Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 52 Alv Leiesak


Innleiing

Alv Leiesak får vite at kjærasten hans er bortførd og fest til ein annan mann, bryllaupet står for døra. Dette vil ikkje Alv finne seg i, og for å vinne kjærasten attende kler han seg ut som kvinne. Han let håret vekse og stasar seg til med vakre smykke og gullkrone:

Deð var Alvar Leiðesak
han lét seg hovuðgull smiðe,
femten liljur i kvor den ring,
som heng pá hári deð fríðe
(Landstad [1853] 1968: 311).

Alv dreg til bryllaupsgarden og blir vel motteken. Han møter kjærasten sin, som ikkje kjenner han att. Alv spør henne rett ut om kven ho helst vil ha, og svaret er eintydig. Ho vil ha Alv Leiesak. Dermed er saka klar, og Alv rømmer frå bryllaupsgarden med kjærasten sin.

Landstad trykte ei form av «Alv Leisesak» i Norske Folkeviser, der han gjer merksam på at viseteksten berre er eit brotstykke. Heller ikkje dei andre fem variantane er fullstendige, dei manglar innleiinga. Alle variantane er frå Telemark, og Sophus Bugge har skrive opp tre av dei, deriblant ei form etter Bergjit Lintveit (1812–1894) frå Morgedal i Kviteseid. Ho vart tidleg enkje og opplevde at fem av dei seks borna hennar døydde små. Alle påkjenningane førte til at ho på eldre dagar fekk store nerveplager. For Bugge song ho femten balladar i 1857 (Jonsson & Solberg 2011: 333–334).

Elles finst «Alv Leiesak» på dansk. Dei danske variantane, der hovudpersonen heiter Albret, inneheld som nemnt innleiinga til visa:

Her Albrett ganger y gardde,
och lieeger hand med synn hest:
daa kaam hanom dy tiding foor,
hans iumfru wor bo(rt)-fest
(DgF VII: 118).

At ein mannleg helt kler seg ut som kvinne for å oppnå ein fordel, er eit ikkje uvanleg motiv i riddarballadar og andre balladar med riddarvisepreg. Både «Hagbard og Signe» (TSB D 430) og «Bendik og Årolilja» (TSB D 432) inneheld dette motivet. Bergjit Lintveits tekst formidlar dessutan klangar som vi kjenner frå «Ebbe Skammelson» (TSB D 251), som at brura blir leidd til brurehuset og at nokon ber vokslys for henne på vegen dit. Det kan sjå ut til at balladen er dikta av nokon som har kjent til slike viser, og at tradisjonsberarane også har gjort det. Men «Alv Leiesak» er ingen tragisk ballade, som dei nemnde visene.

Utsyn 112
DgF 397




Oppskrift A

TSB D 52: Alv Leiesak

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Leiulf Halvorsson Gotenborg, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 201–202.

Oppgjeven tittel: Hallvor Leiansakk. (meddelt af Leiuf Hallvorson Gotenbor i Sellgjor).

*

1. De va’ Hallvor Leiansakk
han lader sitt hår vakse,
gúle så vore dei lokkune,
som hekk ivi hass akslir.
– Her vi’ ingjen dansen framføra. –

2. «Her æ’ så vónt på dessi land,
her æ’ ikkje møyar,
me sko’ reise å stela burt
brúri på Samsings øyar.

3. Her æ’ vónt på dessi land,
her æ’ ikkje kvendi,
me vi reise på andre land,
som ingjen mann ‘kon kjenner.»

4. Dæ va’ Hallvor Leiansakk,
han lader sig klæer skjære,
kåpa ný å brynja sí,
som han sill’ ei jomfrúge vera.

5. [Deð var Alvar Leiðesak]
[han lét seg hovuðgull smiðe,]
[femten liljur i kvor den ring,]
[som heng pá hári deð friðe.]Fyld ut etter Landstad 1853, 311.

6. Dær han kom på høgan hei
då prøva han sin hest,
dær han kom í jomfrúgaren,
sa’ han, han va’ ei jomfrú næst.

7. «Eg æ’ ifrå augrunnSamlarkommentar: Så meddelt af Leiuf, der ikke forstod Ordet.Samlarkommentar med blyant: aurum (ỏðrum) landi,
ingjen mann her meg kjenner,
eg heiter Sigrí skjollmøy frúga,
så vítt um lånde æ’ kjend.»

