Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 392 Solfager og Ormekongen


Innleiing

Etter namnet å døme må Solfager ha vore ei strålande vakker kvinne. Då er det vel ikkje så rart at Ormekongen forelskar seg og ikkje skyr noko middel for å få henne. Ho er trulova med kong David, men Ormekongen legg ei listig plan for å få henne. Han gjev henne ein bedøvande drikk. Alle trur at ho er død, og ho blir gravlagt. Men Ormekongen går til grava og gjev henne valet mellom å bli liggjande og døy eller bli med han. Ho blir med, men David får vite at ho lever. Han kjem etter og drep Ormekongen og reddar Solfager.

Visa finst både i Danmark og Sverige, men i Noreg finst ho berre i Øvre Telemark. Både Torleiv Hannaas, Catharinus Elling og Rikard Berge har skrive opp visa etter Hæge Ansteinsdotter Findreng, dessutan har Sophus Bugge skrive opp etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli. Oppskriftene i dei tre landa ligg ganske nær opp mot kvarandre, og det er grunn til å tru at vår vise er komen frå Sverige.

Handlinga byggjer på internasjonalt sagnstoff, blant anna kan det trekkjast liner til den hebraiske diktinga om Kong Salomon. Dei nordiske variantane er også knytte til dei slaviske forteljingane. Knut Liestøl meinte at visa var komen til Norden via Russland. I den eldste svenske oppskrifta heiter Ormekongen rett og slett Nougårds konge, altså Novgorods konge. Det skal også finnast utformingar av forteljinga i tyske, franske og portugisiske viser. Sophus Bugge, som samla inn to variantar av visa i 1860-åra, skreiv poetisk at balladen «er ikke, som det synes, bleven baaren frem af nogen af de brede Strømme, der forbinde den nordiske Balladedigtning med tysk og engelsk Poesi. Jeg tror her at spore et enkelt Bølgeslag af en Kulturstrøm, som i samme Retning kun sjælden har fundet Vei til Vore Strande.»


Melodiar
I 1840-åra skreiv Hans Seeberg og Olea Crøger opp ein melodi etter ein ukjend songar. Seinare skreiv Lindeman opp ein melodi etter Olav Glosimot og ein etter Tone Marteinsdotter Kolberg. Catharinus Elling fekk ein melodi etter Hæge Ansteinsdotter Findreng.

Lindeman tok Olea Crøger og Seebergs melodi opp i si samling. Den einaste endringa han gjorde var å notere dei tre første notane som triol før han trykte den i Ældre og nyere Norske Fjeldmelodier Samlede og bearbeidede for Pianoforte, vol 2, 1858–63. Dette er den balladen som sterkast blir forbunden med Edvard Grieg. Den går inn som nr. 12 i hans klaverstykke 25 norske folkeviser og danser, op. 17, truleg komponert på Landås i Bergen i 1869 og utgitt i 1870. Her er den omkransa av «På Dovrefjeld i Norge» (nr. 11) og «Reiselåt» (nr. 13). Alle melodiane i Griegs arrangement er henta frå L.M. Lindemans Ældre og nyere Norske Fjeldmelodier Samlede og bearbeidede for Pianoforte. I dei første utgåvene av op. 17 sto songtekstane med under notene, men etter kvart vart dei tekne ut og melodiane rivne laus frå teksten. Alt i 1877 vart verket utgjeve på eit tysk forlag, og «Solfager og Ormekongen» vart til «Solfager und der Würmerkönig». Grieg gjorde minimalt med endringar i sjølve melodien frå Lindeman.

Utsyn nr. 128
DgF 468
SMB 174




Oppskrift A

TSB D 392: Solfager og Ormekongen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Else Tovsdotter Lønnegrav, Vrådal i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 242–245 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Ormekungjen reiser for kung David Sólfager inn
– Mæ dæ vívi va’ så ungt –
du svíker kung David å trúlovar meg,
– Meg lyster í lunden utríe –

2. Det gjør jeg aldrig mens jeg lever,
at jeg mi Æra te tvo brøar give.

3. Så ga ‘en hennar dí valadrykkjer ní,
Solfager hó dåna, då ho fekk dí.

4. [Så ga ‘en hennar dí valadrykkjer] fem,
[Solfager hó dåna, då ho fekk] dem.

