Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 22 Bondeguten


Innleiing

Ein riddar og ei jomfru treffest på ei bru og avtalar kjærleiksmøte med kvarandre. Men ein fattig bondegut overhøyrer samtalen, og om kvelden går han til jomfrua. Han seier at han er riddaren, og jomfrua slepper han inn. Dei ligg saman om natta. Om morgonen skjønar jomfrua mistaket sitt, jagar bondeguten på dør og kastar kniven etter han. Som den spreke karen han er, rømer bondeguten ut av vindauga, men i farten gløymer han skorne sine. Jomfrua ler hånleg av han, men bondeguten svarar at nye skor kan han alltid skaffe seg. Det er verre for henne å få att møydomen sin.

Det finst bortimot tretti variantar av «Bondeguten» i norsk tradisjon. Dei fleste er frå Telemark, men vi har også oppskrifter frå Agder-fylka, Hordaland, Hedmark og Østfold. Den eldste oppskrifta vart gjort i 1863 av Sophus Bugge, då han skreiv opp visa etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Fyresdal. Ho song atten balladar for Bugge, deriblant tre skjemteballadar. Åsne Gunleiksdotter og Olav Såvesson, som ho var gift med, hadde elleve barn. To av dei var kjempekarar, som «for bygdene rundt og øvde karstak, slost og «kasta ut» i brudlaup og lag,» skriv bygdehistorikaren Bendik Veum (Jonsson & Solberg 2011: 601–603). Av melodioppskrifter til «Bondeguten» har vi sju, den eldste skreiv Lindeman opp i 1868, etter ein songar frå Østfold (Ressem 2015: 86–92).

Elles finst «Bondeguten» på dansk og svensk. Dei danske oppskriftene «tilhører alene Bondestanden,» skriv Axel Olrik, som trykker tre variantar (DgF VI: 349–353). I Sverige har «Bondeguten» vore svært utbreidd. Den eldste teksten går attende til 1810-talet og vart oppskriven av visesamlaren og viseutgjevaren Arvid August Afzelius (SMB 5:1: 352–372). Noka svært gammal vise er «Bondeguten» ikkje, men den byggjer på mellomalderlege motiv (Solberg 1993: 212–214).

Gjennom forkledningsmotivet minner «Bondeguten» om «Fanteguten» (TSB F 26), og dei to visene har då også blitt blanda saman i tradisjonen. I begge visene går dessutan skjemten ut over jomfrua, som i ly av nattemørkret blir degradert ved nærkontakten med den fattige – og sikkert uvaska og skitne – bonde- eller fanteguten. Verdien deira på ekteskapsmarknaden er no dramatisk redusert. Maskering, forkledning og ombytting er vanlege motiv i balladediktinga, ikkje berre i skjemtevisene. Eigentleg skulle det vel ikkje vere mogleg å narre nokon slik jomfrua blir, men alle som høyrer eller les visa, veit at dette er eit spel. Dette spelet krev at lesar eller tilhøyrar ser bort frå realistiske forventningar (Solberg 1993: 212–214).

Berge: Norsk visefugg 33
DgF 370
SMB 233




Oppskrift A

TSB F 22: Bondeguten

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Olav Talleivsson, Bykle, Aust-Agder.

Orig. ms.: NFS S. Bugge n, 36–40.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Der sto eit par på Vattelands brú
– hå hå ja ja tralallala –
dei lova hverandre sin ære å tró
– Tri netter, tri dage í den grøneAlternativ lesemåte: grønne lund –

2. I bakhånd så låg der en bondegút,
han hørte på kværeinaste ór

3. Då de mørkna í kvær den vrå,
å bóndegút han tók te krýpa å gå

4. Å bondgut klappa på dynni mæ finganne små
æ du min skjøn jomfrú skrei lokunne ifrå

5. Nei detti hev eg inkje forfatt
at eg slepper noken bóndegút um natt.

6. Nei æg æ ingjen bóndegút
for minnesSamlarkommentar til i-en: (aab. ‘kje dú på Vattelandsbrú,Overstroken samlarkommentar: (sic)
me lova kværandreAlternativ lesemåte: kværaire kos ære å trú

7. Jomfruen fram mot døri steig
å skredde av lokunne å gjóre på ein sveiv.

8. JomfrúenAlternativ lesemåte: Jomfrúva upp at veggjen steig
å ungersvenn f inn at stokkjen trein.

9. Så låge dei der den nótte så lang
j hú som ei kåna å han som ein mann.

10. Då de ljósna í kvær ei kró
å bóndegút han ó kvíkinne flukst.

11. Å b[óndegút] út igjenom vindauga sprang
å tré syllskjepte kníva ette han rann.

12. Å [bóndegút út igjenom vindauga] stíg,
[å tré syllskjepte kníva] ette han veg.

13. Jomfrúva stó í vindauga ló
å hev dú min moydómOverstroken samlarkommentar: (sic) så hev eg dí skó.

14. Ja hav nå dú mí pinnlappa skó
men alli so fær dú din moydóm so gó

15. Jau Far han reiser so trått ti býn
der ska han koupe min moydóm på ný.

16. F[ar] m[in] han heve so fillen ein hatt
der ska han gjeve min moydóm att

17. Ja um f[ar] din han reiser s[o] t[rått] t[i] b[ýn]
han må koupe bå silkje å fløyel,
so får dú alli din moydóm på ný.

18. Ja om f[ar] d[in] h[an] h[eve] en fillen hatt
so [ska han gjeve din moydóm] att

19. Om dú hev atte mi pinnlappa skó
moydómen fær dú nå alli so gó

20. Då de lei av dei nettanne trí
då kom han atte den fríar på ný.

21. men då han fékk høyre å dette fékk spúrt
at sjå henne ha vori ein bóndegut.

