Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 414 Kongen og fru Jutteli


Innleiing

Kongen vil ha fru Jutteli, den vakre dottera til gullsmeden, og rir til gullsmedens gard. Gullsmeden seier at ho er for ung til å giftast bort, men kongen trugar med å brenne ned garden om han ikkje får henne. Då hentar gullsmeden fru Jutteli, og kongen rir av garde med henne. På vegen må dei kvile, kongen sovnar og fru Jutteli rømmer heim. Når kongen vaknar, rir han for andre gong til gullsmedgarden. Her møter han fru Jutteli. Kongen spør kvifor ho rømte frå han og får til svar at det var fordi ho ikkje fekk noka morgongåve, dvs. vart godteken som dronning. Ho finn seg ikkje i å vere kongens frille. Då gjev kongen henne gullkrone og dronningnamn, og alt endar vel.

Det finst berre nokre få norske oppskrifter av denne balladen. To variantar som Sophus Bugge skreiv opp i Telemark, er trykte i Danmarks gamle Folkeviser (med tittel «Guldsmedens datter»).

Handlinga i «Kongen og fru Jutteli» ligg nokså nært opp til handlinga i «Gullsmeddottera» (TSB D 415) og «Liti Kjerstis dans» (TSB D 416), men det er ikkje uvanleg at balladehandlingar tangerer kvarandre. «Kongen og fru Jutteli» har også ei viss tilknytning til dei naturmytiske balladene «Liti Kjersti og bergekongen» (TSB A 54) og «Liti Kjersti narrar bergekongen» (TSB A 58).

Utsyn 98
DgF 245




Oppskrift A

TSB D 414: Kongen og fru Jutteli

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Tone Olsdotter Vistadbakken, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, 5–6 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Bergekungen å frú Juttelin. I.

*

1. Kungen å Knút dei site fyr bór,
– tru jordenSamlarkommentar: samme Omkvæd i den aldeles fskjell. Vise Arw. Nr. 112.
dei talar så mangt et skjemtansór.
– Før dæn búr under skógi. –

2. «Å høyrer du Knút, eg talar te deg:
frú Juttelin så gjeve du meg.»

3. «Frú Juttelin hó æ’ så líti et kind,
hó kann inki bera dei nyklar inn.

4. Frú Juttelin hó æ’ så líti et bån;
hó æ’kje burtgiftans frå sin faer íår.»

5. Bergekungen ha’ en gangare så spak,
han sette frú Juttelin på hass bak.

6. Dei rei seg í grønan eng,
å dær blei kvellen, dei rokk inki leng.

7. Kjurtulen undeSamlarkommentar: ivi ??? å kåpa blå
å grøne blómstr{e}i unde låg.

8. Kungen sovna forfrå kvell{e}i,
frú Juttelin vakte så lengi.Samlarkommentar: (jvfr Visen om Jomfruen i Hindeham.

9. Frú Juttelin låg å tenkte mæ seg:
«trú eg no sill’ inki reise frå deg.»

10. Kungen vakna, um seg såg,
å burte va’ frú Juttelin, på armen låg.

11. Å bergekungjen han kom seg ríands í går,
úte stó frú Juttelin å sló sítt hår.

12. «Høyr du frú Juttelin, eg talar te deg:
kví vill’ du så gjønni svíke meg?»

13. «Å dærfør vill’ eg svíke deg;
du ha’ ingle gåvur gjevi meg.

13b. Strofa står skriven i margen, med nummerering som her. Kungen han gjekk seg i Stoga inn,
då rann dær Tårir på Frú Juttelins Kinn.

14. Han tók ‘a frú Juttelin, sett ‘a på sítt kné,
han gav ‘a no gull å festarfé.

15. Han tók ‘a frú Juttelin sett ‘a på sítt fang,
han gav ‘a gullkróna å droningj{e}is navn.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Mellom strofe 4 og 5 er det eit større skile, som markerer at det vantar strofer.

Under oppskrifta står det: Er «Bergekongen» ved Forvanskning indkommen inn denne Vise?




Oppskrift B

TSB D 414: Kongen og fru Jutteli

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Skafså i Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, 174 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Brudstykke.

*

1. «Eg veit meg så vent eitt Vív,
– Trí Jorden. –
Gullsmedotteri unde Lí.»
– For hun búr under Skoven. –

2. [Eg veit meg så ven] ei Møy
[Gullsmedotteri unde] Øy.

