Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 236 Arne og liti Kjersti


Innleiing

Mens Arne og mor hans leikar gullterning, fortel ho at herr Jonas ligg med Arnes brur, liti Kjersti. Arne rir straks til Kjerstis gard og fortel henne at han har både bryggja og blanda vin. Han vil at dei skal drikke seg glade og så sove i ro. Ho svarar at ho ikkje kan det, for ho er stemna til eit anna ting. Han seier at han vil vente til ho kjem heim, men ho seier at ho ikkje kjem heim før på ein måndag.

Arne lurer på dette og rir tilbake. Der finn han huset låst, og når han bankar på, seier Kjersti at ho ikkje kan opne, fordi terna hennar ligg sjuk og toler ikkje trekk frå døra. Arne sparkar likevel døra opp og finn herr Jonas i senga. Arne tek Jonas i hans gule lokk og høgg hovudet av over sengestokken.

I den fyldige oppskrifta som Sophus Bugge fekk etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli i 1864,5les er det eit par strofer som kan tyde på at Arne er ein prest. Han er ikkje kalla herr Arne, og etter drapet angrar han seg. Han seier at han las ni messer i går, men i dag er han ikkje verdig å høyre kyrkjeklokkene.

Det er ingen andre enn Sophus Bugge som har skrive opp denne visa. I tillegg til Gunnhild Sundslis variant frå Moland har han også tekstar etter Dagne Ånundsdotter Lid frå Kvitseid og Sigrid Såvesdotter Bandakslid frå Skafså. Bugge skreiv også opp etter to menn frå Vrådal, men desse oppskriftene er berre fragment. Det er ikkje kjent melodi til denne visa.

I ei svensk handskriven bok frå ca. 1572 eller litt tidlegare finst det ei vise, «Herr Wonge» (TSB D 243), som fortel om ei liknande hending. Visa minner også om den skotske balladen om «Matty Groves», også kalla «Little Musgrave and Lady Barnard». Denne visa vart svært populær etter at Joan Baez song den inn i 1962. Men i hippietida vart ektemannen skildra som ein brutal mordar som øydela den vakre kjærleiken mellom elskaren og hustrua.

Utsyn 150
SMB 121
Child 81




Oppskrift A

TSB D 236: Arne og liti Kjersti

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Sigrid (Såvesdotter?) Bandaksli, Skafså i Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, 12–14 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Arne å líti Kjersti. I.

*

1. Arni å hans kjære moder
– på dæn samlange dag –
dei leika gulltavel over bóri.
– Udi rósenslunden dær rinder vår gangar. –

2. Dæn første gullterning på tavlebóri rann,
Arni han tapa, hass kjær moder hun vann.

3. Dæn anden gullterning på tavlebóri rann,
Arni han tapa, hass kjær moder hun vann.

4. «Hør mig Arni, kjær sønnen min:
herre Jón hviler med festermø din.»

5. Arni han sprang på gangaren grå,
så rei han seg te líten Kjerstis går.

6. Arni han kom seg ríands í går,
líten Kjersti for ham úti står.

7. «Vælkomen Arni, festarmann min!
no hev eg nyss blanda mjø å vín.

8. Å no vi’ me drikke å halle kon gla,
du hev ‘kje vor’ heime på så mangen dag.

9. Å no vi’ me drikk’ upp ei konne hell tvo,
å sea så villa me sova í ró.»

10. «Eg må no ‘kje drikke bar’ ei líti tí,
for egRetta frå: æ æ’ no stemnde ti ett fremmed ting.»

11. Arni han sprang på gangaren grå,
så rei han ífrå líten Kjerstis går.

12. Lill’ Kjersti hó tala te smådrengen så:
«de be herre Jón innfor meg gå!»

13. «Å no vi’ me drikke å halle kon gla,
Arni kjem ikki på en månasdag.

14. Å no vi’ me drikke ei konne hell tvo,
å sea så ville vi sova í ró.»

