Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 411 Kvinnemordaren / Svein Nordmann / Rullemann og Hilleborg


Innleiing

Svein Nordmann lokkar jomfru Hilleborg til å rømme med seg. Ho skal få det fint, seier han. Ho skal få gå på gull som om det var på snø og få drikke vin som om det var vatn. Ho samlar saman gullsmykka sine i eit skrin og blir med. Etter ei stund stoppar dei for å kvile, og han byrjar å grave ei grav. Kva er den grava til, spør ho, grava er for liten til hesten og for stor for hunden. No fortel han at han har drepe ni jomfruer og gravlagt dei her, og no skal ho få den same lagnaden. Ho ber om å få lyske han før ho skal døy, og han går med på det, dersom ho lovar å ikkje drepe han om han skulle sovne. Ho sver på det og han legg hovudet sitt i fanget hennar. Snart sovnar han, og mens han søv bind ho han på hender og føter. Så vekkjer ho han og drep han med kniven sin. Ho legg han i grava og rir heim.

Handlinga i visa er den same, men utforminga varierer. Svein Nordmann eller Rullemann kan kome ridande eller han kan tene hos Helleborgs far. Han kan vere lystmordar eller eit demonisk vette som lokkar kvinner til seg med ein trolldomssong, ein slektning til riddar Blåskjegg i eventyret. I dei svenske oppskriftene heiter han Rövaren Rymer og i nokre norske variantar er det også antyda at Rulleman er ein røvar som vil ha gullsmykka hennar.

Visa om kvinnemordaren må vere ei av dei folkevisene som har spreidd seg vidast. I tillegg til norske, svenske, danske og nokre islandske fragment har vi versjonar frå Tyskland, Nederland, England, Skottland, Frankrike, Italia, Spania, Portugal, Finland, Estland og andre land i Aust-Europa.

I Tyskland og Nederland finst det svært mange versjonar av visa om Heer Halewyn. I visa er Halewyn anten ein farleg mann eller ein demon som lokkar kvinner til seg i skogen der han drep dei. I ein versjon er jomfrua prinsesse Machteld. Ho har høyrt rykte om Halewyn, men ho har ein plan. Halewyn let ho få velje kva slags død ho skal få. Ho vel halshogging, men ho foreslår at Halewyn skal ta av seg skjorta, for jomfrublod spruter så langt. Når han dreg skjorta over hovudet, grip ho sverdet hans og høgg hovudet av han.

I den britiske visa om «Lady Isabel and the Elf-Knight» lokkar han Lady Isabel til seg ved å blåse i eit magisk horn. Han bruker å hengje eller drukne jentene, men når han kommanderer Lady Isabel til å ta av smykka og kleda, ber ho om at han snur seg bort. Dermed får ho sjansen til å stikke han med kniv, hogge hovudet av han eller dytte han ut i sjøen. Prinsessa tek hovudet med seg, og triumferande kjem ho heim. På slottet viser ho fram hovudet, og historia endar med ei stor feiring.

Vi har om lag 20 oppskrifter og ein del fragment av «Kvinnemordaren», alle frå Telemark, bortsett frå ei oppskrift frå Tjørsvåg, Egersund i Vest-Agder. Vi har også 17 melodiar, alle frå Telemark.

Utsyn 77
DgF 183
SMB 185
Child 4




Oppskrift A

TSB D 411: Kvinnemordaren

Oppskrift: 1867 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Dalen, Øyfjell, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge c, 112–115 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Rullemann téner í kungjens går
han lokka kungjens syster de véne mår
Dei Fuglann ber lík alt over dei heiar. –

2. Høyrer dú Hillborg hòt eg seie deg
lyster dú fýgje av lande mæ meg.

3. Eg sko føre deg på de land
dú gjenge der på gull som dú gjenge her på sand.

4. [Eg sko føre deg] på den øy
du sko syndedlaus liva å lykkeleg døy

5. Æ de no sant du seie fyr meg
så lyster eg fýgje av lande mæ deg.

