Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 115 Jomfrua spelar harpe


Innleiing

Mora spør kvifor dottera er så sorgfull. Liti Kjersti svarar først at det er fordi ho har så mykje å sy, men til slutt vedgår ho at den unge kongen har forført henne. Mora spør då kva ho har fått for æra si, og dottera fortel at ho har fått ein silkeserk, eit par sko og ei harpe av gull. Straks ho slår på harpa, høyrer kongen det, og han sender sveinane sine for å hente Liti Kjersti. Han vil at ho skal setje seg ned attmed han, men ho ber han berre om å seie kva han vil, og så la henne gå. Kongen set henne på fanget og gjer henne til dronning.

Denne balladen har sikkert vore populær. For mang ei forførd jente var det nok ein ønskedraum at forføraren ville gifte seg med henne. Motivet er brukt i mange balladar og skillingsviser.

Olea Crøger skreiv opp ein variant av denne balladen ein gong på 1840-talet. Songaren er ukjend, men er frå Telemark. Sophus Bugge skreiv opp ein variant etter Gunnhild Sundsli frå Moland i Fyresdal i 1864. I tillegg skreiv L.M. Lindeman opp ein melodi og ei strofe etter Øli Eivindsdotter Vauskaret frå Flatdal i Seljord i 1851. Sjølv meinte Lindeman at strofa høyrde til «Liti Kjersti og bergekongen», men både tekst og omkvede stemmer med «Jomfrua spelar harpe». Alle dei norske variantane har opphav i Kjempeviseboka (fjerde part, nr. 29).

Når vi har så få oppskrifter av denne visa, kan det kome av at folkeminnesamlarane ikkje var så interesserte i tekstar som skreiv seg frå Kjempeviseboka. Populariteten til desse visene ser vi likevel i handskrivne visebøker og i samlingane til melodisamlarane.

Sjølv om Kjempeviseboka er kjelde for dei norske variantane, er språket i dei stort sett norsk, det vil seie telemål. Teksten i Kjempeviseboka er ikkje berre språkleg tilpassa, men vendingar og tydingsinnhald har også blitt omsette til eit balladespråk som låg betre i munnen hjå songarane i Telemark. I Crøger-varianten er det til dømes ikkje slik at jenta kjem inn og «stedes for bord», som i Kjempeviseboka, men ho «ind igjenem Dynni steig». Når kongen tek jenta «i sin favn» og gjev henne gullkrone og dronningnamn i Kjempeviseboka, så tek han henne «upp i sitt fang» i varianten etter Gunhild Sundsli, som også legg til ei strofe der han «sette æ på sitt kné» og «gav æ gullkrona å festarfé».

Elles varierer språkforma sterkt i balladeoppskrifter med Kjempeviseboka som kjelde, frå mest rein dansk til den norsken vi finn i variantane til «Jomfrua spelar harpe». Stor språkleg avstand mellom kjelde og oppskrift kan kanskje tyde på at visa har vore overlevert munnleg i fleire ledd etter at den første songaren lærte henne frå Kjempeviseboka.

Visa finst også i Danmark, Sverige og Finland.

DgF 265
SMB 92
FSF 50




Oppskrift A

TSB D 115: Jomfrua spelar harpe

Oppskrift: Udatert av Olea Crøger etter ukjend songar, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. B. Landstad 3, 90–91

Oppgjeven tittel: Liti Kjersti

*

1. Moderen tala te Datteren sin,
– hvo bryder Løven af de Trær –
Qvi bærer du saa bleike Kjin
– hun træder saa Duggen af Jorden. –

2. Aa de æ nå inkje Under om æg æ skyg
fæ æg har saa mykji aa skjære aa sye

3. Væl æ her fleire Jomfruar i By
saam bære kan skjæra aa bære kan sy

4. Dæ kje moni aa dylje længer fæ Dæg
fæ onge Kongje hæv laakka mæg

5. Aa hæve naa onge Kongje laakka Dæg,
Haat gav han da for Æren Din

6. Aa han gav mæg ein Silkjesærk,
æg sleit den mæ saa megen Værk

7. Han gav mæg ei Harpe af Gul,
æg skulle bruke naar æg va sorrigful.

8. Ho slog paa den fyste Streng
de hørde onge Kogje i sin Seng.

9. Aa onge Kongje hytta paa Drengjeni smaa,
de seer liti K[jersti] ind te mæg gaa

10. Liti ho ind igjenem Dynni steig
aa onge Kongje saa vaalæg imot henar reis

11. Onge Kongje litta paa Stolen blaa
Du sit liti Kjersti aa qviler derpaa

12. Æg æ kje trøt æg kan vel staa
du sei mit Ærin aa læt mæg saa gaa

13. Aa han tok hennar uti sit Fang
gav henar Guldkronen aa Draaning Navn

14. Naa heve liti K[jersti] forvonne si Harm,
naa søv ho kvaar Naat i Koningjens Arm

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB D 115: Jomfrua spelar harpe

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 117–120 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Lill Kjersti å hendes móder
– Hvem bryder løven útav linden so grøn –
dei sýdde ei silkjelúe
– Selv træder hun duggen útav jórden –

2. Moderen sømmer så fín en søm,
men datteren rinder så stridig en strøm.

3. Hør det liden Kjersti kjær datteren min
kví renne altstøtt tårinne på kinnæ diAlternativ lesemåte: kinnderne din

4. Derfor renner tårinn på kinnæ mí
eg heve for mykje te skjere å sý.

5. Her æ no væl fleire jomfrúvur i bý
som bæri kan skjere å bæri kan sý.

6. De æ’kji món í mi moder lenger dylje for deg
den unge kóngen hev lokka meg.

7. Hev den unge kóngen lokka deg
kót gav han deg for æra dí

8. Han gav meg ein silkjeserk,
den hev eg sliti mæ mykjen verk.

9. [Han gav meg] eit nýt par skó,
de [hev eg sliti mæ] mykji uró.

10. [Han gav meg ei] harpe útav gull,
den sille meg trøste, når eg var sorgefull.

11. Hó sló på den fyste streng
de høyrde unge kóngen útí sí seng.

12. [Hó sló på den] anden [streng]
den unge kóngen han tøvras’ inkje leng.

13. Den ónge kóngen han steddest for bór
kot vi du liden Kjersti mæ dú sender meg bo.

14. Han tok æ liden Kjersti upp í sitt fang
han gav æ gullkrona å droningens navn

15. Han [tok æ liden Kjersti] sette æ på sitt kné
[han gav æ gullkrona å] festarfé

16. No hev liden K[jersti] óver vundet sin kvie
no søve hó hver nått mæ kungens síe

17. No [hev liden Kjersti óver vundet] sin harm
[no søve hó hver nått] på [kungens] arm

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.