Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 152 Olov Agjesdotter


Innleiing

Olav i Strandeby sit «fyr breie bór» og talar med ein ven. Han spør korleis det kan ha seg at Olov Agjesdotter er slik i vinden. Han får til svar at det er fordi ho held seg altfor god og vakker til å ville gifte seg. Olav tek dette som ei utfordring. Han salar ut gangaren og rir dit Olov Agjesdotter held til. Mor hennar fortel at ho er til kyrkje, og Olav rir dit. Ho prøver å løyne seg, men han oppdagar henne med det same og talar nedlatande til henne – jamvel om han også frir til henne. Olov Agjesdotter bestemmer seg for å forlate kyrkja, saman med terna si. Ho betaler presten godt for å halde ei ekstra lang messe. Ved kyrkjeledet bryt ho sund sverdet til Olav, løyser hestane som står bundne og rir til stranda. Der skuvar ho alle snekkjene ut på fjorden og set seg sjølv til å ro. På stranda må Olav tòle denne spottande helsinga frå henne:

Dæ va’ Ólov Agjisdótter,
hó lyfte paa höian hatt:
«Far væl Ólav í Strandebý!
du söv inkji mæ frúva ínaatt.»
Eg ville, hó va’ mi den rósi.
(Bugge [1858] 1971: 107).

Det finst kring tjue variantar av «Olov Agjesdotter», alle frå Telemark. Om lag halvparten av oppskriftene er det Sophus Bugge som har æra for. Han skreiv opp denne balladen etter fleire av dei beste Telemarks-songarane og trykte ein tekst etter fire av dei i Gamle norske Folkeviser, der han han gjer greie for kven som song kva. A-teksten er etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik (1810–1876) frå Mo. Ingebjørg levde som inderst- og husmannskone, første og siste delen av livet på plassen Sandvik under Utabjå nedre i Mo. Forutan «Olov Agjesdotter» kunne ho femten andre balladar, deriblant «Margjit og Targjei Risvollo», som også er trykt hos Bugge (Jonsson & Solberg 2011: 474–475). Lindeman skreiv opp melodien etter to songarar, og vi har dessutan to melodioppskrifter frå 1900-talet, alle frå Telemark (Ressem 2014: 119–123).

«Olov Agjesdotter» finst også på dansk, i fleire renessanseoppskrifter. Peder Syv trykte ei form av visa under mottoet «Mandens List er vel behendig, Kvinde List er dog u-endig» (DgF IV: 374–375). Det ser likevel ikkje ut til at Syv-teksten har påverka tradisjonen til dei beste songarane, og visa er truleg gamal i Noreg. Bugge meiner likevel at namnet Strandeby «i vor norske Vise peger […] hen til Jylland» (Bugge [1858] 1971: 103–104).

Peder Syvs motto peikar mot temaet i balladen – ein mann kan nok vere listig, men ei kvinne viser seg ikkje sjeldan å vere endå listigare. Det finst ei rad mellomalderviser med tilsvarande tematikk. Ikkje minst skjemteballadane stiller ofte opp ei kvinne mot ein mann i ei eller anna form for kappestrid. «Olov Agjesdotter» minner i mangt om viser av dette slaget. Det er uansett ikkje noko riddaraktig over Olav i Strandeby. Han blir ført bak lyset, halden for narr, degradert – og får på alle vis som han fortener.

Utsyn 86
DgF 233




Oppskrift A

TSB D 152: Olov Agjesdotter

Oppskrift: udatert av Sophus Bugge etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS Sophus Bugge I, 152–155, reinskrift

Oppgjeven tittel: Ólav í Strandebý å Ólov Agis dotter. I.

*

1. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han site fy breie bór:
«men hoss trú de bere ti, Ólov Agisdotter
hev komi så hågt på ór?»
–Eg vi’ lova mí å dæn rósi.–Samlarkommentar etter omkvedet: (En Kvinde, som var tilstede, da Ingebjør kvad denne Vise, mente at Omkvædet var: Eg vill’ ho va’ mí å dæn rósi).

2. «Å ho hev inkje komi så hågt på ór
anten fy gull hell jór,
men ho hev komi så hågt på ór,
fyr de ho helle seg gó.»

3. [Å ho hev inkje komi så hågt på ór]
[anten fy gull hell] fé
[men ho hev komi så hågt på ór,]
[fyr de ho helle seg] ven.

4. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han salar út gangaren grå:
«no vi’ eg meg at kyrkja idag
å Ólov Agisdotter sjå.»

5. Å de va’n Ólav i Strandebý,
han kjeme seg ríand í går
å úti stó Ólovs móder,
ho va’ væl sveipt[svøypt] í mår.

