Herr Malkom møter morbror sin, og morbroren overtalar Malkom som overtalar han til å byta hest med seg. Når han sidan kjem til kongsgarden blir han skulda for hestetjuveri og skal hengjast. Dei norske tekstane er noko uheile, men det endar tydelegvis med at kjærasten hans klarer å samle ei stor hermakt som trugar kongen til å sleppe Malkom fri.
I Danmark finst det ei fragmentarisk oppskrift frå slutten av 1500-talet, og den brukte Peder Syv som grunnlag for å lage ei lengre tekst til Kjempeviseboka. I denne danske teksten vart Malkom hengt.
Visa har vore populær i Sverige. Dei har mange fyldige oppskrifter og melodiar. Visa har sannsynlegvis kome til Noreg frå Sverige, for der blir Malkom ikkje hengt.
Rikard Berge har skrive opp teksten etter Gunnhild Sollid og Margit Halvorsdotter Tveiten, båe frå Vinje. Eivind Groven skreiv opp melodien etter eit opptak Rikard Berge hadde fått etter Jon Sandviki i Vinje.
DgF 336
SMB 163
TSB D 359: Herr Malkom
Oppskrift: 1915 av Rikard Berge etter Margjit Halvorsdotter Tveiten, Vinje, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CCLXIX, 154–155.
Oppgjeven tittel: Herr Malkaom
*
1. Her Malk{a}om han rider seg i røde rosenlund,
der møter han sin morbroder i den sama stund.
– Eg liter paa Guds naade aa mìn jaamfru. –
2. Velkaamen her M[alkom], her M[alkom] sò fin.
Ville du no byte hestar mæ mig.
3. Din æ snjokvite aa mìn æ abelgraa.
Sò stròuk ‘an av gullsalen aa lae beisli paa.
4. Her Malk{a}om han rider seg i kongjens gaar,
ute stend’e kongjen æ sveipt’e i maar.
5. Høyr du, her Malkom, her M[alkom] sò fin,
hòri hev du fengji mìn abelgraa sò fin.
6. Eg hev ‘an ikkje s ìnkji stòli, eg hev ‘an ìnkji kjøpt,
men egAlternativ lesemåte: jei haver den av mìn morbroder bytt.
*
Strofene er nummererte i oppskrifta.
Under oppskrifta står det: Margit Tveiten 1915.
TSB D 359: Herr Malkom
Oppskrift: 1915–16 av Rikard Berge etter Gunnhild Åsmundsdotter Sollid, Vinje, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CCCXXIII, 14–16.
Oppgjeven tittel: Hr. Malkum
*
1. Hr Malkum han red sig sig i røde rosenslund
der møder han sin morbroder i den sama stund.
– Jeg liter paa Guds naade og min jomfru. –
2. Aa hør du hr Malkum hr. M[alkum] saa fin
aa hòsse vi du naa byte hestar mæ mig
3. Aa min er snehvide aa din er abelgraa
saa strøk han av gullsadeli la gullbeisli paa
4. Hr. M[alkum] han red sig i kongjens gaar
aa ute stander kongjen svøpt i maar.
5. Aa hør du hr. M[alkum] hr M[alkum] saa fin,
aa hòri hev du fengji min Abelgraa saa fin
6. Jeg har den ikke stjaalet jeg har den ikke kjøpt
men jeg haver den av min morbroer bytt
7. Aa visste mi jomfru at eg sille bli hengt
saa klædde ho min steil mæ den røde gullstreng
8. Aa visste [mi jomfru at eg] sille dø
so klædde ho mi kiste mæ skarlagen rø
9. Der sto ein liten baatsmann aa lydde derpaa
Han sagde jeg vil til din jomfru gaa.
10. Den baatsmann han drager av hanskarne smaa
aa sjave saa ville’n fy aarinne gaa.
11. Den jomfru hun raaber over hele sin gaar
I raske hovmenn drager brynjur paa.
12. Aa fer eg kje hr M[alkum] aa Abelgraa saa fin
saa skò eg taka krona plondre lande av dig
13. Aa heve du dei riddarar dei riddarar mæ deg
mæ du vi taka krona plondre lande av meg
14. Aa kongjen han silleAlternativ lesemåte: skulde ut av vinduget sjaa
han saa inkje soli for glavind so blaa
15. Daa kongjen han sille ut av vindaget sjaa
han saag inkje jori fer brynjur blaa
*
Oppskrifta er skriven med blyant. Strofene er nummererte seinare med svart penn.
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.
Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.
På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.