Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 434 Unge Våkukall


Innleiing

Kongssonen i England lokkar og forfører ei ung kongsdotter i eit anna land, og deretter forlet han henne. Då er kongsdottera med barn, og ho føder ein son. Sonen legg ho i eit forgylt skrin, som ho låser. Så set ho nøkkelen i låsen, skriv Jesu namn på skrinet, sidan sonen ikkje er døypt, og skuvar det ut på sjøen – ein parallell til historia om Moses som vart lagd i ei sivkorg av mor si og sett ut på Nilen. Kongen ser skrinet kome seglande og går ned til stranda. Han opnar skrinet, finn guten, fostrar han opp og gjev han namnet unge Våkukall. Guten veks opp og blir ein kjekk ung mann, og kongen bestemmer at unge Våkukall skal gifte seg med dotter hans. Ho er uviljug, men gjev til slutt etter. Først når dei er gifte og er komne i senga, fortel kongsdottera at ho er mor til brudgomen. Kongen blir rasande når han får vite sanninga og vil brenne dotter si levande. Men unge Våkukall ber for henne, og ho blir landsforvist i staden.

Det finst tolv-femten tekstvariantar av denne balladen, dei fleste frå Telemark. Dessutan skreiv Lindeman opp to melodivariantar frå Hedmark. Dei fleste og beste tekstvariantane av «Unge Våkukall» er det Bugge som har skrive opp. Ein av desse trykte han i Gamle norske Folkeviser og tok dessutan med ein stump som Jørgen Moe tidlegare hadde skrive opp i Eidsborg (Bugge [1858] 1971: 92–95). Bugges trykte oppskrift er ikkje berre fyldig og god, men det er verdt å merke seg at songaren, Tone Olsdotter Vistadbakken (1786–1868) frå Lårdal, var i stand til å forklare det underlege namnet Våkukall heilt korrekt. Det betyr «en Stok, som holder sig over Vandet med den ene Ende, ei ret flyder og ei ret synker» (Bugge [1858] 1971: 93). Namnet er samansett av vaka = flyte, og kall = trestamme. I samsvar med uttalen av dobbel ll i Vest-Telemark, brukte Tone forma Våkukadd. Ingen andre songarar enn Tone brukte det gamle og truleg opphavlege namnet på guten.

Balladen finst også på dansk og svensk, og Peder Syv trykte den i Kjempeviseboka. Hos Syv dreier det seg om «Kongens dotter af Engelland», som blir forført av «Kongens Søn af Danmark» (DgF V, andre halvbind: 76–77). Den islandske balladen «Tófu kvæði» har mykje til felles med «Unge Våkukall». Bugge meinte at dei norske formene var avleidde av danske og svenske tekstar, sidan det finst nokre danske målmerke i dei. Men i følgje Vésteinn Ólason synest det «quite possible that an old Norwegian version was carried to Iceland but later came under either Danish or Swedish influence» (Vésteinn Ólason 1982: 258–260). Den gamle forma Våkukall og parallelle rimformer på islandsk og norsk peikar i den lei.

Utsyn 140
DgF 294
SMB 194




Oppskrift A

TSB D 434: Unge Våkukall

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Margjit Johannesdotter Hovde/Svigsli, Tuddal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 197–199 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Unge Vakkerkarl

*

1. Kongens sonAlternativ lesemåte: Kongssonen av Engeland
– jødemark –
han lokka frúga Svånelin
– I løndóm bar hó sorgenAlternativ lesemåte: sorger

2. Han lokka henar lengji,
alt på sí silkjesengjí.

3. [Han lokka henar] ofte,
båreOver ordet står det: (sic) í búr å lofte.

