Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 296 Kong Eirik og Blakken


Innleiing

Kong Eirik og mor hans spelar tavl. Mora græt og Eirik spør kva ho sørgjer for. Ho seier det er fordi Blakken skal bli hans bane. For å kome unna denne lagnaden går Eirik til sjøs. Etter åtte år lengtar han heim og styrer til lands. Inne på stranda går det det ein hest. Eirik vil leggje ein sal på han, men Blakken sparkar han i hel.

Emnet til denne visa finn vi i ei islandsk fornaldersoge, Orvar-Odds soge: Då Orvar-Odd var ung, spådde ei gammal volve (spåkvinne) at Odd skulle kome til å leve i 300 år, men til slutt skulle hesten Fakse bli hans bane. Orvar-Odd slo hesten i hel og grov han ned i ei grop. Over gropa kasta han opp ein haug, og slik meinte han at han skulle kome unna lagnaden. Han drog i viking nord til Trollebotnen og vidare til Bjarmeland, Akvitania, Gardarike, Helleland og mange andre stader. Soga enda med at Odd drog heim til barndomsheimen sin Bererjod. Der sparkar han borti ein gamal hesteskalle og får eit bitt av ein forgifta orm som budde inni skallen. Orvar-Odd døydde, og spådomen gjekk i oppfylling.

Visa er berre kjend i Øvre Telemark. Sophus Bugge har skrive opp to variantar og eit fragment. Aslaug Askedalen frå Vrådal i Kviteseid brukar den kjende slutten til «Olav Liljekrans» (TSB A63) og i fleire andre viser: om morgonen ligg tre lik i huset, hovudpersonen, mor hans og møya hans. Anne Lillegård frå Eidsborg i Lårdal avsluttar med at kong Erik ber bror sin om å hente ein prest.

Det er ikkje dokumentert melodi til visa.

Utsyn 173




Oppskrift A

TSB D 296: Kong Eirik og Blakken

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 162–163 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Kung Eirik å blakkjen

*

1. Kung Eirik å h{o}ånoms móder,
– seglen driver førRetta frå: for en vind –
dei tevler dei tavler over bóre.
– HerRetta frå: Der tavler så mang ei skjøn jomfrú. –

2. Dæn fyste tavla dei tevlde,
h{o}ånoms móder ho tårinne felde.

3. «Å høyrer du móder, eg talar te degAlternativ lesemåte: dig,
kví feller no du d{in’}ei tårir så strí?»

4. «Derfyr så feller eg dei tårir på kinn,
fyr blakkjen han blí no ban{e}amannen din.»

5. «Må eg ‘ki heimi fyr blakkjen vera,
så sko’ eg lata mitt skipi på havi skjera.»

6. Kung Eirík stýrer sitt skipi frå land,
hass moder sto atte på hvidan sand.

7. [Kung Eirík stýrer sitt skipi] på fjór
[hass moder] sine hendar í tårinne hó tvo.

8. Kung Eirik va’ burte í åtte år,
endå spila blakkjen í hanss moders går.

9. De niende tager te lange,
han ville hjem til sit fædernelande.

10. Kung Eirik stýrer sitt skipe te landsAlternativ lesemåte: í land,
å blakkjen han møtte’n på hvid{e}an sand.

11. Kung Eirík han klappa på folabak:
«Kjære min blakkjen dú ver nå spak!»

12. Kung Eirik han klappa mæ lóvar,
blakkjen han spen{d}te mæ hóvar.

13. Kung Eirik setteAlternativ lesemåte: studde seg nette mæ ein stein:
«no heve dæn blakkjen gjevi meg mein.

14. Kjære mí syster, dú reie meg upp seng,
nå heve den blakkjen gjevi meg mein.

15. Kjære min broer, du hentar meg prest
å kjære mí móer, du stende meg næst.»

16. Tílegt um morgóen, at sóli upprann,
då gav kung Eirik upp si ånd.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Bugge har gjort mange seinare rettingar i denne reinskrifta. Det er sett til fem strofer (6, 7, 9, 11 og 14). Dette er først gjort med blyant, som seinare er skriven over med svart penn.

Vi har ikkje funne nokon kladd til denne oppskrifta.




Oppskrift B

TSB D 296: Kong Eirik og Blakken

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen, Vrådal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 336–339 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kung Eirik å hånoms kjær moder
– Seil driver for en vind. –
dei spila gullterning ivi bóre
– Di stevjast om høveske jomfrú. –

2. Den fyste gullterning ivi tavlebóre rann,
kung Eirik han tapa, hånoms móeri vann

3. [Den] andre [gullterning ivi tavlebóre rann,]
[kung Eirik han tapa, hånoms móeri vann]

4. [Den] tree [gullterning ivi tavlebóre rann,]
[kung Eirik han tapa, hånoms móeri vann]

5. Kung Eir
Anten hó gjeng ut hell inn,
så fell hó alltí tårir på kinn.

6. Høyr du kjær moder hott eg spyrje deg må
kvi fell du allti så modige tår?

7. D’ æ’ kje undelegt eg fell tårir på kinn,
blakkfolen han blí banamannen din.

8. Må eg ikkje på jóri vera,
så sko’ eg lata skipe på have gjera.

9. Må eg inkje [på jóri] bú,
[så sko’ eg lata skipe på have] snú.

10. Kung E[irik] han siglde i åtte år,
blakkfolen téner í kungjens går.

11. K[ung] E[irik] han la sitt skipe í land,
blakkfolen spilar på saltan strand.

12. Kungen han tala te drengjinne små:
De teke blakkfolen, legg sadelen på!

13. Blakkfolen æ’ kje gó taka mæ hånd,
han spenner mæ hóve, han bíte mæ tonn.

14. K[ung] E[irik] han klappa mæ lóve,
blakkfolen spente mæ hóve.

15. [Kung Eirik han klappa] mæ hviden hånd
[blakkfolen] bíte mæ skarpe tonn.

16. Årleg om morgenen dagen var ljus
då låg der trí lik i K[ung] E[irik]s hús.

17. Den eine va’ K[ung] E[irik] den andre hånoms møy,
den tree hånoms moer, av sorgjen laut døy.

18. De va’ sut å inkje gama,
kom dei trí líki te jóri mæ sama.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 230–231, med overskrift: Kung Eirik å blakkjen. (Aslaug Askedalen. Vrådal.)




Oppskrift C

TSB D 296: Kong Eirik og Blakken

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter Høna/Kollberg, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 317–318 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen å dronningen sat over bór
– Seile de dríver for en vind –
– Di stevjast om høviske jomfruer. –

2. Der va’ sorg å inkje gama,
trí va’ dei líkji te jóri fara.

3. Den eine va’ Ólav Eirík såo hass hassFeil for: hass møy,
den tree hass móer av sorgji món døy.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.