Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 378 Modersorg


Innleiing

Handlinga byrjar med at nokon vandrar ute i naturen – «herupp mæ å» – og kjem til nokre murar som viser seg å høyre til eit slott. Inne i slottet sit ei jomfru, og om henne er det spådd at ho skal døy i Lunde kyrkje. Derfor held ho seg heime i lang tid, og når ho endeleg vågar seg til kyrkje, er ho omgjeven av terner som skal vakte henne. Men det hjelper ikkje:

Dei leidde hennar på vegjen fram,
leie vergjen [dvergen] fyre rann.

Dei leidde hennar í kyrkja inn,
mæ höie gullkróna å plómekinn.

Han sló hennar mæ haslegrein,
då fekk hó de dødeleg mein
(DgF III: 812–813).

Tilsynelatande døyr jomfrua og blir gravlagd, men dvergen har berre lagt henne i dvale. Han dreg henne med seg til berget der ho blir motteken av dei ni borna sine. Slik er handlinga i den viseforma som Sophus Bugge skreiv opp i 1857 etter Dagne Ånundsdotter Lid frå Vrådal. Dagne Lid, som var fødd i 1804 og emigrerte til Amerika i 1861, var ein framifrå songar. Bugge skreiv opp heile trettifem balladar etter henne (Jonsson & Solberg 2011: 371–374). Som Bugge skriv, må samanhengen vere den at det «alt længe har bestaaet et Forhold mellem [jomfrua] og Dværgen, hvem hun har født de ni Børn, der modtage hende i Bjærget» (DgF III: 813).

Storsongaren Anne Ånundsdotter Lillegård (1792–1863) frå Eidsborg song balladen med eit heilt anna sluttmotiv. Her er jomfrua verkeleg død. Mor hennar sørgjer så sårt at ingen kan stille sorga, ikkje før det kjem til ei anna kvinne som kan fortelje at ho har lide større tap. Denne kvinna hadde sju søner, men alle er døde. To vart hengde, to vart dengde, to vart steikte på rist – og den siste vart flådd som ein fisk (Oppskrift A, str. 5–8).

Vi har mellom fem og ti variantar av «Modersorg», alle frå Telemark. Både Landstad og Bugge skreiv opp balladen etter Anne Ånundsdotter Lillegård. Landstads oppskrift er trykt i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968: 556–557). Sluttstrofene i Bugges så å seie identiske tekst er trykt i Danmarks gamle Folkeviser (DgF V:2, 1, jf. også DgF III: 813). Vidare har Bugge skrive opp nokre relativt korte variantar frå Vest-Telemark. Ein av dei, oppskriven etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Fyresdal er trykt i DgF (V:2, 2).

Slik Dagne Ånundsdotter Lid song «Modersorg» kan den oppfattast som ein naturmytisk ballade, jamvel om tilhøvet mellom jomfrua og dvergen er tilslørt. Anne Ånundsdotter Lillegårds versjon har derimot riddarvisepreg. Kva som er den opphavlege utforminga, er uråd å vite. Vi merker oss elles at balladen er fortald i eg-form, ein relativt lite brukt framstillingsteknikk. Det går ikkje fram kven forteljaren er, men vedkomande deltek ikkje i balladehandlinga og nøyer seg med å formidle den sørgjelege historia. Formelen herupp mæ å i første strofe slår med ein gong an ein dramatisk tone. Særleg i danske balladar signaliserer den at det er fare på ferde: «Ude ved aa-lokaliteten indleder en række viser der hører til de grueligste i balladedigtningen» (Kværndrup 2006: 557).

Utsyn 139




Oppskrift A

TSB D 378: Modersorg

Oppskrift: 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 5, 18.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Eg gek meg her ut med á
– gangaren fride –
fann eg fat pá dei murar smá.
– Her som dessi ædeline utride. –

2. Uttapa var dei tekt med rør
innapa sat deð skipað med møy

3. Deð var spát den vene møy
med Lunde kyrkje sille hon døy

4. Dá ho for in dá var hon død rød
dei bar a ut dá var a død.

Moderen taler Trøst, men forgjæves.

