Prinsessa i denne visa må hatt det svært keisamt, for når ho får sjå ein sauegjetar ute på gata, ropar ho etter han og spør om han vil spele terning med henne. Han svarar at han ikkje har noko å spele om. Han kan vel spele om klede og sko, seier ho. Sjølv er ho viljug til å spele om æra si og seg sjølv. I byrjinga er det prinsessa som vinn, og ho spelar han nesten naken. Men når han byrjar å vinne, prøver ho å kjøpe seg laus med store gåver, ein gullring, sju silkeskjorter og sju skip på havet. Slikt har han ikkje bruk for, seier han, og insisterer på at han har vunne henne, og han vil ha henne. «Trøste og bære meg for ei gifte eg får,» seier prinsessa. «Du treng ikkje sørgje,» seier han, «eg er kongens son av Engelland». Så blir det bryllaup og glede.
Motivet med overraskande gemal finn vi også i visa om «Per svinedreng» (TSB D 395), «Kvernjenta som kved» (TSB D 405) og «Liti Kjersti stalldreng» (TSB D 396), dessutan finn vi motivet i mange eventyr. Både Moltke Moe og Rikard Berge har skrive opp slike eventyr som «Griseguten», «Dei tre gullhår» og «Håkon Borkenskjegg» også i Telemark.
Visa finst i Danmark, Sverige og på Island. Dei fleste tekstoppskriftene er frå Telemark, men det finst og oppskrifter frå Setesdal, Sunnmøre, Gudbrandsdalen og frå Sigdal i Buskerud. I tekstmaterialet er det flest kvinner som har sunge, men når vi kjem til melodimaterialet er det menn som dominerer.
Frå Telemark har vi fem melodiar, og dessutan har vi melodiar frå Sogn og Fjordane, agderfylka, Hordaland og Gudbrandsdalen. I 1847 fekk P. Chr. Asbjørnsen høyre at eit taterfølgje song denne visa då han møtte dei på Hemsedalsfjellet. Asbjørnsen kunne ikkje skrive noter, men han fekk hjelp av ein løytnant B. Lund som dreiv med landmåling.
Ein av dei melodiane som Cornelius Thomas Rønnau skreiv opp ca. 1800 høyrer til denne visa, men vi veit ikkje kor han han fekk melodien frå.
Ein dansk variant i Noreg
Ein dansk variant av «Terningspelet», som byrjar med «Prinsessa satt i høyenloft med hånden under kinn» er vorte populær og publisert i mange visebøker og innspelinger. Denne varianten vart henta frå Danmark til Noreg av Foosnæs og Bentsen i Viser og Sange for Ungdommen frå 1872. Visa vart teken i bruk i det norske songdansmiljøet, og Klara Semb omsette mesteparten av teksten til nynorsk. Den første strofa av «Prinsessa satt i høyenloft…» finst ikkje i dei danske tradisjonsoppskriftene. Den skal ha vore dikta til av N.F.S. Grundtvig.
Utsyn 94
DgF 238
IFkv 38
SMB 181
TSB D 399: Terningspelet
Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Torbjørg Tovsdotter Midbøn, Kviteseid, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 21–22 (reinskrift).
Oppgjeven tittel: Skjøn Jomfru å vesle Dinglegúten I.
*
1. Vesle dinglegúten gjekk å vokta sitt får,
skjøn jomfruen ho sto å skua derpå.
– Før me leika å spila gulltærning. –
2. «Høy{r}rer du vesle dinglegut, hot eg spyr deg:
hev du lyst te å spila gulltærning mæ meg».
3. «Eg ær‘ no for liten, eg ær‘ no for ong,
eg hev ‘kje hværken skjeling eller daler i min pong,
– te å leika å spila gulltærning.» –
4. «Seter du upp din gullrøddeSamlarkommentar: Af ró – røar, Holk (hjöltin) kniv,
så set eg imot mi ære å mitt liv»
– te å leika [å spila gulltærning.] –
5. Den fyste gulltærning på tavlebore rann,
skjøn jomfru ho tapa å dingleguten vann.
– Før me [leika å spila gulltærning.] –
6. Den anden gulltærning [på tavlebore rann,]
[skjøn jomfru ho tapa å dingleguten vann.]
7. Den tre’e gulltærning [på tavlebore rann,]
[skjøn jomfru ho tapa å dingleguten vann.]
