Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 404 Dei tre vilkåra


Innleiing

Kongen skal i krigen, og før han reiser gjev han dronninga si tre oppgåver som ho skal utføre mens han er borte. Ho skal la byggje ein eineståande stol som skal skine som sola, og ho skal dessutan la reise ein storslegen sal som stolen skal stå i. Den siste oppgåva er den vanskelegaste, tilsynelatande umogeleg, ho skal føde eit barn mens kongen er borte – og kongen sjølv skal vere far til dette barnet. Greier ho ikkje oppgåvene, skal ho miste livet.

Dermed dreg kongen, og dronninga står fortvilt att «på kvitan sand.» Korleis skal dette gå? Heldigvis får ho hjelp av ein gammal mann, som samlar folk og set i gang med bygging av stol og sal. Dronninga sjølv dreg i forkledning til landet der kongen held til og innyndar seg hos han. Han kjenner henne ikkje igjen. Etter to månader reiser ho heim, gravid med kongens barn, og med ein ring og eit «korileband» [korallsmykke] som ho har fått av kongen. Etter ei tid kjem så kongen heim til ei smilande dronning som har greidd alle oppgåvene:

Ho synte hono den salen av bly:
«Å den sko vara i aldro ni!»

Ho synte hono den gyllte stol,
dæ glima av den som morgosol.

Ho synte hono dæ lisle kind [barn].
«– Men eg æ visst inkji fair din –!»

Då tok ho upp sitt korileband,
å dèr sto på hass egji navn:

«Hev du kji vori fyr Skotlands øy,
fann du kji der so ven ei møy?

No hev eg gjort dei vilkori tri.
No må du taka mitt unge liv.»

Han klappa hæna på kvite kinn:
«Nei du sko vera allerkjærasten min!»

Fyrr’e tryt’e vatni [går tomt] i storom å,
fyrr ho tryt’e den kvende-rå!
(Moe II 1926: 54–55).

Det finst eit titals variantar av «Dei tre vilkåra», alle frå Telemark. Sophus Bugge har skrive opp dei fleste, etter nokre av dei beste balladesongarane i Fyresdal og særleg Mo, som Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr (1791–1866) og Torbjørg Gjermundsdotter Haugen (1792–1862) (Jonsson & Solberg 2011: 494–498, 540–544). Landstad trykte ein tekst i Norske Folkeviser med tittelen «Kong Kristian og hans dronning» (Landstad [1853] 1968: 585–589). Kristian-namnet er truleg sekundært i denne gamle balladen. Elles gav Moltke Moe ut ein tekst bygd på dei kjende oppskriftene (1905), gjengjeven i Moes samla skrifter (1926). Det finst ingen melodioppskrifter, og balladen er ikkje kjend utanfor Noreg.

Både Moltke Moe og Knut Liestøl har peika på at «Dei tre vilkåra» byggjer på riddarsagaen Mágus saga jarls. Moe skriv:

Folkevisa vår hev teki burt alle krokar og sidegreinir i denne sogo; berre sjølve hovud-emne er att. Men elles fylgjest ho so godt med sogo, so det er tydelegt det er same forteljinga, og mange sermerkte ting finst ikkje andre stadir enn her i visa og i denne lengste Magus-saga (Moe 1926: 57).

Mágus saga jarls finst i ein kortare versjon frå om lag 1300 og ein lengre frå om lag 1350, som Moe viser til ovanfor. Dessutan har delar av handlinga gått inn i eit par islandske rímur. Det er også godt gjenkjenneleg i ei av forteljingane i Giovanni Boccaccios (1313–1375) store verk Dekameronen (Glauser 1993: 402–403). Her, dvs. i 9. forteljing, 3. dag, blir det fortalt om legedottera Giletta di Nerbona som gjer kongen av Frankrike frisk. Som løn for innsatsen får ho velje den ektemannen ho ønskjer seg, ein viss Beltramo di Rossiglione. Men han er greve, og synest ei vanleg legedotter er altfor simpel for han. Sidan kongen har sagt det, må han likevel gifte seg med Giletta, men han forlet henne straks bryllaupet er over, utan at ekteskapet er fullbyrda, og dreg i krigen. Med list og lempe greier likevel Giletta å kome i ein posisjon der greven gjer henne gravid, ikkje berre med ein, men med to søner (!) – og ho skaffar seg dessutan ringen hans. Så blir det ein lykkeleg slutt på forteljinga (Boccaccio 1992: 277–286).

Utsyn 89




Oppskrift A

TSB D 404: Dei tre vilkåra

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 10, 1a–d.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kongjen {f}sille bortfara i Kri
– Her p væx ikkje Guld –
Han la for si Dronning dei Vilkaare tri
– Khriste gjeve meg ei Jomfru –

2. Han la for si Dronning dei Vilkaare tri
Aa inkje saa konna ho bekaama af di

3. De eine va de, ho sko lata bygje ein Sal
«Aa du ska lata bygje ein Sal
Aa den ska stande baat me VoxterSamlarkommentar: Væxt, der skulde væx‹…›ox aa AlSamlarkommentar: Malm

4. «Aa du ska lata bygje ein Stol
Aa den ska glima som ei Morgosol»Det er streka over denne strofa i oppskrifta.

