Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 410 Kong Nikelus

[Herre Per og stolt Margjit]


Innleiing

Kong Nikelus salar gangaren og rir til stolt Margjit sin gard. Han ber henne om å bli festarmøya hans og freistar med all rikdomen sin:

Stolt Margit, stolt Margit, trolova meg!
dei átte gullborginne geve eg deg.

Der er bórð með blokkur blá
silkidúkin er breidde pá
(Landstad [1853] 1968: 590).

Stolt Margjit gjer seg i stand og set seg på hesten. Dei rir av garde og kjem snart til stranda, men der ligg det ingen skip og ventar, berre ein liten fiskarbåt. Likevel legg dei frå land, men det blir uver og den vesle båten forliser. Det ser farleg ut, men hesten sym mot eit lite skjer med dei to på slep, slik at dei bergar livet. No fortel kong Nikelus at han er ein fattig og fredlaus mann, og dessutan trulova med ei anna kvinne. Stolt Margjit seier då at ho skal kjøpe han fri, og ho vil nøye seg med å vere tenestejente hos han. Då endeleg avslører kong Nikelus at han eigentleg er ein rik mann, han har berre sett henne på prøve. Bryllaupet blir feira med stor stas.

Det finst godt og vel ti variantar av denne balladen, dei fleste frå Telemark. Landstad trykte to former i Norske Folkeviser. Handlinga er i store drag den same, men aktørane har ulike namn. Den mest fullstendige av Landstads viseformer byggjer på ei oppskrift etter Bendik Ånundsson Sveigdalen (1780–1865) frå Skafså. Som så ofte elles er det Sophus Bugge som har skrive opp flest variantar, bl.a. etter dei to Skafså-søstrene Signe Gjermundsdotter Napper (1788–1865) og Torbjørg Gjermundsdotter Haugen (1792–1862). Desse to søstrene kunne mellom førti og femti balladar kvar (Jonsson & Solberg 2011: 540–544). Vidare har vi fleire melodiar til «Kong Nikelus». Den eldste oppskrifta gjorde Hans Seeberg og Olea Crøger i 1840-åra etter ein ukjend songar frå Nissedal (Ressem 2014: 323–327).

På dansk heiter den tilsvarande balladen «Den trofaste Jomfru». Tittelen peikar mot noko av det sentrale i teksten, å setje stolt Margjit på prøve. Er ho verkeleg glad i kong Nikelus, eller er det berre rikdomen hans ho er ute etter? Både eventyr og balladar gjer ikkje sjeldan bruk av dette gamle motivet – Griselda-motivet – etter forteljinga om den trufaste og tolmodige Griselda i Boccaccios Dekameronen.

Balladehandlinga inneheld uvanleg mange kast og brå vendingar for å få prøvd stolt Margjit sitt sinnelag. Den har vidare lånt eit par innleiande strofer frå skjemtevisa «Fanteguten» (TSB F 26). Elles kan det synast nokså underleg, og i alle fall ikkje særleg realistisk, at hesten til kong Nikelus følgjer med i den vesle fiskarbåten. Landstad skriv då også at ein «skal formodentlig tænke sig et Sund, som de skulde sætte over, og at Hesten var med paa Baaden» (Landstad [1853] 1968: 591–592).

Utsyn 99
DgF 249
SMB 184




Oppskrift A

TSB D 410: Kong Nikelus

Oppskrift: 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså i Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 6, 45–46.