3. Strofa står skriven i margen, utan nummerering. Veit dú deg så vént eitt vív,
skam få deg, kví rí dí ‘kje dit?

4. GjøaliLíti Kjersti æ’ så líti eitt Bån,
hó æ’kje giftandsAlternativ lesemåte: stýrand frå sí Moder íår.

5. GjøaliLíti Kjersti bleiv så líti ei Brúr,
hó kunne ikkje Lyklanne í Låso snú.»

*

Strofene er delvis nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB D 414: Kongen og fru Jutteli

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 250–253 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Eg veit meg so vént eitt viv
– trí jórden –
gullsmedóttere sør unde lí.
– Før hun búr undi skógjen. –

2. Eg [veit meg si vén ei] møy,
[gullsmedóttere sør] undir øy.

3. Veit dú deg so vént eitt vív,
høyr dú de kungen kví rí dú ‘kje dít.

4. De æ’kje [so]Hakeparentesane står i oppskrifta. gott å béle ti vív,
[før]Hakeparentesane står i oppskrifta. hó sei nei, de hó sjóv ví’.

5. Kann dú ‘kji hæna mæ góóm få,
set so ellen på gullsmégår.

6. Denne strofa står skriven over verselinene til den neste strofa. Ho er ikkje teken med i reinskrifta.K[ungen] han springe på gangaren grå
so ríe han seg te gullsmegår.

7. Kungen han kom seg ríand í går
gullsmeen úti fyre en står.

8. Vælkomen kungen heim ti mé
nó hev eg nyssSamlarkommentar: (sic) bryggja å blanda vin.

9. Eg æ’ no ‘kjeAlternativ lesemåte: ikkje um ditt mjø hell vin
eg æ mei um frú Juttelin dótte di.

10. Frú Jutteli æ’ so líti ei{tt}t bån
hó lýt [no]Hakeparentesane står i oppskrifta. vere sjå si moder eitt år.

11. Kan Frú J[utteli] æ’kji so líti eitt bån,
eg må ei hæna mæ augó sjå.

12. Kann eg ‘kje hæna mæ góóm få,
so set eg ellen på gullsmegår.

13. Fyrre lýt dú hæna mæ góóm få,
fyrr dú sete ell på gullsmegår.

14. Gullsmeen svøber sit hovedAlternativ lesemåte: hovu i skinn
so ganger han í høieloft inn.Alternativ lesemåte: so vekkjer han frú J[utte]l[i] dótte si

15. Statt upp frú Jutteli klæ de brått,
Kungen æ inni vi’ flytje deg burt.

16. Frú Jutteli seg inn í stoga steig,
kungen upp ímót æ reis.

17. Han nepteSamlarkommentar: (sic) íkring hennarAlternativ lesemåte: fru Jutteli kåpa blå
so set en hæna på gangaren grå.

18. Då dei kom at rósenslund,
då lyster kungen at kvíle ei stund.

19. Kungen han breier upp blómsteriAlternativ lesemåte: blómstri blå
der sko frú Jutteli å kungen kvíle uppå.Samlarkommentar: (liti Kjersti fort)

20. Kungen han sovnarAlternativ lesemåte: sovna på blómsteriAlternativ lesemåte: blómstri blå
frú Jutteli stó upp å reiste ifrå.

21. Kungen han vakna på blómsteriAlternativ lesemåte: blómstri blå,
burti va frú Jutteli på armen låg

22. Kungen han springe på gangaren grå
so rei enAlternativ lesemåte: rí ‘en seg te gullsmegår.

23. Kungen han kom seg ríande í går
fru Jutteli úti fyre’nAlternativ lesemåte: fyr ‘en står.

24. Eg helsar deg frú Jutteli, eg talar ti deg:
kví stó dú upp å reiste ífråAlternativ lesemåte: frå meg?

25. Dífyr stó eg upp å reiste ífrå,
eg ha’ ingle mårengåver fått.

26. Han tók ‘æ frú Jutteli på sitt kné,
han gav ‘æ gullkróna å festarfé.

27. Han [tók ‘æ frú Jutteli] pí sitt fang,
[han gav ‘æ gullkróna å] dronningens navn.

28. Der blei gléi å mykjen gama,
kungen å frú Jutteli drakk bryllaup mæ sama

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 2–5, med overskrift: Kongen og Fru Jutteli Guldsmeddatteren. 1863. (Jorunn Bjønnemyr. Mo.)

Mellom strofe 15 og 16 står det: + 2. Mellom strofe 16 og 17 står det: + 3. Det er uvisst kva strofer Bugge meiner skal inn her.

Under oppskrifta, eller til siste strofa, står det noko som er vanskeleg å tyde: (tyrte ‹…› Conj.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.