5. De trea æ de, Du ska eige eit Baan
Aa E eg ska væra der langt i fraa.»

6. Kongen han styrer sit Skjip ifraa Land
Has Dronning stænd atte paa hvitan Sand

7. Kongjen han styr‹er› sit Skjip utpaa Fjord
Has dronning sin’ Hændar i Taarine tvoSamlarkommentar: tvættede

8. Den Dronning ho gjæng seg paa Sand
Der moter ho seg en gamal Mand

9. Aa horer du Dronning, eg talar te dig
Aa hvorfor fælder du Taarer saa stri’

10. «Aa derfor saa fæller æg Taarer saa stri’
Min Herre la før meg dei Vilkaare tri

11. Min Herre la for meg di Vilkaare tri
Aa inkje saa kan eg bekaama af di»

12. «De eine æ de, æg sil (lata)Parentesane står i oppskrifta. bygje ein Sal
Aa den skaa stande baate me Voxter aa Al

13. De andre va de æ ska lata bygje ein Stol
Den sil glima som ei Morgosol

14. De tree va de, æg sku sil eige eit Baan
A Ha Aa kongen sil væra langt derifraa.»

15. «Haat vi du naa gjeva den gamle Mand
Om han dine Vilkaare raai kan?»

16. «Eg gjeve deg de du vi ha
Eg gjeve deg Bro te din døan dag.»

17. Saa læte han skrive eit Brev om Land
Der sil møter saa mange, som kund bæra baa Stok aa BrandSamlarkommentar: Stut kubbe

18. Saa læte han bygje ein Sal
Aa den sto baate me Vøxter aa Al

19. Saa læte han bygje ein Stol
Han glima som ei Morgo sol

20. «Høire du Jomfru Dronning haat eg seie deg maa
Naa ska du klæe deg i Jomfru klæi smaa

21. Naa ska du klæ deg i Jomfru klæe smaa
Saa vil me sigle te Hallings Øi i Aar.»

22. «Aa hoire du de du gamle Mand
Hvor haver du fundet den Lilie vand?»

23. «Eg kom ind paa Hallings Ø,
Der fand eg den ongeAlternativ lesemåte: vene Møi»

24. Naa gjeve du meg eit røde Guldband
Saa kjenner du meg paa fremmed Land

25. Naa gjeve du meg ein røde Guldring
Saa kjender du meg paa fremmed Thing.»

26. Saa gav han hennar det rode Guldband
Aa saa Gulle kring kvor hennars Haand.

27. Aa da ho har vore der i Maanane fem
Daa lyster den Jomfru heimat te alle dem

28. Aa Jomfruen talar te Styringsmand
Du steller mit Skjip saa hastig for Land

29. Aa dronningen talar te Styringsmand
Du styre mit Skjip te mit Fødeland

30. Dronningen hissar up Seyl og Flag
Saa styrer o sit Skjip for sit eie Land

31. Aa Dronningen styrer sit Skjip fra land
Aa Kongjen han daana paa hviten Sand

32. Da Kongjen ha vore der i Manane ni
Saa lyster han heimat te adde di

33. [Aa Kongen] han talar te Styringsmand
[Du steller mit Skjip saa hastig for Land]

34. Aa kongjen han hissar op Seyl aa Floi
Han styrer sit Skjib til Hallings øi

35. Kongjen styrer sit Skjip i Land
Aa Dronningen sto paa kviten Sand

36. «Vælkommen vor Konge heimat i Aar
Aa naa ska me drikke kos Barsøl i vaar.

37. Aa haas kan eg drikke Barsøl i Aar
Aa sjav ha eg vori saa langt herifraa?»

38. Denne strofa står skriven vertikalt i venstremargen.Æ Baane gjord under Hallings Land
Saa s viser du meg de røde Guldband

39. Fram saa kjæm den gamle Mand
Saa tek han op de røde Guldband

40. Han tek saa opAa sa Saa synte o ham de røde Guldband
Der sto
Aa saa Gulle kring kvor hennars Hand»

41. «Ja for de tryter ei Kvinne Raa
Før tryt Steine i strie Aa»

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: Eidsborg Anne Aanonsdatter

Strofe 3–5 er sette i parentes, og det er streka over strofe 4.




Oppskrift B

TSB D 404: Dei tre vilkåra

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Ingebjørg Trondsdotter Troddedalen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge k, 93–96 (kladd).