8. Jomfruen ho sto å byste sitt hår:
«Gu trøste å bære meg for festarmann eg får.»
– Før eg leika [å spila gulltærning.] –
9. Å vesle dingleguten sto å pussa sitt svær:
«du fær b{ete}ære festarmann, hell du ha’ vore vær.
10. Eg ær‘ no ingjen dinglegut, som du se{gj}ie’ no:
eg ær‘ den beste kungsson, som soli skine på.»
*
Strofene er nummererte i oppskrifta. Nummera på strofe 9 og 10 er endra til 12 og 13, men vi veit ikkje kva strofer Bugge tenkte seg skulle inn som strofe 9–11.
Endringar i oppskrifta er gjorde seinare, med mørkare penn. Over oppskrifta står det ymse tilvisingar til annan litteratur.
TSB D 399: Terningspelet
Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Fyresdal, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 155–157 (kladd).
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. De va kóngjens dotter hó útí pórten står
da fik hun sé liden féhýring han útí græsset går
– Dei leika adde dagjen –
2. Høyr de líten féhýring eg talar ti deg
lyster dú inkje kaste gulltærningar mæ meg
3. Eg æ no so líten eg æ no so ung
eg hev inkje skjeling hell dalar í min pung.
4. Ja set dú upp di hóser å set dú upp di’ skó
eg set ímót min møydóm å den æ fulli gó.
5. Den fyste gulltærning på tavlebóri rann
jomfrúa tapa å féhýring han vann
6. Den aire [gulltærning på tavlebóri] rann
j[omfrúa] t[apa] å f[éhýring] h[an] v[ann]
7. Den tree [gulltærning på tavlebóri rann]
j[omfrúa] t[apa] å f[éhýring] h[an] v[ann]
8. Upp sprang féhýring so hågt han ló
no hev eg vunni jomfrúva sjóv.
9. En rødegullring so gjeve eg deg
vi du féh[ýring] reise langt ífrå meg.
10. Ein rødegullring den fær eg når eg kann,
men æg vi have den jomfrú eg mæ gulltærning vann.
11. Sjú silkjestukne skjurter de ska eg gjeve deg
vi [du féhýring reise langt ifrå] meg.
12. S[jú silkjestukne skjurter de fær eg når eg] kann,
[men æg vi have den jomfrú eg mæ gulltærning] vann.
13. Sju skiber udi floden [de ska eg gjeve deg]
[vi du féhýring reise langt ifrå meg.]
14. [Sju skiber udi floden de fær eg når eg kann,]
[men æg vi have den jomfrú eg mæ gulltærning vann.]
15. Upp sprang skjøn jomfrú hó sló sitt hår
Gud trøste å gud bære meg for giftarmål eg får.
16. Eg æ slett ingen hyrding um du synes so
eg æ den beste kungens són som sólæ skíne på
17. Æ dú den [beste kungens són som sólæ skíne] på
so ska eg deg liveære å elske so lengje eg leve må.
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
Reinskrift med anna hand: NFS S. Bugge VII, 65–69, med Bugges overskrift: Jomfruen og Dingleguten (Gunnild Sundsli Fyresdal 1864.)
Bugge har sett opp dei første strofene som firelina strofer, men går over til tolina strofer frå strofe 8.
TSB D 399: Terningspelet
Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Lars Larsson Veslestøyl, Seljord, Telemark.
Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 269–271.
Oppgjeven tittel: Gangarpilten
*
1. «Høyrer du gangarpilt hot eg seie deg:
lyster du kje leike på tavlebór mæ meg?
– D’æ lystigt å spéla gullterning. –
2. «Eg kann ikkje leike på tavlebór mæ deg,
eg hev ikkje gulle å séta upp mot deg.»
3. «Sét nå upp din kjortel óm den æ noko grå,
så skå eg séta opp gullkróna mi, tak den, óm du kann få.»
4. Gullterningen ivi tavleboré rann
liten gangarpilt han tapa skjøn jomfru ho vann.
5. «Set nå upp din’ handskar å sét så upp din hatt
så eg upp mi ære derté og min skatt».
6. Gullterningen ivi tavlebóré rann
liten g[angarpilt] han tapa skjøn j[omfru] ho vann.
