Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 365 Stig liten fell


Innleiing

Kongen ber den unge riddaren, Stig liten, om å føre kongens fane i krigen. Stig liten orsakar seg med at han er for ung og for liten til å ta på seg dette ansvaret, men kongen trugar han på livet. Stig liten gjer då som kongen ønskjer, men fell i krigen. Stig litens sverd og belte kjem attende, men ikkje han sjølv, til stor sorg for festarmøya.

Ingen av dei norske oppskriftene av denne balladen er fullstendige, jamvel om nokre av dei fremste Telemarks-songarane kunne visa. Den minst fragmentariske teksten skreiv Sophus Bugge opp i 1863 etter Margjit Johannesdotter Hovde/Svigsli (1777–1864) frå Tuddal. Margjit Johannesdotter song tolv balladar for Bugge. Lindeman skreiv opp to av desse etter henne (Jonsson & Solberg 2011: 183–186).

Svend Grundtvig plasserte «Ridder Stigs Fald» blant dei historiske visene (DgF III: 9–11). Også Grüner-Nielsen reknar med at riddar Stig har vore ein historisk person: «Stig Hvide […] Grundlægger af Essenbæk Kloster, som faldt i Slaget ved Viborg 1151» (DgF X: 248). Men argumentasjonen er tynn, og uansett må balladen vere laga svært lang tid etter hendingane. Dei danske og svenske variantane inneheld fleire motiv som har falle bort i den norske tradisjonen. Såleis oppmodar kongen Stig liten om å røme når krigslukka vender seg mot han, men Stig liten vil ikkje at slik skam skal spørjast om han. Når fruer og jomfruer får vite at riddar Stig har falle i krigen, græt dei sine modige tårer. I den eine svenske teksten som er overlevert – frå byrjinga av 1600-talet – heiter det:

De Lade Riddarstigenn vpå Högan båår,
fruer och Jungfrur de felle så mången tåår

[…]

Tröste nu Gud huar fattigh krigs Mann,
som mister sit lif för fienders hand
(SMB 4:1: 307).

Utsyn 189
DgF 117
SMB 165




Oppskrift A

TSB D 365: Stig liten fell

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Margjit Johannesdotter Hovde/Svigsli, Tuddal, Hartdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 196–197 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Ridder Stig liden ligger slagen

*

1. Å høyrer du de dú líten Ridder Stíg
ídag ska’ du føre míne faner í bý.

2. Eg æ’ so líten, eg æ’ so låg
at eg orkar ‘kje føre díne faner í år.

3. Eg [æ’ so líten, eg æ’] for ung,
[at eg orkar ‘kje føre díne faner] so tung.

4. Kongen han tager etter søllbújen knív,
vi’ dú ‘kje føre míne faner, de gjeller ditt lív.

5. Eg ska’ føre díne faner her sø unde lí,
der stander píler å der gjelder lív.

6. Heim kom de belte, heim kom de svæ?,
men inkje Stígelíten som Ingelíta ha kjær.

*

Teksten er streka over med store kryss. Strofene er unummererte i manuskriptet.

Over oppskrifta står det: Margjit. Oppskrifta etter Margjit Svigsli finst også som avskrift i DFS 51, 41–42.

Under oppskrifta står det: (meget længre).

I manuskriptet er tjukk l markert med krøllstrek under bokstaven.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 217




Oppskrift B

TSB D 365: Stig liten fell

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Lars Haraldsson Lofthus/Kåsa, Tuddal, Hjartdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 276 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Ridder Stig liden ligger slagen.

*

1. Kongen å Stígelíten sat ve bół
dem snakka so mangt ei’ skjemtan ół
– I dag ligger Stígelíten slagen. –

2. O høyrer dú Stígelíten, hvad jeg siger dig:
dú ska’ føreAlternativ lesemåte: fygje míne faner og føre mi’Alternativ lesemåte: min vív

3. Eg ska’ fýgje díne faner so gott som jeg kann,
at det ska’ spørgås i Dróssmers land.

4. Heim kom belte å heim kom svæł
men ikkje Stígelíten, som Ingelíta ha’ kjær.

5. Heim [kom] sadel [å heim kom] hest,
[men ikkje Stígelíten, som Ingelíta ha fest.]Verslina er ikkje med i kladden, her henta frå reinskrifta.

*

Teksten er streka over med store kryss. Strofene er unummererte i manuskriptet.

I manuskriptet er tjukk l markert med krøllstrek under bokstaven.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 217–218. Oppskrifta etter Lars Lofthus finst også som avskrift i DFS 51, 41–42.




Oppskrift C

TSB D 365: Stig liten fell

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 3 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Stigelíten ligger slagen.

*

1. Heimte kjeme sadel å heimte kjeme hest,
å atte ligge Stígeliten slagjen so vest.
– Í dag ligge Stígeliten slagjen. –

2. [Heimte kjeme] hósur [å heimte kjeme] skó,
[å atte ligge Stígeliten] såri, render bló.

3. [Heimte kjeme] hettur [å heimte kjeme] hatt
inkje ville skjøn jomfrú trú de va sant
men at Stígeliten han ligge slagjen.

*

Teksten er streka over med store kryss. Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS, S. Bugge V, 247. Oppskrifta etter Bendik Sveigdalen finst også som avskrift i DFS 51, 41–42.




Oppskrift D

TSB D 365: Stig liten fell

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 227

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Stígelíten rei seg uppí eitt skar,
å der fedde pílir som her vexe gras.
– Ídag ligge Stígeliten slagjen. –

2. Stígeliten rei seg útpå ei øy,
å der fedde píler, som her vexeOver ordet står: (sic) høy.

3. Heimte kom sadel å heimte kom hest
å atte ligge St[ígeliten], som skjønn jomfrú ha’ fest.

4. [Heimte kom] hósur [å heimte kom] sko,
[å atte ligge Stígeliten,] han rinder bló

Teksten er streka over med store kryss. Strofene er unummererte i manuskriptet.

Under teksten står: (Dei blive umbrotne)

Oppskrifta etter Jorunn Bjønnemyr finst også som avskrift i DFS 51, 41–42.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.