6. «Å høyrer du Ólovs moder,
hot eg spyrje vi’ deg:
«å æ inkje Agir heime [idag]
å Ólov dotte dí?»

7. «Å Agir ‘en æ inkje heime [idag,]
han rei seg her burt unde lí,
å folki de heve ti kyrkja reist
å Ólov de véne vív.»

8. [«Å Agir ‘en æ inkje heime]
[han rei seg her burt] på land
[å folki de heve ti kyrkja reist]
[å Ólov] de liljevand.

9. [«Å Agir ‘en æ inkje heime]
[han rei seg her burt] undir øySamlarkommentar: Meddelt: undi røy.
[å folki de heve ti kyrkja reist]
[å Ólov] dæn véne møy.

10. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han kjeme seg [í]at kyrkjele,
der set en ne sitt góe svær,
å gangaren bind en derí.

11. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han kjeme seg í kyrkja inn;
der smíler så mang ei fíne jomfrúve
alt unde de skarlakskinn.

12. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han helsar blandt myky kvendi,
fyutta Ólov Agisdotter,
ho skjúler seg for hónoms hendar.

13. «Å du tar inkje Ólov Agisdotter
å skjúle deg for míne hendar;
eg hev sétt så mang ei skjøne jomfrúve,
likså véne som du.»

14. «Å du tar inkje Ólav í Strandebý
å spotte meg blandt myky kvendi;
du sko’ inkje livea dæn ære-dag’e,
at eg boinne ti deg sender.

15. Å du tar inkje Ólav í Strandebý
å spotte meg út så víe;
du sko’ inkje livea dæn ære-dag’e,
du søve mæ frúvas síe.»

16. [Å du tar inkje Ólav í Strandebý]
[å spotte meg út] på harm
[du sko’ inkje liva dæn ære-dag’e,]
[du søve] på frúvas arm.

17. Å de va Ólov Agisdotter,
ho [tel]Hakeparentesen er sette inn av samlaren. Over ordet er det skrive: tolde út peninganne mange,
å dei vill’ ho geva sin sókneprest’e,
fy ho måtte ó kyrkja gange.

18. Å de va’ Ólov Agis dotter,
ho løyser dæn gullring av hånd,
å dæn vill’ ho gjeva sin sókneprest’e,
fy en vill’ gjera dæn messaOver ordet står det: [teksti] lang.

19. Å de va’ Ólov Agisdotter
ho talar ti’ ternunne [små]:Hakeparentesen er sett av samlaren. Over er det skrive: tvó, og til høgre: två (med blyant).
«no vi’ me okkon at ó kyrkja gange,
så Ólav en sko’ kon ‘kje sjå.»

19 b. Dæ va’ Olov Agjisdotter,
hó kjem seg at Kyrkjele;
dær brýt hó sunde hass góe Svær,
å gangaren slepper hó løs.Denne strofa står som 19 b i høgre marg med blyant og med penn over blyantskrifta.

20. Å de va’ Ólov Agisdotter,
ho kom seg derDet er sett klammer rundt ordet med blyant. neat strand,
å adde dei snekkjur fy landi låg
dei skúva ho heilt út på vann.

21. Å de va’ Ólov Agis dotter
ho skúvar sí snekkje på fjór,
sí terne set ho í fremri stavnen,
å sjóv fy årinne rór.

22. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han kom seg at kyrkjele,
å sunde så gjekk va’ hass góe svær,
å gangaren dæn løp løs.

23. Å de va’n Ólav í Strandebý,
han glåpte seg út på fjór:
«å hot æ de fy eitt forgylte fløy,
som glimar som morgosól?»

24. «Å d’æ inkje [noko]Klammene er sett inn av samlaren. forgylte fløy,
som glimar som morgosól;
men d’æ Ólovs gúle hår,
du sér dera utpå fjór.»

25. Å de va’n Ólav í Strandebý,
síne hendar í tårinne’n vrei:
«å ha’ eg vori utpå fjóren mæ deg,
så ha’ inkje frúva silt reist.

26. [Å de va’n Ólav í Strandebý,]
[síne hendar í tårinne’n] tvó[:]
[«å ha’ eg vori utpå fjóren mæ deg,]
[så ha’ inkje frúva silt] rótt.

27. Å de va’ Ólov Agisdotter
ho helsar både vinir å frændar:
«no vi’ eg meg på eitt annat land
å klæ meg í karmannhendar.»

28. Å de va’ Ólov Agisdotter,
ho lyfter på høian hatt:
«far væl du Ólav í Strandebý,
du søv inkje mæ frúva í natt.»

*

Strofene er nummererte av samlaren.