7. «Ja sét nå upp din hósur å set nå upp din’ sko
så sét eg upp mi ære derté og min tro.»
8. [Gullterningen ivi tavlebóré rann]
skjøn jomfru ho tapa liten gangarpilt hann vann.
9. «Høyr du liten gangarpilt førr eg vi vera mæ deg,
ei silkjesouma skjurte vi eg gjeva deg!»
10. «Ei silkjesouma skjurte den får eg når eg kann,
men eg vil ha den jomfruga eg mæ gulltærning vann!
11. «Høyrer du [liten gangarpilt] førr eg vi vera mæ deg,
eg he’ sju skip i østersjøn dei vi eg gjeva deg».
12. «Ja sju [skip i østersjøn] æ gott som véra kann
[men eg vil ha den jomfru eg mæ gulltærning vann!]»
13. Jomfruga ho sto uppAlternativ lesemåte: sette seg å slo ut sitt hår:
«Gu trøste å gu hjølpe megAlternativ lesemåte: bære fe giftarmål eg får!»
14. Å gangarpilten svirra på golve mæ sin kjepp:
«Å du færAlternativ lesemåte: fekk bære giftarmål hell du æ nokoAlternativ lesemåte: va nokosinn vær!
15. Eg æ nå ingen gangarpilt, om du synes så,
eg æ den beste kòngssón i verden vera må.»
*
Strofene er nummererte i oppskrifta. Nummer 6 er hoppa over. Føre strofe 10 står det skrive to strofer (mest identisk med strofe 15 og 16) som er overstrokne. I margen attmed står det: (Blev forvildet af en anden)
Moe har sett opp strofene som firelina strofer.
TSB D 399: Terningspelet
Oppskrift: 1906 av Rikard Berge etter Hæge Tormodsdotter Porsmyr, Kviteseid, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CXLVI, 49–51.
Oppgjeven tittel: Skjøn Hyrding
*
1. Skjøn Hyrding gjekk paa gata aa vikta vel sitt faar
Skjøn jaamfru sat i høganloft aa skua derutpaa.
– Aa ly For dei spila aa dei leika gullterning. –
2. Lyster du skjøn h[yrding] slaa tavlebor mæ meg
Nei eg har kje røde gull aa seta upp mot deg.
3. Set naa upp din hatt aa endskjønt om den æ graa
eg sett mot min pel perlesnor, ta den om du kann faa.
4. Den første gullterning paa ternebore rann
ongersvenn han tapa aa skj[øn] jaamfruga ho vann.
5. Aa set naa upp din kjortel enskjønt om den æ graa
eg sete mot mitt armeband ta det om du kann faa.
6. Den andre g[ullterning] paa t[ernebore] rann
ong[ersvenn han] tapa, [aa skjøn jaamfruga ho vann.]
7. Sett naa upp din hosur aa dermed din sko
aa derimot so sete eg min ære aa min tro.
8. Den trée [gullterning paa ternebore rann]
skjøn jaamfruga ho tapa aa o[ngersvenn] han vann.
9. Aa høyr du de du gangerpilt du skjil dig vel fra mig
tri silkjestikka skjurtur, dei sko eg gjeva deg.
10. Tri silkjest[ikka] skj[urtur] dei kann eg vel faa
naar eg faar den jaamfru eg vann mæ terning smaa
11. Høy naa du g[angerpilt] du skjil deg vel fra mig
syn skjip uti Østersjøen sko eg gjeva deg
12. Dei syv skj[ip] i Ø[stersjøen] kann eg vel faa
naar eg fær den j[omfru eg vann mæ terning smaa]
13. Høy du naa du g[angerpilt du skjil deg vel fra mig]
aa gull aa grøne skogar de sko eg gjeva deg.
14. Gull å grøne sk[ogar kann eg vel faa]
naar eg fær den j[omfru eg vann mæ terning smaa]
15. Skjøn jaamfru sto i høgeloft aa slager ut sitt haar
Gu trøste aa bære meg, fe gjiftarmaal eg faar.
16. Aa høy naa de skj[øn] jaamfru du gjør mig spott og haan
eg æ den beste kongeson som soli skjine paa
17. «Æ du den beste kongeson som soli skj[ine paa]
daa vi eg visst trulova deg den stond eg leve maa.
*
Strofene er nummererte i oppskrifta.
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.
Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.
På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.