Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 342 Herr Nilaus


Innleiing

Herr Nilaus er på veg heim frå bryllaupet sitt saman med brura, Signeliti. Det kjem eit hardt uver på dei, og dette tvingar dei til å søkje ly hos morbror til Signeliti – «bispen av Freðarlándo» – jamvel om herr Nilaus tidlegare har drepe tre brør av morbroren. Han tek mot dei, men han viser seg straks fiendsleg innstilt overfor herr Nilaus, og lastar han fordi han ikkje har betalt bøter for drapa. Når herr Nilaus glytter under bordet, oppdagar han dei to søstersønene sine som ligg der, drepne. Han spring opp, grip sverdet og går til åtak på morbrorens menn, men får straks banesår.

Vi har berre nokre få oppskrifter av denne balladen, etter to Telemarks-songarar. Til gjengjeld har både Landstad, Olea Crøger, Lindeman og Sophus Bugge gjort oppskrifter etter den eine av dei to songarane, Tone Olsdotter Vistadbakken (1786–1868) frå Lårdal. Tone Olsdotter høyrde til Ståleætta, ei vidgreind songarslekt i Telemark som kan førast attende til tidleg på 1700-talet. Repertoaret hennar var på meir enn tjue balladar, og Bugge brukte tre av tekstane hennar i Gamle norske Folkeviser (Jonsson & Solberg 2011: 409–411).

I oppskrifta etter Tone Olsdotter refererer Bugge til Landstads Norske Folkeviser, slik han ofte gjorde. Dessutan viser han til Targjei Targjeisson Kosi, som etter alt å døme song «Herr Nilaus» for Bugge. Noka oppskrift etter Targjei Kosi ser likevel ikkje ut til å finnast lenger. Targjei Targjeisson Kosi var fødd i 1809 og emigrerte til Amerika i 1861. Bugge møtte denne storsongaren i 1857 og skreiv opp heile 44 balladar etter han. Targjei var frå Porsvik i Vrådal. Både søstera og broren song balladar, slik også to av etterkomarane gjorde (Jonsson & Solberg 2011: 355–362).

Landstad trykte «Herr Nilaus» i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968: 231–234). Han seier ikkje noko om kven han har balladen etter, men sidan teksten så å seie er identisk med Olea Crøgers oppskrift etter Tone Olsdotter Vistadbakken, må vi kunne gå ut frå at Landstad har møtt same songar. Elles skreiv Lindeman i 1861 opp Tone Olsdotters melodi til «Herr Nilaus» (Ressem 2014: 236).

«Herr Nilaus» finst også på dansk og svensk. På svensk er det berre bevart eit par strofer, mens den danske tradisjonen går attende til 1500-talet. Dei eldste danske tekstane inneheld eit avslutningsmotiv som ikkje finst på norsk. Herr Nilaus maktar – trass i at han blir dødeleg såra – å føre med seg Signelill heim. Då først døyr han, og Signelill døyr av sorg. Det kan såleis sjå ut til at dei danske tekstane er primære i høve til dei norske, både fordi dei er fyldigare og fordi dei er skrivne ned tidlegare.

Likevel tyder visse sider ved språket på at den norske tradisjonen rekk lenger attende enn til 1500-talet og kanskje ligg til grunn for dei danske tekstane. Landstad er inne på dette i innleiinga til visa i Norske Folkeviser, utan å argumentere for oppfatninga. Her skal vi sjå på ei strofe som finst i dei fleste variantane. I Bugges oppskrift etter Tone Olsdotter Vistadbakken lyder denne strofa slik:

«Her rigner å her blåser,
å vinteren gjøres kald,
å høyrer du frúva Signelill,
hor sko’ me slå vår skjall?»

Det er rimorda kald / skjall som interesserer her. Som vi ser dannar dei eit perfekt rim, truleg det opphavlege. Men på 1800-talet forstod ikkje songarane lenger kva skjall skulle tyde. Det gjorde ikkje Lindeman heller, som skreiv Skjold i staden, utan tanke på at rimet då vart forringa. Tilsvarande strofe i den eldste danske teksten lyder slik:

«Det bleser, oc det regner,
oc verit det giøris kalt;
siger mig, stalt[en] Hille-lil,
huor vil vi slaa wor thield?
(DgF VI: 35).