Oppskrift B

TSB D 152: Olov Agjesdotter

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Ingebjørg Trondsdotter Troddedalen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS Sophus Bugge k, 87-92 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Dæ va’n Olav i Str[andebý]
han site fyr breian Bor,
kvi tru ho Ol[ov] Agjesd[otter]
heve komi sá hågt på OrUtfyllingane er frå reinskrifta.
– Eg ville ho va me å dæn rose. –

2. Ho hev inkje komi så hågt på Or
anten fyr Gull hell Jór,
men hev komi så hågt på Or
fyr at ho helle seg fyr go

3. [Ho hev inkje komi så hågt på Or]
[anten fyr Gull hell] Fe,
[men hev komi så hågt på Or]
[fyr dæ at ho helle seg fyr] ven,

4. Dæ va’n O[lav] i Str[andebý]
han skuta si Snekkja frå Land
då ville han segle hæruppå Land
å feste dæ deilig Liljevand.

5. Dæ va’n O[lav] i Str[andebý]
han kom seg riand i Går,
ute sto O[lov]’ Moder
ho var’a sveipt i Mår.

6. Høyrer du O[lov]’s Moder
hot eg spyrje deg vi’,
æ inkji Agji heimi
å Olov de vene viv.

7. H[øyrer] d[u] O[lov]’s M[oder]
hot eg sp[yrje] deg må
[æ inkji Agji heimi]
[å Olov] den [vene] Møy

8. Nei Agji han æ inkje heimi,
han rei seg her sør unde Li,
alt Folkji de heve i Kyrkja gjengji
å O[lov] de vene Viv.

9. A[gji] h[an] æ i[nkje] h[eimi]
[han rei seg her sør] under Øy,
[alt Folkji de heve i Kyrkja gjengji]
[å Olov den vene] Møy.

10. Dæ va han O[lav] i Str[andebý]
han kom seg at Kyrkjele,
dær sette han ne sit goe Svær
sin Gangaren batt han deri.

11. De va han O[lav] i Str[andebý]
han kom seg i Kyrkja inn,
dær smiler så mange dei stolte Jomfruvur
alt unde de Skarlakskinn,

12. De va han O[lav] i Str[andebý]
han helsa blandt myky Kvendi,
foruden ho O[lov] A[gjisdotter]
ho skjuler og for hans Hender

13. Du tar inkje O[lov] A[gjis]d[otter]
hær skjule di Hendar for meg,
eg heve nok sett så vene jomfruve,
ja mykje venar hell dú.

14. Du tar inkje O[lav] i Str[andebý]
spotte meg blandt mykji Kvendi,
du sko alli liva den Æredag,
eg Boi ti deg sko sende.

15. Du tar inkje O[lav] i Str[andebý]
spotte meg så av Kvíe,
du sko alli liva den Æredag,
du søve mæ Jomfruvas Sie.

16. D[u] t[ar] i[nkje] O[lav] i Str[andebý]
[spotte meg så] av Harm,
[du sko alli liva den Æredag,]
[du søve] på [Jomfruvas] Arm.

17. Dæ va ho O[lov] A[gjis]d[otter]
ho spyre si Terna ti Rås,
hosse sko me oto Kyrkja gange
så O[lav] han sko kon kje sjå.

18. Dæ va ho O[lov] A[gjis]d[otter]
ho tolde upp Peningann mange,
dei ville ho gjeva sin Sogneprest,
fy ho måtte oto Kyrkja gange.

19. Så tok ho en Gullring utav sin Fing,
den gav ho sin Sogneprest,
du gjere no de fyr minne Skuld
du helle den lange Tekst.

20. De va’ ho O[lov] A[gjis]d[otter]
ho kom seg at Kyrkjele,
der braut ho sunde hass goe Svær
hass Gangaren slepte ho løs.

21. Så løyste ho adde fljote Folar
så mange som sto bundne so i Bånd,
fyst å fremste O[lav]’s i Str[andebý]
på dæn ríe ho ti Strand.

22. Så løyste ho adde fljote Båtar,
så [mange som sto bundne i] Bånd,
[fyst å fremste Olav’s i Strandebý]
på den sigler ho ifrå Land.

23. De var ho O[lov] A[gjis]d[otter]
ho Skuta si Snekkja frå Land, Fjor
sín Terna Smådreng sette ho i fremri Stavnen
å sjov ho fy Åro rór.