Oppgjeven tittel: Herrepær

*

1. Herreper salar ut Gangaren grá
– onde Lide –
Sa rider han seg til stolt Majits Gaard
– med Sali skjov sá vide –

2. Herreper kjeme seg ridand i Gaard
Stolt M[argit] stend ute, slær ut sit Haar

3. Du tar kje Stolt M[argit] slaae Haari fe meg
eg agtar einki at bele til Deg

4. Vil Du kje bele sá kan du lata vera
eg agtar sá liti hot slik ein vil gera

5. Det seer eg åá dit blanke Sværd
Du heve vori i falske Færd

6. Det seer eg pá din Høge Hat
Du sei aller noken Mand satt.

7. Stolt M[argit] stolt trolova meg
Dei otte Guldborgine gjev eg deg!

8. Der er Bord med Blokkur blaa
Silkjedukin er breide pá

9. Krakkane er af kvite Kvalbein
TrouneSamlarkommentar: Fodtrin paa Bænken er med røde Guld rendt

10. St[olt] M[argit] ho samlar sit Guld i Skrin
Herreper salar ut Gangaren sin

11. St[olt] M[argit] samlar sit Gul i Skál
H[erreper] stryke sin Gangare grá

12. Sá gjerest han i hándo sterk
han sete st[olt] M[argit] pá sin Hest

13. Da dei kom seg der ned til Strand
dá lág alle Skipi langt frá Land

14. Der lag einki atte bare ein liten Fiskarbaat
som var kje anten Stamnar hel Styre pá

15. Herreper gjæk af at ein EikjerunniSamlarkommentar: (Egeholdt)
Sa skar han bát Stavnar {á}og Styre punde

16. Da dei kom seg der liti pá Fjord
den litle Fiskarbáten klovna i Tvo

17. Der kom Veir og Vestavind
den lisle Fiskebáten rulla ikring.

18. Han tok a stolt M[argit] pi sit Fang
min fljote Foli kan symje i Land

19. Han sám af pá eit liti Skjer
der lyster den Folen at kvile seg

20. St[olt] M[argit] ho vride sin Linklæder smá
H[erreper] stryke sin Gangare graá

21. Da dei ha seti ei liti Stund
da lyster St[olt] M[argit] at spyrgje seg om

22. Og hoyre Du H[erreper] hot eg spyre deg
hor er dei Guldborgin Du lova meg.

23. Eg heve einki anten Hus hel Jor
mine Peningar ligge paa Riksmands Bor

24. Eg heve enki anten Áker hel Eng
mine Peningar ligge paa Riksmands Seng

25. og eg er ein fattige frealaus Mand
eg veit meg einki Freden i sjau Kongeland

26. Eg skal selje deAlternativ lesemåte: mit røde Guldband
og leyse den Freden i 7 Kongeland

27. [Eg skal selje min røde] Guldring
[og leyse den Freden] atte paa Ting.

28. [Eg skal selje mi] Kaape blaa
[og leyse den Freden] atte iaár.

29. det tikjes meg endá vera aller verst
æg hev meg ei ánno skjon J[om]fr[u] fest

30. Hev dá deg ei anno skj[on] J[omfru] fest
sá vil eg vera di Tjenestepike allernest

31. Nei du skal einki vera mi T[jenestepike] allernest
men du skal vera min Kjeraste bedst

32. St[olt] M[argit] glaap deg lit lenger ned
der seer du Guldborgin eg lova deg.

33. St[olt] M[argit] gláp deg lit lenger ni By
der seer du G[u]l[d]b[orgin] glimar under Sky

34. Dei sette seg pá Gangaren graá
sá sam han seg til Herrep[ers] Gaard

35. Der blev Glædi og mykin GnyrSamlarkommentar: Larm
St[olt] M[argit] og Herrepær drak Bryllaup i Byen

36. [Der blev Glædi og mykin] Gama
[Stolt Margit og Herrepær drak Br]yllaup med sama

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

I strofe 27 og 28 er «min» og «mi» utfylt etter Landstads Norske Folkeviser (1853).




Oppskrift B

TSB D 410: Kong Nikelus

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Tovsdotter Midbøn, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 25–26 (reinskrift) og NFS S. Bugge g, 36 (kladd).

Oppgjeven tittel: Kung Nikelus å liti Kersti. I.

*

1. Kung Nikelus han tente i kungjens går,
dær tente’n syv vintrar å nie år.
– Før min fagerfolen før den tråvar enno. –

2. Han tente no inkje før onno løn,
hell før liti Kjersti, var honom så skjønn.

3. Han tente ikkje før anten sylv heller gull,
men før liti Kjersti var tro å dydefull.

Denne strofa står i NFS S. Bugge g, 36.
4. Inkje eg vi’ å inkje eg må,
eg hev no så mange, som meg passar på.

5. «Høyr du liti Kjersti, hot eg spyr deg:
lyster du av lande å reise mæ meg?

6. Lyster du av lande å reise mæ meg,
dei nie gullbørgjinne då gjev eg deg».

Denne strofa står i NFS S. Bugge g, 36.
7. Liti Kjersti ho samla sitt gull í skrín,
kung Nikelus han sala út gangaren sin.

8. Kungjen han vikta på svennanne tvo:
«vi’ de gange ne te strand, skuve skipe utifrå.»

9. Kung Nikelus han kom seg ne te strand,
då va alle skipi skuva ifrå land.

Denne strofa står i NFS S. Bugge g, 36.
10. Som at dei kom seg neat fjór,
då va der inkje anten årer hell ró.

11. Kung Nikelus han vaAlternativ lesemåte i NFS S. Bugge g, 36: blei både gla å kåt,
då han såg dærAlternativ lesemåte i NFS S. Bugge g, 36: låg atte ein liten fiskarbåt.

Denne strofa står i NFS S. Bugge g, 36.
12. Kong Nikelus han reste te smío
han ville dei sterke stålårinne smíe

13. Han tok liti Kjersti å sette på bór,
sjave seg sett’ han før årinn te ró.

14. Å som at di kom seg mitte på hav,
då gjekkAlternativ lesemåte: datt dei sterke stålårinne av.

15. Så tok en liti Kjersti sett’ på gangaren grå,
å sjave seg sette’n på bylgja blå.

16. Som at di kom seg inpå et skjer,
dær lyste kung Nikelus at vile seg.

17. Å som at di kom seg i røde rosenslund,
dær lyste liti Kjersti at spyrje seg um.

