Utvalgte dikt

av Per Sivle

«Gøym meg, Mor!»

Diktet er hentet fra Skrifter, b. 1 Dikt, 1909.

Smaaguten kviler ved Mor sin Barm,
der er han so urædd og held seg so varm.
Og sidan han leikar paa Golv og Tun.
– So byrjar Tora aa slaa yver Brun,
og Rædsla kryp han nedyver Rygg.
Daa spring han til Mor og vil kjenna seg trygg:
«Mor, Mor, gøym meg, Mor!»

Og Menneskja vankar so vida ikring,
og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.
Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøytt,
og allting er freista og allting er nøytt,
so ligg ho og maurar og veit ikkje meir
enn berre ei Lengting som Fugl til sitt Reir:
«Mor, Mor, gøym meg, Jord!»

Og eg var eit Barn, og eg er ein Mann,
og mykje eg vanta, og lite eg vann.
Eg vanka og flutte paa villande Fot,
og jamnast so bar meg no Vegen imot.
Og no er eg trøytt, og eg stundar til Natt,
og berre ein einaste Sukk eg hev att:
«Mor, Mor, gøym meg, Jord!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Utvalgte dikt

Per Sivle er i dag mest kjent for arbeiderromanen Streik og sine fortellinger. Men Sivle skrev også en rekke dikt. I 1890-årene fikk han sitt nasjonale gjennombrudd som lyriker. Diktene kan deles i to grupper: dikt om nasjonal selvstendighet og norsk historie og personlige dikt om sorg og lengsel.

I dette utvalget finner du ti av de mest kjente diktene, f.eks. «Vaar-Vôn», «Dan fyrste songen», «Thord Folesson» og «Gøym meg, Mor!».

Se faksimiler av Bersøglis- og andre Viser (1895) (NB digital)

Se faksimiler av Skaldemaal (1896) (NB digital)

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.