6. Samle nå dú ditt gulle i skrin
alt mæ eg salar út gangaren min

7. Som dei kom seg í rósenslund
so lyster Rullemann å kvíle ei stund

8. Høyrer dú R[ullemann] hot eg spyreAlternativ lesemåte: seie mæ deg
hot æ de fyr greftinne me ríe her uppå

9. 8 FestarmøyerSamlarkommentar: (sic) så hev eg nå havt
å adde så hev í jóri lagt.

10. [8 Festarmøyer så hev eg] vígt,
men du sko no blive de 9de lík.

11. Høyrer du R[ullemann] hot eg seie mæ deg
så gjærne så ville eg nå luske deg

12. R[ullemann] la seg í Hileborgs fang
å sterke svevnen på hånom rann

13. Hileborg ha seg ein snøreklút
den batt hó í kring R[ullemann]s kvíte fót.

14. [Hileborg ha seg] eitt s[nøre]band
[det batt hó í kring Rullemanns] hånd.

15. R[ullemann] vakna í kring seg såg
bunden va hendanne å føtanne så.

16. Kjære mi Hil[eborg] du løyser meg,
15 gullborgjir så gjev eg deg

17. H[ileborg] ha seg ein líten knív
den putta hó í R[ullemann]s líti lív

18. Så lengje sko dú her ligge ó víe
te dú hev bøtt dine syndinne níe

19. Her ligge du R[ullemann] av deg renne bló
ennå æ eg jomfrú líke gó.

20. H[ileborg] ha seg ein gangar så spak,
så sette hó seg uppå hånoms bak

21. [Hileborg ha seg ein gangar så spak,]
så rei hó heim í sin faers går

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Vi kjenner ikkje til noka reinskrift til denne kladden.

Mellom verselinene i strofe 20 står det «(grufsefente)». Det er uklårt kva det kan ha med teksten å gjere.




Oppskrift B

TSB D 411: Kvinnemordaren

Oppskrift: 1890 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 146–149.

Oppgjeven tittel: Herr Rullemann

*

1. H[er]r Rullemann kåm seg ridand igår,
Skjøn jómfru ho ho uti fyre ‘en står.
– Fuglen fører lík ivi heii. –

2. «Eg helsar deg, skj[øn] j[ómfru], eg talar ti deg:
å lyster du av landi å fýgje mæ meg?»

3. «Slett inkji eg tórer, slett inkji eg må,
her æ då så mange meg vektar uppå.»

4. «Å landlat dei no vèkte, dei vekte vi,
du skò fygje av lande, um du no sjóv vi.»

5. Skj[øn] j[ómfru] ho samlar sitt gull i skrin
å R[ullemann] salar ut gangaren sin.

6. R[ullemann] ha ein gangar bå liten å spak,
så sette ‘n skj[øn] j[ómfru] uppå hass bak.

7. Å då dei kåm seg āt rósens lund,
då fór skj[øn] j[ómfru] ti spyrje seg um

8. «Eg helsar deg, R[ullemann], eg talar ti deg:
hòt æ dæ fyr greftir, som æ gravne hér?»

9. «Femten skjøn jomfruvur héve eg havt
å alle så hév eg i gravi lagt.»

10. «Å hèlla eg den sekstand’ vill’ vòré
hell eg villeha’ alle dei søndine vill’ boré.»

11. Å R[ullemann] lae seg i jomfruens fang,
han sòv den svevnen, den va inkji lang.

12. Å R[ullemann la seg i jomfruens] skjød,
han [sòv den svevnen], den bleiv inkji sød.

13. Å ho tók no upp sitt røde gullband
å batt íkring R[ullemann]s raske hånd.

14. So tók ho [no upp] si røde gullsnór
å [batt íkring Rullemanns raske] fót.

15. Å R[ullemann] vakna, han um seg såg,
å då va’ en bùndin frå tòpp indtil tå.

16. «Å kjære min skj[øn] j[ómfru], du løys mi hånd
å eg ska’ da føre deg på din faders land.

17. «Å kjære [min skjøn jómfru, du løys] min fót
å eg ska [da føre deg] på dæ landi, du ska gange på gulli som héra på snjór.»

