Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 205 Den utrue ektemannen


Innleiing

Mannen salar hesten sin om morgonen, og når kona spør kva han skal, svarar han at han vil ut på jakt. Det trur ikkje kona noko på. Ho seier at han nok heller har tenkt seg til elskarinna si. Når mannen høyrer det, slår han henne så blodet renn. Mannen rir til elskarinna og ligg med henne om natta. Han tykkjer han høyrer klokker slå, men elskarinna seier at det ikkje er klokker, men hundar som gøyr. På veg heim neste dag, møter han to kvinner som kjem frå ei likvake. Han spør kven som er daud og får vite at det er kona. Han møter også gravaren, som fortel at han har gravlagt kona hans. Då kastar mannen seg over sverdet sitt. I ein annan versjon møter han til slutt båra med liket. Han vil at dei skal vente til han får skift festarfeet sitt.

Alle variantane av denne balladen er oppskrivne av Sophus Bugge. Han skreiv opp to variantar frå Mo, etter Ingebjørg Troddedalen og Targjei Moen. Seinare skreiv han opp ein heilt annan versjon etter Gunnhild Dårelaupe frå Vrådal og ei einskild strofe av den same versjonen etter Tone Høna/Kollberg i Lårdal. Denne siste versjonen hadde også Olav O. Bjønnemyr frå Mo høyrt. Sophus Bugge registrerte dei to versjonane som to ulike viser (Bugge nr. 163 «Herre Per og stolt Gunnhild» og Bugge nr. 191 «Knut kongen rider ut»).

Tekstane fortel den same historia, men det er stor skilnad på utforminga på dei to versjonane. Personane har ulike namn, og ikkje éi strofe er lik i dei to versjonane. Omkvedet er også ulikt, og sjølve strofeformene er så ulike at dei ikkje kunne ha vore sungne på same melodi Det var først då Leiv Heggstad og H. Grüner-Nielsen utarbeidde Utsyn yver gamall norsk Folkevisedikting at desse to versjonane vart slegne saman til éin type.

Visa er ikkje kjend i andre land.


Formelkomposisjon?
I 1960 gav to klassiske filologar, Milman Parry og Albert B. Lord, ut ei bok som kom til å inspirere balladeforskinga. For å få bekrefta hypotesen sin om homeriske epos, byrja Parry å studere levande serbiske helteepos. Han møtte epossongarar som kunne framføre epos på fleire tusen verseliner. Så lange tekster er det ikkje mogleg å memorere, men songaren hadde eit forråd av formlar og var trena i å skape rytmiske setningar.

I dei nordiske balladane finn vi også ei mengde med formlar, og mange forskarar byrja å undersøkje om ein kunne finne spor av formelkomposisjon i balladane. Den skotske forskaren David Buchan meinte at balladane frå tidleg på 1700-talet bar teikn på formelkomposisjon, men at seinare balladar var memorerte.

I 1963 gjorde W. Edson Richmond frå Indiana University ein analyse av «Den utrue ektemannen» med tanke på formelkomposisjon. I dei to versjonane registrerte han ei stor mengde formlar som også fanst i andre norske balladar. Til dømes ligg alle dei avsluttande strofene i versjonen frå Mo tett opp til sluttstrofene i Torbjørg Gjermundsdotter Haugens variant av «Mårstig og hans møy» (TSB D 279).

Richmond meinte at skilnaden på dei to versjonane var for stor til at den kunne ha utvikla seg i normal munnleg tradisjon. Ein eller annan gong må nokon ha sett saman ei ny tekst ved hjelp av formlar.

Dei aller fleste balladeforskarane meiner at formelkomposisjon kan ha spela ei rolle i dei lange færøyske balladane, men ei lita rolle i dei andre nordiske balladane.

