Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 344 Kongen drep si eiga dotter


Innleiing

Kongsdottera er blitt forført av riddaren Magnus, og kongen spør dotter si om når og korleis han fekk viljen sin med henne. Dette svarar ho ærleg på:

Eg gjekk meg ut å plukke blom,
då kom der ein riddar bå’ fager og fro.

Han gav meg det raude gullband,
der kjem alli be’re på jomfruhand
(Liestøl & Moe 1959: 173).

Kongen straffar dotter si på verst tenkjeleg måte, han drep henne med sverdet, kløyver henne «i lutir två». Riddar Magnus blir opprørt over drapet og spør kongen kvifor han tok livet av si eiga dotter. Kongen svarar hånleg at ha må då ha rett til å tukte sitt eige barn, men Magnus seier at ein kan tukte nokon med bjørkeris, men ikkje med sverd. Deretter høgg han kongen ned som hemn. Magnus sørgjer over kongsdottera og over dei to sønene ho bar under brystet. Som ei siste ære let han kista hennes forgylle:

Han let hennar kiste med gullet slå,
der ligg’e ho med si’ bonni små
(Liestøl & Moe 1959: 174).

Vi har nokre variantar av denne særnorske balladen, som ser ut til å ha vore spesielt omtykt i Fyresdal i Telemark. I 1864 skreiv Sophus Bugge opp «Kongen drep si eiga dotter» etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Veum sokn. I 1863 og 1864 song Åsne Spokkeli heile atten balladar for Bugge. Også språkforskaren Hans Ross skreiv opp «Kongen drep si eiga dotter» i Fyresdal, etter Olav Jørundsson Rui (1799–1879) som var svoger til Åsne Spokkeli, og etter Margrete Knutsdotter Borgji (1800–1888) (Jonsson & Solberg 2011: 576–577, 601–603). Balladen er trykt i normalisert og restituert form hos Liestøl & Moe (Liestøl & Moe 1959: 173–174).

Å drepe si eiga dotter – eller drepe ei kvinne i det heile – vart sett på som moralsk forkasteleg i norrøn og eldre kultur. Det var nedverdigande for ein mann å utføre ei slik handling, og få eller ingen fann på noko slikt, uansett kor provosert vedkomande kjende seg. Temaet kvinnedrap er også framme i ein av dei norske ballade-klassikarane, «Bendik og Årolilja». Kongen er rasande etter at Årolilja har late Bendik liggje hos seg mot farens vilje, men han slår likevel tanken på å drepe dotter si frå seg, det sømer seg ikkje:

Gakk burt ifrá meg Árolilja!
eg vil deg inki höyre,
deð samer [sømer] sá ille mit goðe sverd
i kvende-blóð at röyre
(Landstad [1853] 1968: 529).

Utsyn 151




Oppskrift A

TSB D 344: Kongen drep si eiga dotter

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Hæge Bjørgulvsdotter Solli, Veum i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 32.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. tukte ditt bån mæ bjørkerís
– de synger i skog –
å ikkje mæ den forgyllte knív
– Den eine gjeng alli útav min hug. –

2. Tukte d[itt] b[ån] de æ’ de vært,
[men ikkje mæ] de forgyllte svær

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Ein reinskrift av desse strofene finst i samband med ei anna oppskrift (oppskrift B her) i NFS S. Bugge V, 249, innleidd med: Hæge Sóli i Fyrresdal kjendte flgde Vers:




Oppskrift B

TSB D 344: Kongen drep si eiga dotter

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Gro Gunnarsdotter Haugen, Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 70–71.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen han tala te dótte sí
– De synger i skóv –
kor va’ de Magnus fékk viljen din.
– Den eine gjeng aldri ótó min hug. –

2. Han gav meg de rødegullband,
de kjem ikkje fínare på jomfrúvas hals

Kongen dræbte hende.

3. De va Magnus stø(r)steParentesane står i oppskrifta. úró
der døeAlternativ lesemåte: druknat tvo drengjir í moderens bló

4. [De va Magnus største] harm,
[der døe tvo drengjir i moderens] barm.

5. Du tuktar ditt barn mæ bjørkerís
men inkje mæ en syllodda knív

6. [Du tuktar ditt barn] de æ’ ho vær
men alli mæ eitt tvíeggja svær

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over første strofa står det: (dette er Begyndelsen)

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 249, med overskrift: Magnus og Kongsdatteren. 1863. (Gró Gunnarsdótter Haugjen. Fyresdal; født i Fjøllgaranne.)

