Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 15 Det farlege natteleiet


Innleiing

Ein ungersvein ligg med ei jomfru, og den første natta nøyer han seg med «jomfrus kvite lår». Men når han den andre natta leikar «mæ dýre som håri va’ på», set jomfrua ein støkk i han, for dyret har kvasse tenner, seier ho. Ungersveinen spør kor mange dette dyret har bite i hel, og får til svar at det har bite både lensmann og prest og fleire til! Då blir ungersveinen livredd og spring på dør, utan å få kleda på seg. Når han seinare møter ein kolsvart gris og ei and, trur han det er dyret som har kome laus. Til sist rømer han ut på ei øy og legg seg til å døy der.

Det finst berre tre Telemarks-variantar av «Det farlege natteleiet». Med sitt tabubelagde emne har vel ikkje denne balladen vore den første tradisjonsberarane song, når det kom framandfolk til gards. Den fyldigaste forma skreiv Sophus Bugge opp etter Bendik Ånundsson Sveigdalen frå Skafså (1780–1865). Bugge skreiv opp kring femti balladar etter Bendik, i 1856, 1857 og 1859 (Jonsson & Solberg 2011: 521–538). Balladen har aldri vore trykt i i noka ballade- eller visebok, men er analysert i Olav Solbergs doktoravhandling Den omsnudde verda (Solberg 1991: 229–233 og 1993: 201–204). I 1991-utgåva er dessutan varianten etter Bendik Ånundsson gjengjeven.

«Den farlege nattelega» har funnest i nyare dansk tradisjon, og Evald Tang Kristensen gjengjev fem variantar med om lag same handling som dei norske, og med varierande omskrivingar for det kvinnelege kjønnsorganet:

«Og hør, min skjøn jomfru, du nu sige mig vil,
hvor mangen at den djævel haver bidt ihjel».

«Ja, så bed den fire og så bed den fem,
og så bed den tredive af kongens hovmænd.

Ja, så bed den degn, og så bed den præst,
så bed den en landsenér med saddel og hest»
(Kristensen 1901: 194).

Vagina dentata-motivet som balladen byggjer på, er eldgammalt og finst i folkloren i mange land og kulturar. Psykologisk kan motivet knytast til kastrasjonsangst, og balladen kan seiast å åtvare mot tilfeldige forhold. Aktiv kvinneleg seksualitet blir framstilt som direkte skremmande. At slik seksualitet går ut over upopulære representantar for styresmaktene som lensmann og prest, er ein del av komikken – det blir konstatert nærmast i forbifarten, og ikkje noko å seie på. Heller ikkje ungersveinen får noka medkjensle, han er ein stakkar, seier visa.

NFS S. Bugge a, s. 254
Tang Kristensen 55




Oppskrift A

TSB F 15: Det farlege natteleiet

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 254–257 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Den fyste nåtti, han hos’ æ låg
han leika mæ jomfrús kvite lår.

2. Den are [nåtti, han hos æ låg]
h[an] l[eika] mæ dýre som håri va’ på.

3. Ungersvenn Ungersvenn drag hansker på hand,
dæ dyre de heve så kvass en tann.

4. Høyr du skjøn j[omfru] hott eg spyre deg,
du seie meg hoss mange dæ hev biti ihel.

5. Fyst beit ho ein ‹herre›mann, så beit ho en prest,
så beit hó en lænsmann frå sin hest,

6. Høyr du skj[øn] j[omfru] hott eg bee deg,
du helle dæ dýre, ti eg blí klædd.

7. Ungersvenn blei så hjarteleg rædd
han sprang utpå dynni før han blei klædd.

8. Skj[øn] j[omfru] låg atte, så gott hó ló,
her ligg att ungersvens strømper å skó.

9. Då han kom seg i ypplerís,
der møter han ein kólsvarté grís.

10. Bære kon Gud å han sante Knut!
no heve den dævelen sluppi út

11. Då han kom seg derne te strand
der kom ei ånd symjand ti land.

12. Bære ‘kon Gud og sante Pær,
no æ ho ein krabbi, no krýp hó her.

13. Så reiste’n seg av på ei øy
der ville han leggje seg (molgleg luggji) ti å døy.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB F 15: Det farlege natteleiet

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 27, 4–5

Oppgjeven tittel: Ei røggle

*

1. Den fyste nòtti dei saman låg,
– hå – hå –
då ville’n ikkji leike mæ dæ dyri, som håri stó på.

2. «Å ungersvend, u[ngersvend] trekk handskar på hånd,
dæ dyri dæ heve so kvass ei tònn!»

3. ‹Skj[øn] jomfr[u], skj[øn] j[omfru], du ville meg væl,
du seie, høssi mangge ho hev bite ihæl.”

4. «Fyste beit ho ein fut, so beit ho ein prest,
so beit ho ein lénsmann ifrå sin hest.»

5. «Å skj[øn] jomfr[u], skj[øn] j[omfru], du ville meg væl,
du hell’e dæ dyri ti eg bli klædd!»

6. Å ungesvenn han blei so hjerteleg rædd,
han sprangg på dynni, fyrr han bleiv klædd.

7. Skj[øn] j[omfru] sto atte, ho leikte å ló:
«Her ligg att’æ av ungesvenn hósur å skó!»

8. «No lyt’e eg meg uppi ei bøkjetre,
hell’a blive ó da visst min dø!»

9. Å når ‘enAlternativ lesemåte: eg kåm segAlternativ lesemåte: meg at hykkleri,
dér møter hanAlternativ lesemåte: eg ein kòlsvart gris.

10. Den grisen han gjóre bå’ grømta å grein
«Å bære meg, nò æ ó vrei!»

11. Nò lyt eg meg héra ‘ne på øy,
dér lyt eg leggje meg ti å døy.»

12. Å når ‘en kåm seg der ne’ på strånd,
då kåm deé ei ònd, sømmand’ i land.

13. «Å hjelp meg Gud å sante Pær,
nò kjæm’e den djævelen krypandes her

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Under overskrifta står: (Hæge Bj efter Jóronn ‹…›). Det er Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr.




Oppskrift C

TSB F 15: Det farlege natteleiet

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Guro Fossjord etter Tone Tormodsdotter Nuten, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLV, 118

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Den fyrste naatt dei samen laag
han tok paa hennes storetaa.

2. Den andre [naatt dei samen laag]
han tok paa de dyre som haari va’ paa.

3. Agte deg gut saa passe deg væl
de dyre hev bite sò mangein i hæl.

4. Aa Fysst beit de ein bonde, sò beit de ein prest,
sò beit de ein hóff mann av høgan hest.

5. Guten han blei no só livende rædd
han sprang paa skogjen fòr han blei klædd.

6. Guten han sprang seg utpaa ein is
der møtte han ein kòlsvart’e gris.

7. Hjelp meg ut du Sante Knut
No heve de dyre sluppe ut(Tilleggsvers s 143) (ett. Tone Nuten)

s. 143: (Visa um dyre s. 118)8. Aa hjelpe meg ut du Sante Per
Naa kjem her ein krabbe, no krabbar de her.

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.