Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 283 Liti Kjerstis siste vilje


Innleiing

Herr Peder og Liti Kjersti sit og snakkar. Kjersti veit at ho snart skal døy, og no gjev ho mannen gode råd om kva han skal sjå etter når han skal få seg ei ny kone. Han skal ikkje sjå etter gult hår eller plomekinn, men heller etter gode råd og godt sinn.

Denne visa finst i fire gamle danske adelsoppskrifter frå rundt 1600, ei svensk oppskrift frå same tida og ei islandsk oppskrift frå seinare på 1600-talet. Visa er ganske kort, og i Noreg finn vi denne visa berre som innleiingsmotivet i ei anna vise, dei første seks strofene i «Den vonde stemora» (TSB A 68).

Oppskrifta finst i M.B. Landstads samlingar etter Kari Talleivsdotter Beiteli frå Brunkeberg, men desse første strofene er skrivne med ei ukjend hand.

Det finst fleire melodiar til «Den vonde stemora», men ingen av songarane brukte strofer frå «Liti Kjerstis siste vilje». Det er heller ikkje melodiar til visa i dei andre nordiske landa.

DgF 461
SMB 135
IFkv 25
Landstad 62




Oppskrift A

TSB D 283: Liti Kjerstis siste vilje

Oppskrift: Udatert av Olav Talleivsson Grasberg etter Kari Talleivsdotter Beiteli, Brunkeberg i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms fol 1803g:D, 20–21.

Oppgjeven tittel: Liti Kierti Hr. Peder

*

1. Liti Kjærste aa her Peder de sade over bord
– blant Frugur aa møi –
di Tala so mangt et SkjæmtansAlternativ lesemåte: sørgjande ord
– den lange Naat Aa den lange lei
den lange Naatti, daa sovnar Eg –

2. Naar du ser di Jarar meg liik
gak so bort aa Skue deg viv

3. Du siaa inkje Ette Hennars gule haar
men Du siaa mei Ette Hennars goe Raa

4. Du siaa inkje Ette Hennars plome Kjnn
men siaa mei Ette Henars goe sindAlternativ lesemåte: lynd

5. Du siaa kje Ette Hose Klæi æ Skori
men Spør mei Ette Hore Etti æ bori

6. Du Siaa jnkje Ette Henars trippen Skoe
men siaa mei Ette Hænnars ære og troe.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Ved overskrifta står det: Cfr. Rahb 1 Del nr 205 «Den Dødes Hjemkomst

Oppskrifta fortset med 16 strofer til (til s. 26), men dei høyrer ikkje til denne balladen, jamfør innleiinga.

Under siste strofa på s. 26 har Landstad skrive: Kari Beitelið

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.