Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 367 Olav og Kari


Innleiing

Denne visa er plassert blant riddarballadane, men fleire av variantane kunne like godt vore plassert mellom legendevisene.

Mor til Olav spør korleis han likar, Kari, kona si. Når han svarar at han likar henne bra, seier mora at ho har sett Kari ri saman med alvane på ein kvitbjørn som ei heks. Olav trur at mora snakkar sant og at Kari er ei heks. Han slår henne så ho døyr. Kari kjem til himmelen og ber for Olav og mor hans. Jomfru Maria svarar at Olav skal få kome til himmelriket, men mor hans kjem ikkje inn. Konflikten i visa er mellom ekteparet på den eine sida og Olavs mor på den andre. Forklaringa kan kanskje liggje i første strofa. Olav er ein glad gut. Han har funne seg ei brur utan å rådføre seg med mora. Ho kan vere sjalu.

Visa finst både i Danmark og Sverige, men berre i ein variant i kvart land. I Noreg er det er bevart eit titals oppskrifter, alle frå Telemark, men mange av dei er berre fragment. Variantane sluttar på ulike måtar. I variantane etter Jorunn og Hæge Bjønnemyr, Aslaug Askedalen og Kjersti Lillegård ber Kari, på ein måte som ein helgen, om at både Olav og mor hans skal få kome til himmelen, men det er berre Olav og Kari sjølv som blir salige, mora blir sitjande på ein varm stein i Helvete. I varianten etter Targjei Kosi ber Kari Olav om at han skal sende den blodsulka serken til mor hennar og be om at ho ikkje skal gifte bort fleire døtrer. I varianten etter Anne Knutsdotter Bruhær angrar Olav seg og legg Kari inn på ei silkeseng.

I 1861 skreiv Lindeman opp ein melodi etter Anne Knutsdotter Bruhær, dessutan finst det tre anonyme melodiar.

I kommentarane til visa skreiv Moltke Moe at grunnlaget til denne visa er forteljinga om ei frankisk prinsesse, Klothilde, som skal ha levd på 400-talet. Ho var gift med Amalarik, konge over vestgotarane. Han var arianar og ho var katolikk. Derfor slo og pinte han henne. Til slutt sendte ho ein duk med sitt eige blod til bror sin, Childebert. Han gjekk i kamp mot Amalarik og slo han.

Moltke Moe var svært ivrig i å gje dei norske balladane status ved å peike på røter langt bakover i tid. Forteljingane har rett nok eit enkelt moment felles, men det er svært tvilsamt om det kan vere ein konkret samanheng. Motivet om den blodsulka serken finst korkje i danske eller i svenske variantarar. Den finst berre i den norske varianten etter Targjei Targjeisson Kosi frå Vrådal i Kvitseid.

Utsyn 59
DgF 361
SMB 166




Oppskrift A

TSB D 367: Olav og Kari

Oppskrift: 1857–1858 av Sophus Bugge etter Targjei Targjeisson Kosi, Vrådal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge III, 115–116 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Ólav aa Kari. II. (meddelt af Targjei Kosi.)

*

1. «Høyrer du Ólav, Sonen min;
– TrøRetta med blyant frå: Trö meg ikkje for nære! –
hosse líkar du Gifta dí?»
– På vollen dansar míAlternativ lesemåte: den Jomfrú. –

2. «Så væl líkar eg Gifta mí,
som eg drikke båAlternativ lesemåte: bróne Mjø å Vín.»

3. Eg ser ho Kari rie
uppette mæ ElvesíeStrofa er skriven inn med blyant.

4. «Hó ha’ kje anna ti Beislering,
hell Lindarormen hó slengde íkring.»

5. [Hó ha’ kje anna ti] Sadel,
hell sin dødeleg Fader.Strofa er skriven inn med blyant.

6. Dæ monne dei på hó ljuge,
Gud nåe [den, som slíkt trúdde!]Innskoten strofe

7. Hossi kann grasi på jóri gró,
når sonen må ikkje móeri trú.Strofa er skriven inn med blyant.

8. Ólav kjeme ríands í Går,
hass Kjæraste út ímót han går.

9. [Ólav] kom seg [ríands í Går]
liden Kjersti hó Kari [út]i før han står.Strofa er skriven inn med blyant.

