein med slik ein morlausing?

– Du kan gå og legge deg no, sa han. Så skal vi snakkast ved sia.

Gutladden pilta ut og opp troppa.

Ragnhild låg i kårkammerse. Her i huse. Under take på Stavsund i gjen ja. Han burde aldri ha narra henne hit. Ikkje første gongen heller nei – det var hardt å tenke på! Men han laut gjera som Johannes den tankelausingen formana han, ta tankane meir på langs. Ja da, det var ikkje mange dagane til ho reiste att. Så var den sorga sløkt, kunde ein seie.

*

Gong og annan såg Håkon det same i auga til Hallvard, dagane etter, som ei undrande vanakt. Han råkte på noko slikt hoss andre òg, da han var ute og bad berarar til likferda. Han vilde snakke med dem, men dei vilde ikkje snakke med han. Han fortalde at Ragnhild hadde komme heim, han trudde det var det som låg dem for bringa. Nei da, dei ønska han lykka til, dei tykte ho hadde drygd lenge før ho kom; så snakka dei om mor hans att. Men det dei tenkte på, det heldt dei for seg sjøl. Han kaldsveitta når han gjekk frå dem.

Da han snakka med Periander i telefonen, fekk han endelig svar. Periander svara nei, han kom ikkje i den likferda. – Du må høre deg om i det andre partie, let han.

173Håkon hadde undrast med kvart, korles det gjekk i herredsstyre-møte, men i grunnen var det så langt unda han, at han glømte det straks etter. No skjønna han det hadde gått gale for Periander.

– Eg kom til å reise bort eg, sa han. – Ja, svara det i telefonen. – Eg vart nøydd til det. – Ja visst.

Håkon snudde seg frå telefonen så harm at det heta i kinna. Ragnhild var der, ho leita etter noko i dragkisteskuffene.

– Folk er sint på meg, sa han. Dei lastar meg for det eg fór sørover.

– Ja? sa Ragnhild og smilte.

Han måtte fortele henne korles saka låg til millom han og Periander. Johannes og Borgny måtte han òg fortele litt nærmare om. – Men det er da småting? klaga han seg. Ei heil herve med småting og kvardagstøv! Og så lyg dei! Dei tier og lyg!

– Det har seg visst slik, svara ho. Ho fann det ho leita etter og gjekk sin veg.

Ho visste frå før at det fall tungt for Håkon å bli halden for ein kleinslig kar. Men han var i verda, fekk han komma i hug.

Litt etter kom Lea til Stavsund. Håkon hadde henne framfor seg da han stod utom døra og tykte han var ulykkelig. Ho helsa ikkje, ho spurte om det var sant? – Er det sant, hører du, at du har a Ragnhild med deg heim? Da må du ha Herren sjøl på di side, du er ikkje nokon ringe 174mann da nei. I det same fekk ho auga på Ragnhild, som kom frå stabure. – Nei så Herren forderve meg på jorda! sette ho i, – der ser eg deg! Der kjem du ja, i mot meg gåande. Som om eg ikkje skulde vera lykkelig nok før!

– God dag, Lea, sa Ragnhild. Eg hører du har vorte enke.

– Å ja da, det eine skjer, og det andre skjer, og no veit eg at det er Skaparen som styrer for oss, for eg er omvendt no eg. Nei du kan ikkje sjå det på meg, Ragnhild, men eg er det, eg er full av berre saligheit. He! omvendt, seier eg – eg er frelst! Så urimelig det er ja.

Ho gret før dei veit orde av. Ho må ha havt det bra vondt, skjønnar dei. Ho let seg elles ikkje hefte, ho både smiler og ler: – Men enno har eg ikkje rådd meg gitar, nei men eg syng lel, eg syng! Men dette var berre om meg og mitt, det, men korles er det med deg?

Ragnhild smiler og held handa hennes. – Eg skulde berre følge Tale til jorda.

– Eg hørte det, eg hørte det, i den her dag, eg hadde vore over fjorden på eit møte, der med la eg i veg hit, i eldbrente skyndfarten, som høna i stormelingen, høge himmel kor glad eg vart! Eg trudde dei laug, kan du vita, folk sløser ikkje med sannheita når dei forteler noko. Og no er eg her.

Ho ser stort på Ragnhild eit tak, og så seier ho:

– Hadde han komme heim utan deg, da hadde 175eg hengt meg, Ragnhild. Hengt meg høgt, seier eg deg, for da var her ingen Gud å tru på, da fanns her ikkje rettferd i verda. Huff ja san, ein kan bli rar når ein tenker seg om!

