Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 14 Toreliti og Skakjelokk


Innleiing

Det er jul, og riddaren Skakjelokk vil danse med greivedottera Toreliti; men når han spring over bordet for å danse med henne, glir knivane hans ut or slirene og dett ned på og skadar Torelitis hand. Toreliti blør stygt, og mor hennar vil vite kvifor. Toreliti seier at ho skar seg då ho skulle reie opp senga åt bror (var. morbror) sin, for under senga låg det sverd (var. knivar); men mor hennar veit at dette ikkje er sant. Skaden er så alvorleg at Toreliti aldri kan sy meir. Skakjelokk høyrer på denne samtala, og han blir så glad for at Toreliti vil forsvare han, at han bestemmer seg for å gifte seg med henne. Dermed drikk dei bryllaup, og Skakjelokk gjev Toreliti gullkrone og dronningnamn.

«Skakjelokk» er eit uvanleg namn. Frå mellomalderen veit vi om minst to personar med skakalokkr som tilnamn: Ondóttr skakalokkr (ondóttr betyr ‘fæl, skremmeleg’) var i Håkon Håkonssons teneste på 1200-talet, og Þórðr skakalokkr var ein kar i Opplanda på 1300-talet. Ordet skakjelokk kan bety noko slikt som ‘flagrande hår’, for verbet å skake kan bety ‘å riste’. Namnet kan òg spele på konsistensen og fargen på skakjehalmen, det grove stryet som vart att etter at linet var skaka, reinsa. I så fall hadde Skakjelokk tjukt og lyst hår, slik balladeheltar gjerne har.

Sophus Bugge skreiv opp variantar av denne visa i Mo i Telemark, etter Jorunn Bjønnemyr og Hæge Årmote. Bendik Sveigdalen/Felland song også eit par strofer for han. Dessutan skreiv Johannes Skar opp fleire brotstykke i Setesdal. I eitt av Setesdals-brota dansar Skakjelokk og Toveli, som ho heiter her, men så mister ho hovudgullet sitt:

Skakilokk, Skakilokk, stidd din dans,
Toveli hev tapa sin jomfrukrans!

Eg stidder alli min dansen for di
hu tapa den gamle fekk att’e ny
(NFS Johs. Skar 15, 326)

Eit anna av Setesdals-brota byrjar med den første av dei to strofene over, men held fram med denne strofa:

Kvæ ska no sekje dit hovugull på?
di moya ska sekje dit hovugull på.
(NFS Johs. Skar I, 25)

Dette minner sterkt om strofer i ein dansk variant frå 1500-talet. Jenta gjer det klart at ho ikkje kan sy meir, og mor hennar spør:

«Huem skall nu thett røde guld giørre?
och huem daa skall dyn ermer snørre?»

«Myn søster skall myt røde guld giøre,
min moder hun skall myn ermer snøre.»
(DgF IV, 477).

Forutan varianten i det danske handskriftet frå 1500-talet, skreiv V.U. Hammerschaimb opp ein dansk variant på Færøyane i 1848. I begge desse variantane blir jenta gift med kongen. Dette finst det også spor av i den norske visa, for Toreliti får krone og dronningnamn til slutt. I den færøyske visa blir kongen merksam på henne av di ho syng så vakkert. Merkeleg nok skjer han henne i fingrane med vilje, slik at ho ikkje skal kunne sy meir, før han tek henne til dronning. I ein svensk versjon er motivet med kniven og såra heilt borte: Kongen gifter seg med henne av di ho syng så vakkert.

I DgF har Svend Grundtvig også trykt delar av ei tyskspråkleg vise, «Graf Friedrich», som har mykje til felles med den norske visa. I den tyske visa blir jenta hardt såra, og ho døyr i bryllaupet.

Utsyn 97
DgF 243 B og 244
jf. SMB 182




Oppskrift A

TSB D 14: Toreliti og Skakjelokk

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge l, s. 97–98

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Toreliti å Skakilokk

*

1. Toreliti sette sine ternur i ring,
– ró tærligeI reinskrifta står det: Hæge forstod ei dette. menn –
å sjóv dansa Toreliti utta ikring.
– å den jomfru –

2. Å fyre dansa Toreliti som ei brur
å ette gjenge dansen som ei jól.

