Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 297 Varslande lind


Innleiing

Ein ung mann skal ut på reise og vere borte frå kjærasten sin i lang tid. Ho spør når ho kan vente han heim, og får til svar at ei lind som står her «suð under lið» vil varsle henne om lagnaden hans. Så lenge linda står med friske lauv, er han i live og ved godt mot. Skulle derimot det motsette skje, står det dårleg til med han:

Og nær den lindi hon feller sine lauv,
dá má du vita at din herren er dauð
(Landstad [1853] 1968: 608).

Kjærasten har to terner, den eine trufast og den andre falsk. Den trufaste terna vatnar linda, men den falske terna gneg borken av linderota og skadar treet. Om hausten feller linda blada, og kjærasten meiner å vite at mannen er død. Ho vil ikkje leve lenger og set eld på garden og seg sjølv. Men i same stunda kjem mannen attende. Når han forstår at kjærasten er død, tek han sitt eige liv.

Vi har fire variantar av denne balladen, alle frå Telemark. Eldst er Landstads oppskrift frå 1840-åra etter Anne Ånundsdotter Lillegård (1792–1863) frå Eidsborg. Forutan «Varslande lind» kunne Anne Lillegård bortimot førti andre balladar, som ho song for Landstad, Olea Crøger, Jørgen Moe, Sophus Bugge og Olav Talleivsson Grasberg (1791–1870). Sistnemnde var ein husmannsson frå Kviteseid som var engasjert av Landstad til å skrive opp folkeviser. Av storsamlarane ved midten av 1800-talet var det berre Lindeman som aldri møtte Anne Lillegård (Jonsson & Solberg 2011: 437–441).

Landstad trykte varianten etter Anne Lillegård i Norske Folkeviser. I kommentaren skriv han at «Enden synes noget ufuldstændig, og der er formodentlig noget af Visen borte» (Landstad [1853] 1968: 609). At dette stemmer, kan vi sjå av dei andre variantane, som vart skrivne opp av Sophus Bugge og Rikard Berge.

«Varslande lind» finst også på dansk og svensk. I den danske A-teksten frå 1500-talet overhøyrer kjærastens terne kva dei to samtalar om. Dette gjev henne motiv for å skade linda, ho vil sjølv overta kjærastens plass, men lukkast ikkje:

Heræ Krest gyfve dhen terne men,
hun brød løf af lynden-gren
(DgF VII: 432).

Linda er eit «ædeli tré» som det heiter i Landstads tekst av «Jomfruga Ingebjørg» (Landstad [1853] 1968: 488–493). Linda signaliserer høgt sosialt nivå hos hovudpersonane, og som vokster er ho eit allment symbol på livet og livskreftene.

Utsyn 144
DgF 443
SMB 145




Oppskrift A

TSB D 297: Varslande lind

Oppskrift: 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 5, 14.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Nár má eg bryggje hel blande vín
– eg veit aller vid meg sá lengi –
hel nár ma eg vente pa Koma dí?
– Jomfru bær hon sorgi med svenden ligger fanga –

2. Her stander ei lind her sud under lið
vinter og samer só stander hon grøn

3. So lenge den lindi hon bær sine blað
so má du vita din herren er glad

4. [So lenge den lindi hon bær sine] løv
[so má du vita] din herren er ki døð

5. Men naar den lindi hon feller sine blad
da má du vita din herren er ki glad

6. [Men naar den lindi hon feller sine] løv
[da má du vita din herren] er død

7. HNar den trugne ternan sil hente flod
so vatnad hon den linderót

8. Nár den falske Terna sil hente floð
so naga hon borkin af linderot

9. Ded leid seg til vetren ded leid seg til høst
Aa fær den lindi til felle sine løv

10. No fær den lindi til felle sine blað
no má eg vita min herren er ki glað

11. [No fær den lindi til felle sine] løv
[no má eg vita min herren er] død

12. Kven vil no fygje med meg uti døð
hel kven vil erve mit gulli rød?

13. Den trugne terna vil fygje med hennar uti død
den falske vil erve gulli rød

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB D 297: Varslande lind

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Torbjørg Larsdotter Gotland/Haugen, Skafså i Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 166–167 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Jomfrúga, som lengtar. II.

*

1. Der stander en lind uppå høielofts bro,
– eg veit væl ho bíar meg så lengi –
um vinteren vokser, um somåren grór.
– Jomfrua ber ho sorginne, å sveinen ligge fanga. –

2. «Kver gång dæn lindi feller blad,
men då må du vænte, din herre æ ‘kje gla.Samlarkommentar: Torbjør meddelte: æ’ gla, og mente, at det skulde betyde: «er indgangen i Himmerigs Glæde.»

