Herre Per og jomfru Metta er trulova og skal snart gifte seg. Dei talar saman, og han spør henne om ho ville sørgje over han dersom han skulle døy. Ho svarar at ho ville sørgje så tungt at jorda ikkje ville bere henne. Herre Per, som vil prøve truskapen hennar, rir av garde. Etter ei tid kjem han attende som lik, tilsynelatande død. Men jomfru Metta viser ingen teikn til sorg, tvert imot både syng ho og dansar. Då reiser den døde seg frå båra og bankar henne opp.
Det finst berre éin variant av denne balladen. Denne skreiv Sophus Bugge opp i 1864 etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Fyresdal. Bugge møtte henne både i 1864 og året før og skreiv opp atten balladar etter henne. Åsne høyrde til ei balladesongarslekt, og ho førte sjølv tradisjonen vidare: Bugge skreiv også opp eit par balladar etter to av sønesønene hennar (Jonsson & Solberg 2011: 601–603).
Balladen finst også på dansk, svensk og færøysk. Visehandlinga varierer, særleg slutten. I dei danske formene lever den trulova kvinna opp til forventningane og seier at ho vil byggje ei kyrkje over den døde. Kista hans vil ho la pryde med sølvbeslag (DgF IV: 553–563). Men i den færøyske visa går det som i den norske, og jomfrua dansar, spelar og syng når festarmannen kjem til gards. Ho har gjennomskoda festarmannen, seier ho, ho visste at han eigentleg ikkje var død. Men riddaren meiner at ho hadde dansa og sunge likså godt om han verkeleg hadde vore død:
Svaraði jomfrú i kjortil reyð:
«Eg visti tað væl, tú vart ikki deyður.»
Hann gav henni høgg undir kinn,
blóðíð dreiv á skarlakans skinn
Hann sló hana undir kinn so reyð:
«Tú hevði so gjørt, um eg var deyður»
(CCF VI: 190).
Fleire balladar handlar om tilhøvet mellom levande og døde. Døde menneske kan såleis for ei kort tid vende tilbake frå dødsriket, jf. naturmytiske viser som «Festarmann i grava» og «Den vonde stemora». I den sistnemnde balladen kjem den døde mora attende for å tale alvor til stemora, som forsømer borna. Men poenget i «Truskapsprøva» er snarare komisk. Kanskje er det ingen god idé å spele død for å sjå korleis dei nærmaste tek det, ikkje minst kjærasten?
Utsyn 159
CCF 162
DgF 252
SMB 114
TSB D 224: Truskapsprøva
Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli, Veum, Fyresdal, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge q, 28–29
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. Here Pær å Metta, dei site over bór
– uti dyd og i æra –
dei tala so mange dei skjemtandes ór,
– Og min hjartensAlternativ lesemåte: hjertens kjæra Gud lade okkon freden vinne. –
2. Hossi ville du syrgje meg
når eg sille burtdøy frå deg.
3. Så ville eg no syrgje deg
at jóre sill ‘kje bere deg.Feil for: meg
4. Herepær han rei av på sin gangari hvit
han rei av livande kom atte lik
5. Dei bar de likje i fostoga inn,
Metta hó gjåre båe tralla å kvo.
6. Når mæ bóri der va gott lag
men fram på tili der blei bask.
*
Strofene er unummererte i manuskriptet. Under oppskrifta i reinskrifta står: (‹Herre Peder reiste sig op og gav Metta Prygl›)
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.
Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.
På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.