5. Så kom der bo på fremmende land
S[olfager] æ dø allerkjærasten din.

6. Kung David han blei så ille ved ór,
d. br. mj. h. spilte p. b.Forkortingar utan vidare tilvisning, men truleg: den bróne mjøen han spilte på bór

7. Kung D[avid] han gjóre seg raske på hand,
han støyper syllkrossen i S[olfager]s hånd

8. Han –Forkorting utan vidare tilvisning, men truleg: støyper gullkrossen i Solfagers hånd,
så ho –Forkorting utan vidare tilvisning, men truleg: sill vera kjend utpå fremminde land

9. Så gróv dei hennar undi moll å jór,
sørgelig site k[ung] d[avid] for sitt bór.

10. Sildig om Aftenen, Månen skinner blank,
så reiser den Ormekongjen på kyrkjegaren fram.

11. Så kom dæ fram ein gamalle mann,
som visste, hott dæ skedde på fremmede land

12. K[ung] D[avid] tók seg pilegrimstav i hande,
så reiste han seg på fremmede land.

13. K[ung] D[avid] kjeme seg ganganst til gårs
S[olfager] stó uti å kjembde sitt hår.

14. Du gjenge no deg i stoga inn,
sjov ska’ eg bere den maten umkring.

15. Eg tiss ikkje vandare vera i deg,
at eg brýt ikkje brøe mæ berre hand.

16. Eg æ’ ‘kje no, –Forkortingar utan vidare tilvisning, men truleg: så va’ eg væl då, / den ti ho Solfager på armen min låg.

17. Solfager hó lyfter på pilegrimens hatt,
æ’ du kung D[avid] du seie meg sant!

18. Kung D[avid] han sveiper sitt hovu i Skinn,
så gjenge han seg for O[rmekungjen] inn

19. K[ung] D[avid] læte sitt sværi brå,
han h[ogg] O[rmekungjen] í stykkji små.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB D 392: Solfager og Ormekongen

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 93–96 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Valekóngen kom seg ríand í går
– Mæ vívaren ung –
úti stó Sólfok hó sóla sitt hår.
– For hó lyster í lunden útríe –

2. Kví stende dú her Sólfok å sólar ditt hår
hev dú ingjó gullkróne å setje derpå.

3. han gav hænó gullkrónunne trí
Sólfok hó tók í mót alle dei.

4. Han [gav hænó gullkrónunne] fem,
[Sólfok hó tók í mót alle] dem.

5. Ormekongen rei segkom seg ríand í går
úte [stó Sólfok hó] sóla sitt hår.

6. Kví [stende dú her Sólfok å sólar ditt] hår
[hev dú ingjó gullkróne å setje] derpå.

7. Eg heve væl gullkrónur fíre å fem,
men Valekóngen gav meg adde dem

8. Ormekóngen rei seg ti néraste bý
so kouper han vāldr{es}ykkjinn trí.

9. Han gav hæn{ó}a vāldr{es}ykkj{e}in ein
Sólfok hó døe ti jóræ seig.

10. Han [gav hæna] v[āldrykk]inn tvo,
Só[lfok hó] døe hó signa ti jor

11. [Han gav hæna vāldrykkinn] trí,
S[ólfok hó] døe å stunda ti lív.

12. Dei jara líkji å adde reiste heim
men orm[ekóngen] etti på greftæ han sveiv.

13. Kvore vi du no S[ólfok] liggje hera døy
hell fýgje på Ormekóngelandi å ver{a}e mi møy.

14. Kvore [vi du no Sólfok] liggje hera lík
[hell fýgje på Ormekóngelandi å vere] mitt vív.

15. Eg tíss vere for ung’e ti liggje hera døy
eg lýt [fýgje på Ormekóngelandi å vere] der di møy

16. Eg [tíss vere for ung’e ti liggje hera] lík
eg fýgjer [på Ormekóngelandi] å æ [der] ditt vív.

17. Valekungen tók pilegrimsstav å hatt í hånd
so reiser han på Ormekóngeland

18. Valekóngen býe í húsi gó dag
kan dú låne ein fatik pílegrim hús ínått

19. Eg kann inkje låne einnoken (fatik)Parentesane står i oppskrifta. pílegrim hús (ínått)Parentesane står i oppskrifta.
men herre han æ no nýss komen frå bý.

20. Sólfok tók hanskanne uppå hand
so bar hó de brøe for Valekongen fram

21. ÆAlternativ lesemåte: Er sodan skikk på dette land
at dei bere brøi mæ hanskanne fram.

22. De tíkjesss inkje vandare mannen vere,
hell eg må brøi mæ hanskanne frambere.

23. Æ eg inkje no so va eg den gång
då eg rende ringjen på S[ólfok]s hånd

24. Æ eg [inkje no so va eg] den tí,
[då eg] gav gullkrónunn ti festarmøy mi.