3. Å Skakjilokk ivi bóri sprang,
å syllbudde knívar ó slíro rann.

4. Å s[yllbudde] kn[ivar] ó slíro rann,
Å av ne i Torelitis kvite hånd

5. Å T[oreliti] stakk sine hendar í barm
å blói de ut igjenom ermanne rann

6. Så steig ho seg stett ó stetti,
si kjære moder ho møtte.

7. Å høyrer du Toreliti, dotte mi,
kvi renne de bloi oto ermo di?

8. Eg va meg i høge loft,
mi broders sæng si’ eg reie upp.

9. Så breidde eg upp dei lakeni små
min broders svær derunde låg.

10. No stende du T[oreliti] lyge fy meg,
d’æ Skakilokks knívar hev skori deg.

11. Å Sk[akjilokk] sto ikkji langer ifrå,
han sto så nere at han høyrde derpå.

12. Å takk hav du Toreliti som dulde mæ meg,
så mykje røde gull gjeve eg deg.

13. Han tok henar T[oreliti] på sitt kne,
gav henar gullkr[ona] å festarfe.

14. Han tok henar T[oreliti] på sitt fang
gav henar gullkr[ona] å dronningsnavn

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge I, 100–101.

Trykt i DgF IV, s. 478.




Oppskrift B

TSB D 14: Toreliti og Skakjelokk

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 225–227

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Tóreliti og Skakjilokk

*

1. Lí her ‘kje snart ti jóleti
– du tærlege mann –
ti vokunne klæest de véne vív
– Å den jomfrú –

2. Tí vokunne klæest ho Tóre
den greivedóttere góe

3. Ti vokunne klæest enAlternativ lesemåte: han Skakjilokk
den ypparsteAlternativ lesemåte: ypperste kjempeAlternativ lesemåte: ridder. Kommentar i reinskrifta: (Jorunn sagde først kjempe). i kungens flokk

4. Skakjilokk fram ivi bóri sprang
dei syllbúdde knívanne ó sliró rann.

5. D[ei] s[yllbúdde] k[nívanne] ó sl[íro] r[ann.]
dei rann útí Tórelítes kvíte hånd

6. Tórelite gjeng ette stétti,
si sæle móere hó møtte.

7. Eg helsar deg Tórelíte eg talar ti dé
kví renne der blói ette ermó di.Etter ordet står det: (aab. i).

8. Eg va no meg upp í høgjeloft moder
si’ reie upp sengjiAlternativ lesemåte: sengjé. fyr morbroder min.

9. Dei syllbúdde knívanne unde låg,
dei skar Alternativ lesemåte: skåre meg í mi kvíte hånd.

10. Dei skar Alternativ lesemåte: skåre meg útí dei finganne Alternativ lesemåte: i fingar. fem,
eg sýr alli gulli oftar mæ den.

11. Dei skåre [meg úti dei finganne] ní
[eg sýr alli] oftari gulli [med] di.

12. Dú tar inkjeAlternativ lesemåte: inkji. Tórelíte dylje fyr mæ,Alternativ lesemåte: meg.
dei Skakjilokks knívanne hev skori deg.

13. Skakjilokk stó kje so langt derífrå,
han stó dåAlternativ lesemåte: no so nerAlternativ lesemåte i reinskrifta: neri. at en Alternativ lesemåte: han lýdde derpå.

14. Eg ha’ tenkt, dú ha silt blivi Alternativ lesemåte: vurti mi frigda so gó,
men nó ska’ dú blive mitt egtebló.

15. [Eg ha’ tenkt, dú ha silt blivi] [mi frigda so] snill
[men nó ska’ dú blive] mitt [egte]vív.

16. Han tók ‘æ Torelíte pí sitt fang
han gav ‘æ gullkrona å dronningens navn.

17. Der blei gle’i å mykje gama,
Skakjilokk å Tórelíte drakk bryllaup í sama.

18. [Der blei gle’i å] stóre gnýr
[Skakjilokk å Tórelíte drakk bryllaup] í bý

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 266–267. Strofe 15 og 18 står ikkje i reinskrifta.

Trykt i DgF IV, s. 478.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.