Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 289 Sonen fortel sine sorger


Innleiing

Ein far spør sonen sin kvifor han er så sorgfull. Sonen fortel at han tente hos ein greve som hadde tre døtrer. Alle var glade i han. Den eine dottera kjemte håret hans, den andre dottera vaska han og den tredje dottera vart kjærasten hans. Når han etter ei tid gjer seg klar til å forlate landet, ber kjærasten om å få vere med, og han set henne på gangaren med seg. Når han etter ei tid gjer seg klar til å forlate landet, ber ho om å få vere med, og han tek henne med på gangaren. Dei rir av stad, men når det lir på kvelden klagar ho over at vegen fell tung. Dei søkjer ly i ei hytte. Ho ber han gå ut mens ho kviler seg, men han anar uråd og blir ståande utanfor døra der han kan høyre henne ynke seg. Då går han inn og breier ut kappa si for henne, og tek så skoen av seg for å hente drikkevatn. Men når han kjem attende, finn han henne død. Dei to borna ho har født, er også døde. Han gravlegg henne og borna. Når han har fortalt faren det heile, fell han død ned framfor bordet.

Det finst mellom fem og ti variantar av denne balladen. Alle er frå Telemark, og dei fleste vart skrivne opp av Sophus Bugge i 1850-åra. Ein variant vart skriven opp av Moltke Moe i 1891 etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr (1832–1905) frå Mo. Hæge var dotter til storsongaren Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr. Sjølv kunne Hæge meir enn femti balladar, og ho merkte seg ut ved ikkje å syngje, men å seie fram visene, som ho hadde lært seg utanåt (Jonsson & Solberg 2011: 501–502).

«Sonen fortel sine sorger» finst også på dansk, svensk og islandsk. Eit karakteristisk drag er at handlinga blir fortalt i eg-form, noko som likevel ikkje treng vere noko moderne trekk. Også retrospeksjonen er uvanleg. Den eldste danske varianten skriv seg frå 1500-talet, og på svensk og islandsk vart visa skriven opp på 1600-talet. Men visa er best bevart på norsk grunn, og truleg er dette ei opphavleg norsk riddarvise. Elles finn vi tettast språkleg samsvar mellom dei norske og islandske formene, jf. skildringa av korleis sonen gravlegg kjærasten og dei to barna:

So tók eg upp min blanke skjoll,
å gróv upp den heie-moll
(DgF V: 298).

Gröfina tók eg með sverði mín
en moldina jós eg með skildi fín
(Véstein Ólason 1982: 193).

Det synest å liggje ein religiøs undertekst i visa, konkretisert ved den tidlegare bortkomne – no heimkomne sonen, og ved barnefødselen i det fattigslege herberget.

Utsyn 131
DgF 272
Ifkv 17
SMB 139




Oppskrift A

TSB D 289: Sonen fortel sine sorger

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Guro Sveinungsdotter Væting, Vrådal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 341–344 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Dagmór

*

1. No hev du seti femten år fyri mitt bór,
aller hev eg hørt eit skjemtans ór,
– Før hó Dagmor sover hun aleina. –

2. Femten år hev du seti fyr mitt bór,
eg hev ‘kje hørt anten du hev leika hell ló.

3. Eg va meg så líti eitt bån
eg tente meg uti greiven går.

4. Greiven han ha’ dei døttane trjå
frøken Dagmór va’ det, som kjærligheti dró

5. Den eine meg byste [den andre meg] dró
[frøken Dagmór va’ det, som kjærligheti dró]

6. Eg va’ meg så líten eg va’ meg så fús,
eg sala upp min gangar mæ upptente ljús.

7. Uti stó eg mæ uppspente bogji,
út kom min kjærast, hó glima som ein logji.

8. Eg stó útí mæ gangaren grå,
eg sette frøken Dagmór uppå hass bak.

9. Då me kom litt lenger ifrå,
då begynda fr[øken] D[agmór] ti sukke så sårt.

10. Synes du sadelen den æ for trang
hell tikje du vegjen den æ for trangAlternativ lesemåte i reinskrifta: lang

11. Eg synes ‘kje [sadelen den æ for trang]
eg tikje meir [vegjen den æ for trang]

12. No æ ‘kje Telebúi så langt her ifrå,Anna ordstilling i reinskrifta: Telebui æ’kje so langt herifrå
der ska’ me eine tvo Herbergje få.