Håkon vilde ikkje ha hørt eit ord av det ho sa. Men slik måtte Lea få lov til å vera. Ein verjer seg mot lagnaen sin så godt ein kan. Om ein så sjøl har skapt han. Ho ser han og ler:

–Du er uverdig, du burde gå på kne. Ja kva seier du no, såg du undere gjekk for seg? Men dei lyg på deg. Dei lyg så dei trur sjøl. Ja, gut, dei forteler du sette i veg sørover så du kunde lure deg unda andsvare, og så har du jaga bror din vekk, – dei forteler ting om deg! Men det skal du spytte på, berre spytt på det du og snu deg vekk. For du har vunne du!

– At folk er vonde kan dei ventelig inga råd for, seier han.

– Nei trur du eg likar dem mindre for det! Men dei trong ikkje syne det støtt. Men dei er så sleipe! Sleipe som ærligheita og vel så det. Men de to her, de har vunne, de, over dykk sjøl og lagnaen og heile lykka. Åja ja, Ragnhild.

Ho såg Ragnhild i auga og var nær på å gråte att.

– Det var gildt eg fekk sjå deg i gjen, sa Ragnhild.

Men Lea vart meir og meir fortenkt. Ho såg ned og sukka. – Eg burde ha tala til dykk, sa ho. Om det andre, det einaste. Men eg er ikkje verdig til det. Nei, eg er ikkje det, avgjorde ho.

176Dei gjekk på staburslofte, der Tale låg lik.

Da Lea hadde set på like ei stund, snudde ho seg og gjekk stilt ned att.

*

Likferda skulde vera om sundagen. Ragnhild var med og laga i stand til gravøls. Ho gjorde det ho såg å gjera, men kom nokon og spurte henne til råds, da smilte ho og bad dem halde seg til Håkon. Dei vart ikkje større forundra. Heller ikkje kunde ho merke at folk var redd henne, noko større da, kan hende dei fraus litt innvendig når dei kom i hug kven ho var.

Laurdagskvelden helsa ho på kvinnene som kom med sendingar til gravøle, men ho let dem sjøl komma fram med handa. Dei var elles ikkje mange. Dei fresta å snakke med henne, men det var eit vandt arbeid, ho avunte dem det ikkje. Dei gjekk i stå, den eine som den andre; eit par av dem la i veg med tomsnakk om sjøl veit kva det var.

Midt i det mintes ho tukthustida si. Der tok dei henne fri for både tankane og snakke. Dei gjorde henne til ein stor og vanlig syndar, det var berre å tilstå at ein var det og be om nåde, så var det i orden, ja og så angre, det måtte til. Ho hørte på dem som ho hørte på kvinnfolka her: som ein lyd langt bortanfrå, ei saubjølle-låt. Til slut hørte ho dem ikkje. Men ein og annan kvelden den første tida kom heimsjuka over henne. Det hendte ho gret. Ho kunde ligge og seie einkvart 177med Tale eller kven det var, og smått snufse ja; og så var det denne gutungen, ho var ikkje godtil å døy i frå han på lenge. Ho døde da elles grundig nok, men det tok tid.

Men no var ho her. Det siste ho var med i her på Stavsund, var òg eit gravøl, etter Didrik, ho hadde sjøl lagt han lik. No var gravøle det første ho vart med i att. Ja ja, som Tale sa, det går vel ein daue om senn; ein slepp no vera med i sitt eige gravøl, etter det vi kan skjønna og tru. Og no tukla dei seg heimatt, dei som kom her med sendingar.

Paul såg til henne på tukthuse. To gonger enda. Det var dumheita som var ute og synte seg, ho har ikkje vett til å gi seg. Synd i han? Å nei da. Det er ikkje så synd i oss som vi trur.

Jau jau, her kom dei og skulde sjå henne som drap værfar sin. I morgo ved kirka vart det mange som skulde sjå henne, ein ser ikkje slike kvar dag. Ho måtte undre seg over at ho undra seg, det var uvant arbeid for henne. Ja visst skulde dei få sjå henne. Og var dei hardhjarta nok, da såg dei det: At hadde Håkon vore den rette mannen, da hadde òg gjerningen hennes vore den rette. Straffa er noko anna. Den skjønna dei ikkje ein skugge av. Om dei så skjønna ho er evig.

Ein dagen spurte ho Håkon om øksa fanns her på garen enno. Han vart merkelig å sjå til, særlig kring munnen. Han kunde ikkje få fram eit ord.

