Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 1 Jenta som ville gifte seg


Innleiing

Ein far tek dotter si for seg og forlangar at ho ikkje skal gifte seg. Dette må ho love, seier han. Men dottera vil ikkje gi nokon slik lovnad, for det blir kaldt å liggje aleine når vinteren kjem, seier ho. Faren argumenterer med at ho skal få gråskinn – dvs. ekornskinn – å sove i, men jenta svarar at han kan ha ekornskinnet sitt sjølv. Faren kjem med fleire utspel, og han trugar også med å grave henne levande ned i jord og med å skuve henne ut på sjøen i ein båt. Men dottera finn svar på alt faren kjem med, og ho får siste ordet – ein mann vil ho ha!

Det finst minst fem tekstoppskrifter av denne skjemteballaden, alle frå Telemark, ved Sophus Bugge og Rikard Berge. Berge skreiv også opp ein melodi, etter ukjend songar (Ressem 2015: 11–13). Blant dei som kunne «Jenta som ville gifte seg», var Torbjørg Tovsdotter Midbøn (1821–1876) frå Kviteseid. Ho var husmannskone og levde i tronge kår. Bugge skreiv opp ti balladar etter henne, i 1857 og 1863. Seinare skreiv Berge opp «omkringtradisjon» etter henne. Ho skulle ha vore god til å syngje og god til å snakke for seg, og elles var ho sympatisk og arbeidssam (Jonsson & Solberg 2011: 305–306). Vidare har Landstad trykt ei form av «Jenta som ville gifte seg», med ei noko anna avslutning. Her åtvarar faren jenta mot å gifte seg, for tenk om mannen drikk seg full og slår henne! Men jenta veit råd for det også:

Og er han dá sá ille lynd
at eg veit meg ingjo ráð,
sá legg’ eg honom i den svarte jorði
og ein stóre steine upá
(Landstad 1968: 668–669).

Fleire skjemteballadar er bygde opp omkring motsetninga mellom foreldregenerasjonen og ungdomen, gjerne slik at dei unge går sigrande ut av konflikten, som i denne visa. Detaljar i teksten knyter «Jenta som ville gifte seg» intertekstuelt og parodisk til mellomalderske martyrforteljingar, meir presist til forteljinga om jomfrumartyren Barbara. Martyrforteljinga om den kyske Barbara vart omsett til norrønt. Barbara ville ikkje gifte seg med nokon av dei heidne friarane som faren fann høvelege for henne, og difor vart ho torturert og lemlesta. «Jenta som ville gifte seg» kan oppfattast som eit parodisk motstykke til martyrforteljinga (Solberg 1993: 179–183).

Balladen finst også på dansk og svensk. Den eldste teksten står i eit dansk visehandskrift frå 1600-talet, og elles finst liknande viser frå fleire europeiske land. I ein dansk flygebladstekst frå 1671 lyder opningsstrofa slik:

MOder sagd’ til Daatter sin,
Om Natten de skuld soffve:
«Du skalt icke Giffte dig,
Oc det skalt du mig Loffve»
(DgF IX: 6)

Utsyn 168
DgF 490
SMB 220




Oppskrift A

TSB F 1: Jenta som ville gifte seg

Oppskrift: Udatert av ukjend hand for Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VIIIa, 35–37 (reinskrift)

Oppgjeven tittel (med Bugges hand): Gjenta som ville gifte seg.

*

1. Mannen tala ti dótte si
i ei skorstenstoga
dú ska inkje gifte deg
de ska du meg love
– Enno gjer jomfrú som hó ví’ –

2. Men høyr no de kjær fader min
de kan eg deg inkji love,
her kjem ein kalle vinter
de æ kalt alleine sove. –

3. Men hør no de kjær dotter min
auke meg inkji den harm
eg ska koupe deg grått skinn
sove deri så varmt.

4. Hav dú sjave ditt grått skinn
å sov deri så varmt
men eg sko have meg mann iår
um eg ska reise av land. –

5. Men høyr du de kjær dótte mi
auke meg inkji den kvíe,
eg ska koupe deg hest å sal,
ti kyrkja må du ríe. –

6. Hav dú sjav din hest å sál,
ti kyrkja kan eg gangje,
men eg vi’ ha meg mann iår
kor eg ska en fange. –

7. Hav [dú sjav din hest å] sal,
[ti kyrkja kan eg] loupe
men [eg vi’ ha meg mann] iår
um eg ska en koupe.

8. Høyr nu de kjær dótte mi
aukar dú meg den harm,
só sett eg deg på norlogsbåten
eg skúvar deg langt ifrå land.

9. Sete dú meg på n[orlogsbåten]
å sk[uvar] meg langt ifrå land,
so sette eg upp min serk ti sigl,
eg sigler burt fær meg en mann. –

*

Manuskriptet har tillegg (og strofenummerering?) av Sophus Bugge.