13. No gjeng du burt på vollen å leikar mæ deg,
mæ eg gjeng inn i búiAlternativ lesemåte i reinskrifta: Telebui å kvíler meg

14. Gi jeg var m i min faers går,
så fekk eg drikke ut av min (av min syster så gó?) brór.

15. Min moder var meg aller så hård,
hó breidde út mí silkjekåpe å la meg derpå.

16. Eg va’kje så langt derífrå,
uttafor dynni sto eg å lydde uppå.

17. Eg va’kje min kjærast så hård
eg breidde no úpput? den kåpa blå

18. Eg bredde upp hennes kåp
Eg hen va’ no min kjærastDenne strofa er ikkje med i reinskrifta.

19. Eg tók skoen av min fot
eg hente vatn so gjor stó den strie fló

20. Aller forgløymer eg den harm
dei tvo små bonni låg på døe móirs arm.

21. [Aller forgløymer eg den] kvie
[dei tvo små bonni låg] mæ [døe moirs] sie.

22. Så tók eg upp min skjoll
å gróv opp den heie moll.

23. Så sette eg [meg på grefti] å gret,
så hørde eg dei småbonni, í mólli dei létt.

24. Då han ha’ tala desse ór,
då stuppa han ne for hass bór.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Strofe 14 er markert med hake i margen over og under, og ei ny hake der ho skal inn som strofe 16.

Reinskift: NFS S. Bugge IV, 270–272. Trykt i DgF V, 297–298.

Reinskrifta er påført fleire alternative verseliner datert 1863.




Oppskrift B

TSB D 289: Sonen fortel sine sorger

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 149–153 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Dagmór

*

1. Faderen tala te sónnen god:
kvi site du så sorigfull for mitt bór.
– ForAlternativ lesemåte: Fori ho Dagmór sover hun aleini –

2. Her heve du seti i vikunne tvo,
alli hev eg hørt eitt skjemtands ór.

3. Eg va’ så líten å eg va’ så kåt,
eg ténte meg så lengje i greivens går.

4. Grei Eg [ténte meg så lengje i greivens] går,
greiven han hae dei døttann trjå.

5. Den eine meg kjembde, den andre meg tvó,
den tree va’ jomfru Dagmór, som kjærligheti drog.

6. [Den eine meg kjembde], Den a[ndre] kringskar,
[den tree va’ jomfru Dagmór, som kjærligheti] bar.

7. Eg va’ så líten å eg va’ så fús,
eg sala út min gangar mæ upptente ljus.

8. Då me kom ‹…› så langt at me telebui ‹…› såg,
då fór ‹…› jomfrú Dagmór ti sukke så sårt.

9. Tikje du at salen den æ for trang,
hell tikje du at leiinne dei fedde lang.

10. Eg tikj’ ikkje [at salen den æ for trang,]
men eg tikje mei, at [leiinne dei fedde lang.]

11. Så breidd Då dei kom seg ti Telebúi fram,
så lyster jomfru D[agmór] å kvile en stund

12. Gakk no du burt å skjemte deg
mæ eg gjeng i æ’ inni Telebui kvíler meg.

13. Men eg gjekk då So gjekk eg no ikkje så langt derifrå,
eg sto uttafor dynni å lýdde derpå.

14. De fyste [ynskje, ho ynskte seg]
[Krist give, at] min broder, han va’ nå her Usikker transkripsjon. Denne strofa er ikkje med i reinskrifta.

15. So [va då min broder alli så] vrei
han sló då upp varmen å gjóre meg heitUsikker transkripsjon. Denne strofa er ikkje med i reinskrifta.
‹…›

16. Dæ fyrsteandre ynskje, ho ynkste seg;
Krist give, at mi moder ho va no her.

17. Så va dåAlternativ lesemåte: mi moder meg alli så hår(d)
hó breidde út kåpa og la meg derpå

18. De andreAlternativ lesemåte: tree [ynskje, ho ynkste seg]
[Krist give at mi syster, ho va no her.]

19. Så va’ då mi syster meg alli så vrei,
hó gav meg då vatn útav ei skjei.

20. [Så va eg min kjærast då alli så] vrei,
eg sló då upp varmen å gjore ho hennar heitDenne strofa er ikkje med i reinskrifta.

