«Frille» er eit gamalt ord for elskerinne, ei kvinne som lever med ein mann og gjerne får barn med han, men utanfor ekteskap. I mellomalderen var det ikkje uvanleg at kongar, adelsmenn og andre maktpersonar hadde friller, og frilleborna kunne også få arverett. I den norske kongerekkja er det mange frilleborn.
Herre Per skal gifte seg med Åseliti. Han byr inn både fattige og rike til bryllaupet, men han ber ikkje liti Kjersti, frilla si. Kjersti rir opp til søstera si og låner både smykke og fine klede av henne. Ho fletter håret sitt med raude gullband og kjem ridande til bryllaupet på den fagraste folen. Ho er så vakker at smådrengen ikkje kjenner henne att, men herre Per berre smiler og ber henne kome inn. Ho helsar til alle, men ikkje til brura. Åseliti lurer no på om Kjersti skal sitje høgare enn henne. Men liti Kjersti ber berre om å få lov til å skjenkje. Ho skjenkjer til alle gjestene sovnar, og når det blir mørkt, tenner ho lys og set eld på huset. Alle brenn inne. Men det verste er likevel at presten også brenn inne.
Visa finst i mange variantar både i Danmark, Sverige og på Færøyane, men det er berre i dei norske oppskriftene at frilla hemnar seg med å brenne heile selskapet inne. I dei danske, svenske og færøyske variantane tek dei livet av seg. Brudgomen kastar seg over sverdet sitt, mens frilla drep brura og hengjer seg så i eit tre. I Danmarks gamle Folkeviser skreiv Sven Grundtvig at den oppskrifta Landstad hadde etter Ingeleiv Knutsdotter Ramberg i Lårdal, var den aller beste. Sannsynlegvis er det også den eldste versjonen av denne visetypen.
Ved sidan av Landstads tekst har Sophus Bugge fått gode oppskrifter både etter Jorunn og Hæge Bjønnemyr og Tone Targjeisdotter Kringlåk, alle frå Mo.
I 1840-åra skreiv Hans Seeberg og Olea Crøger opp ein melodi etter ein ukjend songar i Telemark. Seinare skreiv Lindeman opp melodiar frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen og frå Grue i Hedmark, men dessverre skreiv han berre opp teksten til første strofa.
Martin Haakensen Haugsmoen frå Grue song ei strofe som vi kjenner igjen frå gamle svenske oppskrifter og eit gamalt dansk skillingstrykk:
Lita Kjersten og Peder sad glade ved Bord
– den Elskov saa vilde vi nu gjemme –
de talte saa mange de skjemtende Ord,
– aller Kjæresten min jeg kan dig ret aldrig forglemme. –
Men den strofen som Anne Paulsdotter Lillejevne frå Kvam i Nord-Fron song, ser mest ut som formelvers. Men sidan ho har det same omkvedet, er dette sannsynlegvis også den same visa.
Hr. Peder han seiler over saltan Vand
– den elskte ho vilde vi nu gjemme –
Lille Kirsten hun rider paa snehviden Strand
– allerkjæresten min jeg kan dig ret aldrig forglemme –
Den skotske «Lord Thomas and Fair Annet» (Child 73) fortel ei historie som liknar på dei svenske og danske versjonane:
Lord Thomas er forelska i den vakre Annet, men mor hans vil at han skal ta den nøttebrune og rike møya. Søster hans åtvarar han og seier at rikdomen kan bli borte, og då vil han berre sitje att med ei nøttebrun møy. Likevel gjer han som mor vil. Den vakre Annet kjem i bryllaupet i strålande klede. Den nøttebrune møya blir så sjalu at ho drep Annet. Lord Thomas drep den nøttebrune og drep seg sjølv. To roser veks opp av gravene deira og veks i hop.
I skotske balladar kan nøttebrune møyar vera vakre, men i denne visa er ho tydelegvis ikkje særleg vakker.
Utsyn 83
DgF 210
SMB 122
CCF 159
TSB D 245: Kjerstis hemn
Oppskrift: 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Ingeleiv Knutsdotter Ramberg, Seljord, Telemark.
Orig. ms.: NB Ms fol 1803h:f, 4.
