Kongen og riddaren Asbjørn drikk jul saman, og kongen spør om herr Asbjørn vil bli svigersonen hans. I så fall vil kongen gje han dotter si, liti Kjersti, til ekte. Herr Asbjørn er ikkje interessert i det, for liti Kjersti kan verken saume eller skjere tøyet til, seier han. Kongen meiner derimot at liti Kjersti kan sine ting. Herr Asbjørn bestemmer seg for å setje liti Kjersti på prøve. Han rir til nærmaste by der han kjøper tøy av finaste sort, og sender det til henne. Liti Kjersti mottek sendinga og set i gang med å skjere og saume ei vakker brudgomsskjorte med utsøkt brodering, der Asbjørn sjølv er hovudmotivet. Så sender ho smådrengen sin med den ferdigsauma skjorta til herr Asbjørn, og han forstår med det same at han har teke grundig feil. Deretter feirar Asbjørn og liti Kjersti bryllaup:
Der blei gle’i å mykjen gama
herr Asbjønn å lite Kjerstei drakk bryllaup mæ sama
(DgF X: 277).
Både Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr (1791–1866) frå Mo og dottera Hæge Vetlesdotter (1832–1905) kunne balladen. Varianten etter Jorunn, som Bugge skreiv opp i 1863, er trykt i Danmarks gamle Folkeviser (DgF X: 277). Også Tone Marteinsdotter Høna/Kolberg (1805–1877) frå Lårdal kunne «Asbjørn og liti Kjersti», men berre eit fragment på to strofer. Tone Marteinsdotter var elles ein framståande songar og kunne meir enn femti balladar (Jonsson & Solberg 2011: 418–420).
«Asbjørn og liti Kjersti» finst på alle nordiske språk. Grundtvig rekna balladen som ei historisk vise og trykte den i «historiebandet», band III av Danmarks gamle Folkeviser, men dette er i beste fall ei svært usikker plassering (DgF III: 180–200). Dei norske variantane ber tydeleg språkleg preg av Peder Syvs trykte viseform, og det får Knut Liestøl til å skrive at «Danmark er fyrste heimstaden hennar [til visa]» (Liestøl 1959: 217–219, 297). Men som så ofte elles når norske balladevariantar ber preg av dansk språkpåverknad, er samanhengen meir komplisert. Når det gjeld denne visa, har vi å gjere med ein norsk og vestnordisk tradisjon som går attende til mellomalderen og attom Syv. Dette går fram av opningsscenen der det i dei norske variantane er kongen som spør om Asbjørn vil ha dotter hans til ekte, og likeeins kongen som held fram liti Kjerstis framifrå ferdigheiter som skreddar. Slik er det ikkje hos Syv, og Syvs form endar heller ikkje med bryllaup, men med at liti Kjersti avviser herr Asbjørn:
Du beder Ridderen seile over Aa!
Ret aldrig skal hand faa min tro
(DgF III: 187).
I The Traditional Ballads of Iceland har Vésteinn Ólason jamført dei vestnordiske formene av «Asbjørn og liti Kjersti», og påviser at særleg den siste delen av visa har «some very distinctive characteristics» felles, ulike den danske tradisjonen (Vésteinn 1982: 317). Det gjeld såleis strofene 16–18 i Bugges oppskrift etter Jorunn Bjønnemyr, som kan jamførast med følgjande færøyske strofesekvens:
«Eg si’ bera din saumen frem, | «Hvøssu skal eg bera tann seyminn fram, |
kjente eg herr Asbjønn frå sine hommenn.» | eg kenni ei Ásbjørn for annan mann?» |
«Herr Asbjønn æ’ kjend fra sine hommenn, | «Ásbjørn han er eyðkend, |
han slær på gullhorpa, han bere gullband. | hans er kápan gullrend. |
Å når dú kjem í stoga inn, | Ásbjørn er ein eyðkend mann, |
herr Asbjønn sit fremst í mannering.» | hann stýrir gullsnekkju, ber reyðargullband.» |
(Vésteinn 1982: 317–318). |
Utsyn 193
CCF 114
DgF 131
IFkv 55
SMB 67
TSB D 16: Asbjørn og liti Kjersti
Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Gro Olsdotter Mjaugedal, Eidsberg, Lårdal, Telemark.