21. Så va eg min kjærast då alli så hård,
eg breidde út kåpa å la hó derpå.

22. Så tók eg skoren útav min fót,
så henta eg vatn ó kallan fló

23. Dæ va’ meg te største kvíe,
då låg dei tvo drengjebonn mæ døde mórs síe.

24. Så skaut eg upp grefti mæ min skjoll
så gróv eg jomfru Dagmór í høian moll.

25. Så sette eg meg uppå grefti å grét
så hørde eg dei små drengjebonni í jóri lét.

26. Då han ha’ fortaalt sine sorger[ikke: gj] så stór
så stupaAlternativ lesemåte: stuppa han dø for sítt faders bór.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 248–249. Trykt i DgF V, 299




Oppskrift C

TSB D 289: Sonen fortel sine sorger

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 304–307

Oppgjeven tittel: Dagmór

*

1. Eg va meg so liten, eg va meg/me so låg
å då eg ténte i kònggens går.
– For mi Dagmór sòver en så liten –

2. Eg va no so ung’e å liti lærd
den yngste kóngsdòtteri hae meg so kjær.

3. Den eine meg bysste, den are meg tvó,
den tré’e va Dagmor, som kjærlighéti dróg.

4. Eg va no so ung’e å færefus
eg sala min ganggar mæ tri tendte ljós.

5. Eg hae ein ganggar bå liten å spak,
eg sette hena Dagmór uppå hass bak.

6. «Å sønes nå du, at den leii fèdde lang,
hell sønes nò du, at den sadeln æ trangg?

Tal ved linene viser at verselinene skal byte plass.

7. «Eg sønes enkji den sadelen æ trangg
men eg sønes, den leii fedde langg.

8. Hér æ no kvellen å nòtti stundar på,
men hòr ska me’Alternativ lesemåte: mi no hérbèrgji få?»

9. «Ja hér æ no kvellen, å notti stundar på,
i Tèlebua dér skå me hérbèrgji få.»

10. Den fysste ynskjen, ho ykkste no ség:
«Å tru mine forèllri dei våre (no) hér!»

11. Min fader han var no inkji so hård
han sló no upp varmen å værmde meg på.»

12. Eg va no inkjiAlternativ lesemåte: enkji min kjærast so hård
eg ha’e av meg kjórtelen å lae ‘æ derpå.

13. «Min moder hun var meg dog ikkje so vrei,
ho gav meg dog då drikke utav ei skjei!»

14. So tók eg sporen utav min fót
å vill’ hente vatten frå strie fló.

15. Men når eg kom meg i Telebua inn,
dér låg’ó Dagmór dø’e mæ bleike kinn.

16. Eg breidde upp kjortelen, eg ville no sjå,
tvó deilige sønir på armen låg.

17. Eg hoggji mæ mitt svær å eg spænde mæ min fód,
so gróv eg ‘æ Dagmór dér néri jór.

18. Å då eg no hae’æ ne gravi ne,
då sètte ‘eg meg uppå grefti å gret
hørd‘ eg småbònné i jori lét.

19. Å når eg kom meg riand i går,
min kjæeste moder hó uti står.

20. «Félar dæ deg åker, hell félar dæ deg jór,
hell félar dæ deg kvinne alt fòri ditt bór?

21. Félar dæ deg åker, hell félar dæ deg ængg,
hell félar dæ deg kvinne alt fòri sængg?»

22. Dæ félar meg ‘kji åker, å dæ f[élar] meg kji jór,
men dæ félar meg kvinne alt fòri mitt bór.

23. Dæ félar meg ‘kji åker, [å dæ félar meg kji] ængg,
men dæ félar meg kvinne alt fóri mi sængg.»

24. Å når han hae fortald si kvie,
då datt han dø fór si moers sie.

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.