Oppgjeven tittel: Liti Kjersti
*
1. Herreper rider i Skáne by
han bed til bryllups igjen pa ny
– Ded vækkjer einginAlternativ lesemåte under siste strofa:eingo Aaseliti af mine Armar –
2. Han bed til bryllups bate store og smá
liti Kjersti si Frille la’t han ‘ki gá
3. Liten K[jersti] ho reid seg ind under Li
so laner ho Klæder af Syster si
4. Ho tok no pa seg den silkjeserk
nie va Møyanes handeverk
5. Denne strofevarianten står skriven i høgremargen ved strofe 4.[Ho tok no pa seg den] Stakin bla
Gulli lág etter kvor den Tra
6. Denne strofevarianten står skriven under strofe 4.[Ho tok no pa seg den] St[akin] Rau
g[ulli laag] etter kvor den saum
7. ho var anki sa beltevand
[ho] slengde omkr[ing] seg ded røde Guldband
8. Sette ho seg pa Sengestok
sá drog [ho pá seg den] Silkjesok
9. [Sette ho seg pá] liten StolAlternativ lesemåte (overstroken): Silkjestol
sprette pá seg sylvsp[ente] Skor
10. Liten K[jersti] gjeng at bekki
sit gule Haar ho rekkjer
11. Ho vaska sit Hár i Klare vand
greider etter med sylvarkam
12. [Ho] flettar sit Hár i røde Guldband
setter hun deruppa ein liten Guldkrands
13. ‹…›iten K[jersti] ho gjeng ad Stallen
‹…›ed sadel og beik[sel] i hende
14. Ho skáda den gule, hon skada den blá
den bedste lagde ho Guldsadelen pá
15. In kjæme Smadreng og segir ifra
her kem ei Jomfru ridand i Gaar.
16. Ho er einki kend i denni bygd
Hári ded heng ivi Hesteryg
17. Ho er einki kend i denni Grænd
Hári ded hæng ivi hestelænd.
18. Til svara Peder han smiler under Skind
di bed den Jomfru i stoga gaa ind.
19. Liten K[jersti] hon var sa med gulli gjurd
hon fek einki seg anten bukke hel snu
20. Liten K[jersti] hun var sá med Gull bespendt,
ho fek einki Hándi til Herreper sendt
21. Ho helsa ivi bor og benkir
men Aaseliti láds hon einki ense
22. Ho helsa Store, ho helsa smá
Aaseliti bruri lás ho einki gá
23. Til svara P[eder] han smiler under skind
lat ho sita høgste den seinste kom ind
24. Til svara bruri ho bleiv lit vereid
sko dá noken sita høja, hel mei?
25. Eg vil ki sita pá benki
eg bed om forlov at skjenke
26. Til svara folket som drukkin var
hot er deð fer ei som skjenker sá brav
27. Til svara Smadrengjen snille
og ded er Herrepers frille
28. Ho trødde sa hart pá Smaadreng[jens] fot
at blodet sprang af Neglerot
29. Ho tok af seg ein røden Guldring
den gav ho den liten Smaadreng
30. Silde om Aften Røgen faldt pá
bruri sille til senjen gá
31. Som ded mørkna i kvort ded hus
ho rusla i snortur og tendte op ljus
32. Ho rusla [i snortur og tendte op ljus]
sa sette ho Ellen pá kvort ded hus
33. Herreper vakna ekki før dá
Varmen leika i hans gule Haar
34. Og Herrep[er] ut gjennom Vindauga ság
da ság han liti K[jersti] pá Gata ho gár
35. Og kjære mi frilla du hjelper no meg
ei ana Gáng skal eg hjelpe deg
36. Og ded var liti K[jersti] ‹sa høgt hó log›
No hev eg fát gjort ded eg tænkte pá
37. Ded gjorde meg den storste Harm
ded brant inne bruri pá brugomens Arm
38. Der bran inne Øl og bran inne mat
og 15 Jomfrugur i festrumSamlarkommentar: Brurepiger Fæstepiger sat
39. Og ded gjorde meg ded allerverst
ded bran inne okkons Sognepræst
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
Papiret er noko skadd i høgremargen, slik at eit par bokstavar i strofe 13 er borte. Ein liten bit som dekkjer eit par bokstavar i byrjinga på verselinene i strofe 14 og 15 er fallen av, men ligg ved manuskriptet.
Landstad bruker oftast «á» for «aa», men set ikkje alltid strek over a-en. Vi har late teksten stå slik Landstad skreiv han.
TSB D 245: Kjerstis hemn
Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Tone Targjeisdotter Kringlåk, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 216–217.
Oppgjeven tittel: Frillens Hævn. I. (meddelt af Tone Kringlåk)
*
1. Herre Pær rider under øy,
– unde vælgródde tré –
dær fester han seg så vén ei møy.
– Dæ vekkjer ingjen ung ædelinne útav min arm. –
2. [Han beð’ til bryllaups báð’ store, og små,]
men frigda [lást han] alli sjå.
3. –Å høyr du herre Pær, hot eg spyr deg,
kví ville du inki bea meg?»
4. «Mitt gjestebo dæ stende sø unde øy,
å dær kjeme ‘ki anten frúvur hell møy.»
5. [«Mitt gjestebo dæ stende sø unde] lí
[å der kjeme ‘ki anten frúvur hell] vív.
6. «Å hvis at du ville bea meg,
så sille eg ‘ki sýte mæ koma ti deg.»
7. Stolts Inger hó reiste ti næste bý,
dær lånte hó gulli av systranne sí.
8. Stolts Inger hó reiste at stalle
å veljer folen dæn snjalle.
9. St[olts] I[nger] ha’ på seg [den silkiserk,]
å níe møyars h[andeverk.]
10. Stolts Inger ho kom seg ríand í går,
smådrenginn stó úti, dæn damma dei såg.