15. Dei ha no ‘kje legi bar ei líti stund,
Arne han rei ígjenom rósenslund.

16. [Dei ha no ‘kje legi bar ei líti] tí
[Arne han rei ígjenom] rósenslí.

17. Arne han kom seg ríands í går,
å alle hass dynnir va’ slegne í lås.

18. Arne han pikka på høyene blå:
«statt upp líten Kjersti, skrei lokur ífrå!»

19. «Mí terne hó æ’ både sjúk å sår;
hó toler no ikkje, dæn døra går.»

20. «Dí terne hó æ’ kje anten sjúk hell sår,
men herre Jón hviler under dyner blå.»

21. Han spente dynni í duraring
låsen sprang upp å Arni gjekk inn.

22. Arni han grytte på dýna blå,
unde låg herre Jón båd’ bleik å blå.

23. Arni han riste på syllbora knív:
«ha’ dæ ‘kje vori liti Kjersti, dæ ha’ silt kosta dítt lív.»

24. Han trekkte út væl herre Jón av dýna upp,
han høggi hass hovu på sengjestokk.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Ved venstre sida av overskrifta står det: Jfr. Gr. Utr. 43. 191. Ved høgre sida står det: Jfr. Jamieson I p. 162 (Lord Randal). I p. 170 (Lord Barnaby). Dexon’s Scott. Ball. nr. 3 (Lord Burnett and little Munsgrave).

Under oppskrifta står det: [Ligner Herr Wronge hos Arw. II. S. 448.] Minder om Little Musgrave and Lady Barnard. Percy, S. III, B. I, nr. 11. Park’s Ed. of English Songs II p. 254 (Gr. 77).

Det er ikkje kjent nokon kladd til denne oppskrifta.




Oppskrift B

TSB D 236: Arne og liti Kjersti

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Li, Veum i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge m, 38–40 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Arne å hass kjære Moder
– på dæn samlange Dag, –
dei spilte Gulltærning over Bori.
– Uti [rósenslunden dær rinder vår gangar] –

2. [Dæn første gullterning] over [tavlebóri] rant
[Arni han tapa, hass kjær moder] ho vant.

3. Eg sko no seia deg, hoss dæ bere te
herre Jon sover med unge Bruden din.

4. Arne han slo sine Nevar mot Bor,
så vist eg sko eg røyne min Moders Or

5. Arne han kom seg riands i Går,
liten Kjersti ute før ham står.

6. No vi’ m
Vælkomen Arne Festarmann min,
no hev eg bryggja å blanda Vin.

7. No vi’ me drikke ei Konne hell tvo
så vi’ me liggje å sova mæ Ro.

8. Eg skjøttar ni ikkje um drikkje vin,
før eg æ stevnd te eitt fremmend ting

9. Æ du stevnd te fremmende Ting,
når må me vente deg heimat igjen.

