Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 320 Sven i Rosengård

[Brodermordaren]


Innleiing

Ei mor spør sonen sin kvar han har vore så lenge og kvifor både han sjølv og sverdet er blodige. Sonen svarar først unnvikande, men tilstår så at han har drepe bror sin og at han vil rømme av landet. Mora spør når han vil kome att. Det blir når steinane flyt på vatnet, når fjørene søkk og når ramnen kvitnar, svarar han – altså aldri.

Det finst berre éin variant av denne balladen, som har fleire danskspråklege trekk. Denne skreiv Sophus Bugge opp i 1857 etter Targjei Targjeisson Kosi (f. 1809, emigr. 1861) frå Vrådal i Telemark. Targjei Targjeisson høyrde til ei framståande songarslekt, og både broren og søstera song balladar for Bugge. Targjei kunne heile førtifire balladar. Om «Sven i Rosengård» har Bugge notert at songaren «havde lært Visen af Nils Polman, en Kapteinsøn i Flaabygd» (Jonsson & Solberg 2011: 355–362). Bugge skreiv same året opp «Villemann og Magnhild» etter denne kapteinssonen, Niels Fredriksson Pohlmann (1795–1889), som elles gjorde seg gjeldande som ein framifrå kokk og ølbryggjar (Jonsson & Solberg 2011: 312–314). Teksten etter Targjei Targjeisson er trykt i Danmarks gamle Folkeviser (DgF VI: 145).

På svensk finst det ei mengd variantar av «Sven i Rosengård», frå 1600-talet og fram til 1900-talet (SMB 4:1: 160–183). På denne bakgrunnen skriv Vésteinn Ólason at sentret for den nordiske tradisjonen utan tvil er Sverige (Vésteinn Ólason 1982: 370). Elles finst det danske og islandske viseformer, den norske teksten knyter seg såleis til ein brei nordisk visetradisjon. Dessutan er balladen velkjend på engelsk og vart først prenta i Percys Reliques of Ancient English Poetry (1765). Hos Child heiter balladen «Edward». Childs B-form opnar med at mora spør om det blodige sverdet hans:

«Why dois your brand [sverd] sae drap wi bluid [blod]
Edward, Edward,
Why dois your brand sae drap wi bluid,
And why sae sad gang yee O?»
(Child I, 1, s. 169)

På same måte byrjar den islandske A-teksten, noko som knyter den islandske og den engelske tradisjonen saman:

«Því flóir blóð á sverði þín,
einvalds son minn?»

«Ég hefi drepið mann í dag,
mín móðir mild undir hlíða»
(Vésteinn Ólason 1982: 367).

Utsyn 154
DgF 340
SMB 153
IFkv 76




Oppskrift A

TSB D 320: Sven i Rosengård

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Targjei Targjeisson Kosi, Vrådal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 267–268 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Svenn i Rosensgår

*

1 Hor hev du vori så lengje
–I Svenn i Rosensgår –
I Enge hos drenge
– kjær moder vår, du venter mig sent eller aldrig –

2 Kví er dit bryst så blodigt?
folen meg trødde.

3 [Kvi er] dit sverd så blodigt?
jeg har dræbt min broder

4 Kvi rider du af veien?
jeg vil rømme af landet

5 Når kommer du tilbage?
når Stenene flyte

6 Når flyter Stenen?
når Fjærene søkke.

7 Når søkke Fjæri?
når Ravnen den kvítnar.

8 Når kv[itnar] R[avnen]?
det skér dog aldrig

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 260.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.