Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 284 Alv ligg sjuk


Innleiing

Dette er ei vise utan heltar og kjemper. Alle personane er stillfarande kvardagsfolk som held seg til sed og skikk. Hovudpersonen Alv er sjuk, og omkvedet (Derfor legg Alven sine årar innanfor bord) er ei poetisk omskriving for at han skal døy. Han legg inn årene og skal ikkje meir ro på livsens fjord. Han sender bod på festarmøya si, Inger Liti, (i andre variantar kan ho heite Stolt Gøril eller Liti Kjersti). Ho spør fostermor si om det høver seg at ho vitjar festarmannen sin, og svaret ho får er at det vil vere til ære og ikkje skam. Ho pyntar seg med dei finaste klede og smykke. Håret let ho hengje heilt ned på hesteryggen. Ho er så vakker at smådrengen ikkje kjenner henne igjen.

Alv ber henne om å setje seg ved senga hans, og han gjev henne eit gullband, ei brosje og ein gullring som ikkje er dårlegare enn den dronninga har. Når han gjev henne så fine gåver blir mor hans sint. Ho seier at han må tenkje på søskena sine også. Han svarer at søskena får både åker og eng, mens festarmøya får aldri dele bord og seng med han.

Visa endar med at Alv døyr, men slutten på visa varierer. Gunhild Kjetilsdotter Sundsli frå Mo syng at festarmøya sit gråtande og held han i handa mens han døyr. Jorunn og Hæge Bjønnemyr, også frå Mo, syng same slutten som i visa om «Olav Liljekrans» (TSB A 63). Der døyr både Alv, mor hans og festermøya. Signe Gjerdmundsdotter Napper frå Skafså har ein meir praktisk slutt på visa: Festarmøya blir gift med Alvs yngste bror, og dermed blir smykka i familien.

Visa er også kjend i både Danmark og Sverige, men der har dei fleste variantane ei innleiing som fortel at far til jomfrua kjem heim frå tinget og ho spør etter nytt. Faren fortel at Alv ligg sjuk. Først deretter spør ho om det er høveleg for henne å vitje fastermannen sin.

I 1857 skreiv Sophus Bugge opp ein tekst etter Gunhild Jørundsdotter Dårelaupe frå Lårdal. Der finst innleiinga med faren som kjem heim frå tinget, men i dei andre norske oppskriftene opnar variantane med at jomfrua spør mor si om ho kan få vitje festarmannen.

Visa står også i Peder Syvs Kjempevisebok med same omkvedet som i dei norske variantane, men elles er det lite vi kjenner igjen frå Kjempeviseboka.

Lindeman har skrive opp ein melodi etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik i Mo.

Rikard Berge har ein melodi etter ein anonym songar frå Lårdal, og Eivind Groven har notert ein melodi, truleg etter Eivind Talleivsson Auversækre frå Høydalsmo.

Utsyn 138
DgF 460
SMB 136




Oppskrift A

TSB D 284: Alv ligg sjuk

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Signe Gjermundsdotter Napper, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 76–78 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Alve ligge sjuke der sør under øy
– For norden. –
han sender bo ette si festarmøy.
– Nu ligger alle de årer ude for borden. –

2. [Alv ligge sjuke der sør under] lí
[han sender bo ette] sitt [festar]vív.

3. Lill Kj Kje Høyr du min fóstermoder er det skamm,
at {f}jomfrúva víkjar, han orkar kje han

4. Nei det er hæder og ingen skam,
at jomfrúva víkjar sin festarmann.

5. L[ill’] K[jersti] ho ha’ på st[akkjen] blå,
gulli [låg ette kvor den] trå.

6. L[ill’] Kjersti ho sette seg i ein stól,
mæ gulli spenner hó at seg skó.

*

7. Ho æ inkje heimi i denne bygd,
håri dæ heng alt på hesterygg.

8. [Ho æ inkje heimi i] dette land,
det er ei deilig liljevand.

9. Lill’ Kj[ersti] kom seg r[iands] i g[år]
hans m[oder] u[te] f[or] a st[år].

10. Vælkomen er du jomfru fin,
for døden ligger kjæresten din.

11. L[ill’] K[jersti] inn igj[enom] d[ynni] st[eig]
Alv han upp [imot] ‘a reis.

12. Han gav hæna eitt rødegullband,
dæ kjem alli slíkt på jomfrúhand.

13. [Han gav hæna] ein [rødegull]ring
[dæ kjem alli slíkt på jomfrú]fing.

14. Han gav hende en brådse bred,
da blev først hans moder vred.

15. Hør du herr A[lv] du giv ikke så
hvad skal de have dine Søskend små?

16. Min broder har atte bå gull å jor,
min kjærest kom aldrig for mit bór.

17. [Min broder har bå] ager og eng
[min kjærest kom aldrig i] min seng.

18. Nu ligger herr A[lv] i sorten jór,
liti Kj[ersti] lov{a}er hans yngste brór.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 17–18, med overskrift: Den sjúke festarmannen. (Signe Napper. Skafsaa.)

Kladden er av og til forkorta utan god peikepinn på kva det skal fyllast ut med. Vi har delvis fylt ut etter reinskrifta.