4. Da han den gjærning ha’ da gjórt,
da reiste herren a lande bórt.

5. So breidde hó ut dei blómster blå,
der føe hó en sønn uppå.

6. Hó neffte de bån ó klúta fín,
so la hó de ne í ei’ skrín.

7. So sette hó skríne på (h)víte sand,
so skúva [ho]Frå reinskrifta de út på vand.

8. Hó trú dú sekk å inkje flóte,
so kann eg mí ære nóte.

(Kongens Tjener fandt Skrinet paa Stranden)

9. Dú tek de båne ber de heim
dú kallar hånom vakkre Svein.

10. [Dú tek de båne ber det] inn,
å gúten heite vakkre kinn.

Kongens Mænd gik på vold og skaut Hjort og Hind, han vandt over alle snikkarI reinskrifta har Bugge skrive: (herefter indblandede Kvædersken Syvs Tekst af Visen om Akselvold. Hun sagde: Kongens Mænd gik paa Volde, og «skaut hjort å hind»; han (vakre svein) vandt over alle. Da sagde di (Syv V. 7):

Dú gjeng at høielofte å spørg ette faderen din,
hell dú gjeng på volde å skyder os alle til mæn.
Derpaa Syv V. 20.)

11. Dú gjeng at høielofte å spørg ette faderen din,
hell dú gjeng på volde å skyder oss alle til mein.

12. Høyrer dú de min kjære moder,
syntes dú, at de æ ‘kje stór skamm,
at dú heve so lengje dult
vere móder te slík ein mann.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 232–233




Oppskrift B

TSB D 434: Unge Våkukall

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Søvei Halvorsdotter Hågåviken, Tuddal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 231–233 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Unge Vakkerkarl.

*

1. Kongens son av Engeland
– i jødemark –
lokka hó jomfrú Svanelill
– I løyndóm bér hó sorgjinn –

2. Han lokka hænar so ofte
både í búr o lofte

3. [Han lokka hænar] so lengje
båre í lofte åo sengje

4. Men da han den gjæring hae gjort,
da reiste han ótó lande bórt,

5. Æ dú da mí unge brúr,
(h)ví snúr dú deg te veggen út?

6. [Æ’ dú da] mitt unge vív,
[(h)ví snúr dú deg te veggen] dít.

7. Nei æ egAlternativ lesemåte i reinskrifta: eg æ’ ikkje di u[nge] brúr
eg æ hell di móer trú.

8. [Nei æ eg ikkje di unge] vív
[eg æ hell] dí móerslív.

9. Skam få deg for móir dú va’ ímót meg,
mæ eg må ikkje kjenne deg.

(Faderen)

10. De ska’ høggje órr, ó høggje eik,
ó høggje den veen, som beste brenn heit.

11. Vakkerkar snúdde på søllbågå knív,
eg tenkje eg vær mín móders lív.

[Vakkerkar snúdde på søllbågå] svæl,
[Eg tenkje] eg hell mí móir kjær

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 233–234




Oppskrift C

TSB D 434: Unge Våkukall

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Torstein Reiarsson Gvåle, Tuddal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 247–250 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Unge Vakkerkarl.

*

1. Kongens søn av Engeland
– i ødemark –
lokka frúga Svånelin.
– I løyndóm ha hó sorgji. –

2. Han lokka henar so lengji,
upp í den sílkjesengji.

3. Som han ha’ den gjærning gjórt,
so reiste han a lande bórt.

4. So breidde hó út den blómstri blå,
so fødde hó en sønn derpå.

5. So to Hó nefte barneAlternativ lesemåte: båne í klútein fíne
hó læste båne n’í ei’ skrín.

6. Hó bar de skrine neat strand,
shó skreidde skríne út ífrå land.

7. Trú dú måtte sekkeRetta frå: sekkj å ikkje flóte,
so kunna eg mí ære nóte.

8. Tílegt óm morgóen de va jóst,
kongen seg neat stråndi fór.

9. Sóm han kom seg neat strand,
da fann han skríne innpå land.

10. Han læste skríne upp å att,
han kalla båne Vakkerkar.

11. Han tók de skrine bar de heim,
kalla [båne] Vakkersvein.

12. Han fóstra barne i 18 år,
so skulde han hennar Svånelin få.

13. Dem lågå ti bryllaup í månein tvo,
ältAlternativ lesemåte: alt gik Svånelin svart som jól.

14. Dem drakk bryllaup so lengji,
inkje fekk dem brúri a’ sengji

15. Den tredie dag til kvelde
da tok dem brúri me velde.

16. «Æ’ no dú mí’ ægtevív,
so snúr no dú deg te meg hít.»