8. Så kom dær ein så kjóvskelege
ótor dæn kvindehóp,
Hallvor stó í loftssvalinn
mæ brynja å tverrhoggne skó.Samlarkommentar: Jfr. i en Sang af Minnesangeren Gotfried von Neifen (13. Aarh.) Von Walhen fuor ein pilgerîm mit fînem közelîne. Zerhouwren wâren im die schuo: er was sô rehte fîne.

Samlarkommentar: Leiulf mindedes så at have hørt Landst. V. 4. 5. 6. 7. (kun i 6 Lin. 3 og i 7 L. 1 ingjen í denne verden). 8. 9. Også meddelte han følgende Vers, hvis rigtige Plads han ikke kunne angive.

9. [Så kom dær ein så kjóvskelege]
[ótor dæn] kvindeflokk,
[Hallvor stó í loftssvalinn]
[mæ brynja å] gúle lokk.

10. «Å høyrer du dæ du unge brúr,
hot eg deg spyrje at;
kví negtar du Hallvor Leiansakk,
dæn tí han deg ba?»

11. «Meg negta faer å móer
å dærte frúgur å frændar,
d’æ tungt í jomfrúse’n
å taka rå í hendar.

(Hallvor reiser med Bruden).

12. Dæ va Danekungjens son,
han mone síne hendar vríe.
«D’æ bæri heime vera
hell ette Hallvor ríe.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Bugge har skrive til variantar frå Targjei Kosi i margen ved dei to første strofene.




Oppskrift B

TSB D 52: Alv Leiesak

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bergjit Torsdotter Lintveit, Morgedal i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 198–201.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Her æ’ vóndt på dessi land
her finst no ikkje kvendi,
me vi’ kon på andre land,
som ingjen mann ‘kon kjenner.
– Vi’ her ingjen dansen framføre. –

2. Her [æ’ vóndt på dessi land]
[her finst no ikkje] møyar,
[me vi’ kon på andre land,]
stela brúri unda Samsons øyar.

3. De va’ Alve Leiesāk,
lét han håre vakse,
kåpa ví å kåpa sí’
han slengjer ivi síne akslir.

4. De va [Alve Leiesāk]
lét han skjera skrukk,
så let han møyanne leie seg,
som han ha’ vori ei brúr.

5. Så tók dei den unge brúr,
leidde hennar teAlternativ lesemåte: í brúrehús
de va’ [Alve Leiesāk]
han bar dei høge vaksljús.

6. Så tók [dei den unge brúr,]
[leidde hennar] på brúrebenk,
[de va’ Alve Leiesāk]
han bar for hennar skjenk.

7. «Høyr du de du unge brúr
hott eg deg spyrje må,
hoss líkar dú den unge brúgomen
som dú no sko’ få.

8. Så líkar [eg den unge brúgomen,]
[som] eg [no sko’] få,
hott trú han låg í svarte jóri,
å stóre steinen på.

9. De va [Alve Leiesāk]
han gjore síSamlarkommentar: (sic) håndi sterk,
så tók han den unge brúr,
lyfte hennar uppå sin hest.

10. Høyr du de du un
De va’ no den litenAlternativ lesemåte: lisle smådreng

11. Denne strofa står skriven øvst på sida med annan blyant. Ho står ikkje i reinskrifta.De va [Alve Leiesāk]
han lyfter på høian hatt
Far so væl du unge brúgom
å hav so 1000 gó natt

12. Høyr du unge brúgomen
hott eg seie deg,
no reiser [Alve Leiesāk]
mæ den unge brúr frå deg

13. De va’ no den unge brugomen,
stakk hanAlternativ lesemåte: Han stakk sitt svær mæ síe,
de æ’ bete heime sita,
hell ette Alve ríe.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 26–28, med overskrift: Alv Leiesak. (Birgjit Lintveit)




Oppskrift C

TSB D 52: Alv Leiesak

Oppskrift: 1878 av Ivar Mortensson Egnund etter ukjend songar, Telemark.

Orig. ms.: NFS I. Mortensson 4, 33–37.

Oppgjeven tittel: Alv Leidesakk.