11. Å smådrenginne sprang seg at stoga inn;
«å no æ’ her komi ei jomfrú så fín.
12. Her æ’ki sett makjen í våres bygd,
håri dæ henge på hesterygg.
13. [Her æ’ki sett makjen í våres] grend
[håri dæ henge på heste]lend.
14. Å hó æ’ så mæ gulli bisett,
at hó fær inki hendann’ ífrå seg å rekk’
15. Å hó æ’ så mæ gulli bibudd,
at hó fær seg ‘ki sjóv í salen å snúdd.»
16. Stolts Inger hó sprang ótó salen ne,
å riddarar å sveinar tók henar ve.
17. Stolts Inger hó sette seg í benkjen:
«eg æ’ meste vani ti skjenkje.»
18. Å alt dæ hó skjenkte å alt dæ hó bar,
dæ va’ no meste, dær herre Pær sat.
19. Å stolts Inger hó sette seg at sængi ne,
å herre Pær han sprang veggjen te.
20. Hó rusla í brondinne å tente í lýs,
så sette hó eld på kvoreinaste hús.
21. Å herre Pær vakna, umkring seg såg,
då fírra elden í hass gúle hår.
22. Å når som hó dæ altsamen ha’ gjórt,
då sprang hó på gata, så hjarteleg hó ló.
*
Strofene er nummererte i oppskrifta.
Nokre strofer er forkorta med tilvisingar til Landstads Norske Folkeviser, 1853 (s. 559–563). Desse strofene er fylde ut etter Landstads utgåve.
Vi kjenner ikkje til nokon kladd til denne oppskrifta.
TSB D 245: Kjerstis hemn
Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge o, 31a–32b.
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. Herepær han drager til Rípels bý
so by’e han ti bryllaups på ný
– De vekkjer ingjen Åselill útav åSamlarkommentar: (sic) minom armi. –
2. Hør dú de H[erepær] eg talar ti dé
kví býte ‘kje dú meg í bryllaupe ditt.
3. Mitt bryllaup de stende so hågt unde li,
der kjem ‘kje anten frúvur hell frigdevív.
4. [Mitt bryllaup de stende so hågt] undir øy,
[der kjem ‘kje anten frúvur] hell frigedemøy.
5. Um ditt bryllaup de stó í Skåni,
å jau so menn sko’ eg koma.
6. Vi’ dú í mitt bryllaup vera
so lýt dú dine sorgeklæi skjera.
7. Líti Kjersti hó drager til Rípels bý
so låner hó seg gullkróna på ný.
Hó finnst inkje slík’e í Rípelsby
8. L[iti] K[jersti] hó ha på seg skjurta små,
níe va møyanne sømmenSamlarkommentar: (sic) å
9. L[iti] K[jersti hó ha på seg] silkjeserk
[níe va møyan]nes handeverk.
10. [Liti Kjersti hó ha på seg] stakkjen blå
gulli de låg etti kvor den trå.
11. [Liti Kjersti hó ha på seg stakkjen] rau,
[gulli de låg etti kvor den] saum.
12. L[iti] K[jersti] hó va kji so hårbandvand,
hó vippar sitt håri ‹…› eitt rødegullband.
13. So slengjer hó kringum ein sylvartrå
den høie gullkróna den sette hó på.
14. L[iti] K[jersti] hó akslar kåpa blå
so stige hó uppå gangaren grå.
15. L[iti] K[jersti] hó kom seg ríand í går
smådrengjen úti fyre æ står
16. Inn kom smådreng sei tíend ífrå
her kjem ei brúr í våres går.
17. So æ’ hó mæ sylve búdd,
eg hev alli sétt noko véndri brúr
18. Ho æ inkje kjend í denne grend,
fyr håri dei heng ivi hestelend.
19. L[iti] K[jersti] hó gjenge at bakarhús,
so tenner hó ellen í kvort de hús.
20. So t[enner hó ellen] í kvor den kró,
sjóv gjeng hó ígjenom dynninne å ló.
21. Inni brann øl å inni brann brø
å 15 jomfrúvur í skarlagjen rø.
22. Inni [brann øl å inni brann] mat,
[å 15 jomfrúvur] í festómSamlarkommentar: (sic) sat
23. De tikje vera miAlternativ lesemåte: meg líti kvíle
at brúre brann upp mæ brúgomens síe.
24. De [tikje vera] h meg lítiSamlarkommentar: (sic) harm
[at brúre brann upp] på [brúgomens] arm.
25. De [tikje vera] meg allervest,
at inni brann kos sókneprest
26. No hev eg drepe ‘en Herepær,
der rann inkje bló
enno ríe eg ei møy so gó.
27. No hev eg gjórt den gjærning, som eg ville gjera,
no gjet eg so svåre væl hemni vera
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
Under oppskrifta står det: [de kann krabbe på ‘en], men det er usikkert om det står til denne eller den neste oppskrifta i manuskriptet («Alibrand og Lindelin»).
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.
Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.
På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.