Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 171 Herre Per giljar syster si


Innleiing

Herre Per vil forføre søster si, men ho kjem seg unna og lovar å sende terna si, Roseli, til han i staden. Søstera ber Roseli om å gå i soveloftet og hente ei saks til henne, men Roseli anar uråd, ho er redd for kva herre Per kan finne på:

«Fulli sill eg hente soksæ di
fælte eg kje for Hærre Pær, bróe din»
(Oppskrift A, str. 5).

Roseli sine mistankar er ikkje grunnlause, for når ho kjem i loftet, kastar herre Per seg over henne:

Hærre Pær gjórest í håndó sterk,
han reiv sunde Róselis silkjeserk
(Oppskrift A, str. 9).

Roseli åtvarar herre Per, ho har ein sølvbunden kniv i ermet, seier ho. Men herre Per ottast ikkje nokon kvinnekniv. Då dreg Roseli kniven og set han i hjarta på herre Per. På vegen ut møter ho søster til herre Per, som trur at han har fått viljen sin med Roseli, og nedlatande ber henne kjøpe seg lerret slik at ho kan sy seg koneskaut. Men Roseli svarar kontant at søstera kan kjøpe lerret sjølv og sy likklede til bror sin. Inst inne er søster til herre Per glad til for at broren er død, og Roseli slepp frå drapet med tre fastedagar som straff.

Det finst berre éin norsk variant av denne balladen. Sophus Bugge skreiv han opp i 1864 etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) frå Fyresdal. Nest etter Mo-songaren Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr (1791–1866) var Gunhild Sundsli den av songarane i Telemark med størst repertoar. Bugge skreiv opp 61 balladar etter henne (Jonsson & Solberg 2011: 569–573). Elles sende Bugge ei reinskrift av varianten etter Gunhild Sundsli til Svend Grundtvig, og han trykte den i Danmarks gamle Folkeviser under tittelen «Roselille Mø» (DgF IV: 147–148).

Det finst to danske oppskrifter av denne balladen.

Incest- og valdtektsmotivet gjer «Herre Per giljar syster si» til ein uhyggjeleg ballade. Rett nok endar handlinga med at herre Per, ein skurk med psykopatiske trekk, blir drepen, og Roseli slepp frå leiken med æra i behald. Undervegs er vi likevel vitne til at herre Pers søster svik Roseli for å berge sitt eige skinn. Vi sit med ei kjensle av at dette ikkje er første gongen ho sender ei truskuldig kvinne i overgriparens hender.

Utsyn 84
DgF 197




Oppskrift A

TSB D 171: Herre Per giljar syster si

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 15–19

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Herr Peder giljer sin søster.

*

1. Hærre Pær liljar han systeræ si
– Sómmåren so mangen gó dag. –
må eg fremme gó viljen din.
– De æ so favert i lunden der rinnerAlternativ lesemåte: rinder dei rósir –

2. H[ærre] P[ær] H[ærre] P[ær] lat meg blí.
eg ska’ hente Róseli tærna mi.

3. Hent æ so fórt å hent æ snart
so må dú blí í denne natt.

4. Høyr de Róseli tærna mi,
vi dú gange at lofti ette soksæAlternativ lesemåte: soksa miUnder denne strofa står: Hent æ so fórt å hent æ

5. Fulli sill eg hente soksæ di
fælte eg kje for H[ærre] P[ær] bróeAlternativ lesemåte: bróder din

6. H[ærre] P[ær] dró ti býen í sinn
hoAlternativ lesemåte i reinskrifta: han kjem inkje att fyr júlen går inn

7. Róseli inn um dynnæ steig,
H[ærre] P[ær] upp í kvíla reis

8. H[ærre] P[ær] gjórest i håndó fim,
han rykkte æ Róseli uppí sengjæ ti seg.

9. H[ærre Pær gjórest i håndó] sterk fim,
han reiv sunde Róselis silkjeserk

10. H[ærre] P[ær] H[ærre] P[ær]lat meg blí
her æ syllbunden knív i ermæ miOver lina i reinskrifta står det: [i samme Vers i en anden Vise Gunnild: ermó]

11. Eg hev stai fyr byrse å brand
so ræest eg ingjo kvennmannhånd

12. [Eg hev stai fyr byrse å] píl,
[so ræest eg] ingjen k[vennmann]knív

13. Róseli út sin kníven dróg
hó sette han i H[ærre] P[ær]’s hjarterót

14. R[óseli] R[óseli] stidd no din knív
no hev du forrått mitt unge lív

15. Dú sa dú ha stai fyr byrse å píl
dú reddest ingjen k[vinnmannknív]

16. R[óseli] innum dynnæ steig
lill Kjersti upp imót æ reis.

17. Koup deg no léreft lat vere de fínt
legg so upp skauti bróekona mi

18. Nei koup [deg no léreft lat vere de] fínt,
gakk so at lofti, klæ din bróder i lík.

19. Ja æ de no santOver lina står det: (Kjersti) at H[ærre] P[ær] æ dø,
Gud laste den ústund, dú lí ingjó nø.

20. Hó gav inkje mei for H[ærre] P[ær]s liv
hell hó gav ti kóngen sin syllbunden knív

21. Hó [gav inkje mei for Hærre Pærs] dø
hell hó sat trí frædagar på vann å brø.

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 99–101

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.