10. Hó gjórest í Kinni bleik’e:
«No ser eg, Ólav æ’ vrei’e.»

11. «Du ha’ kje anna ti Beislering,
hell Lindarormen du slengde íkring.»

12. «Dæ monne dei på meg ljúge;
Gud nåe den, som slíkt trúdde!»

13. Ólav sló mæ Tygyll å Tein,
alt te hó ne for hass Føtanne seig.

14. Ólav sló mæ Tygylen kvass,
alt te Silkjeserkjen í HolleAlternativ lesemåte: ivi Líve brast.

15. «Kjære min Ólav slå ikkje leng!
no hev du fengji mitt Hjarta’i sprengd.Alternativ lesemåte: sprengt

16. Du dregeAlternativ lesemåte: ikke dræge Serkjen ótó Blo{d}e,
du sender denAlternativ lesemåte: han te mí Móer!

17. Du be, hó tværAlternativ lesemåte: vi’ två han rein’e,
å gifteAlternativ lesemåte: gifte ho ‘kje síne DøttanneAlternativ lesemåte: Døttanne síne fleire!

18. Du be, hó vi’ två han kvít’eRetta med blyant frå: kvít
å gifteAlternativ lesemåte: ho gifter ‘kje síne DøttanneAlternativ lesemåte: Døttanne síne te slíke!»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Dei innskotne strofene (her: strofe 3, 5–7, 9) er ikkje med i nummereringa i oppskrifta, men er det her. Nummereringa er difor annleis her enn i oppskrifta frå og med strofe 3.

Etter strofe 2 og 10 (nr. 2 og 5 i oppskrifta) er det sett inn stipla liner.

Kjelda til variantane er ukjend.




Oppskrift B

TSB D 367: Olav og Kari

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 260–264 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Ólav han ríder so víde
– Dei sigler mæ fløy. –
alt til sitt bryllaup at byde.
– Dei gifte siAlternativ lesemåte: sine systar ti Samsøy.

2. Han [Ólav han ríder] sørAlternativ lesemåte: sig under øy,
å fester aAlternativ lesemåte: æ Signelill den véne møy.

3. Han fester aAlternativ lesemåte: æ Signelill, flytAlternativ lesemåte: flutte ‘a heim,
riddarar å sveinar dei fýgjeAlternativ lesemåte: ríe mæ dei

4. Dei livde íhóp í åtte år,
dei åtte íhóp dei bonniAlternativ lesemåte: bonné små.

5. Då de lei på de níende år,
då lyster Ólav tilAlternativ lesemåte: ti si moerAlternativ lesemåte: módere å gå

6. Ólav han kom seg ríand í går,
hass moder úti fyr ‘en står.

7. Vælkomen Ólav kjær sønnen mín,
hosse líkar dú gifta diSamlarkommentar: (aab.)?

8. So líkar eg gifta gó,
líksom kvor dagjen drikke jól,

9. Dú tar inkjeAlternativ lesemåte: inkji Ólav so líke,
eg såg ‘æ Signelill ríe frammte mæ elvesíeSamlarkommentar: (Elvetrodd).

10. Hó ha inkji anna ti høgeAlternativ lesemåte: høgan hest
hell kvíte bjønnen líkarAlternativ lesemåte: líka hó best.

11. [Hó ha inkji anna ti] beislering,
hell lindarormen låg í ring.

12. [Hó ha inkji anna ti] bei{t}sleband,
hell lindarormen fyri ‘æ rann.

13. Signelill æ so vén ei brúr
detta vi’ eg alliAlternativ lesemåte: inkji trú

14. Hossi kann grasi på jóre gró,
når sónen må ‘kji si móere trú

15. Ólav han spring’e på gangaren grå
so rí’e han seg ti Signelills går.

16. Ólav han kom rídend í går,
Signelill úti fyre ‘n står.

17. De sér eg uppå Ólavs fær,
anten æ ‘en drukkjen hell å æ ‘en rædd.

18. [De sér eg uppå Ólavs] kinniAlternativ lesemåte: kinné so bleik,
[anten æ ‘en drukkjen, hell å æ ‘en] vrei.

19. Eg helsar deg Ólav eg talar ti dé,
hot tíend fékk dú sjå móeriAlternativ lesemåte: móderi di.

20. Mi móder hó såg deg ríe
frammteAlternativ lesemåte: framum mæ elvesíe.

21. Dú ha [inkji] ann[a ti] høgeSamlarkommentar: (sic) hest,
[hell kvíte bjønnen] líka{st}rSamlarkommentar: (sic) [dú best.]

