Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 278 Den sjuke brura


Innleiing

Ein mann spør ein nær ven – stallbror sin – om å få dotter hans, stolt Margret, til ekte, men venen svarar at ho er for ung. Dei gjer i staden avtale om at bryllaupet skal stå om åtte år. Mannen hentar brura si som avtala, men på vegen til kyrkja går det fram at brura er sjuk. Inne i kyrkja ber ho om å få gå ut, for ho kjenner at døden nærmar seg. Når ho og brurekvinnene kjem til kyrkjeleet, ringjer himmelens klokker etter henne.

«Den sjuke brura» er ein svært sjeldsynt ballade. Han finst berre på norsk, og i heilsleg form berre etter Guro Johannesdotter Midbø (1835–1868) og mor hennar, Aslaug Pålsdotter Midbø (1792–1873). Begge var frå Fyresdal, men Aslaug var fødd i Kviteseid. Dei to oppskriftene er så like at Sophus Bugge, som møtte Aslaug i 1859 og Guro i 1863, har ført dei saman til éi form. Guro har med andre ord lært visa av mor si (Jonsson & Solberg 2011: 598–599).

«Den sjuke brura» høyrer til ei stor gruppe nordiske balladar som handlar om korleis sjukdom, ulukker og sjølvmord brått og uventa fører til død. Bakgrunnen for slike viser var høgst reell. Trøysta var likevel at livet på jorda berre var ei innleiing til det evige livet i himmelen, i dette tilfellet kan den sjuke brura vente seg ein himmelsk brudgom. Teksten verkar nærast som ein illustrasjon til livet til den yngste av songarane, Guro Johannesdotter. Ho vart rett nok gift, men døydde same året (1868) i barnseng, viser kyrkjeboka.

Utsyn 141




Oppskrift A

TSB D 278: Den sjuke brura

Oppskrift: 1859 av Sophus Bugge etter Guro Johannesdotter Midbø og Aslaug Pålsdotter Midbø, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge h, 235–336 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Stallbroder tala te stallbroder sin
– Under Vallan –
Vil du no give mig Datteren din.
Over teksten står: For (Aslaug). «For» står også i reinskrifta.Den rosen den er ikke voxen –

2. Stolt Magret ho æ ‹no› so liti eit bån
ho kan ikkje sova på kungens arm.

3. [Stolt Magret ho æ no] so liti ei brúr
ho kan ikkje lyklanne for låsanne snú.

4.I reinskrifta finst ei anna 4. strofe: Dei sette då upp í åtte år, men då sille kungjens gjestebo stå. På sida står det: (ikke Guro). Då dei kom seg under Vallan lí
då lyster stolts Magret å kvile seg.I reinskrifta er dette 5. strofe. Under denne står det: [Aslaug meddelte flgd. V. Då han kom seg í kyrkjele, då lyster kungjen at hvile seg.]

5. Då klappa han hende på kvidanAlternativ lesemåte: plomman kinn
Krist give dú va ‘kje sykeAlternativ lesemåte: frisk (Asl.) festarmøen mín

6. So gjekk ho seg te vallekyrkje fram,I reinskrifta står det over lina: [Aslaug: Brúri hó reiste seg te Lundekyrkje fram]
soAlternativ lesemåte i reinskrifta: der sette hó seg eit lite grand

7. So tala hoAlternativ lesemåte: Brura ho tala (Asl.) ti sine brupikurAlternativ lesemåte: kvinner to,
ska me ‘kje nå ótó kyrkja gå?

8. Hoss kann me nå ótó kyrkja gå?
de undrast på okkon både stóre å små

9. Ja lat undrast, lat undrast so mange som vi’
han måAlternativ lesemåte: lyt (Asl.) væl gange dít den Alternativ lesemåte: som (Asl.) døden trængjer ti.

10. Då hoAlternativ lesemåte: dei (Asl.) kom seg í kyrkjele
i himmelenAlternativ lesemåte: [himmel]rikje (Asl.) ringjer dei klokkunne ni.

11. [Då ho kom seg] på kyrkjevoll,
[i himmelen ringjer dei klokkinne] tolv.

Strofene er unummererte i manuskriptet. Manuskriptet har to informantar, kladden er basert på Guro Johannesdotter Midbø med alternative lesemåtar etter Aslaug Pålsdotter Midbø påført, medan reinskrifta er basert på Aslaug med alternative lesemåtar frå Guro påført. Over reinskrifta står det: Aslaug Midbø i Spokkeligrend i Fyresdal, født i Sundbygden i Kviteseid, og hendes Datter Guro Johansdotter.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 129–130.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.