18. «Den grefti, som du hev akta meg,
den blive‘ nå måten for sjave deg.

19. For hesten din æ hó hòste trang,
men for sjave deg bliv’ ho måten lang.»

20. Skj[øn] j[ómfru] hó léte sitt sværi brå,
så hoggji ho R[ullemann] i lytine två.

21. «Her ligg’e du R[ullemann] for hund å ravn,
å enno eg bère mitt jomfrunavn.

22. Her ligg’e du R[ullemann], å du rinder bló,
enno æ eg ei møy so gó.»

23. Skj[øn] j[ómfru] ho kåm seg rìand ìgår
å kongjen uti fyre hæna står.

24. «Eg helsar deg skj[øn] j[ómfru], eg talar ti deg:
hòr gjóre du av bélen, eg {g}sende ti deg?»

25. «Han ligg atte i rósens lund,
eg redde’n så go ei bryllupssæng.»

26. Skj[øn] j[ómfru] ho rister på blódrégji svær:
«Å ha’ du kji vór’ kongjen, ha’ du vóri vær!

27. «Å kjære mi skj[øn] j[ómfru], du still ditt svær!
Eg gjéve deg gullkróna, du æ ‘o væl vær!»

28. Å dér blei nå glæi å store gama,
kongjen å skj[øn] j[ómfru] drakk brullaup mæ sama.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under overskrifta står det: (Hæge Bj efter Jóronn)




Oppskrift C

TSB D 411: Kvinnemordaren

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Lars Larsson Veslestøyl, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 222–225.

Oppgjeven tittel: IX. Rullemann å Hillebòr

*

1. Rullemann téner seg uti kòngjens år
– Bland fuglar å dyr –
i femten vintrar å femten år
Bland fuglar å dyr Å dei bér’e lik ivi heió –

2. Dér téner han seg ‘kje anten fe kost hell løn,
men bare fe liti Hillebor, ho æ så skjøn

3. Som R[ullemann] kom seg i hænars faers går
Lyster du kje fygje utav lande mæ meg?

4. Eg skå føre deg te dæ land
at dér rinder vin, som hér renne vann

5. Eg skå føre deg te den øy
der gjel ingjen anen fuggel hell gauk
der veks ingjen anen māt hell louk.

6. Eg skå føre deg te den øAlternativ lesemåte: øy
du skå sørgjelous leva å syndelous døAlternativ lesemåte: døy

7. «Æ dæ nå sant som du seie fe meg,
so æ eg snart færug å fye deg.»

8. {Ól}Liti Hilbòr ho pakka sitt gull uti skrin
så drég ho av land mæ R[ullemann] sin.

9. Men som dei kom seg, ja litt uppå hei
då spurde liti Hillebor, hot vegjen den lei.

10. Som dei kom seg litt længer fram,
då kom dei te ei greft, den va så lang.

11. «Høyre du R[ullemann] hot eg spyre deg:
hòt æ de fe ei greft, du he’ gravi hér?»

12. «Hér hev eg dei ni jomfrugun gravi ne
å du skå den tiende vera
ssøndine fe di alle skå du béra».

13. «Sjav fær du den tiende véra
å søndine fe di alle så fær du visst beraAlternativ lesemåte: å sjav fær du søndine fer alle di béra

14. «Høyre du Hilbor, hot eg seie deg,
eg tende så længje i faer dins går,
aller luska du mitt fagre gule hår.»

15. «Ja luska eg ikkje ditt f[agre] gule hå‹r›
så sétt deg nå né, skå eg luske deg nå.»

16. R[ullemann] lae seg i Hilbors fang
dér sov’en ein svemn, den va så lang

17. Liti H[ilbor] tók upp dæ røde gullband
tri vendur snørde ho den ikring R[ullemann]s hånd.

18. L[iti] H[ilbor] tók [upp dæn røde] gullsnór
tri vendur [snørde ho den ikring Rullemanns] fót.

19. Så tók hó upp den røde gullkniv
tre vendur sette ‘ó den uti R[ullemann]s liv

20. Se’a gróv ‘ó R[ullemann] i sórtende jór
Så tók ho R[ullemann]s forgylte lur

21. Tri vendur blés ho i den i høgaste sky
Samlarkommentar mellom verselinene i førre strofa, med tilvising hit: (her en line glemt)

22. «Nå høyrer me R[ullemann]s forgylte lur
anten greve’n lik hella hentar ‘n fru.»