3. [Kver gång dæn lindi feller] løv
[men då må du vænte, din herre] æ’ dø.

4. Skam få dæn terna, ho va’ så falsk,
ho nagar av dæn lindebark.

5. Kvor gång dæn terna gjekk at flod
[sá nagað hon borkin af linderót.]

6. Å då dæ lei í dæ åttende år,
då lyster skjøn jomfrú ti linden at gå.

7. «Å no hev lindi fellt dæ løv,
no må eg vænte, at min herren ær dø.

8. [Å no hev lindi fellt dæ] blad
[no må eg vænte, at min herren ær] ‘kje glaSamlarkommentar: Torbjør meddelte: æ’ gla, og mente, at det skulde betyde: «er indgangen i Himmerigs Glæde.».

9. Kven vi’ no arve dæ gulli ette meg,
å kven vi’ no brenne í gullbúri mæ meg?»

10. «Me vi’ adde arve dæ gulli ette deg,
men me vi’ ingjen brenne í gullbúri mæ deg.»

11. Så sete ho elden í kvor dæn kró,
selv lyster dæn jomfru på g{u}olve at stå.

12. Då búri dæ stó í dæn høieste brand,
då kom hennes herren siglands ti lands.

13. «Å dæ kjenner eg på dæn røyk under ø,
at dæn stende útav mí festarmø.

14. «Kven vi’ no arve de gulli ette meg,
å kven vi’ brenne í gullskipe mæ meg?»

15. «Å me vi’ ingjen arve de gulli ette deg,
men me vi’ adde brenne í gullskipe mæ deg.»

16. Så sete han ellen í kvor dæn kró,
selv lyster dæn herre på golve at stå.

17. Dei tvo dei bleiv í himelen kjend,
men terna ho bleiv í helviti brend.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Dei strofene som Bugge har forkorta med tilvising til Landstad, er fylde ut etter strofene i Landstad 1853, 608–609.

Bugge har sett til variantar etter Signe Napper. Dei er ikkje tekne med her.

Over oppskrifta står det: I den danske Vise heder Jomfruen Damor (i andre Opt. unævnt). Terner erfarer Lindens Betydning en Dag af Damors Enetale og river da Bladene af den om Natten.

Etter oppskrifta står det: I den danske Vise styrter Ridderen sig i Havet eller dræber sig med sit Sværd. I en Optegnelse heder det, at Ridderens Svende dræbe den onde Terne til Straf.




Oppskrift C

TSB D 297: Varslande lind

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 158–160 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kvor gång terna hó gjekk at fló,
– Eg veit væl, hó bíar meg så lengji –
så naga hó borkjen av linderót.
DerDen jomfrú ber ho sorgjir å svennen han låg fanga. –

2. Då dei åtte åri va’ gjengne forbi,
då lyster den skjøn jomfrú te lindi å gå.

3. No heve lindi felt løv,
no må eg vente min herren æ dø.

4. [No heve lindi felt] bla,
[no må eg vente min herren] æ klar.

5. Kven vi’ no arve dæ gulli ette meg,
kvenn vi no brenne úti búri mæ meg?

6. Samlarkommentar: (Ternens Ord)Me vi adde [arve dæ gulli ette deg,]
men me vi ingjen [brenne úti búri mæ deg.]

7. Så sette hó ellen í kvor den kró,
sjóv lyster den skjøn jomfrú på golve å gå.

8. Då de stó i høgste brand,
då kom hennes herre siglands ti lands.

9. De ser eg på den røyk unde lí,
at den stende útav mitt festarvív.

10. [De ser eg på den røyk unde] ø
[at den stende útav] mí f[estar]mø.

11. Kven vi’ no arve dæ gulli ette meg?
kven vi’ no brenne útí skipi mæ meg?

12. Samlarkommentar: (Terna)Me vi’ ingjen arve [dæ gulli ette deg]
men me vi’ helle brenne [útí skipi mæ deg]

13. Så sette han ellen í kvor den kró,
sjav lyster ungesvenn på golve å stå.

14. Dei tvo dei blei i himmelen kjent
men terna ho blei ti helviti sendt

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VIIIa, 64–65, med overskrift: Den falske Tærne. (Elen Rolleivstad. Fyresdal.) Tittelen er sett i klammer med blyant, og over står det skrive: Lindens Varsel Landst 79. (Dansk Utv. 189.)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.