10. De må drikke å halde dikkon gla,
eg kjem ikkje att på en månedsdag.

11. Arne han lyfter på høgan Hatt,
Farvæl, liden Kj[ersti] å hav så God Natt.

12. Liden Kj[ersti] ho tala te Smådrengjen tvo:
Di beder Herr Jon til meg inngå.

13. Liden K[jersti] ho ha ‘kje halltala Or,
før Herre Jon han steder for hendes Bor.

14. No vi’ me drikke o ei Konne hell tvo
så vi me liggje å sova mæ Ro.

15. Dei ha ‘kje legji hot ei liti Stund
før Arne han rei seg i Rosenslund.

16. Han klappa på Dynni mæ finganne små,
Statt upp liden Kj[ersti] skrei Lokunn ifrå!

17. Mi Terna ho æ no så sjuk å så sår,
ho kann ikkje tola dei Dørane går.

18. Di Terna ho æ ‘kje så sjuk hell så sår,
ho kunn’ fulla tola [dei Dørane går.]

19. Anrne han stende på karsken Fod,
han spente dæn Dynni o Naglemot.

20. Arne lyfte på Dynunne små,
unde låg Jon både bleik å blå.

21. Han tok Herr Jon i sin gule Lokk,
han hoggje av hass Hovu på Sengjestokk.

22. Arne han rister på bloutte svær
va’ du kje liden K[jersti], du va’ dæ væl vær.

23. [Arne han riste på bloutte] Kniv
[va’ du kje liden Kjersti,] dæ sill kosta ditt Liv.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 122–123, med overskrift: Arne å líti Kjersti. II. (meddelt af Dagne Li.)

Kladden er i byrjinga forkorta med tilvisingar til oppskrifta etter Sigrid Bandaksli (oppskrift A her). Reinskrifta er sterkt forkorta med tilvisingar til same kjelda.




Oppskrift C

TSB D 236: Arne og liti Kjersti

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 101–105.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Arne å hass kjær moder
– på den samlange dag –
dei leika gulltærning mæ bóri
– Útí rósanlunden der rinder vår gangar. –

2. Den første gulltærning på tavelbór rann,
Arne han tapa hass moder hó vann.

3. Den are [gulltærning på tavelbór rann,]
hass m[oder] h[ó] t[apa] A[rne] h[an] v[ann]

4. [Den] trée [gulltærning på tavelbór rann,]
hass m[oder] hó t[apa Arne han vann.]

5. Høyrer de A[rne] kjær sønnen min
ret nu søve herr Jón hos unge brúræ di.

6. A[rne] han sló si hånd ímót bór
forvisst ska eg prøve min moders or.

7. Arne han kom inn te lítæ Kjersti
no hev eg bryggja å blanda vín.

8. Først vil vi drikke en kanne eller to
Siden so ville vi sova mæ ró.

9. Eg må inkje sove kot ei líta tí,
h eg æ stevnde te eit fremmende ting.

10. Æ dú no st[evnde te eit fremmende] ting
når må eg vente deg att igjen

11. Du må væl drikke å halle deg gla,
eg kjem inkje atte på ein månesdag.

12. Lill’ Kjersti hó heita på sveinanne tvo
dí seie han herr Jonas inn fyre meg gå

13. Herr Jónas han kom han staddest for bór,
kot ví’ dú lill Kj[ersti] dú sender meg bo.

14. Først vil vi drikke en kanne eller to,
å siden ville vi sova mæ ró.

15. Han sa mi måtte drikke å halle kon gla
han kom inkje atte på ein månesdag.

16. Dei hae inkje sovi kot ei lítæ tí,
då rei Arne ígjenom rósan lí.

17. [Dei hae inkje sovi kot ei lítæ] stund,
[då rei Arne ígjenom rósan] lund.

18. Han klappa på dynnæ mæ finganne små,
statt upp lill Kj[ersti] skrei lokunn ífrå.

19. Mi tærna hó æ no så sýk å so sår
hó toler slétt inkje at dynnæ går.

20. Dí tærna hó æ aldri so s[ýk] hell s[o] s[år]
hó kann væl liggje på blómstrinne blå.

21. Arne han sette for karskan fót
dynnæ lout sunde í kvort næglemót.

22. Han bredte upp dei pelline blå
å bleik’e herr Jónas undi låg.

23. Han tók han herr Jónas í gúle lokk
han hoggji av hass hovu på sengjestokk.

24. Ígjår gjåre eg dei messunne ný
ídag æ eg ‘kje værug at høyre den gný.

25. Ígjår g[jåre] e[g] bå messa å sang,
ídag [æ eg ‘kje] verdig at hø[yre] d[en] klang.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VII, 39–41, med overskrift: Arne og liden Kirsten (Gunnild Sundsli, Fyresdal, 1864). Reinskrifta er i ei anna handskrift, men Bugge har ført på rettingar og overskrift.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.