*

1. De ‹e› s[o] vondt e detta lan
‹de› vankar er so lite møye
no vi me reise ‹aa finne›
som bur unde Samsings øyer
– her maa ingen dansen fremføre –

2. [De e so vondt e detta lan]
der vanka so lite kve[nde]
no vi me rei‹se te› aurom land
der som ingen man kjender

3. Å [de va] Halvor L[eidesakk]
han la‹u›t seg skjera skur
so lat han dei møyar leide forseg
rett som han [va] ei brur

4. Å [de va] H[alvor] L[eidesakk]
han let sitt haaret vak‹se›
gule var dei lokkar‹ne›
som hekk etter Halvors akslir.

5. Å [de va] H[alvor] L[eidesakk]
sett se i fosstogo ned
å bloe rann av jomfrumøya
å ne i skarlaken rø

6. Å [de va] da den stolte brugom
han tala ti kjellarmann
å skjenk no ‹te› den skjønneAlternativ lesemåte: skjólmøy fruva
som nyss [er] komi inn

7. Denne strofa strår skriven vertikalt i høgremargen, med tilvising hit [De va] daa den unge brugom
han tala te kjellarmann
tapp i øl å bland i vin
skjenk no den stolte skjolmøyfruva
som nys [er] komi inn

8. Å [de va] Halvor L[eidesakk]
å sylvarskaali han slengte
hav no takk d[u] goe brugom
[for] den goe vin d[u] skjenkte

9. Over strofa står: ?[de va] ingen s[o] sterke i den fer
som Halvor H[alvor] L[eidesakk]
me brynje å blanke sver

10. Å [de va] da‹a› den unge brur
ho skuld te brurseng ga‹a›
[de va] H[alvor] L[eidesakk]
vild bere dei lysi smaa

11. [de va daa den unge] brur
sette ‹seg› i brurseng ne
[de va] H[alvor] L[eidesakk]
han sprang daa veggen te

12. Hør d[u] [de] d[u] unge brur
hot [eg] deg spørje maa
hossi likar [du] brugomen din
den s[om] d[u] ska naa faa

13. Å ‹so› lika [eg] br[ugomen] min
den s[om eg ska naa faa]
tru han laag i den svarte mold
å svarte torva p[å]

14. Høyre [du de du unge] brur
[hot eg deg] spyrje vi
[æ de] ingen i v‹erd›en t‹e›
din hugen leikar p[å]

15. Å her [æ ingen i verden te]
[min hugen leikar på]
forutan H[alvor] L[eidesakk]
[som eg ska naa]Det er uklårt korleis denne forkortinga skal løysast opp. aldri her‹s›jaa

16. Å hø[yre du de du unge] b‹rur›
[hot eg deg spørje må]
kvi tok d[u kje] H[alvor] L[eidesakk]
daa h‹an› sto deg te bo(d)s

17. [Eg] maatte [ikkje for] far å mor
å [ikkje for] rike frendar
[de] samer so ille ei stolte jomfruge
å taaka seg raa i hendar

18. [De va] daa [den] unge brudgom
han vilde te sengi gaa
fram so sto den H[alvor] L[eidesakk]
å hoggje honom hovue ifraa

19. Å høyr [du de du] onge brur
du stiller denne kvide
[de æ] nok H[alvor] L[eidesakk]
som ligge ve di sie

20. Hø[yr du de du onge] brur
[du stiller denne] harm
[de æ nok] H[alvor] L[eidesakk]
[som ligge ve di] arm

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Under strofe 9 står det: dei tost han [va] so vene, so dei skifte liter

Det er ikkje godt å tyde denne oppskrifta. Oppskrifta er mykje forkorta og har innslag av eit slag stenografi. Skrifta er elles svært utydeleg.




Oppskrift D

TSB D 52: Alv Leiesak

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Lars Larsson Veslestøyl, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 225–229.

Oppgjeven tittel: «Alv i Brurehus»Til høgre for overskrifta er det skrive: («A. Leiesakk») Dette er overstroke, men det er skrive ein gong til på venstre side.

*

1. Dæ va ingjen så skalkeleg i dæen brurefær
som Alve LeiesakkAlternativ lesemåte: Alv i L[eiesakk], honoms brynje å blanke svær.
– Dæ vi’ ingjen dansen fremføre –

2. Dæ [va ingjen så skalkeleg i dæ] brurehus
som A[lv] i L[eiesakk, honoms] brynje å blanke krus.

3. Å dæ va Alve i Leiesakk
han trefte bruri, te sìa va.