Oppgjeven tittel:

*

1. Kungen han ville seg av Land i Krí,
– dær veks inkje Gull –
han la fyr si Dronning Vilkor tri
– Krist give mig å den Jomfru –

2. Du ska byggje en Sal utav Bly,
den ska vara i Aldrenne ni.

3. Dær sko du sekje uti en Stol
den sko glima som Morgosol.

4. Du sko eige eitt Bån iAlternativ lesemåte: eitt år,
eg bli inkje heime på femten år.

5. Kungen han skuta si Snekkja frå Land,
så styrde han den på Hallingens Land.

6. Dronningji tolde upp Peningann ni,
så let ho byggje en Sal utav Bly.

7. Dær så sette ho uti en Stol,
denne glima som Morgosol.

8. Dronningji skuta si snekkja frå Land,
så styrde ho den ette på Hallingens Land

9. Dronningji dró upp si Snekkje på Land,
Kungen han retta ut hvidan Hand.

10. Så klappa han hæna på røde Kinn,
du sko bli allerkjærasten min.

11. Kjære min Herre du talar kje så,
du helle væl gjævar di Dronning hell så.

12. Eg la’ fyr mi Dr[onning] Vilkor trí,
ho gjer ikkje eitt utav alle di.

13. De va no uti Månenne tvo,
som Dronningji låg unde Hallingens Å.

14. [De va no uti Månenne] trí,
[som Dronningji låg unde Hallingens] Lí.

15. Så tokgav en upphæna eitt Korillband,
så en kjende hæna att på eitt anna Land.

16. Dronningji skuta si Snekkja frå Land
så styrde ho den på sitt eigji Land.

17. De va no ette Månanne fem,
då ville Kongen draga av Ledungen hjem.

18. Kungen han skuta si Snekkja frå Land,
så styrde an ‘a heim på sitt eigji Land.

19. Kungen han drog si snekkja på Land,
Dronningji retta ut kvidan Hand.

20. Dr[onningji] va’ bådi kåt å blí,
no heve eg gjort mine Vilkor trí.

21. [Dronningji va’ bådi] gla å kåt,
no sko me drikke kos Barsøl i år.

22. Hossi kan me drikke kos Barsøl iår,
eg hev kje vori heime på 15 År.

23. Antel du hev vor heime hell langt ifrå,
så bleiv Båne gjort unde Hallingens Å.

24. [Antel du hev vor heime hell du] hev ei,
[så bleiv Båne gjort unde Hallingens] Øy.

25. Så tok ho upp sitt Korillband,
så la dei Gulli i kvor si Hånd

26. Fyrre tryte Steinen i storom Å,
fyrr ho tryte den Kvinderå

27. Så klappa han hæna på røde Kinn,
du sko blive allerkj[ærasten] min

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Bugge skreiv også opp denne balladen etter Ingebjørg Troddedalen i 1863 (NFS S. Bugge d, 162–165 (kladd) og VIIb, 375–378 (reinskrift)). Einaste større skilnaden er at dei seinare oppskriftene manglar strofe 18.




Oppskrift C

TSB D 404: Dei tre vilkåra

Oppskrift: 1863–64 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge p, 14–16a (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen ville av landi krí
– Her vex inkji gull –
han la fyr si droning vilkor trí.
– Krist give mig å den jomfrú. –

2. Dú sko byggje en sadel av blý
den sko vara í ald{a}rar ní

3. Der sko dú setje útí en stól,
den sko glima som morgósól.

4. Dú sko eige eitt bån de år,
nó blí eg ‘kje heimi på 15 år.

5. Kungen han skúva sí snekkje frå land,
So stýrer han den på Hallingens land.

6. Droningjen tålde upp gullpeningar ní,
so lét ho byggje en sadel av blý.

7. So sette hó derúti en stól,
å den glima som morgósól.

8. Droningji skúva si snekkj{a}e frå land,
so stýrer hó den på Hallingens land.

9. Droningji la si snekkje for land,
kungen han rekte ‘a sí hvidan hand.

10. Der va’ hó í månar trí,
som droningji låg unde Hallingens lí.

11. Der [va’ hó í månar] fem,
[som droningji låg] på Hallingens land.

12. Der gjeve eg deg eitt Korileband
so kjenner eg deg att på fremminde land.

13. Min nådige herre dú talar ‘kje så
dú helle væl di droning kjærare hell så.

14. Eg la fyr mi droning vilkor trí
ho gjer inkje eitt av alle dí.

15. Droningji skúva si snekkje frå land,
so stýrer hó den på sitt égji landi

16. De va’kje etti hot måner hell fem,
fyrr kungen kom frå ledungén.

17. Kungen han la si snekkje for land
droningjen rekte’n sí hvidan hånd.

18. Dr[onin]gje va’ bå kåt å blí
nó hev eg gjórt mi vilkor trí,

19. Dr[oningje va’ bå] gla å kåt
no ska me drikke kos barsøl íår.

20. Hossi kann me drikke kos barsøl íår
eg hev ‘kje vori heime på 15 år.

21. Anten dú hev vori heime hell langt í frå
de båni blei gjórt mæ Hallingens å.

22. Blei b[åni] gjórt på H[allingen]s land
so vísar dú fram ditt korileband.

23. So vísa hó fram sitt korileband,
so støytte dei gull í hver si hand

24. Kungen han renner tårir på kinn
Jomsko blí allerkjærasten min

25. Fyrre trýte steinen í stóre å,
fyrr hó trýte den kveinderå

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.