Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 338 Tiarmann i Stokkholmen


Innleiing

Tiarmann i Stokkholmen er enkemann. Han har sonen Erland og dottera Eldbjørg. Den unge Erland vil ut i verda og prøve kreftene sine, og mens han er borte kjem to grevar til gards og røvar Eldbjørg. Dei er kongens menn, kongen set seg såleis ut over lov og rett. Når dei to grevane drep Tiarmann, er dette likevel noko kongen ikkje har rekna med, for han er redd for at nokon vil hemne drapet. Men dei to grevane forsikrar kongen om at det ikkje er nokon fare, det lever berre att ei småjente. Sidan kjem Erland heim att frå reisa si. Den har vore både lang og kald, og han ber om husly hos ein bonde. Bonden sender han vidare til kongsgarden, og der blir han vel motteken av Eldbjørg. Erland utfordrar dei to grevane til kamp og høgg dei i to stykke. Dermed har han hemnt drapet på faren. Det neste er å gjenopprette søstera si ære, og med våpen i hand tvingar han kongen til å gifte seg med henne:

Høyre du det, du Erland unge:
du still dit sylvbudde sverd;
du gjev meg ‘a Eldbjørg fruva,
ho er meg fulla verd!
(Liestøl & Moe 1959: 82).

Vi har berre ein variant av denne balladen, som elles berre finst på norsk. Denne skreiv Sophus Bugge opp i 1864 etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr (1791–1866) frå Mo i Telemark. Jorunn Bjønnemyr var den mest kunnige av alle songarane i Telemark, heile 76 balladar skreiv Bugge opp etter henne (Jonsson & Solberg 2011: 494–497). Varianten etter Jorunn Bjønnemyr ligg til grunn for Liestøl og Moes restituerte og språkleg normaliserte tekst (Liestøl & Moe 1959: 77–82).

Det dreiar seg særleg om hemn og ære i denne balladen. Av teksten kan det sjå ut til at Tiarmann er ikkje er nokon adelsmann, men ein (stor)bonde, og dermed trur vel kongen at han har lett spel. Men unge Erland vil det annleis og evnar å hemne drapet på faren og gjenopprette æra for søstera og seg sjølv. Slik sett kan «Tiarmann i Stokkholmen» jamførast med kjempeviser med hemnmotiv, som «Ivar Elison» (TSB E 42) og «Hemnarsverdet» (TSB E 48).

Det finst elles ein dansk ballade, «Herr Erlands vold og straf» (TSB D 336) som har ein viss namnelikskap med «Tiarmann i Stokkholmen». Namnet på faren, Tiarmann, kan derimot vere lånt frå Vedels tekst i Hundreviseboka: «Herr Tidmand bliffuer halshuggen for Bondens Hustru hand voldtog» (DgF V, andet Halvbind: 386–387). Stokkholmen har ingen ting som helst å gjere med den svenske hovudstaden.

Jorunn Bjønnemyrs tekst ber preg av høg alder, både ved hemnmotivet, den katolske tankegangen og fleire språklege uttrykk.

Utsyn 107




Oppskrift A

TSB D 338: Tiarmann i Stokkholmen

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge n, 3–13 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. De va Tiarmann í Stokkholmen
han heve dei bonne tvo
Erland å Ellbjør frúva
å nevnest so ere dei båe

2. So vukse dei TíarmannsAlternativ lesemåte: Tíarsmanns bonne
útí månar två
sóm dei are småbonné
vóks útí åtte år.

3. So vóks [dei Tíarmanns] bonné
[útí månar] ní,
som are [små]bonn
[vóks útí] adde aldren dí,

4. De va unge Erland
han útí nasanne kvein
eg vi meg på fremminde land
eg vi’ min ungdómen røyne.

5. De va då dei fríe feggane
dei fýgdest der mitte på lei
å de vi no eg for sanningjen seia
dei fannst alli atte mei

6. De va Danerkonungjen
han site fyr bréde bór
so tikje eg TíarmannsAlternativ lesemåte: Tíarsmanns dótteré
sómAlternativ lesemåte: somm dei renner roue gull útí sylvarskål.

7. Ti svora då dei greivane
dei svara kje verr’e hell so:
å veiestSamlarkommentar: (sic) dú slíkt bóndebån,
slikt mónne dú æ få.

8. De va då dei greivane
dei kom seg ríande í går
de va Tíarmann í Stokkholmen
han úti fyr dei står.

9. Du tar inkje Tíarmann í Stokkholmen
å fagne okkon so blítt
me have ‘æ Ellbjør mæ valli tekji
å Tíarmann sko’ låte sitt lív.