Orig. ms.: NFS Sophus Bugge III, 16–17 (reinskrift)
Oppgjeven tittel: Asbjønn Snare å líti Kjersti.
*
1. Kungen å Asbjønn Snare,
– Dæn vælborne Mann –
dei drakk Mjøen dæn klareAlternativ lesemåte: dei drukke de bryllaup i Engelands skare. (Anne Lillegaard)
– Dæn stigjen trør eg ‘kje útíAlternative lesemåtar: trøa me ‘kji uti (Anne Lillegaard) og Den stien trør meg ti (tí?) uti. (Torbjørg Haugjen) –
2. «Vi du no Asbjønn min Mågjen vera,
så sko’ eg deg líti Kjersti gjeva.»
3. «Hott sko’ eg mæ líti Kjersti gjera?
hó kann míne Klæi hverken sý eller skjera.»
4. Líti Kjersti hó kann både skjera å sý
dei yppraste Klæi, som finnast í Bý.»
5. Asbjønn reiser at næste Bý,
dær kauper han seg dæ Skarlagen ný.
6. Dær kauper han seg dæ Skarlagen ný,
dæ sille líti Kjersti bå skjera å sý.
7. Hó la’ dæn Saumen på Tilje,
hó skar í Rósur å Liljur.
8. HoSå sette hó seg på sin Sømmestól,
hó saumar ímót dæn klare Sól.I margen står: Syv v. 12.
9. «Krist give, jeg havde mig en trugjen Ven,
som kunna min Saumen bera fram!»
10. Te så talar dæn líten Smådreng:
«Eg sko’ din Saumen bera fram.»
11. Dær blei Gle’i å mykje Gama,
líti Kjersti å Asbjønn drakk Bryllaup isammen.
*
Strofene er nummererte av samlaren.
Over oppskrifta står: [Syv s. 550.] Arw.2, 202. Jfr. Abr. V, s. 75.
TSB D 16: Asbjørn og liti Kjersti
Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 247–250 (kladd)
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. Kungen å herr Asbjønn Snare
– den vælborenAlternativ lesemåte i reinskrifta: vælborne mann –
de drikke júl í Engeland skare
– Den stigjen trøe me ‘kje útí –
2. Herr Asbjønn vi’ dú min mågjen vera
líte Kjerste min dótter ska eg deg gjeva
3. Hot sko eg mæ æ líte KjersteAlternativ lesemåte: Kjersti gjera
hó kann ‘kje mi’ klæi kvorkjenOver ordet står: anten sy hell skjera.
4. Líte Kjerste hó kann bå(de) skjera å sy
fyr den yppersteRetta frå: ypparste rillarAlternativ lesemåte: riddar som búr í bý.
5. Herr Asbjønn han ríe ti næstar bý
han kauper bå silkje å skarlak nýtt.
6. Han kauper soks å skjæri,
å sender ‘æ líte Kjersti.
7. Líte K[jerste] ho spure si fóssmór um rå
her æ’ sendte meg ein saum’e ígjår.Denne strofa manglar i reinskrifta. I kladden er ho skrive inn i strofe 8 med ei linje midt i og ei linje til slutt.
8. (Høyr du líte Kjerste eg talar ti de
der‹…› blei sendte ein saum’e ti de.)
9. Ho kasta den saumen på tunne
åho skar’en, sóm hó kunna.
10. Hó kasta [den saumen på] tilje,
ho skar ‘en í róserAlternativ lesemåte: rosur og liljur.
11. L[ite] K[jerste] hó sette seg påAlternativ lesemåte: i sømmestól,
hó sydde ímot den klare sól.
12. De sette hó på hass ermekransAlternativ lesemåte: ermeband
han slær på gullhorpen, han bere gullband.
13. [De sette hó på hass] hære
herr Asbjønn mæ dragende svære.