Her anar vi kva rimordet i fjerde line tyder: telt, teppe, forheng, eller på norrønt tjald (n). Men tjald går ikkje godt på dansk, og skrivarane har derfor endra skrivemåten for å få meininga fram. Elles inneheld den danske A-teksten fleire opphavleg norrøne uttrykk, noko som gjer det sannsynleg at den byggjer på norsk eller vestnordisk tradisjon.

Utsyn 152
DgF 325
SMB 159




Oppskrift A

TSB D 42: Herr Nilaus

Oppskrift: 1840-åra av Olea Crøger etter Olav Olsson Glosimot, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms 4to 644, 34–36.

Oppgjeven tittel: Her Nilaus

*

1. Naa gjere dæ baate snjogar aa blæs
Aa Væten, den gjeres kall
Haare skaa me fæ ho Signe lite
Slaa kons kaanses Skjaallen all
– Dæ leikas ein Leik, aa den Leiken stænd all utav Vreie –

2. Naa gjære dæ baate sjogar aa blæs
Aa Væten, den gjæres kal
Saa vi me reise paa FrearlandeSamlarkommentar: D. har Fredeland
Aa slaa kaanses Sjøllen all

3. Æg va ‹m›æg ifjor paa Frearlande
Æg vog Dine Mobrøan tri
Inkje æ mæg Gjælle atte gjæve
Aa inkje hæv æg bødt fæ di

4. Aa far naa oto Brynjo
I Silkjeskjurte smaae
Dær æ inkje Svære paa Frearlande
Som dær kan bite paaSamlarkommentar: har intet Tilsvarende i den danske Vise

5. Dæ va baalde Her Nilaus
Han kjæm sæg rians i Gar
Ute sto Bispen paa Frearlande
Han va vel svøbt i Maar

6. Aa høire Du BispenSamlarkommentar: D. har Hr Pæder paa Frearlande
Æg helsar Dæg ivi saa bradt
Om Du konna fæ ho Signe Liti
Lane kaan Huus inaat

7. Væl skaa æg laane dikaan Hus inaat
Batte Signe aa alle henars Sveinar
Men høire Du baalle Her Nilaus!
Du har ha væl maat vore heime.

8. Saa tok Dei baalde Her Nilaus
Sætte honom hogast te Bor
Dæn fyste Retten paa Bore kaam
Dæ va Spot aa Haaingsord.I margen står det ein samlarkommentar som er vanskeleg å tyde. Det kan stå: Haadings

9. Dæ va baalde Her Nilaus
Han sæg onde Bore saag
Dær saag han baae sine Systesønine
Daue paa Gølve laag

10. Dæ va bolde Her Nilaus
Han sæg ivi Bore sprang
Han slog vel femten raske Kjæmpur
Før han fæk Sværd i haa{d} i haand.

11. Men dæ va Bispen paa Frearlande
Han glytte up, aa saag
Men da fæk bølde Her Nilaus
Paa Staen sit Banasaar

12. De lægge mit Lik i Maria kjørkje
Dær Kongjene dei plaga ligje
Min Harnisk, aasaa mit gode Svær
Dæ lægge de inmæ mi Sie

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB D 42: Herr Nilaus

Oppskrift: 1840-åra av Olea Crøger etter Anne Olsdotter Golid, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms fol 1803a:4, 12.