25. S[ólfok] hó lyfter på Valekungens hatt
æ dú de V[alekungen] dú seie meg sant.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VII, 37–39, med overskrift: Solfager og Ormekongen (Gunnild Sundsli).




Oppskrift C

TSB D 392: Solfager og Ormekongen

Oppskrift: 1907 av John Lie etter ukjend songar, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCCVI, 31–39.

Oppgjeven tittel: Solfager og Ormekongjen.

*

1. Aa høyr du Solfager hot eg spyrre deg
– med de vivi va so ungt –
du svikar kong David og trulovar meg.
– eg lystar i lunden utrie. –

2. De ska no aller ske meg under li
At eg mi tru te tvo brøar gir.

3. So gav ‘n ho valadrykkjirne fem,
Solfager ho daana, daa ho fekk dem.

4. So gav ‘n ho valadrykkjerne ni,
Solfager ho daana, daa ho fekk di.

5. So kom der no bod til kong David inn:
Død er Solfager allerkjærasten din.

6. Kong David han va no so rask av haand,
han støypte gullkrossen i Solfagers haand.

7. Han støypte gullkrossen i Solfagers haand,
so ho skull vera kjende paa framinde land.

8. Daa la dei Solfager paa likebaar,
so syrgjeleg rei kong David daa.

9. Dei grov Solfager under moll og stein,
so syrgjeleg rei kong David heim.

10. So seint um kvellen maanen skjiner blankt.
Ormekongen rei seg paa kyrkjegaren fram.

11. Hokke vi du no livande liggje under stein
hell du vil fylgje Ormekongen heim?

12. Eg kan no kji livande liggje under stein,
eg lyt no vel fylgje Ormekongen heim.

13. Der gangande kom no ein gamal mann,
som visste hot hende i framinde land.

14. Herre Gud, Kong David, d’er vandt aa tala:
Solfager ho liver og trør i gullsalar.

15. No ska du deg pilegrimsklæder skjera,
liksom du vilde ein pilegrim vera.

16. Du teke deg pilegrimsstav uti haand
og vandrar deg ut paa framinde land.

17. Kong David han kjeme seg gangands i gaard
Solfager sto uti og sola sit haar.

18. Og høyr du Solfager hot eg ber deg:
ei aamosegaave so gjeve du meg.

19. Eg byd deg no gange i stoga inn,
og skjov vi eg bera deg maten umkring.

20. Og alt det ho skjænkte og alt det ho bar
Alli av haando ho hanskarne tar.

21. Brukar de den skikkjen i dette land,
at de bryt kje braude med bare haand.

22. Du tisse meg no ikkje vandare vera,
eg tor vel braude med hanskarne gjeva.

23. Aa er eg ikkje no so va eg vel daa
den tid Solfager paa armen min laag.

24. Solfager ho lyfte paa pilegrims hatt –
aa er du kong David, du segje meg sannt!

25. Aa høyr du Solfager hot eg spyrre deg:
lyster du no heimatt aa fylgje med meg?

26. Eg lyster vel heimatt aa fylgje med deg
visste eg at Ormekongen saag ikkje meg.

27. Kong David han gjenge i stoga inn
med dragande svær under skarlag-skinn.

28. Kong David han lete sitt sværde braa,
han hogg Ormekongen i lutine tvo.

29. Kong Davids gangar va liten og spak,
han sette Solfager paa honoms bak.

30. So rei dei heim til Kong Davids land,
Det va som naar soli aa fjello rann.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta, truleg av Rikard Berge. Partalssidene er blanke.

På tittelbladet står det: Folkeviser. Fundne i Telemarken 1907 av Chatar. Elling. (Renskrevne og supplerede efter optegnelser fra mor, bestemor, Olav Tortveit ved Buffalo Rivver, Minn, U.S.A og andre gamle visekvædere af John Lie.) På same sida har Lie skrive med blyant: Detti er mine upskrifter. Eg heve ikkje dikta noko sjav i dei, men eg heve skrivi upp etter som eg heve høyrt deim av dei gamle her. Elling for hera ein sumar, so ba’n meg sjå paa dei visune han ha skrivi upp um sommeren og sjaa um dei va riktige. Han skjønna seg kje på det. Saa skreiv eg ut visune saales som eg har høyrt deim, men de blei so eg beheldt boki.

På ein lapp heilt bakerst i heftet står det om denne balladen: Solfager og David etter Rosengaar kunde Torbjørgs mor og bedstemor

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.