Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 407 Verner i fangetårnet


Innleiing

Herr Verner sit som fange i slottstårnet hos den mektige fru Ingebjørg. Han spekulerer på korleis han skal sleppe fri, og han finn ein utveg. Ein kveld høyrer fru Ingebjørg vakker song i slottet. Ho trur det er ei av ternene som syng, men får vite at det er fangen i tårnet. Ho kallar han inn til seg og ber han syngje ei kjærleiksvise, men han svarar at han heller vil syngje ei anna vise, ei som han kan betre. Verner set i gang med visa, og dermed sovnar både fru Ingebjørg og alle andre i slottet. Deretter finn han nøkleknippet og låser opp døra. Utanfor porten ber han vaktmannen helse fru Ingebjørg «tusen god natt».

Det finst berre to telemarksvariantar av denne humoristiske balladen om musikkens makt, begge oppskrivne av Sophus Bugge, i 1856 og 1863. Bugge har ikkje notert kven som song 1856-oppskrifta, som er den fyldigaste av dei to. Den meir fragmentariske oppskrifta (1863) skreiv han opp etter Margjit Johannesdotter Hovde/Svigsli (1777–1864) frå Tuddal. Både Lindeman og Bugge skreiv opp balladar etter henne, og Bugge har notert at ho forutan eit titals balladar også kunne stev og nyare viser (Jonsson & Solberg 2011: 183–186).

Det kan sjå ut til at dei to telemarksoppskriftene går tilbake på danske tekstar. «Verner i fangetårnet» har funnest i eldre dansk tradisjon og vart trykt av Vedel i 1591 (DgF VI: 463–466). Vedels strofeform er sjeldan: den såkalla «gjentakingsstrofa», der ein del av kvar strofe blir gjenteken i den neste:

PAA Lindholms Huss
de Suenne de dricke oc giøre gaat russ.
De Suenne de dricke oc giøre sig glad,
saa giør Herr Verner, i Taarnet sad.
– De Fruer kunde aldrig giemme saa riger en Fange. –

De Suenne de giøre dem glad,
saa giorde oc Herr Verner, i Taarnet sad.
Frue Ingeborg vogner oc op hun saae:
huilcken aff mine Møer, der quæder saa?
(DgF VI: 465).

DgF 383




Oppskrift A

TSB D 407: Verner i fangetårnet

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter ukjend songar, ukjend stad.

Orig. ms.: NFS Bugge l, 39–41 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

På Lindolmens hus,
der drukke de vennar å gjorde seg rus

der drukke de vennar å gjorde seg glad,
de gjorde og Hr. Verner i Taarne han sat.

Fru Ingebjør hutta på drengenne små,
vem ær av mine møyar kveder visen så.
– Dei fruvur kunn’ aller gjemma så rik ein fangje. –

D’ær ingjen av dine møyar den visa kvea kann,
men de ær Hr. Verner, han fangjen Mann.

Fru I[ngebjør] h[utta] på dr[engenne] små
de bede Hr. V[erner] inn for meg gå.

Hr. V[erner], han stedes for fruva Ingebjørs bor,
hvad vil du fr[u] I[ngebjør], ho sender mig or.

Høyr du H[r.] V[erner] hvad jeg siger dig
en Elskovs vise du kvæder for mig.

Den Elskovs visa eg aller fornam,
eg kve hell ei onnaa eg bære kann.

H[r.] V[erner] begynte på ei vise å kva
der sovna så mange som i lofte sat

Der sovna fruvur å der sovna mø
fruva I[ngebjør] sovna i skarlaken rø.

H[r.] V[erner] han seg upp i himlingen så
såg nyklekippi båd’ store å små.

Han prøva store, han prøva små
han prøva helste den som te bolten låg.

H[r.] V[erner] han lakka at dynni så bratt
han gløymde segja Fr[uva] I[ngebjør] go Natt.

Igaar kveld bød jeg hende en Skjeppe af Guld
no fangar du inkje fr[uva] I[ngebjør] en skjeling te full.

Som H[r.] V[erner] han kom seg no litt ut på by,
begynde han ei vise te kvea på ny.

Høyr du vektaren på vakti du står,
du lyder vel efter hvor visen den går

Høyr du Vektar på vakti så bratt
no helsar du fruva I[ngebjør] tusend go Natt

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB D 407: Verner i fangetårnet

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Margjit Johannesdotter Hovde/Svigsli, Tuddal, Telemark.

Orig. ms.: NFS Sophus Bugge i, 212–213 (kladd)

Oppgjeven tittel: På Lindholmens Hus.

*

Herr Væren begynnerte mæ den vísa han kva
da somvna den frúga í skarlaken sat.

Der sovna frúgó der sovna møy,Alternativ lesemåte:
der sovna hó frú Ingebor í skarlaken rø.

Herr Væren han begynja mæ den vísa ný,
da sovna alle frúgunn útí den bý.
– Fe dem frúgunn dem gløymer ikkjealler so rík ein fangji –

Han Væren han såg seg uppi ei vrå,
der fann han dem lyklan både stóre å små.

– –
De bade ham kvæde.

Eg elskugsvise eg ikkje kann,
men eg ska kvøaa ei bære eg kann.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.