Utsyn 137




Oppskrift A

TSB D 205: Den utrue ektemannen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Ingebjørg Trondsdotter Troddedalen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge k, 74–77 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTitel i reinskrifta: Here Pær å stolts Gunnild

*

1. Tilegt um Morgen, når Dagen va ljus,
– her fallerAlternativ lesemåte: falla (T.) så fauer Kinn. –
då va Here Pær av sengji fús.
– Fordi træder Svenden god Elskov. –

2. Tilegt [um Morgen, når Dagen va ljus,]
då va’ han H[ere] P[ær] at Stallen fús.

3. Here Pær salar ut Gangaren grå,
då ville han seg te stolts Gunnilds Går.

4. Høyrer du H[ere] P[ær] hot eg spyre deg,
hot vi dú så årleg mæ’ Gangaren din.

5. Eg såg meg ei Hind på HeioAlternativ lesemåte: i leio (T.) igår,
no vi eg av å veie dæn

6. Du såg ingjo Hind på Heio igjår,
men no vi dú deg te st[olts] G[unnilds] går.

7. Han slo hena på Kinni rø,
så Bloi dæ rann under Skarlakskinn

8. [Han slo hena på] røde Kinn,
så sprang han på Gangaren sin.

9. Hære Pær kom seg ríand i Går,
úte sto stolts G[unnild] va’ sveipt i Mår.

10. Vælkomen H[ære] P[ær] riand ti meg,
no hev eg bå bryggja å blande Vín,

11. Eg eg æ’ inkje mykje um din bryggja å blanda Vin,
egmen æ mei um å sova på Armen din.

12. St[olts] G[unnild] ho sette seg i sengji ne,
H[ære] P[ær] han sprang Veggjen te.

13. H[ære] P[ær] låg å tenkte seg um,
no høyrer eg Klokkunne i Rosenslund.

14. De æ inkje Kl[okkunne] i R[osenslund]
men d’æ mine Hundar, di gjøar så dumt.

15. Tilegt um Morgen, DagenAlternativ lesemåte: Dagjen (T.) va ljus,
då va H[ære] P[ær] av Sengji fús

16. [Tilegt um Morgen, når Dagen va ljus,]
[då va’ han Hære Pær] atAlternativ lesemåte: åt (T.) stallen [fús].

17. Hærepær sprang på Gangaren grå,
farvær st[olts] Gunnild av store Skomm.

18. Når han kom seg her litt uppå Lei,
dær møter han dei Vakakvinnur tvei.

19. Høyrer du Vakakvinne, hot eg spyre deg:
horeOver lina står det: kven (T.) hev de no vakt å kven æ’ no dø?

20. Me va’ okkon her sør unde Li,
me vakte ivi Hærep[ærs] vene viv

21. [Me va’ okkon her sør] under Øy
[Me vakte ivi Hærepærs vene] Møy.

22. Så tokAlternativ lesemåte: trekte (T.) en GullsmokkenAlternativ lesemåte: Gullsmykkelen (T.) utav sin Fot,
dæn gav han dei Vakakvinnur tvo.

23. Når han kom seg hær liti bære fram,
der møter han den Gravarmann.

24. Høyr [du Gravarmann hot eg spyre deg]
[hore hev du no] gravi [å kven æ’ no dø?]

25. Eg va’ [meg her sør unde Li]
[eg] gróv ne [Hærepærs vene viv]

26. [Så tok en] Gullsmykken ùtav sin Hand,
[dæn gav han] dæn Gravarmann.

27. Så sette han sværi ne mot Jór,Alternativ lesemåte: Róti sette’n imot (T.)
odden dæn sette’n i Hjarterot

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 183–184

Over reinskrifta står det: (meddelt af Ingebjør Troddedal) (anden Gang hørt af Targjei Tronsson i 1867) [Varianter fra hendes Broder Targjei Trondson Moen] Variantane er skrivne inn over linene. Reinskrifta inneheld nokre fleire variantar enn kladden.