18. Høyr du kung Nikelus, hot eg spyr deg:
hør æ dei ni gullborgjinne, du lova meg?»

19. «Ingjo ni gullborgjir eg lova kann,
eg eig ikkje fre’en i dæ tree kongeland.Alternativ lesemåte i NFS S. Bugge g, 36: eg æ bare ein fatike friarlaupar mann»

20. Liti Kjersti ho tok upp gullskålinne fem:
«Kjære kung Nikelus! kjøp freden for demn

21. Å som at dei kom seg te Skåne by,
så såg di gullborgjinne glima unde sky.

22. «Inna før dæ bergje å inna før d{æ}en by,
dær ær no dei ternunne tolv

23. Dei tvo dei sk{a}o’l bera ditt vaskevann,
dei andre tvo sko’ stande mæ handklæ i hånd.

24. Dei tvo dei sku’ breie din duk på bor,
å dei andre tvo sku’ bera din mat’e dærpå.

25. Dei tvo dei ska’ reie upp di silkjesæng,
å sjav så fyger eg mæ deg uti den.»

26. Han tok liti Kjersti, sett’ uppå sitt kne,
så gav han ho krona å dronningj{e}isSamlarkommentar: [sic!] fe.

27. Så tog han liti Kjersti sett’ uppi sitt fang,
så gav han ho krona å dronningj{e}is navn.

*

Kladden til denne reinskrifta er truleg tapt, men i NFS S. Bugge g, 36 finn vi nokre få strofer av denne balladen etter Torbjørg Midbøen. Bugge har sett til tilvisningar til kvar dei skal inn i reinskrifta. I reinskrifta har han så endra på strofenummereringa, men ikkje rett. Her er strofene sette inn etter Bugges tilvisingar, men nummereringa avvik frå den som står i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB D 410: Kong Nikelus

Oppskrift: 1906 av Rikard Berge etter Hæge Tormodsdotter Postmyr, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CXLVI, 21–24.

Oppgjeven tittel: Kong Nikelus.

*

1. Kong Nikelus tener i Kongjens gaar,
der tener han i 15 aar,
– for fager fōlen, fe den traavar enno. –

2. Han tener ikkje fòr aano løn
hell fòr liti Kjersti ho va sò skjøn.

3. Høyr du liti Kjersti hòt eg spøre deg,
lyster du fygje av lande mæ meg?

4. Sò gjønne eg ville, men eg slett ikkje maa,
dei mange smaa drengjir dei vògtar meg saa.

5. Lat di vokte dei vokte maa,
vi du sjov sò maa du a raa.

6. Reis naa at lòfte aa samle gulle i skrin
mæ eg salar graa gangaren min

7. Tenkte di va dei eine tvo,
men der sto ein smaadreng aa lydde derpaa.

8. Smaadreng reiser fòr kongjen inn,
kong Nikelus reiser mæ datteren din.

9. Kongjen han talar te sine styremenn,
dei styrer aller skjipi sò langt ífraa land.

10. Kong N[ikelus] kaam seg ne-àt strann,
daa va skjipi skuva sò langt ifraa land.

11. Kong N
Der laag ein fiskarbaat innmæ lann,
men ikkje sò va der aarir i den.

12. Kong N[ikelus] reiser te neste by,
der fekk han smie staalaarine ny.

13. Daa han kaam daa midte paa hav
daa gjekk dei sterke staalaarine av.

14. Liti Kjersti sett ‘n paa gangaren graa
sjav sò sett ‘n seg paa bylgja blaa

15. Men daa di kaam seg inn-àt ein stein,
daa lyster kong N[ikelus] aa kvile sine bein.

16. Liti Kjersti ho vrei sin silkje serk
aa kjære kong N[ikelus] naa æ du trøtt

17. Men høy naa kong N[ikelus] hòt eg spøre deg,
æ de langt te gullbòrgjine du hev lòva meg.

18. Ingje gullb[òrgjir] eg deg gjeva kann,
eg æ ein fatike frealòuse mann.

19. Men daa dei
Liti Kjersti ho lok upp dei sylvskaalin fem,
se der k[ong] N[ikelus] løys freden for dem.

20. Men daa dei kaam noko lenger fram,
daa saag di gullb[òrgjine] skjein sò langt.

21. Høyr du l[iti] Kj[ersti] hòt eg seie díg
naa ser du gullb[òrgjine] eg hev lòva deg.

22. Aa der heve eg toll terner,
som skò deg kvòr dagi tjene.

23. Dei tvo skò staa mæ klaran vann,
den trée skò stande mæ hannklæ i hand.

24. Dei eine tvo skò kjemme ditt haar,
dei andre tvo skò ha gullkrona paa.

25. Dei tvo skò fygje deg ut aa inn,
aa den eine skò læse upp røde gullskrin.

26. Dei tvo skò reie upp silkjeseng,
men sjav sò fygjer det eg deg i den.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.