I reinskrifta skriv Bugge om omkvedet: (Kvædersken mente, at Omkvædet havde Hensyn til den ene af de Tvillinger, Kongsdatteren fødte.)

Under reinskrifta står dei to strofene etter Hæge Solli (oppskrift A her).




Oppskrift C

TSB D 344: Kongen drep si eiga dotter

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter Høna/Kollberg, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 315–316.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen han tala te datteren sin
– De synger í skóg –
hore fekk Magnus viljen din.
– Den eine gjeng alli av min hug. –

2. Han lokka meg inkje í åker å eng
men han lokka meg í ei silkjeseng.

3. So gav han meg ein rødegullring,
slik ring kom alli på jomfrúens fing.

4. [So gav han meg eitt] rødegullband,
slíkt band [kom alli på jomfrúens] arm

5. Kungen han riste på syllbúdden knív
no sko de koste ditt unge lív.

6. Kungjen han leteSamlarkommentar: (ikke æ) sitt svære brå,
han hoggje si dotter í lutir tvo.

(Da kom Magnus)

7. Kungjen han svara mæ spott å hån
kví mått’ eg ‘kje tukte mitt eigjiAlternativ lesemåte: égji bån.

8. «Tukte ditt båne, de va’ hó vær,
men ikkje mæ ditt dragende svær.

9. Tukte d[itt] b[åne] mæ bjørkerís,
[men ikkje] din syllbunden knív.

10. Magnus han lete sitt svære brå,
han hoggje kungjen í lutir tvo.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 240–241, med overskrift: Magnus og Kongsdatteren. (Tone Marteinsdatter. Lårdal.)

Etter strofe fire står det eit plussteikn i kladden. Bugge viser her til ei strofe som står føre første strofa. Ho er sett inn som strofe 5 i reinskrifta og her.




Oppskrift D

TSB D 344: Kongen drep si eiga dotter

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli, Veum i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge q, 2–3.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen han spurde datteren sin
– de synger í skóg –
å kori fékk Magnus viljen din.
– Den eine gjengstAlternativ lesemåte: gjeng al{dr}lii av min hug. –

2. Det var en gang jeg plukkede blóm,
so kom der ein riddar bå faver å fró.

3. Å han gav han meg eitt rødegullband
slíkt kom al{dr}lii på jomfruens armAlternativ lesemåte: dronningens hånd

4. [Gav han meg] en rødegullring
slíke [kom alli på] jomfruens fing

5. Kungen han på sitt sværi drogAlternativ lesemåte: drager på rødegullsvær
so hoggji han sin datter i lytinne tvoAlternativ lesemåte: tvæ

6. Magnus han tala ti kungen så
å heve kvi ville dú drepe ditt égji bån

7. Kungen han svara herr Magnus så
Kví må eg ‘kje tukte mitt égji bån.

8. Du tukte ditt bån, de æ de vært,
men ikkje mæ ditt dragende svær.

9. Du [tukte ditt bån] mæ bjørkeris,
[men ikkje mæ din] syllbuddeAlternativ lesemåte: dragende knív

10. Magnus han paa sitt sværi dróg
so han hoggji han ti kongen for breian bór

11. [Magnus han] rister på syllbúdde svær
ha va du kje kungen dú va d{i}e vær

12. De tótte va Magnus va støste harm
der spila tvo tvinnlingar i moderens barm

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 108–109, med overskrift: Magnus og Kongsdatteren. (Aasne Spokkeli. Fyresdal. 1864.)

Føre siste strofa er det drege ein strek på tvers over sida i kladden. Dette er det ikkje spor av i reinskrifta.




Oppskrift E

TSB D 344: Kongen drep si eiga dotter

Oppskrift: 1874 av Hans Ross etter Margrete Knutsdotter Borgji, Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS H. Ross 2, 21–23.

Oppgjeven tittel: Magnus, I

*

1. Kuóngjen han talar ti Dotterè si:
– De synger i Skóv –
«Aa naar fekk Magnus Viljen sin?»
– den eine gjengst alli utav min Hug –

2. «De va ein Dag eg plukka Blóm,
sò fín ein Riddare ti meg komSamlarkommentar: (kaam i talen).