Ei anna reinskrift finst i NFS, S. Bugge IX, s. 31–21.




Oppskrift B

TSB F 1: Jenta som ville gifte seg

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge k, 49–50 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Enno gjer Jomfrúva, som hó vi’.

*

1. Mannen talar te Dotter msí,
i ei Skorsteinstoga:
Du ska’ inkje gifte deg,
dæ ska du meg lova.
– Enno gjer Jomfrúva som ho vi’. –

2. Dæ du seie eg ska’kje gifte meg
dæ vi eg deg inkje lova,
hær kjæme så kall ein Vinter
d’æ vondt aleine sova.

3. Skam få deg kjær Dotte me,
du aukar meg ingjen Harm,
eg ska’ kaupe deg løvegrå Skinn
å sova dæri så varmt.

4. Hav dú sjave d[et] l[øvegrå] Sk[inn]
å sov dæri så varmt,
eg vi’ hava meg Mann i År
å sova på hass Arm.

5. Skam få deg [kjær Dotte me,]
[du aukar meg] ingjen Tregje,
eg ska kaupe deg Gullkrone ny
dæn samer ei Jomfruve bera.

6. Hav du [sjave di Gullkrone ny]Fylt ut etter reinskrifta.
dæn samer ei Jomfruve bera,
men eg ska kaupe meg linklæi små
dæ samer ei Danekvinne bera.

7. Skam [få deg kjær Dotte me,]
[du aukar meg] ingjo Kvíe,
eg ska kaupe deg Sadel å Hest,
du må at kyrkja rie.

8. Hav [du sjave din Sadel å Hest],Fylt ut etter reinskrifta.
eg kann ti Kyrkje laupe,
eg vi’ have meg Mann iår,
um eg ska’ ein kaupe.

9. Skam [få deg kjær Dotte me,]
[du aukar meg] ingjen Harm,
eg ska’ sekje deg i ein Orlogsbåt,
skúve deg langt frå Land.

10. Seter du meg i ein Orlogsbåt
å skúvar meg langt frå Land,
så sete eg upp min Serke ti Seil
eg sigler av, fær meg ein Mann.

11. Så sete eg upp min serke ti Seil
ser eg meg ut så vie,
så ser eg ein Ungersvenn kjem riandes,
så ropar eg: kom hít.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS, S. Bugge III, 19–20.




Oppskrift C

TSB F 1: Jenta som ville gifte seg

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Tovsdotter Midbøn, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 32–35 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Jomfrúga, som ville gifte seg. II

*

1. Mannen han tala te dótte sí
alt uti skorsteinstoga:
Du gifter deg inkje iår,
vi’ du meg dette lova.
– Enno gjer ho de hó vi’, den jomfrú. –

2. Høyrer du dæ, du fa’i min,
eg kann deg ‘kje detta lova:
her kjeme no dei vintranne på,
eg kann ‘kje liggje eismall å sova.

3. Høyrer du dæ du dótte mí,
du gjere meg inkje så harm
eg sko’ kaupe deg eitt grått skinn
du må sova derí så varmt.

4. Hav du sjav ditt grått skinn
å sov deri så varmt!
eg vi’ hava mann íår
um eg sko’ så taka meg ein fant.

5. Høyrer [du dæ du dótte mí,]
[du gjere meg inkje] så ímót!
hellå blí eg så harm å vill,
at eg greve deg livandes í jór.

6. Blí no du så harm å vill,
at du greve meg livandes i jór,
så kjæme der ein riddar så gó,
å græve meg uppatt ótó jór.

7. Høyrer [du dæ du dótte mí,]
[du gjere meg inkje] slík kvíe
eg sko kaupe deg hest å sale,
dú må te kyrkjunne ríe.

8. hav du sjav din hest å sale
eg kann te kyrkjunne løpe,
eg vi’ hava mann í år,
um eg sko’ hånom kjøpe.

9. Høyrer [du dæ du dótte mí,]
[du gjere] meg inkje så harm,
hellå tæk eg min órlogsbåt,
å skúver deg langt út på vann.

10. Teke no du din órlogsbåt
å skú[var meg langt ut på]Fylt ut etter reinskrifta. vann
så nýter eg upp mitt silkjeseil
så seiler eg av ette ein mann.

11. Høyrer [du dæ du dótte mí,]
[du gjere meg inkje] slík rý
hellå byggjer eg eitt tårn så høgt,
at dæ rekk uppunder ský.

12. Byggjer [du eitt tårn så høgt]Fylt ut etter reinskrifta.
[at det rekk uppunder] ský,
så nýter eg upp mitt sílkjeband,
så rykkjer eg mann av bý.

13. Jomfrúga stó í tårne så høgt
å vifta út mæ sí hånd,
far no væl du fa’i min
no seiler eg av ette ein mann.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS, S. Bugge IV, 146–147

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.