Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 279 Mårstig og hans møy


Innleiing

Mens herr Mårstig er langt heimanfrå, drøymer han illevarslande draumar om festarmøya si. Gullringen hennar sit på ein annans finger, og gullbandet hennar på ei anna hand. Kåpa er skoren i småstykke, og den sølvspente skoen framanfor senga er full av blod. Mårstig skundar seg heim og møter gravferdsfølgjet på veg til grava. Han ber dei setje kista med den døde kjærasten frå seg, slik at han kan pryde kista med gull. Vidare ber han dei syte for at grava blir stor nok til begge:

De greve den grefti baa ví aa lang!
der ska’ vera ‘kos [vår] brúregang
(Bugge [1858] 1971: 127–130).

Deretter kastar Mårstig seg over sverdet sitt og døyr.

Det finst kring tjue variantar av denne balladen, dei fleste frå Telemark. Eit par oppskrifter er frå Agder-fylka. Dei forskjellige balladevariantane har to litt ulike handlingsgangar, jf. Utsyns oppstilling. I den eine forma heiter hovudpersonen herr Mårstig. Som vi har sett, blir den vonde lagnaden til festarmøya formidla til han i ein draum. Den andre hovudforma har herr Strage som hovudperson, han møter ei spåkvinne som fortel at festarmøya er død. Elles er handlinga den same.

Landstad trykte ei form med tittelen «Herr Stragi» i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968: 537–541), mens Sophus Bugge på si side trykte to viseformer med Mårstig i hovudrolla i Gamle norske Folkeviser. Bugges A-tekst er etter Torbjørg Gjermudsdotter Haugen frå Skafså (1792–1862). Torbjørg Haugen song kring femti balladar for Bugge, og han tok med heile ti av dei i Gamle norske Folkeviser, noko som viser kor høgt han sette henne som songar (Jonsson & Solberg 2011: 540–544). Bugges B-tekst er etter Targjei Targjeisson Kosi frå Vrådal (1809, emigr. 1861), også ein svært kunnig balladesongar (Jonsson & Solberg 2011: 360–362). Rikard Berge skreiv opp ein melodi til «Herr Mårstig og hans møy» etter Hæge Tormodsdotter Porsmyr (1829–1911) frå Kviteseid (Ressem 2014: 169–170).

Namneforma Mårstig må vere avleidd av marsk Stig Andersen Hvide, den velkjende danske balladehelten. Vidare må namnet Strage hengje saman med junker Strange, ein annan dansk balladefigur. Dette kan tyde på at visa har dansk opphav. Bugge skriv då også at den «hörer saaledes vistnok oprindelig hjemme i Danmark» (Bugge [1858] 1971: 128). På den andre sida finst det ikkje eldre danske oppskrifter av denne balladen – som likevel truleg har vore kjend av Anders Sørensen Vedel (DgF VII: 464, 466–469). Men det er ingen ting i vegen for at populære namneformer som dei ovannemnde har vore lånt. Begge namna har fått norsk form i samsvar med norsk uttale.

«Mårstig og hans møy» var ein populær ballade på 1800-talet, både i Noreg, Danmark og Sverige. Enkelte viseformer skil seg ut med særleg fin symbolikk, som når Torbjørg Gjermundsdotter Haugen skildrar Mårstigs vonde draum:

Han dröymde um hennes kaapa blaa,
at den va’ skori í stykkjir smaa.

Han dröymde um hennes syllspente skó,
stó framafyr sengji, va’ fulle av bló
(Bugge [1858] 1971: 128–129).

Utsyn 135 A & B
Bugge 26
DgF 446
SMB 132




Oppskrift A

TSB D 279: Mårstig og hans møy

Oppskrift: Udatert oppskrift i visefugge frå første halvdelen av 1800-talet, skriven av Torgrim Knudsen Lindefjeld frå Fjotland, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS M. Moe 85, 242–243.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. stranie Ganager at Gielie stok
Han spilla sig med sin folle flok
– der spiller saa faver ey Lilia ved unger sensAlternativ lesemåte under siste strofa: unersv sevns arme –

2. Ia viste du stranie kos Himma te stoe
du Leigte Leikinn saa Gla Og Loe

3. Visste du Stranie Kos Himma va this
du Leigte Leikinn saa Gla Og fisk :/:

4. Hør æe naa inkie Long Hel see i sin
min Kierest spilla sæg unna plomma kinn :/:

5. Ia Hør æ Naa inkie Læng Hel see i Gaar
din Kierest blev dod Og Lag paa bar :/;

6. Ja Ioltin sætte Han mod en sten
ja Odin Jorre hans Hierta men :/:

7. Ia der blev Naa sørrig Og ike Gama
tri Lig til Joræ for samma :/:

8. Dæ ena va stranie dæ Andra Han møy
dæ tredie Hans moder fa soriæ døy

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Hans Ross gjorde også ei avskrift av denne (NFS H. Ross 4, 28–29) og skriv: (…) nedskreven vel efter Hukommelsen, med Forsyndelser mod Dialektens Former og med mange Feilskrivninger.) (Visefuggen i Pastor Eieslands være, Stavanger.)