(Dæ va di andre røveræn, som sae detta, då di hørde luren)

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift D

TSB D 411: Kvinnemordaren

Oppskrift: 1912 av Rikard Berge etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXXIV, 24–26.

Oppgjeven tittel: Svein Normann.

*

1. Svein Normann han komAlternativ lesemåte: kjeme seg rians i gaar
– fòr den megAlternativ lesemåte: eg har leika onder liden –
stòlts Margjit sto ute aa ser utsola sitt haar.
– Fòr noAlternativ lesemåte: nu beilar Svein
Svein Normann hviler nor aa nord{a}en onder fjøllo. –

2. Aa enten {b}du beilar hell du beilar ei
sò æ eg fulla før tì aa seia deg nei.

3. Aa eg skò naa føre deg paa de land,
du skò gange der paa gull som du gjæng her paa sand.

4. Aa [eg skò naa føre deg] paa ei øy
du skò sø{nd}ørgjelòus liva aa søndelòus døy.

5. Aa der renn ikkje ana tì vatn hell vin,
aa der veks ikkje ana tì gras hell lin.

6. Der gjel ikkje ana tì fuggel hell gòuk
aa der veks ikkje ana tì gras hell lòuk.

7. Aa æ de no sant som du seie for meg,
sò lystar naa eg aa fygje mæ deg.

8. Aa samle naa du ditt gull uti skrin,
mæ eg sâlar paa gangaren min.

9. Sò ha ‘n ‘n gangar baat’ liten aa spak,
sò sett’ ‘n stòlt M[argjit] utpaa haanoms bak.

10. Aa som at di kaam i den grønne lund,
der lysta S[vein] N[ormann] aa kvile ein stond.

11. Aa høyr du S[vein] N[ormann] hòtt eg spøre deg,
Hòtt vi’ du mæ den grefte du greve paa der?

12. Aa 18 jaamfrugur sò hev eg naa havt,
aa alle dei hev eg i gravi lagt.

13. Aa 15 riddarar hev beila tì meg,
aa alle hev eg luska, men ikkje deg.

14. Aa gjønne sò maatte du luske meg,
naar du ikkje svevnen vill’ svike meg.

15. S[vein] N[ormann] han la seg i st[olt] M[argjit]s fang
aa daa sòv ‘n den svevnen sò passa lang.

16. Stòls M[argjit] ho ha seg eiAlternativ lesemåte: i i silkjesnor
sò batt ‘o S[vein] N[ormann] fraa haand aa tì fot.

17. Høyr du S[vein] N[ormann] hòtt eg seie deg
eg lòva eg sille kje svevnen svike deg.

18. S[vein] N[ormann] han vakna, omkring seg ‘n saag,
aa bonden va’ han ifraa tòpp aa tì taa.

19. St[òls] M[argjit] ho ha’ egFeil for: seg ein syllrødde kniv,
sò sett’ ‘o den i S[vein] N[ormann]s liv.

20. Her ligge du S[vein] N[ormann] renner blo i jor,
aa ennaa æ eg jaamfru like go.

21. [Her ligge du Svein Normann] fòr hond aa fòr ravn,
aa ennaa sò ber eg mitt jaamfrus navn.

22. St[òls] M[argjit] ho hòppa paa gangaren graa
sò rei ‘o seg heim i sin faders gaar.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

I teksten er det notert mange variantar, både med penn og med blyant. Variantane med blyant er truleg etter «Hannaas XXVI, 14, s. 77, 79», som det står med blyant over oppskrifta, og dei er ikkje tekne med her.

Mellom dei siste to strofene har Berge skrive «(God tone)», men har sidan stroke det ut og skrive «(Tone)» under siste strofa.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.