Oppgjeven tittel: Suplement til Her Nilaus

*

1. Æg va ifjor i Friarlonden,
æg slog Dine Brøane fem
igja Bot saa hæve Du fegje
aa inkje spurt ette den

2. Dæ va ifjor i Friarlonden
æg slog Dine Brøane sju,
ingja Boti saa hæv Du fegji
aa ingjen ettespurt

3. Dæ va ifor i Friarlonden
æg hogvog Dine Brøene ni,
ingja Bot saa hev Du fegje
aa inkje spurt etter di.

4. Aa de va bolde Her Nilaus
han sætte sæg høgast te bors.
Den fyste Retten paa Bori kaam
va Spaat aa Haaningsor

5. Aa de va bolde Her Nilaus,
han ivi Bori sprang,
han hoggi femten Kjempur i hæl,
da han fæk Svære te Gaangs

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB D 42: Herr Nilaus

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Tone Olsdotter Vistadbakken, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 199–200 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Bolde Nikelus

*

1. «Her rigner å her blåser
å vinteren gjøres kald,
å høyrer du frúva Signelill,
hor sko’ me slå vår skjallSamlarkommentar: (skal hede våres tjald)
– [Dei leikar ein leik, og den leiken stend alt útaf vreiðe.] –

2. [«Her rigner å her blåser]
[å vinteren gjøres kald,]
å me vi’ okkon teat Friarlunden
å dær vi’ me slå vår skjall.»

3. [Eg var meg i fjór] í Friarlunden
[eg vóg dine] brøanne fem
[inki er meg geldi ettergevið,]
[og inki hev eg] boi bót fyr dem.Samlarkommentar: [Targjei Kosi ligedan; men: í Frearlåndo.]

4. [Eg var meg í fjór í Friarlunden]
[eg vóg dine brøanne] ní
[inki er meg geldi ettergevið,]
[og inki hev eg boi bót fyr] dí.

5. «Du legg av deg ryngjulebrynja
å hev på deg skjurta kvíte;
d’æ ‘kje svær í Friarlunden,
som bít uppå klæi slíke.»

Forkortingane til denne strofa er skrivne til seinare i høgremargen, både med penn og blyant, utan eiga nummerering.5b. [«Du legg av deg ryngjulebrynja]
[å hev på deg skjurta] små
[d’æ ‘kje svær í Friarlunden,]
[som] bíta kann dæruppå.

6. [Deð var bolde herr’] Nikelus
[han kem seg riðands i gárð,]
[úte stóð bispen pá Freðarlándo]
han úte fyr honom står.

7. «Vælkomen frúva Signelill
mæ dine hofmennar å sveinar,
forutta bolde Nikelus,
han ha’ helle mått seti heime.»

Etter strofe 11 står det: Herefter V. 8. Denne strofa og strofe 11 kan såleis byte plass.8. [Sá tók dei] bolde Nikelus
[sette honom] øvest [til borðs,]
[den fyrste] rett, som blei frambori
[var spott og háðings orð.]

9. [«Du var ifjór] í Friarlunden
[du vóg mine brøðar] fem
inkje æ gjelli ettegjevi
å inkje boi bót fyr dem.

10. [Du var ifjór í Friarlunden]
[du vóg mine brøðar] ni
[inkje æ gjelli ettegjevi]
[å inkje boi bót fyr] di[»]

11. «Ifjór va’ eg i Friarlunden
eg vóg dine brøanne femni.
eg heve så mykje ette meg,
eg bøter fyr alle di.

12. Dæ va’ bolde Nikelus,
han sværi te seg rykkte,
han hoggi te bispen í Friarlunden,
han falt útí femten stykki.

13. femten av hass beste hovmenn
vóg han mæ ein líten knív.

14. Dæ va’ bolde Nikelus
han riste på syllbúdde svær.
«Ha’ dæ ‘kje vori frúva Signelill
du ha’ silt fari ei úfær.»

15. «De legge meg lík mæ LusikyrkjeSamlarkommentar: [Targjei Kosi: Lusse-],
som frúvur å møyar vane gange,
skjollen å så mitt góe svær
sko’ ivi mitt hovue hange.Samlarkommentar: [Targjei Kosi: lete di mæ mí Síe hange.]»

16. [«De legge meg lík mæ Lusikyrkje,]
[som frúvur å møyar vane] ríe
[skjollen å så mitt góe svær]
[sko’] innmæ mí síe liggje.[»]

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Der Bugge viser til Landstad, er strofene fylde ut etter teksten i Landstad 1853, 231–234.

Bugge markerer manglande verseliner mellom strofe 11 og 12, første halvdelen av strofe 13, og mellom strofe 14 og 15.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.