17. «Ikkje æ’ eg dí ægtevív,
megn eg æ’ hell dí móerslív.

18. Kongen snakkaAlternativ lesemåte: tålå te drengjinn små:
«De gjeng no burt å høgg ei’ bål.

19. Vakkerkar riste på søllbågå knív
Idag vær eg mitt móerslív

20. V[akkerkar riste på søllbågå] svæl,
Idag hell eg mí móer kjær

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 230–232. I reinskrifta er det teke med nokre ordvariasjonar som songaren bruka den andre gongen han song for Sophus Bugge (i 1874).




Oppskrift D

TSB D 434: Unge Våkukall

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 54–58 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Kungssónen útav Skåneland
– í ødemark –
han lokka so ventstolt eit liljevand.
– I løyndóm bere hó sorgjir. –

2. Der va kji deretti kot månar tvo,
kóngssónen han útav landi fór.

3. Stolts Margjit hó gjekk seg í grøne eng
der reidde hó ei silkjeseng.

4. So breidde hó út si kåpa blå
ei líten són fødde hó derpå.

5. Hó nepte han í kvíte lin,
so la hó han né í eit liti skrin

6. Stolts Margjit hó gjekk seg ti strand
ein líten båt kom loupand på land.

7. Hó gjekk í båten såg derí
eitder sette hó í de lisle skrin.

8. Hó skúva den båten so langt frå land
Gud lat deg aldrig kome ti land.

9. Gud [lat deg aldrig kome ti] land,
fyr hell kóngssónen deg atte fann.

10. Kóngen han gjékk seg né ti strand,
ein líten båt kom loupand ti land.

11. Han gjékk í båten såg derí
eit líti skrin stó derútí

12. Han lét upp lokje såg derí
ein líten dreng låg derútí.

13. Ja de sér eg på dí lúeRetta frå: lú‹…›
at din móder hó æ en frúe.

14. [Ja de sér eg på dí] lindi,
di m[óder] hó kann deg binde.

15. Han tók han upp han gav han navn,
å Vågekall so kaddar han han.

(for han ha våga seg ut på vatne).

16. Han fóstra han i åtte år,
fyst lærde han krýpe å sia gå.

17. Han f[óstra] h[an] so lengji,
han vóks ivi adde Kongens drengjir

18. Høyrer de VågelillI reinskrifta har Bugge skrive: (saa har jeg skrevet) eg talar ti deg
eg gjeveI reinskrifta har Bugge føyd til: deg st[olts]M[argjit] dotte mi.

19. Vågekall sveiper sitt hovu í skinn
so gjenge han for stolts M[argjit] inn

20. Snú deg no hít kjæra mi,
dú have so lengje etti meg bítt.

21. Eg sømer sletts inkje vere kjærasten din
eg sømer fast mei vere moderen din

22. Vågekall sveiper sitt hovú i skinn
å so gjenge han fyr kongen inn

23. Hó sømmer slett inkje vere kjærasten min
hó sømmer fast meire vere moderen min

24. Kóngen han heitar på sveinanneAlternativ lesemåte: svennene to
dé gangje på skógjen hogg stols M[argjit] eitt bål

25. De høgg inkje anna hell osp å eik,
de hogge de som æAlternativ lesemåte: brenn noko heitt.

26. Fyr dí ska min moder uppbrenne
fyrre ska eg æ av landi sende.

27. Han sendte hænóAlternativ lesemåte: hende so langt av land
altRetta frå: at inkjeti ho kongssonen a atte fann.

*

Strofene er unummererte i oppskrifta.

Renskrift: NFS S. Bugge VI, 126–128

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.