Oppskrift B

TSB D 279: Mårstig og hans møy

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Signe Eivindsdotter Storgård, Høydalsmo i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge l, 46–48 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Herr Strangje han stander på timareting
– dei leikar ein leik –
han skemtar seg mæ sin røde gullring,
– dei leikar så fagert
ei liti liljuRetta frå: lilje som søve på unge sveins armar –

2. Herr Strangje han stander på timarestokk
han skemtar seg mæ sin gule lokk.

3. In kom spåkv[inna] ho stampa i jor,
å høyre du Strangje, kom lye uppå min or.

4. [Visste du Strangje, hoss heime] var fatt
så gjekk no ‘kje leiken i den‹ne› nått.

5. [Visste du Strangje hoss heime sto te,]
leikjen gjekk inkje så gledeleg

6. Som Strangje kom seg te borgjeli,
der sitter hass stimoder å viler seg ve

7. Å høyre du de du stimoder min,
hossi liver Ingeliti festarmann min

8. Ingeliti liver som eitt anna gott bån,
eitt sorigfult jerte ær sjella món gla.

9. Strangje han sprang på sin gangare rø,
fortare fl rei hell fuglen fløi.

10. Som en kom seg no litt uppå øy,
der møter ‘en våka dei mennarne sjau.

11. Som Strangje han kom seg no litt unde li,
[der møter ‘en våka dei] mennanne ni.

12. Å hokken æ sjuke, hel hokken sku døy,
me voka her gjenger su unde li.

13. Me hava vori her su unde øy,
å vakt ivi Strangjes festarmøy.

14. Me h[ava vori her su unde] li
[å vakt ivi Strangjes] festarviv.

15. Å Strangje han gjekk seg i høie loft inn,
då brann der tri ljos føri Ingilitis kinn.

16. Han sette sitt svær i jor,
odden han sveivde i jærterot.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge I, 56–57, med overskrift: Herr Strangje. I. (meddelt af Signe Storgård)

Uklåre forkortingar i kladden er skrivne ut etter reinskrifta.




Oppskrift C

TSB D 279: Mårstig og hans møy

Oppskrift: 1892–93 av Hans Jacob Aall etter Tone Tomasdotter Lintveit, Brunkeberg i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: (NFS-kopi av) NFS H. J. Aall I, 104–106.

Oppgjeven tittel: Hr. Strangje

*

1. Strangje han stende oaa Timariting,
– der leikar ein Leik, –
han leikar seg me sin røde Gulring
– ⁒ dei leikar saa fagvert
fèr ein liden Liljul, som sover i Ungersvens Arme ⁒ –

2. Aa visste Du Strangje, hos heime sto te
saa jek ikje Dansen saa lysteleg

3. Den Festarmøi, Du festa ifjor
no ligg ho sjuk aa stundar te Jor.

4. Den Festarmøi, Du feste under Øi
no ligg ho sjuk aa stundar te døi

5. Strangje han blei saa ilde me Or
han bleikna som Bast aa svartna som Jor

6. Saa sette han seg paa Gangaren rau,
saa rei han saa fort, som Fuglen den flaug

7. Som at han kom seg te Borgele,
der sto haanoms Vèrmor aa viste seg Ve

8. Høire Du mi Vèrmo(r)Parentesane står i oppskrifta., hot eg spyre Deg
Hoss liver mi Festarmøi, Du sant seje meg.

9. Di Festarmøi liver som ei aano go Brur
ho spinne den Silkje, di veve i Skruv

10. Di Festarmøi liver som ei aano go Møi
ho spinne den Silkje, di veve i Røir

11. Strangje han rei seg framette Gata
der møtte han tvo Pikur, som kom av Vaka

12. Eg helsar dei Pikunn i Kjortelen rø,
hor heve dei vakt, hell kven e dø

13. Me heve no vori her vest under Øi
aa vakt yvi Strangjes Festarmøi

14. Me heve nò vòrì her vest under Li
aa vakt under yvi Strangjes Festarviv.

15. Som at ‘n kom seg lit lènger fram
der møtte han seg dei Likfærsman

16. Dei heftar aa biar ei liti Ti,
te eg fèr meg klèd i ein aen Lit

17. De heftar aa biar ei liti Stun
te eg fèr meg klèd i ein aen Lun.

18. Kaarskjefte han sette imot Jor
òdden den up imot jartai sto

19. Saa kasta han seg paa Ligebaar,
saa kjørde dei tri Lik te Kjyrkjegaar.

20. Den eine va Strangje, den andre honoms Møi
den tree haanoms VèrmoSamlarkommentar: ingen r kan høres av Sorgji maatt døi.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.