24. De va han O[lav] i Str[andebý]
han kom seg at Kyrkjele,
sunde va broti hass goe Svær,
hass Gangaren den løp løs.

25. De va h[an] O[lav] i Str[andebý]
han seg utpå Havi såg,
hot æ no dæ fyr forgylte Fløy
som glimar på Bylgja blå. —

26. D’æ no ingjen forgylte Fløy
som glimar på B[ylgja] blå,
men d’æ ho O[lov] A[gjis]d[otter]
dæ glimar av hennes Hår.

27. Dæ va han O[lav] i Str[andebý]
sine Hendann i Tårinne vrei,
ha eg vori på Fjoren mæ deg,
du ha snart silt komi heim.

28. D[æ va han Olav i Strandebý]
han vrei sine Hendar i Blo,
[ha eg vori på Fjoren mæ deg,]
du ha’kje silt seti rótt.

29. Dæ va då den liten Småsvein,
han lyfter på høian Hatt
Farvæl O[lav] i Str[andeby]
du søv kje mæ Olov i Nott.

30. Dæ va då d[en] li[ten] Småsv[ein]
han retta ut si hvidan Hånd,
F[ar] v[æl] O[lav] i Str[andebý]
no sigler me ti fremmanda Land.

*

Strofene er unummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB D 152: Olov Agjesdotter

Oppskrift: 1913 av Hallvard Kaldbast etter M. Austistog, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM Rikard Berge CCXLIV, s. 80-83

Oppgitt tittel: Olav i Straandeby aa Olauw Ajesdotter.

*

1. De va Olav i Strandeby,
han kom seg riande igaar,
aa uti sto Olauw moder,
aa ho va sveipt’e i maar,
– «eg vill o va me, aa den rose!» –

2. «Høyr, du Olauw moder,
hot eg spyrje deg vi,
er ‘ki Aje heimi,
aa Olauw de vene viv?»

3. «Nei Aje er ‘ki heimi,
han rei seg sør ode røi,
aa folkji i kjyrkja hev gjengji,
aa Olauw den vene møy.»

4. Aa de va Olav i Strandeby,
han kom seg at Kjyrkjele,
der sette han ne sit goe sverd,
aa sin gangare bat en der i.

5. Aa de va Olav i Strandeby,
han helsar paa mange kvendi
foruden Olauw Ajesdotter,
ho skjulte seg for hans hendar.

6. «Du tar ‘kji Olauw Ajesdotter
skjule de hendar for meg,
for eg hev’e sett fenare jomfruve,
ja, mykji fenare hell deg.»

7. «Du tar kji Olav i Strandeby,
spotte meg so av harme,
du ska kji liva den æredag,
du søve paa jomfruvas arme

8. Du tar kji Olav i Strandeby,
spotde meg so av kvei,Truleg feil for: kvie
du ska kji liva den æredag,
du søve mæ jomfruvas sie.»

9. Aa de va Olauw Ajesdotter,
ho spurde se terne ti raads,
«hosi ska me faa oto Kjyrkja sleppe,
aa Olav sko kon ‘ki sjaa?»

10. Aa de va Olauw Ajesdotter,
ho kom seg at kjyrkjele,
so braut ho upp sonde hans goe sverd,
aa hans gangare slepte ho løs.

11. So løyste ho adde bondne folar,
adde dei som va bondne i baand,
men fyst aa fremst Olav i Strandebys,
den rie ho mæ nedat straand.

12. So løyste ho adde flotan baatar,
adde dei som va bondne i baand.
aa fyrst aa fremst Olav i Strandebys,
den seglde ho mæ ifraa straand.

13. Aa de va Olauw Ajesdotter,
ho skuta se snekkje paa fjor,
sen smaadreng sette ho i attare stavn,
seg sjov for aarine ror.

14. Aa de va Olav i Strandeby,
han kom seg at Kjyrkjele,
sonde va broti hans goe sverd,
aa hans gangare den løb løs.

15. Aa de va Olav i Strandeby,
han seg utaa bylja saag,
«hot tru de kan vera for forgjylte fløy,
glemrar paa bylja blaa?»

16. «Nei de er kji noko forgjylte fløy,
som glemrar paa bylja blaa,
men de er Olauw Ajesdotter,
de glemrar utav hennar haar.»

17. Aa de va Olav i Strandeby,
han vrie sene hendar i blo,
«tru eg ha vori paa fjoren mæ deg,
du ha kji sillt seti rot.»

18. Aa de va Olauw Ajesdotter,
ho lyfte paa høgri haand,
«farvæl Olav i Strandeby,
no sigler eg ti fremmande land.

19. Aa de va Olauw Ajesdotter,
ho lyfte paa høgan hat,
«farvæl Olav i Strandeby,
du søv ki mæ Olauw i naat.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Til slutt står det: 1-2-1913. (upreikna av Endi. M. Austistog.)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.