4. Då spurde han bruri så rart:
«Æ ingjen i væri te, som hugjen din leikar på?»

5. «Nei hér æ ‘kje bare A[lv] L[eiesakk]
honom kann eg inkje få»

6. «Ja så biar du ennå te sængjeti
så skå du ennå bli mi.»

7. Dér va i brurehus båt’ ong’e å gammal gjæst,
men A[lv] i L[eiesakk] vill’ sitta bruri nest.

8. Dér va i brurehus båt’ bruggom å bruggomsmann
men A[lv] i L[eiesakk] han helt seg fyste fram.

9. Dæ va brugomen tala te bruramannAlternativ lesemåte: bruremenn«bruramann» er først overstroke, men har stiplaline under seg som teikn på at overstrykinga er feil.,
«Høyre du Svein Tviskjegg, set deg fyste fremAlternativ lesemåte: fram.

10. Set deg høgaste mæ mitt bór,
du æ enAlternativ lesemåte: ei kjæmpe stor!»

11. «Nei igjår fekk eg slik hjertemein,
så eg la mi bringe imot en stein

12. Nei idag æ eg ikkje rar,
eg æ slett ingjen kjæmpekar.»

13. Då tala bruggomen te kjæmpe Tor
«Sét deg høgaste mæ mitt bór.»

14. Dæ va Tor kjæmpe å Svein Sving
å Brureknut dei sette seg mæ bóré ikring.

15. Bruri å Brureknut dei gjekk å sette seg,
då gjekk A[lv] i L[eiesakk] på gålvi å leia seg.

16. Då tala brugg[omen] hārt te A[lv] i L[eiesakk]
«Du ha’ kje turt’ vòre hér idagAlternativ lesemåte: Ha eg visst du ha’ vore slik ein kar, du ha ‘kji skult [vore her idag]«

17. «Ha’ du kje gjort slikt ett tiggarlag,
så ha’ ikkje eg vòre hér idag.»

18. «Di åt å drakk å alle te rèst
séa sala di ut både fole å hest
så rei dei seg te kjørkje å te prest.

19. Då di va te kjørkja å knytte ektebånd
då gjekk Alv på gålve, han vrei si égjó hånd.

20. Då di kom att ifrå kjørkja i den ti,
då gjekk A[lv] på golve, han va ‘kje bli

21. Då dæ lei te sængjeti, at dæ skulle bli
då gjekk bruggòmen te kàmersi inn
han lǣste seg inn mæ lòkur å bind.

22. Dæ va Tor kjæmpe å Svein Sving
å Brureknut, dei sette seg i ein ring innmæ kámersdynn.

23. Då gav Alv i L[eiesakk] Tór kjæmpe ett kjæveslag
å derfe blei Tór kj[æmpe] ikkje rar.

24. Då ville Tór kj[æmpe] gjeva Alv ein bringestyng
men då bøtte Svein Tviskjegg mæ svǣr-odden sin

25. Å Svein Tviskjegg han va Alvs égjen móbrór
å derfe va’ en imót Alv så gó.

26. Å derfe va dei ou tvó
fe Svein Tvisk[jegg] va Alvs égjen móbró.

27. Men ha’ kje Sv[ein] Tv[iskjegg] bøtt fe svǣhoggji tolv,
så ha Alv lègjé dø i golv.

28. Då spænde han te kamersdynn mæ spænndǣ-sko
så beini dei gjænóm dynni stó.

29. Han spænde te dynne i en fart
så dynni utav krøkæne datt.

30. Så gjekk ‘en seg i kámerse inn
å like fram te bruresængji inn.

31. Dér hoggji ‘n te bruggomen i hònoms pannebein
så han lå dø, ja som en stein

32. Så la ‘en seg i bruresæng fram
da sa bruri: «Du er ‘kje min rette mann

33. Eg he’ ‘kje voré mæ deg ti kjørkje hell te prest
då kann eg ikkje sova deg nest.»

34. «Ja he’ dæ ‘kje vòré så skå dæ bli,
eg he’ lova, du skå ennå bli mi.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: («Han levde i fystningji, Alv, tænkjer eg, da kjørkjun kom»)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.