10. De va T[íarmann] í St[okkholmen]
han renner tårir på kinn
de æ vóndt å misse sitt vív
så sia låte sitt lív.

11. De va då dei greivane
dei léte sitt sværi brå
so hoggji dei T[íarmann] í St[okkholmen]
han falt í lytinne två

12. De va då dei greivanne,
dei leidde æ Ellbjør ne etti stétti Samlarkommentar i reinskrifta: her mangler en Linje: f.ex. so såre grét ho Ellbjør frúva
dei akta kji hoss hó lét

13. De va då hó E[llbjør] frúva
renner hó tårir på kinn
de æ hastigt av gari reise
eg kji tala mæ kjære faeren sin.

14. De va då hó E[llbjør] frúva
rópar hó so hågt
attafyri heddéren
der ligg’e mi’ lyklar små.

15. De va då hó E[llbjør] fr[úva]
hó glåper seg att ivi hær
kví rí’e dú no greiven
mæ ditt blóutte svær.

16. Å Høyrer dú de dú E[llbjør] fr[úva]
du ték’e deg ingjó sút
eg va í din faers går
eg slakta so feit ein stút

17. De va då hó E[llbjør] fr[úva]
renner hó tårir på kinn
de va væl ingjen stúten den
men sæle faeren min.

18. De va då dei greivane
dei kom seg ríande í går
de va Danerkonungjen
han fagnar no dei so brått.

19. Dú tar inkje Danerkonungjen
å fagne okkon so blítt
me hava ‘æ mæ valli tekji
å Tíarmann låti lív.

20. Eg sendte dikkon ‘kji so heimatí
at de si’ fara so,
Gud å so Maria møy
dei såre bøtanne hevne.

21. DerSamlarkommentar: (sic) liver kji atte etti Tíarmannen
hot ei líte møy
hó kann både hevne seg
å hevne seg ei.

22. De va unge Erland
han rister på frosen fell
Å høyrer dú de dú Spakji bóndi
du låner meg hús í Kvell

23. De va då Spakji bóndi
lést en gjera seg gó
gakk dú deg ti kungens går
å dér æ mat’e nóg.

24. De va då unge Erland
han rister på frosen fing
Å høyrer dú de dú véne vív
dú låner meg hús í kvell

25. De va då hó Ellbjør frúva
renner hó tårir på kinn
dú sko’ få både øl å mat
ette sæle faeren min

26. No hev eg vítt íkring låndé fari
å mei ri’í hell gjengji
å alli hev eg sétt véniAlternativ lesemåte: véndri vív
mæ svikó hev vori fengji.

27. No [hev eg vítt íkring låndé] fari,
å mykji hev eg forsøkt
men [alli hev eg sétt véni] vív
[mæ svikó hev vori] fødd

28. Hev dú vítt íkring lånde fari
å mykji hev dú forsøkt
såg dú noko ti drengjen den
sóm unge Erland hét

29. Hot ha’ du nó mæ drengjen den
sóm unge E[rland] hét

30. eg ha’e kji mei mæ dr[engjen] d[en]
s[óm] u[nge] E[rland] h[ét]
hell me va tvo syskjen for sant.

31. Han tók hatten av hovde sé’
å hanskjen útav si hånd
de vi no eg for sanningjen seia
me æ tvo syskjen for sant

32. Å høyrer dú de dú Erland unge
å hot eg béa deg må
dú lét’e inkje di’ bjøddunne ringle
fori de greivelofti

33. De va unge Erland
han va inkje gúten rædd’e
so lét han si’ bjøddur ringle
alt fori de greivelofti

34. De va unge E[rland]
han lét’e sitt sværi brå,
so hoggji han greivanne
dei falt í lytirAlternativ lesemåte: lytinne två

35. De va u[nge] E[rland]
han rister på syllbúddeAlternativ lesemåte: syllbódde knív
å ektar dú ‘kji kungen syste miAlternativ lesemåte:
de sko’ koste ditt lív

36. Å høyrer dú de dú E[rland] U[nge]
dú stillAlternativ lesemåte: stidd din syllbúdde knív
dú gjeve meg Ellbjør fr[úva]
hó æ no so vént eit vív

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: (Jorunn

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 102–108, med overskrift: Tíarmannen í Stokkholmen. (Jórunn Bjønnemýr. Mo. 1864.)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.