178Hallvard såg ho lite til. Han heldt seg visst unda henne alt det han kunde. Ein gong såg han henne i auga, som eit lite vaksemenneske, og da ho snakka til han, såg han bort og hørte det ikkje. Det var ikkje noko under om folk var glad i borna sine. Men det måtte vera ei tungvori bør.

Arn, yngstebroren hans Håkon, hadde komme heim til gravøle. Han var nykonfirmert og vaksen så det var ein lyst. Han såg ut hardt plaga da han laut helse på henne, og sia heldt han seg unda vegen hennes han òg.

Det vart ikkje stort likfølge frå Stavsund denne gongen. For utan folke i huse og klokkaren var det dei seks berarane og konene deira og nokre få elles av nærmaste grannane. Stuttare likfølge hadde ikkje fare der frå garen, det nokon kunde minnast.

Lea var still den dagen, dei såg henne aldri slik før. Da dei står ferdig til å fara, seier ho til Håkon, så lågt at berre han skulde høre det:

– Det blir det same for a mor di om det er mange eller få i dag.

– Ja for meg òg, svara han.

– Å nei, stakkars deg! sukka ho, og meir visste ho ikkje å trøste han med. Ho fresta å smile til Ragnhild: – Vakkert vêr fekk vi no like vel.

Håkon såg det på alle, i kirkevegen og ved kirka, at dette likfølge skulde vera tegn til han. Han fekk bera det som ein annan dom. – Hadde 179det enda vore for Ragnhild si skyld, ønska han, da hadde eg vore ein sterk mann mot dykk. Men det var langt der i frå. Og i morgo fór ho frå han og att-ende til sitt. Kanskje den skamma kunde bite hovude av han? Det var da ei von det òg.

Ragnhild sat breiddmed han i kjerra. Ho sa eitt og anna orde. Han kunde kjenne henne, somtid som ein varme og somtid som ein kulde, enda ho flytta seg visst unda han så langt ho kom. Ho steig fram til grava side om side med han. Men det var han som leidde Hallvard.

Kjenningane hans vilde ikkje sjå han i auga, men einkvan motmannen kom og var blid. Ragnhild glåmte dei på, gud veit om ho merka det.

Der låg ein dauingskalle og gliste fram utor moldhaugen. Håkon syntes sjå at Ragnhild tenkte det same som han: at vi møtes alle i siste smilen. Men kva smiler vi da til? Det skil oss ikkje no.

Endelig var det nok sunge og nok sagt ved grava, og så var grava attkasta. Ein kunde lette på hatten og gå der i frå. Tale brydde seg ikkje om kva dei gjorde.

Kva som fór i han visste han ikkje, men han snudde seg og såg på gravsteinen over faren. Den hadde dei lagt til side no, han skulde stå over både Didrik og Tale. Mor til Lea låg på ein annan kant av kirkegaren, det hadde laga seg slik.

Håkon hadde Ragnhild attmed seg. Det 180sveiv for han at det var ho som vilde dette. Folk såg på dem, særlig på henne. Og der stod ho og las innskrifta på steinen til Didrik, så fekk steinen vitne det han kunde. – Det blir lite om rom til namne hennes Tale her, sa ho. – Det skulde klare seg, trudde han; vi kan bruke bitt mindre skrift.

Litt etter snudde dei seg mot dei andre, som stod der enno. – At ho gjorde det der, sa auga deira. Håkon syntes han smilte til dem, kaldt men fredelig: Ho er sigerherren over både dykk og meg. Eit menneske. Skya på himmelen går sin gang, og sola går ovanom henne, og veit nokon på jorda kva som er der ovanom? Men menneske er større enn all ting i kring det. Det er gåta i verda, – lat det vera slik.

Om Ragnhild reiste i morgo: Det var ein dag som gjekk over eit menneske eller to, og de, godtfolk, fekk aldri tak i det. Da skjedde der ein ting under sola ja; og sola visste det ikkje. Lat det vera slik.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ragnhild

Ragnhild (1931) handler om soning og forsoning. Romanen er andre bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Ragnhild soner drapet på svigerfaren Didrik. Mannen hennes, Håkon, vil ikke ha noe med henne å gjøre og da hun kommer ut av fengsel reiser hun ikke hjem til Stavsund. Moren til Håkon, Tale, er bekymret for hvordan Håkon og sønnesønnen skal klare seg uten Ragnhild og bestemmer seg for å hente Ragnhild hjem. På veien dør Tale. Ragnhild drar tilbake til Stavsund for å være med i begravelsen og det blir starten på forsoning og nytt samarbeid.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1931 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.