Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 90 Bror kjenner att syster

[Eg stod meg ut med bekk og tvo]


Innleiing

Ei jomfru står ved ein bekk og vaskar når to riddarar kjem. Den eine rir vidare, men den andre snakkar til henne. Han lovar henne eit gullband om ho vil bli kjærasten hans.
«Kva skal eg seie når fostermor mi ser gullbandet?» spør ho.
«Du kan seie du har funne det på sanden,» seier han.
«Men kva skal eg seie når ho ser at eg har bleike kinn?» spør ho. Når jomfrua i ein ballade får bleike kinn, betyr det at ho er gravid.
«Sei at du bleiknar fordi mor di er død,» seier han.
«Kva skal eg seie når ho ser at eg har eit barn?» spør ho.
«Sei du har funne barnet i skogen,» seier han.
«Det er skam å lyge slik for fostermor si,» svarar ho.
«Kva ætt er du ifrå?» spør han. «Sett deg på steinen og fortel meg om di ætt.»
«Mor og far er døde, men eg har ein bror som heiter Svein,» seier ho. Og så fortel han at han er bror hennar. Han ville berre prøvde om ho hadde æra si, og så gifter han henne bort til ein fin riddar.

I Noreg er visa berre kjend i Telemark. Sophus Bugge har skrive opp etter Gunnhild Jørundsdotter Dårelaupe i Lårdal, Rikard Berge etter Tollev Jensson Eikjamyra i Bø og Moltke Moe har skrive opp etter Kjersti Jensdotter Lillegård. Lindeman skreiv opp ein melodi etter Anne Hermodsdotter Haugen i Mo og Catharinus Elling skreiv opp tre melodiar. Den eine er truleg etter Hæge Ansteinsdotter Findreng i Vrådal. Dei to andre skal vera frå Grungedal og Flatdal.

Visa er ganske lik i alle dei nordiske landa. Den eldste oppskrifta er frå Danmark på 1500-talet. Dessutan har danskane fleire oppskrifter frå munnleg tradisjon, men ingen melodi. I Sverige har dei registrert 7 melodiar.

Utsyn 102
DgF 481
SMB 87
IFkv 59




Oppskrift A

TSB D 90: Bror kjenner att syster

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Gunhild Jørundsdotter Dårelaupe, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 262–264.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Jeg stod mig ved en Bæk og to
– Under Lidi –
der kom dei riandes de Riddarar to.
Hosse langt monne her lie,
si si dei herre HakonsAlternativ lesemåte: Hakongs søner utdrie. –

2. Den ene han red sin vei forbi,
den anden stod ogAlternativ lesemåte: holdt han snakka med mig.

3. Skjøn j[omfru], skj[øn] j[omfru] troloverAlternativ lesemåte: trolovar du meg,
så godt et guldband eg gjeva sko deg.

4. Hott [Hott sko’ eg fyr mí fostermor svara,]
[når hó såg meg] gullbandi svarahava

5. Du kun[ne seia] du gjætte deg ute mæ strand,
du fann dæ gullband på kvitan sand.

6. Hott sko’ eg fyr mí fostermor svara,
når ho såg meg gullband bleike kinn band hava

7. Du kunne seia din faer å moer va dø,
du kunna ‘kje allti vera allti så rø.

8. Hott – svara [Hott sko’ eg fyr mi fostermor] svara
[når ho såg meg] líte kind hava.

9. Du [kunne seia du] gjætte [deg ute mæ] lindSamlarkommentar: (lí?)
[du fann] så líte eitt kind.

10. Dæ va’ meg ei skomm så stór,
at eg sille ljuge for mí fóstermóer så gó

11. Mæ du helle dí æra så kjær,
så seg meg dí ætti, kor hó frå kómi æ?

12. Eg va’ fødd fyri míggjenått
mi móer va dø fyri hanen gól.

13. [Eg va’ fødd fyri] hanen gól.
[mi móer va dø fyri] upprann sól.

14. Veit du no dæ så veit du mei,
va’ de inkje syskjeni fleir

15. Eg ha meg ein bróer ein
han reiste av landi, kjem alli heim

16. Han rende gullringjen ut av sin fing,
No ska du vita, æg æ bróeren din

17. [Han rende gullringjen utav sin] arm
[No ska du vita,] din bróeren æ komen te land.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Bugge har skrive strofe 4 og 5 etter strofe 7, med tilvising dit dei står her.




Oppskrift B

TSB D 90: Bror kjenner att syster

Oppskrift: 1878 av Moltke Moe etter Tollev Jensson Eikjamyra, Bø, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 5, 72–73.

Oppgjeven tittel: Systera å riddaren. (Tølløv Eikjamyra)

*

1. Eg sto meg utmæ ein bekk å tvo
– for den, der meg har låvå i løynd –
å der kom te meg to riddarar så fro.
– Håre vi dei Håkenssøninne utride? –

2. Den eine han rei sin veg forbi,
den andre sto att å tala mæ mig.

3. «Skjøn jomfru, skjøn jomfru, trulov du meg!
Så godt et gullband eg gjeva ska deg!»

4. «Å hot ska eg mine fostermoer svara,
når ho ser meg dæ gullband å bera?»

5. «Du kann sea, at du gjekk deg ne mæ strand
å du fandt dæ gullband på hviden sand.

6. Å set deg no på denne breie stein
å fortel meg all di ættegrein!»

7. «Å eg va fødd, før hanin gol,
å mi moer va dø, før opp rann sol.

8. Å da dom lagde mi moer i grav,
da ringde dom fer min faer i stad.

9. Å da dom lagde min faer i grav,
da ringde dom fer min broer i stad.

10. Å da dom lagde min broer i grav,
da ringde dom før mi søster i stad.

11. Foruten min yngste broer Svein,
han følgde meg te mi fostermor heim.»

12. «Nå kann eg høre på talen din,
at du æ allerkjeraste søster mi!»

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Utanfor overskrifta står det skrive med blyant: Jvfr. B. Schmidt, nr 57 (volkslieder)




Oppskrift C

TSB D 90: Bror kjenner att syster

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Kjersti Jensdotter Lillegård, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLVII, 59–60.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Jeg stod mig ved en bæk at to
– Under lide –
der kaam ti meg dei riddere fro.
– Hvor langt ville I herr Haakens sønner utride. –

2. Den ene red mig saa hastig forbi
den anen sto att aa snakka mæ mig.

3. Aa vil du daa ikkje trolaave dig mæ mig
aa seg meg no utav frenderne dine.

4. En aftenstund so æ eg fødd,
min moder dødde før hanen gol.

5. Aa daa dei lagde minn moder i grav
daa ringte dei for min fader i stad.

6. Aa daa dei lagde min fader i grav
daa ringte dei for min fadersyster grav i stad.

7. Nu kann eg høyre paa talen din,
so visst æ du allerkjæraste syster min

8. SysterAlternativ lesemåte: søster, søster, kjemm ditt [hår]
so fin ein ridder skal du faa.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det: Etter Inger, mor til Kjersti, komi av Øvlandsheidi).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.