Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 405 Inga litimor


Innleiing

Inga litimor står og mel på ei handkvern og syng medan ho arbeider. Songen er særmerkt og vakrare enn gauken gjel. Kongen høyrer songen og bed henne syngje meir for han. Han tilbyr henne store gåver, men ho nektar å syngje. Når kongen seier at han lovar å ta henne til dronning, syng ho endeleg, og då syng ho slik at alle sovnar. Deretter gifter kongen og Inga litimor seg.

Det finst eit titals variantar av denne balladen, dei aller fleste frå Telemark. I 1864 skreiv Sophus Bugge opp ei form etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Fyresdal. Åsne Spokkeli song atten balladar for Bugge (Jonsson & Solberg 2011: 601–603). Ei litterært utbygd form frå Nordhordland er trykt i Hulda Garborgs Norske Dansevisur. Her er kvernjenta Inga litimor eigentleg kongsdotter, viser det seg (Garborg 1917: 79–80). Vidare finst det ei trykt og restituert form av denne balladen i Liestøl og Moes Norske Folkeviser (Liestøl & Moe 1959: 41–43, 258). Elles skreiv Lindeman i 1860 opp ein melodivariant etter Ragnhild Knutsdotter Bakken (f. 1804, emigr. 1861) frå Gransherad (Jonsson & Solberg 2011: 191–192). Vi har også nyare melodioppskrifter av visa (Ressem 2013: 317–320).

Balladen finst på dansk i nyare former (DgF IV: 466–473), men det er særleg på svensk grunn at balladen om Inga litimor har vore populær. Det finst ei mengd oppskrifter av den, den eldste frå 1690-talet, dei yngste frå tidleg på 1900-talet (SMB 4:2: 175–201). På svensk blir balladen kalla «Liten vallpiga». Ein variant frå 1810 byrjar med desse strofene:

Så fagert går dansen ute med å
– Herre min. –
Der dansa de höfviska Riddara två.
– Grön Sommar och Äng
Men alla små foglar de sjunga så väl.

Konungen vakna i höga loft låg
Hvad är det för en Smådräng på Guldharpan slår.

Det är väl ingen harpo drägt
Det er Stoltz Karin hon sjunger så lätt
(SMB 4:2: 177).

I denne balladen kjenner vi igjen to utbreidde motiv. Det eine er krafta, energien i musikk og song som kan utrette store ting. Ikkje minst i naturmytiske balladar som «Horpa» (TSB A 38) og «Villemann og Magnhild» (TSB A 50) spelar krafta i musikken ei avgjerande rolle. Her er dette motivet kombinert med framstillinga av den fattige tenestejenta, kvernjenta. Tradisjonelt vart ikkje jenter som dreiv med slikt lågstatusarbeid vurderte høgt, jf. skjemteballaden «Møllardottera» (TSB F 17). Derfor er det eit lite under, og i alle fall til å undre seg over, at Inga litimor syng seg til status og dronningtittel.

Utsyn 88
DgF 243
SMB 182




Oppskrift A

TSB D 405: Inga Litimor

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli og Gunleik Olavsson Spokkeli, Veum, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge q, 12–13 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Ingelíte sto på tórdekvenne mól
hó kvo fast vénare hell goukjen gól.
– ⁒Måste jeg sova⁒ hós a frúva Ingelíte å den véna –

2. Ingelíte, I[ngelíte] kve vísa for meg
sjau skip í østre sjøen gjeve eg no deg

3. Sj[au] sk[ip] í ø[stre] s[jøen] de fær eg når eg kannkan eg væl få
de æ vandt um eg kanneg kveder min vise ennu då.

4. Ingelíte, I[ngelíte] [kve vísa for] meg
15 skip í østre sjøen [gjeve eg no deg]

5. 15 [skip] i ø[stre sjøen kan eg væl] få
[de æ vandt um eg kveder min vise ennu] då.

6. Ingelíte [Ingelíte kve vísa for meg]
kungen av Danemark gjeve eg deg

Samlarkommentar mellom linene: (sic)

7. Ingelíte begynte på vísa hó kva,
derAlternativ lesemåte: de sovna alt fókkji í kyrkja dender va.

8. Kungen han sovna í skarlakjen rø
– – – –

9. Igjår sto eg på tórdekvenne mól
ídag må eg rå bådi land å jór.

10. [Igjår sto eg] mæ skinnstakkjen ný,
ídag må eg slíte sílkjeserkjen rø

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 90–91 med overskrift: Kværnpigen. (Aasne Spokkelí og hendes Søn Gunnleik. 1864.)

Bengt R. Jonsson reknar Åsnes soneson, Gunleik Såvesson, som kjelde til denne balladen saman med Åsne (Jonsson & Solberg 2011, 602), men dersom Bugge gjev rette opplysningar i reinskrifta, må det vere sonen Gunleik Olavsson som song saman med ho.




Oppskrift B

TSB D 405: Inga Litimor

Oppskrift: 1878 av Moltke Moe etter Tollev Jensson Eikjamyra, Bø, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 5, 71–72.

Oppgjeven tittel: Stolt Signelill

*

1. Stolt Signelill ho sto ve kvenna å mol,
så song ho då venar hell gauken gol.
– Mått’ eg få sovå i armen din! –

2. Kongen han vakna, i højeloft han låg:
«Å æ dæ mine drengjer, som på gullhorpa slår?»

3. «Nei, dæ’kje dine drengjir [som på gullhorpa slår]
dæ æ nå stolt Signelill, ho kvæ’e så.»

4. Kongen han tala te smådrengen så:
«Du be’e stolt S[ignelill] før meg inngå!»

5. Stolt S[ignelill] ho måtte før kongen inngå,
mæ blåbødte sokkar å pinnelappa sko.

6. «Å kann du så godt sy, som du kan kvæðé,
å visselig ska du min dronning blivé!»

7. «Langt bære kann eg sy, helle eg kann kvæðé,
men aller så nyt eg sådan en glæðé.»

8. Stolt S[ignelill] ho sette seg ne på stol,
så sydde ho der båte måne å sol.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under siste strofa står det: Sidste verset siges der at hun sydde både «kongen å alle hass drengjir å seg sjav å alle hass møyar».




Oppskrift C

TSB D 405: Inga Litimor

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 27, 35.

Oppgjeven tittel: Kværnpigen

*

1. Signelite sāt i kvennhuse mōl
– Må eg sòva –
å ho kvē vénar hell goukjen gól.
– Signelite lilla, å den véna. –

2. «Signelite, S[ignelite], kvē visa fyr meg
eitt stykkji af gull eg gjéva ska deg!»

3. «Eitt stykkji av gull kann eg væl få,
eg kvé alli fyri slik gåva iår.»

4. «S[ignelite], S[ignelite] kvē visen fyr meg,
å sju skīp i østresjøen eg gjeva skò deg!»

5. «Å sju skip i østresjøen kann eg væl få
eg kvē alli fyr’ slik gåva iår.»

6. «Å Signelill, S[ignelill] kvē k visen fyr meg:
ja hȩder ok ære eg gjeva skò deg.

7. Å Signelil begjynda på visen å kvē,
dei sovnar alt fókkji, i kvennhusi va.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter overskrifta står det: (Hæge Bjønnemyr efter Jóronn)

Under e-en til slutt i «Signelite» (str. 1, 2 og 4) står ein liten «l».

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.