14. De sette hó på hass brysti,
h[err] Asb[jønn] sin kjæraste kysste.
15. Krist gjeveAlternativ lesemåte: give eg ha’ meg en fulltrugen ven,
sóm kunna bera minAlternativ lesemåte: den saumen frem.
(Ti svara hennes líten smådreng)
16. eg si’ bera din saumen frem.
Kjendte eg herr Asbjønn frå síne hommenn.
17. Herr A[sbjønn] æ kjend frå sine hommenn,
han slær på gullhorpa,Over ordet står: (sic) han bere gullband.
18. Å når dú kjem í stoga inn,
herr Asbjønn sit fremst í mannering.
19. Då en kom í stoga inn,
herr Asbjønn sat fremst í mannering.
20. Høyrer dú herr Asbjønn, eg talar ti degAlternativ lesemåte: de
her æ saumen frå líte Kjersti.Over ordet står: (aab i)
21. Han rekkte’n up å glåpteSamlarkommentar: han såg på
å Herre Krist signe hennes fingarAlternativ lesemåte: finganne små.
22. Der blei gle’i å mykjen gama
herr Asbjønn å lite Kjersti drakk bryllaup mæAlternativ lesemåte: í sama.
23. [Der blei gle’i å] mykjen gnýr
[herr Asbjønn å lite Kjersti drakk bryllaup] i bý.
*
Strofene er unummererte i manuskriptet.
Reinskrift: NFS S. Bugge 6, 1–2
TSB D 16: Asbjørn og liti Kjersti
Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS M. Moe 25, s. 309–311
Oppgjeven tittel: Hr. Asbjønn å litæ Kjersti.
*
1. «Kjære Asbjønn,Alternativ lesemåte: Herr (Asbjønn) vi’ du min måg’e véra
litæ Kjersti, mi dótter, skå eg deg gjeva?»
– Den stigjen trør megAlternativ lesemåte: me kji uti. –
2. «Å hòt skå eg mæ litæ Kj[ersti] gjéra,
ho kann kji mine klæi anten sy hell’e skjéra.»
3. «Å ho kann no bådé skjéra å sy
for den yppaste riddar, dér æ i by.»
4. Herr Asbjønn han drager seg ti by,
so kouper han dei klæi ny.
5. Han kouper bå’ soks å skjeri
å sender ‘a liti Kjersti.
6. Ho kasta den soumen på tónne,
ho skar’en som ho kónne.
7. Ho [kasta den soumen] på tilje,
ho skar’en i rósur å liljur.
8. Litæ Kj[ersti] ho sette seg på ein stól,
so sydde ho imót den klåre sól.
9. Ho sette i hass ærmebondAlternativ lesemåte: ermebònd
han slær på gullhorpa, han bér’e gullband.
10. «Å når eg ha havt meg ein trugjen svénn
som ville béra den soumen fram!»
11. Ti so svòra den liten smådrængg:
«Eg sille béra den soumen fram,
når eg kjende herr Asbjønn frå séne hòvmènn.»
12. «Å når du kjæm deg i stòga inn,
Asbjønn sit fremst i manneréngg.
13. Å når du kjæm deg i stòga fram,
han slær på gullhòrpa, han bér gullband.»
14. Å når han kåm seg i stòga innAlternativ lesemåte: enn
så sát han Asbj[ønn] fysst‹…› fyst’e i manneringAlternativ lesemåte: -rengg.
15. Å når [han kom seg i stòga] fram,
han sló på gullhorpa, han bár gullband.
16. «Å høyrer du herr Asbj[ønn], hòt eg talar ti deg,
å hér æ soumen frå litæ Kjersti».
17. Han hae’n upp, han såg derpå:
«Å Krist gjive hennes fingane små!»
18. Å dér bleiv glæi å stór’e gama:
litæ Kj[ersti] å herr Asbjønn drakk bryllaup mæ sama.
*
Strofene er nummererte av samlaren.
Under overskrifta står: Hæge Bjønnemyr efter Joronn.
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.
Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.
På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.