22. [Dú ha inkji anna ti] beislering
[hell lindarormen] liggAlternativ lesemåte: låg [i ring]

23. [Dú ha inkji anna ti] beisleband
[hell lindarormen] fyri deg rann.

24. Di móder hó móndeSamlarkommentar: (sic) ljúge
Gud bære deg Ólav som trúdde.

25. Hossi kann grasi på jóre gró
[når sónen må ‘kji si móere] trú.

26. Han slóAlternativ lesemåte: lati hæna mæ tynnetein,
serkjen rivnar å holle seig.

27. Han [sló ti hæna mæ] tynnekvast,
[serkjen rivnar å holle] brast.

28. «Kjære min Ólav dú slåAlternativ lesemåte: slå inkjeAlternativ lesemåte: inkji leng,
nó hev eg fengji min døespreng.

29. Han tók æ Signelill pí sitt fang,
han bar ‘æ um på bóri fram.

30. Signelill kom tilAlternativ lesemåte: ti himmerigAlternativ lesemåte: himmerík bå trøytt å mó,
jomfrú Maria hó ruddeAlternativ lesemåte: rudde stól.

31. Dú Ma tar inkji jomfrú Maria ryddje stólen fyr mé,Alternativ lesemåte: meg,
eg æ ‘kje fyr góe ti stande fyr deg.Samlarkommentar: (aab. e)

32. Signelill falt på si’ barreAlternativ lesemåte: berre kné
må han Ólav kvíl{æ}e mæ mé.

33. Í immerigAlternativ lesemåte: himmerik der æ en stól,
der må dú å Ólav drikke jól.

34. Signelill [falt på si’] berre kné
[må] Ólavs móere [kvíle mæ] mé.

35. Signelill, S[ignelill] still din munn
dú be alli fyreAlternativ lesemåte: fori slík heiinghund

36. Í helvíti der æ en stein,
der må Ólavs móereAlternativ lesemåte: móire kvíle síne bein

*

Strofene er ikkje nummererte i kladden. Strofe 16 er merkt ut, og i margen står det: (Ukj (utydeleg).

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 271–274




Oppskrift C

TSB D 367: Olav og Kari

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Kjersti Jensdotter Lillegård, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TFM R. Berge CCXLVII, 38–40.

Oppgjeven tittel: Olav aa Kari.

*

1. Olav aa Kari rei seg onde øy
– Dei sâlar mæ fløy. –
dei avlar dei aatte bonni smaa.
– Dei gjifter sine døttar i Samsøy. –

2. Olav han kaam seg rians i gaar,
aa haanoms moer ute staar.

(Han spør hòsse l[iti] K[ari] liver

3. Eg saag liti Kari ho fór her i gjaar,
– –

4. Ho hae kje ana tì riehest,
hell sin gamle avdøe faer.

5. Ho hae [kje ana] tì begslering,
hell òrmane som i grase renn.

6. Herr Olav han snudde sin gangare graa,
der vóks ikkje gras paa 15 aar.

7. Velkaamen O[lav] heim tì meg
eg hev kje ante‘ bryggja hell blanda fòr deg.

8. Eg agtar ikkje din søte mjø,
eg passar meg væl fòr æra di.

9. (han hòggje l[iti] K[ari] i lutine tvo?)
so bón de spradda tvo bón i moers blo.

10. Liti Kari ho kaam fòr himmerikjes dynn,
aa jaamfru Maria let ‘o inn.

11. Olav han kaam for h[immerikjes] dynn
aa ba sò vent ‘n maatt’ sleppe inn.

12. L[iti] K[ari] falt paa sine bare kne,
Maa Olav, mann’ min faa kvile seg her?

13. (Ja Olav, m[ann’] din maa kvile seg her).

14. Aa Olavses moer kaam fòr h[immerikje]s dynn
aa ba sò [vent ‘o maatt’ sleppe] inn

15. L[iti] K[ari] [falt paa sine] bare kne
Maa O[lavse]s moer faa kvile seg her.

16. I hælvete der æ sò heit ein stein,
der kann Olavses moer faa verme sine bein.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.