3. Aa han gav meg de røde Gullband
de kjem alli bæriSamlarkommentar i note nedst på sida: Dialektformen er «bete» og «bæri» paa Jomfruvas Haand

4. Aa han gav meg den røde Gullringg,
han kjem alli bæri paa Jomfruvas Fingg.

5. KungjenAlternativ lesemåte: Kóngjen han lète sitt Sværi braa,
aa hoggji Fru Signe i Lutanne tvò.

6. De va Kungjens støsste Harm:
der komkaam tvò smaa Bonn utav Signes Barm.

7. Kungjen leet gydde hennars Likebaare
han leet ‘æ i Lunde-Kyrkja bere.

8. Han lét hennars Kiste mæ Gull beslaa,
der ligge ho meSamlarkommentar: (mæ?) sine Bonnè smaa.

9. Magnus han kjeme ti Landi igjen,
so gjengSamlarkommentar nedst på sida: anden gang sagde hun «ganger» han i Lofti fyri K{u}ongjen inn.

10. Høyre du KóngjiSamlarkommentar nedst på sida: «Kungji» bør overalt være «Kóngji». fager aa fín
aa kòrSamlarkommentar nedst på sida: «kor» og »kot» altsomtiest ved Siden af «hor». dialekten i Borgegrænd har gjerne kot kor &c æ Fru Signelill Dotterè diAlternativ lesemåte: Datteren din

11. Kóngjen han svaaòra mæ Spott aa Haan:
«tru eg maatt’ ikki tukte mitt eigi Baan?»

12. «Jau tukte di Bonnèæ, dei æ de vær,
men tukt ikki mæ ditt dragne Svær.

13. 1. og 2. verselina står i ombytt rekkjefølgd i oppskrifta, men er retta ved å nummerere dei «1.» og «2.».tukte di Bonn mæ Bjørkerís
men tukt ikki mæ din sylvbundneAlternativ lesemåte merkt «A. Tveitaas»: sylvholka KnivSamlarkommentar nedst på sida: i Talen: «Niv’e»

14. Magnus han lète sitt Sværi braa,
sò hoggji han Kongjen i Lutanne tvò.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under tittelen står det: kvedet af Magrit Borgjè vest i Moland (Borgegrend)

Under noten nedst på siste sida står det: «V. 12 og 13 komme ofte frem i Julelag»: «ditt dragende Svær»




Oppskrift F

TSB D 344: Kongen drep si eiga dotter

Oppskrift: 1874 eller seinare av Hans Ross etter Olav (Olsson?) Rui, Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS H. Ross 2, 20 og 23.

Oppgjeven tittel: Magnus, II

*

1. Kóngen han talar ti Dótte sí:
– De synger i Skóv –
«Men kori fekk Magnus Viljen sin?»
– Den ene gjengst aldriSamlarkommentar: (alli i Talen) av min Hug. –

2. «Eg gjekk meg ut aa plukke Blóm,
daa koaam der ein Riddar baa fager aa fro.

3. Aa han gav meg den røde Gullringg,
slik Ringg kjeæm aldri paa Jomfruvas Fingg.

4. Aa han gav meg de røde Gullband
slikt Band kjæm’ aldri paa Jomfruvas Arm.»

5. Aa Kóngen han sitt Svær utdróg,
so hoggje han si Dótte i Lytinne tvo.

6a.Strofa har slik nummerering i oppskrifta. De va Kóngens støsste Harm,
de spila tvo Drengir i Moderens Barm.

6b.Strofa har slik nummerering i oppskrifta. Aa de gjækk Kongen støsstSamlarkommentar: (mest?) imot:
de druknast tvo drengir i Moderens Blod.

7. Aa Kóngen hai so myki Fé,
han lót forgydde hennars Baaretré.

8. Samlarkommentar: (glemt)

9. «Høyre du Kóngjen, kòt Overstroken samlarkommentar: (hòt?) eg spyrje deg maa,
men kvi vi du tukt drepe ditt eigi Baan?»

10. Kóngen han svòra mæ Spott aa mæ Haan:
«kví maa eg ‘ki tukte mitt eigi Baan?»

11. JauAlternativ lesemåte: Aa tukte dí Bonna, som de æ vært,
men ikki mæ eit draget Svær.

12. Tukte dí Bonn mæ Bjørkerís,
men ikki mæ din sylvbundne Knív.

13. Magnus han sitt Svær utdróg
So hoggji han Kóngen i Lytinne tvo.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under tittelen står det: kvedet af Olav Rui af Kleivgrend vest i Moland.

Dei første ti strofene er skrivne på side 20, sida føre oppskrifta etter Margrete Knutsdotter Borgji (oppskrift E) tek til. Dei siste strofene etter Olav er skrivne under dei siste strofene av oppskrifta etter Margrete (på side 23).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.