22. Då dei lei av dei månunne trí
den snile skjøn jomfrú hú tykkna úm lív

23. Jomfrúva skreiv te den bóndegút
hó sa hú vill’ vere hass elskeleg brúr

24. Men gúten han svora tibaku
dú søkte dette líve de seiste eg der va

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Over oppskrifta står det, med svart penn: (Olav Talleivssøn fra Bykle)




Oppskrift B

TSB F 22: Bondeguten

Oppskrift: 1920 av Knut Liestøl etter Olav Eivindsson Austad, Bygland, Setesdal, Aust-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 22, 23–29.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Der møttes to venner på Vattilands bru
– Hurra for dem, sjung fallerit u lei –
da lovast kvorain bå ære å tro
– Tralleri-trallera trallelalla å lei. –

2. Der va nå ein Fantegut som høyrde derpå
«I aften så vil mi til fruerne gå.»

3. Riddaren rei å fanteguten sprang
men endå kom fanteguten fortare fram

4. Fanteguten banka mæ byrjevotten sin
«Hev du mig i tankan so lukkar du meg inn!

5. So sette hu ham på forgyldande stol
so trekte hu av han bå strømper og sko.

6. So sette hu ham på forgyldande skrin
so skjenkte hu ham båd mjø og vin.

7. Jomfruva flukst uppi sengja hu sprang
Fanteguten ette upp at veggjen han slang

8. Jomfruva lypte på skjorteserkjen sin
å fanteguten skura mæ fille bestassen sin.

9. So låg da til sammen den nottæ so lang
hu som ei kjedding å han som ein mann

10. «Snill min riddar nå må du stå upp,
no æ de på den ti som min fader står upp

11. «Eg æ nå ingjen riddar som du siger nå,
eg æ bare ein fantegut som kom her i gjår.

12. «Æ du bare ein fantegut som kom her i gjår
so ska du kje kom her mæ livi ifrå.

13. Fanteguten lukst uppå vindauga sprang
stor’ å lange niva der ette han slang.

14. Jomfruva sto etti på golve å lo,
«Hev du min møydom, so hev eg dine skó.

15. Skam so gjeve eg for dei pinnelappa sko,
fysst eg hev jomfruvas møydom so go.

16. «I morgo vi min fader til nærmeste by,
so kann han kaupe jumfruva møydom på ny.

17. «Lat han kaupe fire å lat han kaupe fem,
nei alli so fær du den sam’ att igjen.

18. Lat han kaupe åtte å lat han kaupe ni
So hev du same holi som eg har skura i.

19. No hev eg nå sungje den vise so lang,
ska eg syngje meiri so lyt eg hav ein dram.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB F 22: Bondeguten

Oppskrift: 1924–1925 av Amund B. Larsen jr. etter Ole Gunnersen, Nord-Odal, Hedmark.

Orig. ms.: NFS A.B. Larsen jr. 9, 91–93.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. De sto to å talas ve på Hambårjer bro
– fadelittoli! faderallan derei!Retta med blyant til: delei
Døm tała så mie om sin ære å tro
– fadelittoli! faderallandereiRetta med blyant til: faderallandelei

2. Så sto dær en fantegut å lydde dærpå
i natt villå jei til pigorna gå

3. Ja ridderen rei å fanteguten sprang
Å einda kåm fanteguten fołere fram.

4. Fanteguten banka på me raggevåtten sin
«Å hør du sjønne jomfru, du slipper mæ vel inn!»

5. Å jomfrua opp i silkeseinga sprang
Å vrei om nøkkelen så låsenAlternativ lesemåte: låserne klang

6. Å jomfrua opp i silkeseinga sprang
å fanteguten etter tell veiggen slang.

7. Da de vartt mårån fanteguten skulle gå
«De płeier ingen ridder så tidli opstå?»

8. «Je er ei deinn ridder såm du håller mei får
Ti jei ær fantegut såm var hær i går»

9. «Ja er du deinn fantegut såm var her i går
så aldri me livet du slipper hærifrå»

10. Å fanteguten ut jønnom vindue sprang
sju søllsjæfte tæłjkniver etter han sleng

11. Jomfrua sto oppi vindue å lo
Har du min meidom, så har je dine skor»

12. «Ja mine skor di er jomfruen slett inte før go
døm er splinnte me næver, å såmte me toSamlarkommentar: (tæger?)

13. Ja min fader han reiser så åfte tlFeil for: til bin
han skal kjøpe mæ en meidom såm er ni

14. Ja…………ein og to

15. …………fire å fæm

16. …………å ni å ti

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Over oppskrifta står det: Ole Gunnarsen

Tjukk l er markert med prikk under l-en i oppskrifta. Dei er her attgjevne med ł.

Mellom strofe 6 og 7 er det eit større mellomrom fyld med kroting, kanskje for å markere at det manglar ei strofe. Slik kroting er òg sett inn i staden for tekst i strofe 14–16

Dei første orda i verslinene i dei fleste strofene har ein strek under seg, truleg for å markere at omkveda skal inn her.

På første bladet i boka står det: Folkeminne ifrå Nord-Odal. Innsamlinga tok til torsdagen den 23 oktober 1924, i dette hefte.

Ei reinskrift skal finnast i NFS A.B. Larsen III.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.