5. Der kunne engin sorgen stille
for hon kom fram den sørgefuld kvinde

6. Du grete einste dotter di
men eg maa gráte sjau sønin min

7. Dei tvo dei vart hengde
den tredje og fjorde vart dengde

8. den femte og sette vart steikte pá rist
den sjuende bleiv flekte som ein fisk

9. Der bleiv Sorg og eingja gama
Der kom tri lik til jord med sama

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Strofe 5–8 står i høgrespalta, med tilvising inn føre strofe 9.




Oppskrift B

TSB D 378: Modersorg

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, fødd i Vrådal i Kviteseid, busett i Veum i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge m, 25–27 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Eg gjekk meg hær uppmæ Aa
– gangaren frie –
Så kom eg på dei Murar små.
– Hær som dessi Ædelinn’e fremrie –

2. Uttapå va’ tekt mæ Stein,
innapå va’ skipa mæ Jomfru å Møy

3. Dær sat ei Jomfru på ein Stol,
ho glima som ei Morgosol.

4. Dæ va’ ho spått mæ ho va’ Møy
i Lundekyrkje sille ho døy.

5. Skjøn Jomfru va’ heime i åtte År,
før ho tóre i Lundekýrkje gå.

6. Då dæ lei i dæ niende År
då lyster ho i Kýrkja gå.

7. Dær sto tvo Jomfruur, greidde hennes Hår,
hennar Moder sto fyri mæ Spegjil klar.

8. Dæn eine tukkar fram syllspente stol,
dæn andre Gullskammel under Fo{d}t.

9. Dær sto tvo Jomfruur reie,
som sille hennar leie.

10. Ho gjekk seg på Vegjen fram,
leie Verjen føre rann.

11. Ho gjekk seg i Kyrkja inn,
mæ høye Gullkrona å Plomekinn.

12. Han slo hennar mæ Hasselgrein,
då fekk ho dæ dødeleg Mein.

13. [Han sló hennar] mæ Kjeppir små,
då miste ho bå vit å Mål.

14. Dei leidde ho inn, då va’ ho rø,
dei bar ho ut, då va’ ho dø.

15. Dei grov hennar i sorten Jor,
Verjen hennar at Berje dro.

16. Ho kom seg i Bergje inn,
nie hennars Bonni trødde umkring.

17. Dæn eine tukka fram syllspente stol,
dæn andre Gullskammel under Fot.

18. Dær sto tvo Jomfruer, smale som Vand,
mæ hver sin Syllkanne i hver sin Hand.

19. Vælkomen være Moder fin,
å lengje heve me venta deg!

20. Ho svor um Gud Eiar ni,
ho va’ kje Moer te alle di.

21. Saa sant som Solen skiner blid,
så er du Moder til alle ni.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 85–86, med overskrift: Mæ Lundekyrkje sille ho døy. II. (meddelt af Dagni Aanundsdatter Li i Veum.)




Oppskrift C

TSB D 378: Modersorg

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli, Veum i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VI, 110 (reinskrift).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. «Eg va’ meg so líti eit vív,
eg kunne ‘kje lyklanne í låsanne vríe.
– For de ríder út; kungen av Sælland ville hente si jomfrú. –Samlarkommentar: («Hun var fæstet til Kongen af Sælland».) [Paa hvilken Plads dette Vers skulde staa, vidste Sangersken ikke.]

2. De va’ meg spått, mæ eg va’ ei møy,
mæ Lyundekyrkje der sille eg døy.

3. De va’ meg spått, mæ eg va’ eit barn,
den fyste kyrkjereisa sille blíve meg har.»

* * *

4. De va’ móderens støste harm,
at datteren dødde í sin móders arm.

5. De va ingjen, som kunne stidde hennes gråt,
bare stolts Svanelill fyre hennar står.

6. «Dú græte mei ene datter din,
hell eg græte tolv av søninne min’.

7. Dei tvo dei døe í saltan fjór,
dei are tvo dei blei der gangandes nór.Samlarkommentar: («Då tagna hó».)

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: (Aasne Spokkeli. Fyresdal. 1864.)

Vi har ikkje funne nokon kladd til denne oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.