Oppskrift B

TSB D 284: Alv ligg sjuk

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 158–160 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Alv ligge sjúk’e sør under øy
– Fyri nóra. –
sender han bo ti si festarmøy.
– Alve han legge si årer inn fyri nóra –

2. Stols Gónil inn for si móder går
må píka ti sin festarmann gå.

3. Ja de æ mei heir hell de æ skamm
å sjuk’e vikje sin festarmann.

4. Stol{t}s Gónil [ha på seg] skjurta kvit
[hó lýser í landi, hó finnst ikkje] slík.

5. [Stols Gónil ha på seg] stakkjen blå,
[gulli ette kvor soumen] låg.

6. Stols Gónil hó gjeng at stalle,
hó vel út folanne snjaddeDet ser ut som det står «spjadde», og det har også skrivaren av reinskrifta tolka det som; men Bugge har retta det tilbake til «snjadde»

7. Hó vålde út ein, hó vålde út tvo
den trée la hó gullsal’en på.

8. Inn kom smådrengjen han seie der ífrå
her kjem ei skjøn jomfrú ríand í går.

9. So glimar hennes sadelbeisl
líkesóm ei røe gjeisl.

10. So [glimar hennes sadel]bogi,
[líkesóm] ein [røe] logji.

11. De høyrer eg på tala di,
at de æ stols Gónil festarmøy mi.

12. St[ols] G[ónil] inn um dynnæ steig
Alv’e sjúk í kvíla reis.

13. Alv han talar ti smådrengjen sin
du hente meg inn mitt forgylte skrin.

14. Han gav hænó eitt røde gullband
de kom alli vénare på jomfrús hånd.

15. [Han gav hænó ein røde] ring,
han [kom alli vénare på jomfrús] fing.

16. [Han gav hænó] gullbryssa brei,
men då blei fyst’e hass moder vrei.

17. Alv Alv dú gjev inkje so
kot ska dei have di brøanne som etti live må.

18. Mine brøar sit etti me åker å eng
Stols G[ónil] ho kjem aldri fyre mi seng.

19. Mí’ [brøar sit etti me] hús å jór,
[Stols Gónil ho kjem aldri fyre mitt] bór.

20. Alv han røkkte st[ols] G[ónil] sí hånd
då gav Alv upp sí ånd.

21. St[ols] G[ónil] hó útav gari fór
ho sine hendar í tårinne tvó.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VII, 69–71, med overskrift: Jomfruen som besøger sin syge Festemand (Gunnild Sundsli. Fyresdal. 1864.

Kladden er av og til forkorta utan god peikepinn på kva det skal fyllast ut med. Desse forkortingane er heller ikkje fylde ut i reinskrifta. Forkortingane i strofe 4 og 5 er fylde ut etter liknande strofer etter same songaren i NFS S. Bugge f, 125 (jf. TSB D 416, oppskrift B).




Oppskrift C

TSB D 284: Alv ligg sjuk

Oppskrift: 1906 eller før av Ketil Kvaale etter Eivind Talleivsson Auversækre, Høydalsmo i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXVI, 70–75.

Oppgjeven tittel: Alv ligge sjuk

*

1. Alv ligge sjuk aa døyr,
– fyri noran –
so sender han bo te si festarmøy
– For de legg han Alv sine aarir ennafor bòre –

2. «Fostermor, fostermor detti æ skam,
At festarmøy vitjar han orkar ‘kje han»

3. «De æ større ære hell de æ skam,
at festarmøy vitjar, han orkar ‘kje han»

4. Skjøn Inge-liti gjeng seg at bekkje,
Sitt gule haar ho rekkjer

5. So kjember ho seg mæ sylvarkam
so slengjer ho ette de røde gullband

6. So ha ho paa seg dei sokkane tvo.
So spenner ho paa seg dei røde gullsko.

7. So ha ho paa seg den skjurta smaa,
aa gulle laag ette i kvor den traa

8. So ha ho paa seg den silkjeserk,
de va nie møyars sande verkSamlarkommentar: nie møyar hadde arbeidt denne serken

9. So sala ho ut den gangare graa,
So rei ho seg te Alvses gaar.

10. Enn kjem smaadrengjine sei utifraa
Her kjeme ei jomfru i okkaans gaal

11. Ho æ ikkje kjende i okkaans grenn,
for haare de henge paa hestelend.

12. Aa ho æ kje kjende i okkaans bygd,
for haare de henge paa hesterygg

13. Aa de kan eg høyre paa tala di,
Aat de æ Inge-liti festarmøy mi

14. Aa Inge-liti enn gjenom dynnane steig,
aa Alv seg upp i sengji reis

15. So gav han henar den røde gullring,
den ha kje stàe bære paa dronningjis feng

16. So gav han henar de røde gullband,
de ha kje hengje bære paa dronningjis arm

17. Aa so gav han henar den brosja breid
Aa Alvses mo’er aa ho blei vrei

18. «Aa de hev ette meg baade aaker aa eng,
men alli kjeme Inge-liti mei for mi seng.

19. Aa de hev ette meg baade aaker aa jor,
men alli kjeme Inge liti mei for mitt bor

20. Aa de hev ette meg baade aaker aa fe,
men alli kjeme Inge liti meire for meg»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det: Denne visa er uppskrivi etter Eivind Auversæker. «Han va sjømann Alv», sa Eivind, «men so blei han sjuk, stakkar, aa laut leggje aarine enn».

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.