Oppskrift B

TSB D 205: Den utrue ektemannen

Oppskrift: 1867 av Sophus Bugge etter Targjei Trondsson Moen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge c, 182–185 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Tiligt um morgen, dagjen va ljus
– her falder så fauer kinn –
då va en Hærepær av sengjen fus
– Fordi træder Svenden god elskov –

2. Høyrer du H[ærepær] hot eg spyre deg
hor vi du alt so årle mæ gangaren din

3. Eg såg meg ei hind i leio igjår
no vi eg av å veie den

4. Du såg ingjo h[ind] i l[eio] igjår
men du vi deg ti stolts Gonils går

5. Han sló hæna på kinne rø
så sprang han på gangaren sin

6. H[ære] P[ær] kom seg ríand ígår
uti sto stolts Gónil var sveipt i mår.

7. Vælkomen H[ære] P[ær] vælkomen æ du ti me
no hev eg nylege bryggja å blanda vin

8. Eg æ inkje mykje um br[yggja] hell bl[anda] vin
eg æ mei um sova på armen din

9. St[olts] G[onild] ho sette seg i sengje ne
H[ære] P[ær] han sprang veggjen te

10. H[ære] P[ær] låg å tenkte seg um
no høyrer eg klokkunne i rosenslund

11. De æ inkje kl[okkunne i rosens]lund
de æ mine hundanne gjøy so dumt

12. Tilegt um morgen dagjen va ljus
då va en H[ære] P[ær] av sengje fus

13. H[ære] P[ær] salar ut gangaren grå
men farvæl stolts Gonill hav store Skomm

14. Når han kom seg der litt fram på lei
der møter han våkekvinnur tvei

15. Høyrer de dé de vakakvinder tvei
horkven hev de vakt kven æ no dødøy

16. Me va kon her sør unde øy
me vakte ivi H[ære] P[ær]’s vene møy

17. So trekte’n gullsmykkelen udaf den fot
den gav han dei [vak]akvinder tvo

18. Når han kom seg her litt frampå lei
der møter han den gravarmann

19. Høyrer du de du gr[avarmann] hot eg spyre deg
kven hev du gravd, kven æ no dø

20. Eg va meg her ‹…› under lí
eg gróv né H[ære] P[ær]’s véne vív

21. So trekkte’n gullsmykkelen udav sin hånd
den gav han den gr[avarmann]

22. Róté set han imot jor
men odden sette’n i hjarterot

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift C

TSB D 205: Den utrue ektemannen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Gunhild Jørundsdotter Dårelaupe, Vrådal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 219–221 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Kungen å droningje sitje før bór
dei talar så mangt eitt skjemtas ór
– Knút konúngjen rider út. –

2. Herre Gud, kung Knút, trú eg måtte tala,
dú heve deg ei åno kona.

3. Knút sló te Margjitdroningji unde kvítan kinn,
så blóe skvatt ive skarlakenskinn.

4. Knút han sprang uppå gangaren grå,
så vrei rei han han si droning ífrå.I reinskrifta står det i margen: [Mellem 4 og 5 maa Meget mangle]

5. Knút han gjekk uppå lofsans tilje,
dei kløstroklokkunne så hart monne ringje.

6. [Knút han gjekk uppå lofsans] bró,
[dei kløstroklokkunne så hart monne] slå.

7. Hvem æ no syk hell hvem æ no dø
mæ k[løstruklokkenne] så hart monne slå

8. Min faerOver lina står det: (Frille). I reinskrifta står det i margen: [‹Frillens Ord›] han æ’ så gamal en mann,
dei k[løstreklokkunne] slår ‘kje for ham

9. Knút han rei ette Rípesgate,
så møtte’n dei kvinnunne koma av voku.

10. Hvem [æ no syk hell hvem æ no] dø
hell hvem ha’ de mått vakte over mæ kjortelen rø.

11. Dí droning [æ syk di droning æ] dø
dí dr[oning] har vi [mått vakte over mæ kjortelen] rø.

12. Knút han rei líte lengjer fram,
så møter han líkje på bårustång.

13. [De] setje [her] ne [hannars]Henta frå reinskrifta bårutré
mæ eg fær skifte mitt festarfé.

14. Hav du sjav ditt festarfé,I reinskrifta står det i margen: [‹Ligmændenes Ord›]
du æ’kje være te leggje gulle i Margjits fang.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet. Tekst i klammer følgjer reinskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 200–201

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.