Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 37 Riddar legg seg lik


Innleiing

Herre Karl går til mor si og spør om råd. Korleis skal han få den han er glad i, liti Kjersti, ut av klostret? Mora seier at han skal bruke falske råd: la seg skjere likklede og leggje seg på likstrå, og det gjer han. Liti Kjersti blir åtvara av sine mot å gå til vakestova, men ho går dit likevel og ber for sjela hans og kallar han kjærasten sin. Dermed spring herre Karl opp og ropar ut at her er det ingen som er død, i morgon vil han til presten med festarmøya si.

Det finst berre eit par oppskrifter av denne balladen i Noreg, og berre ei er nokolunde fullstendig – men slutten manglar. Denne varianten skreiv Sophus Bugge opp i 1857 etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen (1792–1862) frå Skafså. Ho var søster til Signe Gjermundsdotter Napper (1788–1865), og begge søstrene var framståande balladesongarar (Jonsson & Solberg 2011: 540–544). I oppskrivingstida ser det ikkje ut til at balladen har funnest utanfor Mo prestegjeld her i landet. Språket er svært danskprega, og det må truleg liggje eit dansk skillingstrykk til grunn for dei norske variantane.

På dansk finst balladen i noko fyldigare oppskrifter frå 1500-talet, og likeeins frå nyare bondetradisjon (DgF VII: 159–176). I Sverige har denne balladen, «Herr Karl och klosterjungfrun», vore umåteleg populær, frå renessansen og fram til 1800-talet. Dei svenske variantane endar med at jomfrua blir verande i vakestova, som endrar karakter og blir bryllaupsstove. Dei andre klosterjomfruene blir sitjande på utsida av døra og tenkjer sitt:

Det var de klosterjungfrur
de läste uti bok
vist var det en guds ängel
som vår syster tog.

Det var de kloster jungfrur
de sjöngo hvar för sig
Christ gif en så’n guds ängel
kom och toge mig
(SMB 3: 10).

Elles svarar den skotske balladen «Willies’s Lyke-Wake» (Child 25) i hovudsak til «Riddar legg seg lik».

Det er grunn til å tru at brodden mot katolisismen og klostervesenet er ei viktig årsak til at «Riddar legg seg lik» har vore så utbreidd i Danmark og Sverige frå renessansen og fram til 1800-talet. Kanskje har ikkje det kritiske synet på katolisismen vore like vanleg i Noreg som i grannelanda. Moralsk sett utfører herr Karl ei meir enn tvilsam handling, den kan berre forsvarast fordi katolismen i følgje teksten undertrykkjer naturlege impulsar og kjensler, som no får kome til uttrykk.

Utsyn 127
DgF 409
SMB 70




Oppskrift A

TSB D 37: Riddar legg seg lik

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge k, 20–22 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Karl gik han før sin Moder,
og før sin Moder at staa,
Hoss ska eg hæna liti Kjersti
útav Kløstri få?
— Hør dú Karl ligger Lig, mens jeg sover aleini —

2. Du skal lade dig Ligklæder skjære,
og lægge dig på Strå,
slett ingen skal vide udaf
din falske Rå.

3. Karl lod sig Likl[æder skjære]
og lagde sig [på Strå]
slett ingen vidste [udaf]
hans [falske Rå.]

4. Det var liti Kjerstis Smådreng,
han gik i Kjortelen rød,
må eg meg at Vokstua
og se han karl dø.

5. Du må deg at Vokstua
og se han Karl Lig,
men når du kommer at Vokstua
da sviker Karl dig.

6. De var liti Kjersti,
ho gjekk på røde Gullsko,
Karl ligger på Bordet,
så hjarteleg han lo.

7. Gik hún for hans Hoved
og for hans Hoved at stå,
så bad hún godt for Sjælen
som livde godt i går.

8. Gik hún for hans Hoved
og neden før hans Hær,
då dú va’ i Livi,
då únte dú meg væl.

9. Gik hun før hans Hoved
og neden for hans Kind,
då dú va’ i Livi,
va du allerkjæresten min.

10. De kaste ud både Bor å Benkjer,
her er slet ingjen dø,
imorgo vi’ eg før Presten stå,
alt mæ mi Festarmø.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge III, 163–165.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.